Rislåg
Rislåg (risslaog): Risslaa (1603), Rissla (1611), Risleff (1647, 1667), Riisloug (1723), Risleif (1838, 1863), Rislaag (NG), Rislåg (VIK). Dei fleste har brukt slektsnamnet Risløv, somme Risløw.
Gardsnamnet Rislåg er ikkje kjent frå før 1350, men den tidlege busetjinga etter øydetida viser nokså sikkert at det var attrydding av ein øydegard. I 1603 var Ingebrigt på garden, og i 1626 heitte brukaren Jens. I 1635 var Torstein og Sigrid på Rislåg. I 1645 hadde dei sonen Anders med seg på bruket. Han kom til lnr 39 Nummedal. I følgje den gamle bygdeboka hadde dei òg Tore (som var sinnsjuk) og Eirik. I 1655 hadde Sigrid fått ny mann: Sjur Helgeson (1624–), og han var der òg i 1667. I 1685 var Eirik Torsteinson (1640–) sjølveigande bonde. Kona heitte Agata. I 1701 hadde Eirik sonen Helge 1687 med seg på bruket. Han hadde òg Kari 1671 (lnr 26 Stadheim). Eirik var i krangel med broren Anders på lnr 39 Nummedal. Det var kanskje Anders som var den verste. Men Eirik vart òg skulda for å ha slege til Sigrid, mor si. Men Sigrid fortalde at Eirik hadde blitt sint på ei tenestejente og ville gje henne ein dask. Men då hadde Sigrid gått mellom og det var ho som vart treft av slaget. På denne tida var det alvorleg å ikkje visa respekt for foreldra, men å gå laus på tenestefolk var meir akseptabelt — dersom dei fortente det. Omkring 1705 må Rislåg ha blitt delt mellom to av sønene til Eirik Torsteinson: Sjur (skrive Sivert) og Helge. Dei var bønder på Rislåg i 1711 og 1718. I 1723 heitte båe brukarane Sjur og dei hadde to like store bruk.
Eigar i 1647 for heile Rislåg: Anna Jensdtr Hjerman. Matrikkelskyld 1,50 laupar i 1647 og 1667.
Lnr 54 Rislåg
2,60 spd. Eigar i 1723: Anna Finde, deretter Daae-ætta, sjølveige frå 1774. Matrikkelskyld: 0,58 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 2,8 daa potet, 12,1 daa korn, 3 hestar, 13 storfe, 41 smalar og 3 grisar på bruket.
Sjur Eirikson Rislåg (1672–1746) & Gjørond Lassedtr (1679–1729) hadde borna: Brita 1714, Kari og Magdeli. I 1730 gifte Sjur seg opp att med Marita Lassedtr Refsdal (–) frå lnr 59. Born: Gjørond, Eli 1737 (sjå note lnr 86 Holstad) og truleg Helge 1730 (lnr 22 Føli). Brita Sjurdtr Rislåg (1714–1748) & 1743 Jon Lasseson Refsdal (1707–1754) frå lnr 59 fekk Anna 1743–43, Anna 1745–45 og Gjørond. Jon gifte seg opp att 1748 med Marta Øysteindtr Vange (1723–) frå lnr 8 og dei hadde Brita 1751 (Vikøyri v562). Marta gifte seg opp att med Anders Hermundson Gullteigane (1723–) frå lnr 53. Han må ha vore velståande, for i 1774 kjøpte han bruket av Ivar Leganger. Marta og Anders hadde: Marta 1755 (konfirmert 1774, truleg til lnr 7 Gotevik), Jon 1757, Hermund 1760–79, Brita 1765–83, Øystein 1768–78. Jon Andersson Rislåg (1757–1829) & 1792 Eli Amunddtr Ovri (1767–1841) frå lnr 70 fekk skøyte på bruket i 1791. Eli hadde ein morsarv på over 58 dalar, og desse pengane kom godt med, for kjøpesummen var 200 riksdalar. Jon og Eli hadde: Sjur 1787, Anders 1794 (plass Rislåg) og Ragnhild 1797 (lnr 68 Ovri). Jon kom ikkje godt ut av det med folka i Kinni. Jon skulle i 1800 ha skjelt ut Johannes Kinni og sønene for tjuveri. Han skal òg ha hissa hunden sin på ein gris som tilhøyrde