Undi

Undi (undi): Hundre (1563), Undenn (1567), Unde (1602, 1611), Undi (1647, 1667), Undid (1838), Undi (1723, 1863, NG, VIK).

I 1647 eigde Karen Fardal 1,15 laupar i Undi, Per Kvamme 0,5 laup, og Hospitalet i Bergen 0,55 laupar, til saman 2,20 laupar. I 1667 var samla matrikkelskyld 1,58 laupar.

Lnr 62+63 Undi

På Undi var det i 1647 eitt bruk. Der var Sjur Lasseson med kona Ingrid. Dei hadde i 1645 døtrene Marita, Sigrid og Brita. I følgje den gamle bygdeboka vart Marita gift med Markus Botolvson Espesete. Det meiner eg no må vera feil, men det kom diverre også inn i gards- og ættesoga. Sjur døydde truleg ca 1652, og det er sannsynleg at Ingrid vart attgift med Lasse Eirikson (ca 1630−ca 1705). Han finn vi i 1645 som dreng på eit bruk på Brekke saman med systera Agata. Eirik var eit uvanleg namn i 1645, men ein var bonde på Midlang. Lasse hadde kanskje ein eldre bror, Ola, fødd 1604−10, og som i 1645 var «husmann» på Ovri, men i 1666 bonde i Gullteigane.

I 1666 hadde Lasse Undi sønene: Sjur 1653 (lnr 2 Sæbø), Eirik 1658 (døydde truleg ung) og Per 1661 (lnr 51 Orvedal). Vi veit om følgjande døtrer til Lasse: Sigrid 1660, Brita 1664 og Ingrid 1666?. Vi merkar oss at dei to første fekk namn som dei to siste Sjur-døtrene. Grunnen må vera at Sjurdøtrene Sigrid og Brita døydde unge og at mora Ingrid ville bruka dei to namna på nytt. Marita Sjurdotter gifte seg kanskje med enkemann Bendik Lasseson Refsdal på lnr 59 og fekk sonen Hans 1698. Grunnlaget for påstanden er at Bendik truleg fann ei ungjente i nærområde som ny ektefelle og at den aldrande Hans vart busett på Undi. Namna ovafor tyder på at Lasse vart attgift ca 1665. Men vi veit ikkje namnet på den nye kona.

Ingrid Lassedtr Undi, fødd ca 1666, gifte seg ca 1686 med Markus Botolvson Espesete (1658−1720) på lnr 93. Ingrid var i live under skiftet etter Markus. Den eldste dottera på Espesete var Brita 1687. Ho gifte seg til lnr 55 Rislåg og kom deretter til lnr 63 Undi med nye ektefelle. Prioritert namnval av den tidlegare ektefellen framfor besteforeldre var vanleg etter attgifte. Her meiner eg at det skjedde for Sjur 1653, valt av Ingrid, og Ingrid 1666 valt av Lasse.

I den gamle bygdeboka står det at Lasse Undi delte bruket mellom dei to døtrene: Sigrid og Brita. Men ut frå alder til dottersøner i 1701, er det rimeleg å tru at Lasse delte bygslingsretten mellom seg og Sigrid ca 1687. Omkring 1695 overdrog han så sin del til Brita og mann hennar. Sigrid Lassedtr (1660−1742) gifte seg med Ola Ivarson Sæbø (1663−1733) frå lnr 2 og dei vart leiglendingspar på lnr 62 Undi. Brita Lassedtr gifte seg med ein arnafjording og dei dreiv lnr 63 Undi.

Lnr 62 Undi

3,03 spd= bnr 22/1 3,95 mark. Eig­ar­ar i 1723: Per Barsnes i Sogndal og Migel Giem 0,80 laup, sjølv­­eige 0,50 laup. Deretter eigd av Daae-ætta, sjølv­eige frå ca 1795. Matrikkelskyld: 1,33 laup­ar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 3,5 daa potet, 9,3 daa korn, 3 hestar, 10 storfe, 35 smalar og 5 vinter­fôra grisar på bruk­et.