Johannes. Grisen døydde. I 1805 skulle kona til Johannes ha slege i hel ei av geitene til Jon. Grunnen var at geitene til Jon gjorde skade på «feil» side av grannegjerdet. I 1806 var Jon i krangel med Jon Ivarson på lnr 55. Enkja Eli Amunddtr gifte seg på nytt år 1833 med enkjemann Tollak Anfinson (Seim) Orvedal (1774–1848) på lnr 51 og flytta truleg til Orvedal. Bruket gjekk i 1812 til Sjur Jonson Rislåg (1787–1826) & 1810 Ingeborg Oladtr Orvedal (1783–1833) frå lnr 52. Born: Jon 1810, Ola 1812 (konfirmert 1827, kjem bort), Amund 1815 (lnr 53 Gullteigane), Ivar 1818 (sjå note), Alf 1823 (USA 1854, fekk Anna 1850-52 med Anna Ivardtr Vikøyri v390), Sjur 1827–29. Etter at Sjur Jonson døydde, vart bruket i 1828 utlagt til ungguten Jon Sjurson Rislåg (1810–1887). Vi må tru at han dreiv bruket saman med mora og sysken til han gifte seg omkring 1840 med ei vossajente. I 1841 gjort Jon gardabyte og flytte til lnr 69 Ovri. Der gjorde han eit nytt gardabyte med ein vossing. Men i 1864 utvandra han frå Ovri med kona Liva Hansdtr Sivle (1813–1885) og fire born. Anfin Hansson Ovri (1796–1873) frå lnr 69, med andre kona Gjertrud Jondtr Seim (1800–1843) frå lnr 11 og born, overtok bruket på Rislåg. Her gifte Anfin seg for tredje gong med Turid Gunnardtr Stedjeberget (1816–1887) frå plass under lnr 64 Stedje. Dei fekk Ola 1844. I 1846 reiste Anfin til USA med Turid og alle born. Kjøpar av bruket var Knut Olason Stadheim (1808–1849) frå lnr 28 & 1838 Marta Tollakdtr Fosse (1815–1849) frå lnr 35. Før dei flytta til Rislåg hadde dei budd på Stadheim. Knut og Marta døydde i 1849 i ein tyfusfarang. Dei hadde då fått: Ola 1836 (lnr 28c Stadheim), Inga 1839–39, Ragnhild 1840–40, Tollak 1842, Inga 1844, Ola 1847. Dei tre yngste borna kom til morsystrene sine på Fosse, og Ola og Tollak vart seinare bønder der. I skiftet etter foreldra i 1851 vart bruket utlagt til den fire år gamle Ola Knutson (Rislåg) Fosse (1847–1924). Korleis bruket vart drive i dei etterfølgjande åra, veit vi lite om, men vi kan merka oss at Jon Ingebrigtson «Rislåg» møtte opp på ei synfaring i 1860 ved storutskiftinga og hevda han hadde kjøpt og teke mot garden «Nedre Rislef» av dei tidlegare eigarane som var: Ola Knutson, Ellend Kinni og Ola Sjurson Refsdal. Denne karen må vera husmannsson Jon Ingebrigtson Holedna-Refsdal (1829–1903). Han gifte seg i 1857 med Agata 1826, ei dotter til husmann Jon Ingebrigtson (Moane-Hove) Rislåg. Sidan stadnamnet Rislåg vart knytt til Jon 1829, kan vi gissa på at han i nokre år hadde pakta heile eller delar av bruket. Men panteregisteret viser at i 1860 vart bruket delt i to: lnr 54a 1,30 spd gjekk til Jon Jonson Rislågog lnr 54b 1,30 spd til Jon Ingebrigtson. Jon og Agata må tidleg ha gitt opp å livberga seg på Rislåg, for i 1865 dreiv dei bruket til Valentinsen på Hove. Seinare vart dei gardbrukarar på lnr 65 Hallrynjo. Jon Jonson og Agata var sysken. Det må vera grunnen til at eigarane Jon Jonson og Jon Ingebrigtson i 1860 saman gav plassfolka Jon Ingebrigtson (Hove-Moane) Rislåg og kona Brita Guttormdtr kår på bruka lnr 54a og lnr 54b.
Ivar Sjurson Rislåg (1818–) & 1843 Eli Oladtr Åse (1822–), frå plass under lnr 48, reiste til USA i 1844.
Lnr 54a Rislåg 1,30 spd. Dette bruket er kalla «Nesta Rislaog» i den gamle bygdeboka. I 1860 var bruket eigd av husmannsson Jon Jonson (Moane-Hove) Rislåg (1823–1889) & 1858 husmannsdtr Gyrid Nilsdtr Brunnadn-Refsdal (1830–1918). Men Jon hadde neppe midlar for å investera og driva bruket og måtte gje opp etter få år. Huslyden flytta til Stedjeberget, lnr 64b. I teljinga i 1865 finn vi Jon Sjurson Rislåg (1815–1882) frå lnr 55 & 1860 Ragnhild Jondtr Rislåg (1829–1925) som brukarar på lnr 54a. Ragnhild var ei syster til den tidlegare eigaren Jon Jonson. Jon Sjurson og Ragnhild fekk borna: Sjur 1862 (USA 1886, sjå note Gildhus), Gjertrud 1864 (USA 1895), Ivar 1867 (USA 1894), Birte 1870 (USA 1895). Jon Sjurson fekk òg Anna 1842 og Ola 1844 med Brita Oladtr Stadheim (1819–) på lnr 28b. Brita og borna fór til USA i 1856.
Jon hadde det vanskeleg økonomisk. Det er fortalt at han vart nekta meir kreditt hjå ein kjøpmann i Vik. Storbonden på Vange var til stades, og kjøpte på staden ein skogteig av Jon. Dette salet kom ikkje inn i matrikkelen, slik at det i dag kan sjå ut som at Vange har hatt denne eiga på Ovrisdalen frå gamal tid. Men Vange hadde òg eige i området frå gamalt av. Det ser vi av at brukaren på lnr 6 Vange, Jon Andersson, og Nils Johannesson Kinni i 1816 møtte opp på Holehaugen for å setja grensemerke mellom bruka.
I 1879 vart det registrert at Jon Sjurson var gått frå bruket. I kyrkjeboka er han deretter oppført som husmann i Refsdal, truleg på plassen Holedna under bruket til Ola Lasseson Refsdal. Grunnen kan vera at Ola Refsdal var gift med Brita 1817, ei syster til Jon Sjurson. «Store-Jo» døydde i Holedna-Refsdal og enkja Ragnhild reiste til USA i 1895 med to av borna.
I 1865 hadde Jon og Ragnhild: 2,4 daa poteter, 5,8 daa korn, 1 hest, 5 kyr, 14 sauer og 3 griser på bruket. I følgje panteregisteret vart lnr 54a skøytt frå Jon Jonson til Jon Sjurson i 1873, men den reelle overtakinga har truleg skjedd før 1865. Ut frå jordbruksteljinga i 1875 ser det ut til at dette halvbruket då var tredelt. Lnr 54e 0,43 spd var kome under Kinni, medan lnr 54a 0,43 spd og lnr 54d 0,43 spd vart drive av Jon Sjurson og Søren Mikkelson frå Sunnfjord. I følgje den gamle bygdeboka hadde Søren vore på Rislåg frå omkring 1860, men vi finn han ikkje i Vik i folketeljinga i 1865. I 1870 er han oppførd som forpaktar i Rislåg og i 1875 står han som husmann. I 1875 var han kanskje på den tidlegare husmannsplassen til Jon Ingebrigtson Moane-Hove. I 1875 hadde Søren 1,2 daa potet, ei ku og 2 smalar på den jorda han då dreiv. Jon og Ragnhild, med tre born, hadde på sin del: 4,4 daa korn, 2,4 daa potet, 1 hest, 3 kyr og 4 smalar.
I panteregisteret finn vi at ved tredelinga vart lnr 54a* på 0,43 spd kjøpt av Søren Mikkelson. Denne gardparten vart omforma til bnr 18/1 på 0,48 mark. Lnr 54d 0,43 spd (= bnr 18/4 0,48 mark) gjekk til Johannes Torson (Hove) Teigum og lnr 54e 0,43 spd (= bnr 18/5 0,48 mark) gjekk til Anders Nilsson Hov Hest. Bnr 18/1 og bnr 18/5 vart busette som småbruk på Rislåg.