Ola Ivarson Sæbø (1663–1733) frå lnr 2 kom tru­leg til Undi ved å gifta seg med Sigrid Lassedtr Undi (1660–1742). Dei hadde: Brita 1682 (lnr 84 Hønsi), Her­mund 1688 (lnr 53 Gullteigane), Ivar 1690 (lnr 0 Sæbø), Lasse 1694, Sjur 1696 (lnr 43 Myrka­skog), An­na 1698 (lnr 107 Tryti). Lasse Olason var med i krig mot svenskane i år 1709–18, men kom frå det med livet. Sjur var også innkalla, men slapp fri i Lær­dal. Ola Ivarson overlet bygslinga kring 1727 til Per Jon­son Tenål (1698–1767) frå lnr 18 & Sigrid Nilsdtr Ovri (–) frå lnr 68. På Undi fekk dei borna: Eirik 1726–44, Jon 1727, Kari 1731–32, Kari 1732–62 (døyd­de på Tryti under barsel). Hans Refsdal var på denne tida leiglending i Sæbø, og i 1734 gjorde Hans og Per «garda­byte», slik at Per flytte til lnr 2 Sæbø. Sjå meir om huslyden der. Hans Bendikson Refsdal (1698–1780) frå lnr 59 & 1728 Marta Johannesdtr Gildhus (1699–1778), fødd på lnr 13 Limmesand, fekk borna: Marta 1730–1802, Gjertrud 1728 (lnr 26 Stadheim), Magdeli 1732 (lnr 31 Stadheim), Bendik 1736–36, Bendik 1737–63, Johannes 1737 (konfirmert 1757, kjem så bort), Alis 1743. Alis Hansdtr Undi (1743–1804) & 1768 Sjur Kjellson Hopperstad (1736–1801) frå lnr 117+118+121 fekk borna: Johannes 1767–67?, Kjell 1770, Hans 1774 (plassen Holedna under lnr 60 Refsdal), Per 1777 (lnr 31 Stadheim), Bendik 1779 (sjå note), Johannes 1782–82?, Marta 1785–1811. Kjell Sjurson Undi (1770–1808) & 1802 Ingrid Ivardtr Flete (1768–1831) frå lnr 18 i Arnafjord sokn fekk to born: Gjertrud 1800 (lnr 24 Dale i Arnafjord sokn) og Sjur 1804 (N-Noreg i 1845 frå Dale). Kjell vart sjølveigar, men helsa var dårleg, og dei to borna vart truleg opp­fost­ra hjå ei syster til Ingrid på lnr 24 Dale. I 1805 had­­­de den «så godt som vanvittige Kield Siursøn» vore på fylla på Vikøyri og då selt garden til Ola Knut­son Stadheim (1779-) frå lnr 27. Kona visste ik­kje om det, og handelen vart truleg kjent ugyldig av retten. Men Ola ville ha 100 riksdalar fordi Kjell hadde gått bort frå kontrakten. Det fekk han neppe. Johan­nes Per­son Gullbrå (1769-) frå Eksingedalen var inter­essert i å kjøpa bruket. Men då Ola vart kjent med det, gjekk han til åtak på han, greip han i strupen og i håret og truga med at Johannes skulle missa helsa om han kjøp­­te bruket. Seinare på våren hadde Johannes tilfel­dig møtt Ola på Voss, og då hadde Ola på nytt gått laus på han. Då hadde Ola dessutan hjelp til overfallet av Nils Eilifson Hove frå lnr 74. I 1806 var det ein bror til Jo­hannes som kjøpte bruket. Ivar Person Gull­brå (1764–1838) & 1793 Ingegjer Aksel­dtr Skjerv­heim (1776–1839) frå Myrkdalen fekk: Ragnhild 1794 (lnr 60 Refs­­­dal), Per 1796, Marta 1799-1827, Aksel 1802 (sjå note), Eirik 1808, Johannes 1811–40 (døyd­de i steinskred), Anna 1814 (sjå note lnr 73 Hove), Ola 1818 (sjå note). I 1826 vart bruket skøytt over på Per Ivarson Undi (1796–) & 1830 Anna Daviddtr Skjerv­heim (1812–1899) frå Myrkdalen og dei hadde borna: Ivar 1831–31, Marta 1833, Ivar 1835. Huslyden reiste til USA i 1839. Dette var den første utvandringa frå Vik. Bruket var skøytt over på Eirik Ivar­son Undi (1808–1844) & 1839 enkja Malena Ola­dtr Hove (1812–). Dei kom frå lnr 79a Hagen-Hove. Born: Ivar 1840, Inge­gjer 1841. Huslyden reiste til USA i 1843. Per Ander­son Tenål (1815–1897) frå lnr 13 & 1841 Eli Oladtr Hove (1814–1897) frå lnr 72 kjøpte bruket. Per var ein lei­ande mann i bygda. Han var i lang tid i heradstyret og var òg ordførar. Born: Anna 1839–39, Ola 1841–41?, Anders 1844–1920 (døydde som ugift kårmann, men hadde ikkje vore eigar av bruket), Brita 1845, Ola 1846–46, Ola 1848–48, Anna 1849 (lnr 58 Refsdal), Olina 1851 (lnr 57a Sylvarnes i Arnafjord sokn), Brita 1854 (lnr 80b Voll), Ola 1856–56, Jensina 1859–1933 (ugift, hus nr 68 på Vikøyri-Sjøtun). Neste bruk­ar­­par frå 1888 var Brita Perdtr Undi (1845–1932) & 1875 Sjur Hermundson Refsdal (1845–1932) frå lnr 58 og dei fekk borna: Hermund 1875–75, Hermund 1876, Anna 1877 (lnr 64 Stedje), Per 1881 (USA 1900), Ola 1884–1949 (ugift heime). I 1920 fekk Her­mund Sjur­son Undi(1876–1949) & 1920 Ragnhild Jon­dtr Undi (1877–1950) frå lnr 63 skøyte på bruket. Dei fekk Sver­­­­­re 1921–37. Hermund reiste til USA i 1894, men kom tilbake. Dei selde bruket i 1949 til En­dre Lars­­son Helleland (1907–1991) frå Feios. Han hadde 1938 gift seg med Olga Perdtr Barsnes (1913–1978) frå Sogndal og dei hadde: Levald 1939 (bnr 5/14 under lnr 32 Stad­heim), Per 1943, Sigrid 1945 (Øy­gard­en i Nord­hord­land), Kirsti 1957 (lnr 190a Vangs­nes). En­dre let frå seg bruket i 1969. Endre og Olga overtok i 1973 lnr 190a Vangsnes. Per Endreson Hel­le­­land (1943–) & 1966 Anne Brit Odd-dtr Hamre (1946–) frå Granvin har borna: Jofrid 1966 (Voss), Egil Ove 1968 (bnr 22/4), Omar 1969 (bnr 39/35 under lnr 124 Hop­per­­stad, så Ovestevegen 13 i Øyane-Grov), Bente 1973 (Bergen), Gro 1975 (heime).