Lnr 54a* Rislåg 0,43 spd = bnr 18/1 0,48 mark kan reknast som eit framhald av bruket til Jon Sjurson. Søren Mikkelson Botnen (1848–) frå Indre Holmedal gifte seg i 1867 med Anna Hansdtr Raudboti (1845–). Anna var dotter til Hans Lasseson Bruavoll (1826–) som vart husmann i Raudboti, Fjærlandsfjorden. Born: Nilla 1869 (USA 1886), Hans 1870–94 (USA 1889), Mikkel 1872 (kanskje til USA), Johan 1875 (USA 1897), Ola 1878, Ingeborg 1881. Søren reiste i 1895 til USA. Ved teljinga i 1900 hadde Anna dei to yngste borna med seg på bruket. Søren må ha kome tilbake, for i 1904 selde han bruket sitt ved todeling. I følgje den gamle bygdeboka flytta Søren til Sørbøvåg. Då må også kona og dei to yngste borna ha vore med. Den største delen av bruket, bnr 18/8 0,28 mark, gjekk til Arne Hansson Rislåg som frå før hadde småbruket lnr 54e (bnr 18/5).
Ny bnr 18/1 0,20 mark vart kjøpt av Inga Botolvdtr Orvedal (1862–1942) frå lnr 51. Inga fekk Ivar 1891 (Oslo) med Jon Nilsson Sæbø (1859–1934) og som kom til lnr 61 Refsdal. Jon var «uekte» og hadde mor si på ein plass under lnr 51 Orvedal. Før Inga kom til Rislåg budde ho i ei stove på lnr 51. Denne stova vart seinare flytta til den delen av bruket som Johan Ellendson hadde. Men levevegen var neppe særleg betre på denne vesle plassen i Rislåg. Inga Botolvdtr skøytte sin del i 1923 til Hans Arneson Rislåg. Dermed var heile lnr 54a kome inn under lnr 54e.
Lnr 54e 0,43 spd = bnr 18/5 på 0,48 mark vart kjøpt av Anders Nilsson Hest (1839–) & 1880 Haldis Monsdtr Rå (1842–). Dei var frå Kyrkjebø. Born: Hansina 1881, Martin 1884–84 og Martin 1887. I 1890-åra reiste huslyden tilbake til Bjordal, der dei kom frå. Til bruket kom Hans Larsson Undredal (1846–1904) frå Aurland & 1873 Olina Arnedtr Teigum (1840–1931) frå plass på lnr 22c Teigum. Born: Arne 1873, Lars 1876 (USA 1893), Sitona 1879–79, Sjur 1880–80. I åra 1873–75 var Hans og Olina på Rislåg som paktarar. Deretter var dei på ein husmannsplass på Bruavoll. I året 1900 vart dei førde opp som gardbrukarar på Rislåg, men i følgje protokollane var det ikkje Hans, men sonen Arne som kjøpte småbruket. Arne Hansson Rislåg (1873–1941) & 1900 Birte Hansdtr Fivelstad (1867–1958) frå Gulen hadde borna: Albert 1899–1935, Hans 1901, Olina 1904–95 og Hansina 1908–69. Sonen Albert kom bort i ei drukningsulukke. Også Hansina drukna. Det var i Ovrisdalselvi. Hans Arneson Rislåg (1901–1988) overtok bruket. Han vart også eigar av bnr 18/8 og bnr 18/1. Dei tre partane var til saman 0,98 mark. Hans var ungkar. Olina 1904 gifte seg med Brynjulf Larsson Oppheim (1903–) frå Vossestrand, og dei fekk Lars 1930 og Bjørg 1935 (Evje i Setesdalen). Dei budde på Oppheim. Hans overdrog bruket til begge borna. Men Bjørg overdrog seinare sin part til Lars. Lars Brynjulfson Oppheim (1930–2000) & 1954 Astrid Mandelid (1935–) frå Bulken fekk borna: Bjørn Ove 1954 (Brandbu på Hadeland), Else Inger 1956 (Sandane), Anne Marie 1964 (Voss). Anne Marie Larsdtr Oppheim (1964–) overtok bruket. Ho og ektemannen dreiv reingjeringsbyrå i Vik frå Rislåg og på Voss. Etter nokre år vart verksemda i Vik flytta til Voss. Born: Trudi Michelle (døypt Trude Linn) 1986, Carina 1990, Atle Magnus 1993. Anne Marie er skild og gift på nytt 2000 med Atle Halvorson (1955–) frå Oslo. Jorda vart leigd bort. Bnr 18/1, utan hus, vart overteke av Jon I. Risløv på lnr 55a Rislåg i 2006.
Bnr 18/10, 2007. Dette er dei tidlegare husa på bruket, med litt jord omkring, som er frådelt. Chantal Cornelia Elisabeth Timmers (–) & 1977 Christianus Patricus Johannes Timmers (–) frå Nederland har: Pet 2003, Jimmy 2003 og Denis 2007.
Lnr 54b Rislåg 1,30 spd. Denne bruksdelen vart kjøpt av husmannsson Jon Ingebrigtson Holedna-Refsdal. Men Jon vart neppe buande lenge på Rislåg etter kjøpet, for i 1865 finn vi han som gardsstyrar på det store bruket som sjøkaptein Valentinsen hadde på Hove. Han kom deretter til lnr 65 Hallrynjo. I 1863 vart lnr 54b skøytt over på broren Ola Ingebrigtson Holedna-Refsdal. Ingebrigt-sønene let truleg Torgeir Olason Sæbø (1817–) frå plassen Urdi i Røysane-Sæbø & 1851 Barbra Larsdtr Åse (1821–) frå plass under lnr 50 driva bruket. I alle høve finn vi i 1865 dei to med born på bruket. Dei hadde då: 2,4 daa potet, 7,0 daa korn, 5 kyr, 24 sauer og 3 grisar, men ingen hest. Huslyden var neppe lenge i Rislåg, for i 1870 reiste dei til USA, og dei vart då førde opp som plassfolk i Sæbø. Sjå meir i note under plassen Urdi i Røysane-Sæbø.
Ola Ingebrigtson Holedna-Refsdal var neppe eigar av lnr 54b anna enn på papiret. Han utvandra med huslyden sin i 1866. Då var han tenar på Hallrynjo. Tinglyst sal skjedde først i 1869 og 1871. Då var Ola i USA, slik at det var Ingebrigt Ivarson Refsdal som tok seg av salet. Sjølv om Ola utsette salet og delte bruket i to, i lnr 54b* og lnr 54c, fekk han ikkje att meir enn kjøpesummen. Skyld på lnr 54b* etter todeling var 0,65 spd. Det vart seinare omforma til bnr 18/2 0,72 mark. Kjøparen var Guttorm Ellingson Kinni, som brukte parten som tilleggsjord til bruket sitt i Kinni. Den andre parten, lnr 54c 0,65 spd, gjekk til enkja Ingeborg Jondtr Rislåg, og kom dermed saman med lnr 55a. Dette bruket vart dermed det største på Rislåg, medan lnr 54b vart borte som bruk.
Det er uklart kva som fanst av hus til dei ulike gardpartane på Rislåg kring 1870, men Torgeir Olason Sæbø må ha disponert både bustadhus og driftsbygningar i dei 3–6 åra han var på Rislåg. Kanskje var det her at Hans Larsson og kona Olina Arnedtr var paktarar i åra 1873–75. I 1875 hadde dei 0,8 dekar potet, 0,9 dekar korn, 1 ku og 4 smalar på småbruket. I 1876 var dei komne til stadheimsdelen av Bruavoll (lnr 47b) som husmannsfolk.
Lnr 55 Rislåg
2,60 spd. Eigar i 1723: Anna Finde, deretter Daae-ætta, sjølveige frå 1834. Matrikkelskyld: 0,58 laupar i 1723, 1788 og 1838.