Bruket vart i 2006 skøytt til Egil Ove Person Hel­le­land (1968–) busett på bnr 22/4 under lnr 63.

Bendik Sjurson Undi (1779–1850) var i følgje den gamle bygdeboka «elendig krøpling». Likevel gifte han seg 1818 med Sigrid Alfdtr Hall­­rynjo (1766–1845) frå lnr 66. Dei fekk Andreas 1813 (var lærar, busett på plass under lnr 93a+c Espesete). Då Sigrid døyd­de, var ho husmannskone på Stadheim. Deretter fekk Bendik fattig­stønad under namnet Bendik Tenål. I 1849 kom «Bendik Stadheim» på legd.

Aksel Ivarson Undi (1802–1850) & 1831 Ingeborg Hermunddtr Hug­la­gjerde (1809–1882) vart husmannsfolk på Lind­ås i Dale. Born: Lars 1830, Ivar 1832, Tor 1835, Marta 1837, Inger 1841. Huslyden reiste til USA i 1844. Ola Ivarson Undi (1818–) & 1843 Brita Eirik­dtr Grønsberg (1817–) frå lnr 41 reiste til USA i 1843.

Lnr 63 Undi

3,03 spd = bnr 22/2 3,95 mark. Eigarar i 1723: Hospitalet i Bergen 0,53 laup, sjølveige 0,50 laup. Deretter eigd av Daae-ætta. Sjølveige frå 1791. Matrikkelskyld: 1,33 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 3,5 daa potet, 19,3 daa korn, 2 hestar, 10 storfe, 38 smalar og 4 grisar på bruket.