Etter delinga av Rislåg på 1600-talet kom den andre sonen til Eirik Torsteinson, Helge, til dette delbruket. Helge Eirikson Rislåg (1687–1720) gifte seg med Kari Andersdtr Åse (–1711) frå lnr 48+49. Dei fekk Hermund 1711 (lnr 100 Midlang). Andre kona var Brita Markusdtr Espesete de (1687–1736) frå lnr 93 og borna var: Eirik 1714 (lnr 23 Føli), Ivar 1717–43 og Markus 1720. Enkja Brita gifte seg til lnr 63 Undi. Det kom nye folk til bruket frå 1733. Det var: Sjur Hermundson Gullteigane (1712–1746) frå lnr 53 & 1733 Ragnhild Ellingdtr Bø (1703–1778) frå lnr 103. Sjur var teken av eit snøskred i ung alder. Born: Ola 1733 (lnr 53 Gullteigane), Ivar 1739, Hermund 1743 (Vikøyri v346), Eli 1747 (sjå note lnr 86 Holstad). Ragnhild gifte seg på nytt 1747 med Ola Markusson Tenål (1717–) frå lnr 15. Dei hadde ikkje born. Ivar Sjurson Rislåg (1739–1805) & 1770 Brita Tollakdtr Undi (1748–1813) frå lnr 63 fekk borna: Sigrid 1771 (lnr 119 Hopperstad), Sjur 1773, Magnhild 1775 (truleg død før 1801), Tollak 1778 (lnr 35 Fosse), Hermund 1780 (lnr 192 Vangsnes), Jon 1783 (lnr 16 Tenål), Elling 1786 (lnr 22 Føli). Bruket var først på 1800-talet eigd av Daae-ætta. I 1827 vart denne eiga overført til major Knagenhjelm Daae. I 1834 fekk leiglendingen Sjur Ivarson kjøpt bruket. Sjur Ivarson Rislåg (1773–1840) & 1807 Gjertrud Oladtr Lindehagen (1778–1867) frå plass på Linde i Kvamsøy sokn hadde: Ivar 1807–37, Ola 1810 (lnr 52 Orvedal), Hermund 1811 (lnr 55a), Jon 1815 (lnr 54a), Brita 1817 (lnr 60 Refsdal), Brita 1823 (lnr 57 Karevoll), Sjur 1828–29. Sjur greidde seg bra økonomisk, for han lånte 10 spd til Jon Hermundson Undi. Det veit vi for di Jon i 1823 ikkje hadde betalt lånet tilbake som avtalt. Bruket vart i 1841 skøytt til Ola Sjurson Rislåg (1810–1862). Men Ola hadde gjort eit godt gifte med ei jordajente i Orvedal og ville flytta dit. Han selde difor bruket på Rislåg i 1844 ved deling. Halvparten, lnr 55b, gjekk til Beint Hansson Ovri og den andre delen til distriktslækjar Aall. I staden kjøpte Ola Sjurson lnr 52 Orvedal.
Lnr 55a Rislåg 1,30 spd = bnr 18/6 1,45 mark. I 1845 var det 5,6 daa potet, 3,7 daa korn, 1 hest, 13 storfe, 30 smalar og 4 grisar på bruket.
Det ser ut til at Ola Sjurson Rislåg fekk svært godt betalt av distriktslækjar Aall for denne gardparten. Men Aall flytta ikkje til Rislåg. Ved jordbruksteljinga i 1845 heiter det at Aall budde på Vange og at bruket på Rislåg ikkje var busett. I 1851 skøytte Aall gardparten vidare til Hermund Sjurson Rislåg (1811–1867) frå lnr 55 & 1847 Ingeborg Jondtr Undi (1817–1912) frå lnr 63. Born: Sjur 1848, Sigrid 1850 (lnr 114 Skjørvo), Brita 1853, Jon 1858 (Teigum, lnr 51b). I 1869 vart lnr 54c 0,65 spd = bnr 18/3 0,72 mark kjøpt til småbruket. Det skulle deretter gje bra livsvilkår. Sjur Hermundson Rislåg (1848–) & 1872 Olina Monsdtr Vetleøyri s144 (1847–) hadde borna: Ingeborg 1873, Hansina 1874–75, Hansina 1875, Hermund 1878–81, Inga 1880, Ivar 1883, Guri 1885. I 1875 hadde dei 2,4 daa potet, 3,8 daa blandkorn, 1 hest, 5 kyr, 17 smalar og ein gris på bruket. Huslyden reiste til USA og bruket vart i 1885 selt til ei syster til Sjur: Brita Hermunddtr Rislåg (1854–1940) & 1880 Ivar Jonson Hopperstad (1856–1947) frå lnr 119. Born: Jon 1878–79, Jon 1882, Hermund 1884 (USA 1905), Ola 1884–85, Ola 1888 (USA 1908), Ivar 1890 (bnr 39/15 under lnr 122b på Hatlekolo), Ingeborg 1892 (sjå note lnr 22a Teigum), Kari 1894 (USA 1915). Jon Ivarson Rislåg (1882–1959) & 1912 Marta Albrigtdtr Hov (1889–1971) frå Fresvik hadde borna: Ivar 1913, Alfred 1916 (lnr 56 Kinni), Anna 1918 (Solvorn, så gift Skartun i Sogndal), Olav 1921 (bnr 41/111 under Tomtebu, Vikøyri). Jon hadde òg Birte 1907 (bnr 15/6 Åse) med Inga Andersdtr Rislåg (1884–1961) frå lnr 55b. Ivar Jonson Risløv (1913–1994) & 1938 Brita Jondtr Orvedal (1916–1998) frå lnr 52 overtok bruket i 1940 og fekk: Marta 1938 (Årdal), Marie 1943 (Kongsberg), Jon 1945, Johanna 1951 (Voss). Jon Ivarson Risløv (1945–) & 1971 Brit Gunlaug Georgdtr Tistel (1946–) frå lnr 13a «Lesdalen» på Tenål overtok i 1980. Born: Jo 1979 (Bergen), Geir Tomas 1986. Dei driv òg Lesdalen av lnr 13 på Tenål frå Rislåg.