Brita Lassedtr Undi (1664−1740) gifte seg ca 1697 med Johannes Person Nese (1667−1704) frå lnr 41+42 i Arnafjord sokn. Dei fekk: Per 1698−1723 og Ola 1702. Ola gifte seg 1732 med Brita Beintdtr Ovri (1701−1783) frå lnr 70 og dei fekk Brita 1733. Dei busette seg kanskje på Vikøyri. Brita 1733 kom til lnr 53 Gullteigane. Der var også mora då ho døydde. Enkja Brita Lassedtr gifte seg på nytt ca 1705 med Hermund Jonson Orvedal (1678−1726) frå lnr 52. Han flytta til Undi og dei fekk Johannes ca 1706. (Det var også eit prioritert namn!) Omkring 1720 døydde ein eldre bror til Hermund i Orvedal, og då flytta Hermund, Brita og Johannes til lnr 52 Orvedal. Då det var skifte etter Brita 1666 (under namnet Birgitte!) i 1740, var sonen Ola 1702 framleis i live. Gravlegginga av Brita er ikkje innført i kyrkjeboka.

Bruket på Undi vart no ledig for eit nytt leiglendingspar. På lnr 55 Rislåg gifte enkjemann Helge Eirikson Rislåg (1687−1720) seg med Brita Markusdtr Espesete (1687−1736) frå lnr 93. (Ho hadde ei yngre syster som også heitte Brita og som kom til lnr 100 Midlang. Etter at Helge døydde, gifte Brita seg på nytt og kom til Undi. Kvifor ho flytta frå Rislåg er uklart. Kanskje var grunnen at Helge hadde sonen Hermund 1711, og at Helge hadde lova bort bygslingsretten til han. Hermund Helgeson gifte seg til lnr 100 Midlang, men først i 1739. Men grunnen kan like gjerne vera at enkja Brita hadde ein ny friar, og at dei båe kunne tenkja seg å bli bondepar på Undi. For Brita var det lett å forstå, då mora kom frå Undi. I kyrkjeboka finn vi at Sjur Undi, 38 år, døydde i 1733. Det er sannsynleg at dette er andre mann til Brita Markusdtr. Ut frå 1701-manntalet må dette vera Sjur Halvarson Ovri (1694−1733) frå lnr 68. I gards- og ættesoga er han oppført som fødd, men ikkje kor han vart av. Brita og Sjur fekk eit samliv på Undi på 8−10 år. Dei fekk ikkje born. Brita Markusdtr gjekk inn i eit tredje ekteskap i 1734, to år før ho sjølv døydde. Det var med Tollak Hermundson Stadheim (1704−1765) frå lnr 24+25. Han måtte sjå seg om etter ny kone og gifte seg 1737 med Magdeli Jondtr Skjørvo (1707−1793) frå lnr 112. Tol­lak gifte seg på nytt 1737 med Magdeli Jondtr Skjør­­vo (1707–1793) frå lnr 112 og dei fekk: Hermund 1738–38, Her­mund 1739–41, Jon 1741–41, Hermund 1742, Jon 1746–50, Brita 1748 (lnr 55 Ris­låg). Her­mund Tollak­son Undi (1742–1823) & 1769 Ingeborg Amund­dtr Skjørvo (1744–1823) frå lnr 113 fekk bor­na: Marta 1770 (lnr 66 Hallrynjo), Jon 1772, Tollak 1774 (borte før 1801), Amund 1776 (sinn­sjuk), Syn­neva 1778 (lnr 3 Sæbø), Magnhild 1781 (lnr 189 Vangs­nes), Ola 1783 (plass nr 5 Sæbø), Hans 1788 (sjå note lnr 189 Vangsnes). Jon Hermundson Undi (1772–1827) & 1807 Sigrid Ellingdtr Sæbø (1785–1850) frå lnr 3 fekk borna: Ingeborg 1808 (plass under Undi), Hermund 1810–25, Ingeborg 1812–12, Inge­borg 1813–15, Inge­borg 1817 (lnr 55a Rislåg), Brita 1820 (sjå paktarar av preste­garden lnr 126 Grov), El­ling 1820–20. Elling 1822, Synneva 1825 (sjå note lnr 18a Tenål), Johan­na 1828–28. Sigrid Ellingdtr vart att­gift 1829 med Ivar Olason Hop­per­stad (1799–1853) frå lnr 124 og fekk med han: Gyrid 1830 (lnr 94 Ros­heim), Johanna 1830–30, Jo­han­na 1832 (borte frå byg­da i 1865). I skift­et etter Jon Hermundson i 1831 vart bruket utlagt til Elling Jonson Undi (1822–1851). Han gifte seg 1844 med Åsa Ivar­dtr Refsdal (1816–1876) frå lnr 59 og dei fekk: Jon 1843–44, Jon 1845, Endre 1847 (bnr 26/6 Hove), Sig­rid 1850–50. Enkja Åsa vart attgift med Johannes Ola­son Helleland (1821–1907) frå Fei­os og fekk med han: Elling 1851 (lærarutdanna, gift i Bergen, USA i 1882), Synneva 1860–1927. I 1851 vart bruket utlagt til Jon Ellingson Undi (1845–). Han gifte seg 1868 med Brita Amunddtr Fjærestad (1835–) frå Bale­strand, og dei fekk borna: Elling 1868, Birte 1871, Åsa 1872–77, An­­ders 1875–95, Anna 1877–92, Ivar 1880. Huslyden reiste til USA i 1882, og bruket vart selt til Jon Her­mundson Refsdal (1848–1931) frå lnr 58. Han hadde i 1876 gift seg med Ingebjørg Sjur­dtr Hove (1855–1949) frå lnr 72 og dei hadde: Ragn­hild 1877 (lnr 62 Undi), Sjur 1879 (USA 1903), Her­mund 1881 (USA 1896), Ola 1884 (USA 1907), Inge­borg 1886 (USA 1911), Nils 1888 (USA 1911), Per 1891 (USA 1912), Arne 1901. Dei kom frå små­bruk lnr (71+73)e Hove som dei hadde eigd og drive frå 1875. Arne Jon­son Undi (1901–1947) & 1933 Anna Eline Mikael­dtr Mos­se­stad (1905–1985) frå Viksdalen i Sunn­fjord overtok bruket i 1924. Born: Ingebjørg 1933 (Stav­anger), Jon 1934, Malvin 1939 (Årdal), Sverre 1943 (Nessane i Kvams­øy sokn). Jon Arneson Undi (1934–) & 1960 Aslaug Henrikdtr Jordalen (1938–) frå Sivles­øyna på Vosse­strand overtok bruket, men leigde bort jorda og busett seg på bnr 40/1-53 i Preste­gards­tunet Grov. Gards­husa er borte. Born: Arne Harry 1960–66, Anne Karin 1961 (bnr 97/37–12 i Tråna, Vangsnes), Liv Berit 1963 (Sverige), Elsebet 1968 (Vik), Per Jonny 1970–97.

 

Ola Johannesson Undi (–) gifte seg 1732 med Brita Beintdtr Ovri (1701–1783) frå lnr 70 og fekk Brita 1733 (lnr 53 Gullteigane). Vi veit ikkje kor dei budde, men Ola døydde kanskje på Vikøyri i 1745. Brita Beintdtr døydde hjå dotter si på Gullteigane.

Bnr 22/4. På ei tomt utskilt 1997 er busett: Egil Ove Helleland (1968–) frå lnr 62 Undi & sb Åse Berit Ragnvalddtr Balvoll (1968–), Bøadalen. Born: Viljar 1993, Gaute 1997, Margunn 1999. Egil Ove har i 2007 overteke lnr 62.

Husmann under Undi. Ola Jonson Hallrynjo (1803–1890) frå lnr 66 & 1835 Ingeborg Jondtr Undi (1808–1862) frå lnr 63 hadde borna: Jon 1832-48, Jon 1835, Hermund 1838-48, Elling 1838-38, Anders 1845 (sjå plass i Rislåg), Marta 1854, Sigrid 1859. Dei var husmannsfolk på Undi til dei flytta til plassen Skahaug på Henjum i Leikanger i 1841.