Lnr 55b Rislåg 1,30 spd = bnr 18/7 1,45 mark. I 1845 var det 2,8 daa potet, 3,8 daa korn, 2 hestar, 13 storfe, 24 smalar og 1 gris på bruket.
Kjøpar av denne halvparten av lnr 55 var Beint Hansson Ovri (1798–1874) frå lnr 69 & 1834 Barbra Jondtr Hallrynjo (1806–1890) frå lnr 66. Dei fekk borna: Ingeborg 1832, Anna 1839 (til «Lærarjordi» i Gildhus), Marta 1844. Dei to første borna vart fødde på Ovri, men då Marta vart fødd, var dei på ein plass på Hove. Beint og Barbra vart i 1865 oppførde som kårfolk på lnr 55b, men det er feil, for dei eigde framleis bruket. I 1865 var bruket på Rislåg drive av dottera Ingeborg Beintdtr Rislåg (1832–) & 1860 husmannsson Guttorm Jonson Rislåg (1831–). Dei fekk: Brita 1860, Hans 1863–64, Hans 1865, Johan 1868–98, Ola 1870. Guttorm og Ingeborg var ei kort tid paktarar på prestegarden Grov. Dei utvandra med borna i 1872. Dei var då innerstar på Hove. I 1870 vart bruket skøytt til Marta Beintdtr Rislåg (1844–1935). Ho vart kalla Beint-Maita. Ho gifte seg med Anders Jonson Vikøyri v498 (1849–1924). I 1875 hadde Marta og Anders 2,3 daa potet, 4,5 daa blandkorn, 2 hestar, 2 kyr, 18 smalar og 1 svin på bruket. Dei selde bruket i 1877 etter å ha kjøpt lnr 41b Grønsberg. Om born: sjå lnr 41b. Kjøpar av bnr 18/7 var Anders Knutson Stadheim (1852–1937) frå lnr 27 & 1876 Kari Ingebrigtdtr Stadheim (1843–1909) frå lnr 30. Born: Ingebrigt 1875, Knut 1878 (bnr 15/6 Åse) og Inga 1884 (bnr 15/6 Åse). Inga fekk Birte 1907 med Jon Ivarson Rislåg (1882–1958) frå lnr 55a. Om Birte sjå bnr 15/6 Åse. Anders fekk òg kjøpt bnr 5/12 0,16 mark som Jon Hermundson (Rislåg) Teigum hadde hatt. Ingebrigt Andersson Rislåg (1875–1970) & 1910 Olina Guttormdtr Kinni (1878–1964) frå lnr 56 og overtok bruket i 1914. Dei fekk: Anders 1914. Ingebrigt hadde òg Sverre 1909–19 med Johanna Lassedtr Føli (1875–) frå «nytt bruk på Føli». Anders Ingebrigtson Risløw (1914–1962) gifte seg i 1940 med Anna Ivardtr Refsdal Ovri (1918–2002) frå lnr 68 Ovri. Born: Olina 1940 (Drammen), Ingebrigt 1945 (Øvste Hopperstadmarki nr 25), Ingrid 1947 (sjå note), Ivar 1950 (Øvste Hopperstadmarki nr 12), Signe 1952 (bnr 97/37-2 i Tråna, Vangsnes). Enkja dreiv bruket vidare etter at Andres døydde, men frå ca 1999 har jorda vore bortleigd. Bruket er eigd og busett av Dag Ingebrigtson Risløv (1973–) frå Øvre Hopperstadmarki nr 25 & sb Janne Haralddtr Ålien (1969–) frå Nedre Eggedal i Buskerud. Dei har Marius 2003. Dag fekk skøyte i 2007. Dag selde i 2006 frå jord, gnr 5/12 og gnr 5/24 til John Refsdal (1946–) på lnr 61.
Ingrid Andersdtr Risløv 1947 & 1965 Arvid Oleson Fossen (1941–1995) frå Oppdal i Sør-Trøndelag var i anleggstida i Vik, der vart borna fødde, deretter var dei mellom anna i Fauske i Nordland. Born: Vidar 1965 (Glomfjord i Nordland), Irene 1966 (Straumen i Nordland) og Bente 1967 (Kvikne i Tynset). I 1998 kjøpte Ingrid rekkjebustaden bnr 26/27 i Moane-Hove.
Plassar i Rislåg
I 1801 var det ingen husmann i Rislåg. Det hadde det neppe vore før heller.
Anders Jonson Rislåg (1794–) frå lnr 54 & 1821 Kari Botolvdtr Espesete (1796–) frå lnr 93 var husmannsfolk på Rislåg. Då Anders var son til brukaren på lnr 54, var dei kanskje på ein plass under dette bruket. Born: Marta 1821–51 (sjå Vikøyri v072), Eli 1824 (USA 1844), Anna 1828–29, Johanna 1830–32, Johanna 1833–33. På denne tida var det ikkje uvanleg at griser tok seg til rette i potetåkrar. I 1824 hadde griser til Sjur Ivarson på lnr 55 ete opp poteter på to åkrar hjå Anders. Men Sjur var lite viljug å betala for skaden. Han meinte at også andre sine svin hadde vore med på gildet. I følgje den gamle bygdeboka vart Anders kalla «livsslave» i skiftet etter faren i 1830. Det er ikkje rett. Men vi finn ikkje dødsfallet i kyrkjeboka. Kanskje drukna han og vart bort. Enkja Kari reiste til USA i 1846 frå Vetla-Tistel.
Omkring 1843 må Jon Ingebrigtson Hove (1802–1882) frå lnr 73 & 1826 Brita Guttormdtr Gullteigane (1803–) frå lnr 53 ha flytta inn på staden. Før det var dei på ein plass i Moane-Hove. Born: Jon 1823 (lnr 64b Stedjeberget), Agata 1826 (lnr 65 Hallrynjo), Ragnhild 1829 (lnr 54a Rislåg), Guttorm 1831 (lnr 55b Rislåg), Brita 1835 (USA 1869), Ingebrigt 1838, Guro 1841 (USA 1866). Jon og Brita fekk i 1860 kår under lnr 54, men reiste i 1869 til USA. Skreddar Ingebrigt Jonson Rislåg (1838–1923) & 1865 Ingeborg Oladtr Fosse (1840–1923) frå lnr 34, med sonen Jon 1865, budde også der i 1865. Dei reiste til USA i 1866.
Husmannsson Johannes Hansson Holedna-Refsdal (1801–1854) & 1837 Unni Jondtr Seim (1795–1862) frå lnr 11 døydde båe som husmannsfolk på Rislåg. Johannes fall utfor eit fjell. Omkring 1857 gav fattigkommisjonen hjelp til enkja Unni Rislåg.
Anders Olason Henjum (1845–), fødd på plass under lnr 63 Stedje , & 1876 Marta Jondtr (1835–) var nokre år på Rislåg. Dei fekk som innerstar på Hallrynjo: Ola 1878. Marta fekk som tenestejente på Voll Ranveig 1862 med Jon Styrkson Vikøyri v932 (1833–). Anders og Marta med Ranveig og Ola reiste til USA frå Rislåg i 1882. Marta 1835 var truleg dotter til Jon Olason (–) & Ranveig Oladtr (–). Dei var i Vik i 1835, men busette seg kanskje på Voss. Grunnlaget for påstanden er at Marta 1835 vart oppgitt å vera frå Voss i teljinga i 1865. Jon og Ranveig var neppe frå Vik.