Refsdal
Refsdal (refsdal, dalen): Refsdal (ca 1320), Reffsdall (1563, 1567, 1603, 1611, 1647), Refsdal (1667, 1723, 1838, 1863, NG, VIK)
Refsdal var truleg busett gjennom heile øydetida, for i 1522 var Styrk på garden. I 1603 var det to brukarar: Styrk og Svein. I 1635, 1645 og 1647 var Styrk med kona Adelus på eitt bruk og Lasse og Sigrid på eit anna. I 1655 var Styrk borte, men arvingar etter han hadde eiga i eit bruk som Ola Andersson dreiv. Lasse eigde då mykje av det bruket han var på. I 1667 finn vi tre brukarar: Ola Andersson, Ola Johannesson og Bendik Lasseson. I 1685 var brukarane Ola, Anders, Ola Johannesson og Bendik. I 1701 finn vi Anders Olason, Rognald Lasseson, Bendik Lasseson og Lasse Bendikson. Bendik kan i 1685 og 1701 ha vore på eit kårbruk. I 1718 var det på nytt berre tre brukarar: Anders, Rognald og Lasse og i 1723: Sjur, Hermund og Lasse.
I 1647 eigde Styrk og Lasse sjølv 3,62 laupar i garden, Hopperstadkyrkja 0,82 laup og Apostelkyrkja 0,50 laup. Samla skatteskyld: 4,94 laupar. I 1723 eig Anna Finde 4,23 laupar, Hopperstadkyrkja 0,90 laupar og lensmann Ola Brekke 0,14 laup i Refsdal. Før dette må det ha skjedd ei omlegging av bruka, for det var no tre bruk som var like store: 1,71 laupar.
Lnr 58 Refsdal
5,84 spd = bnr 21/1 7,04 mark. Eigarar frå ca 1730: Daae-slekta. Sjølveige frå 1801. Matrikkelskyld: 1,54 laupar i 1667, 1,71 laupar i 1723, 1,67 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det 4,9 daa potet, 19,1 daa korn, 3 hestar, 22 storfe, 50 smalar, 1 geit og 5 grisar på bruket.
Etter at Refsdal vart tredelt omkring 1660 finn vi Ola Andersson Refsdal (1605–1685?) på dette bruket. Søner var Ander 1857, Styrk 1662 og Øystein 1682 (lnr 33 Fosse). Anders Olason Refsdal (1657–) var truleg gift med Brita Endredtr Vange (1660–1748) frå lnr 5. Dei hadde ikkje born som vi veit om. Brita vart attgift med Sjur Anfinson Berdal (1694–1755) frå Feios. Dei hadde ikkje born. Men Sjur gifte seg på nytt 1748 med lensmannsdtr Gyrid Hansdtr Kvamme (1731–1763) frå Kvamsøy sokn, og dei fekk: Brita 1751 (Håum i Feios) og Kristi 1754 (Bygd i Myrkdalen). Gyrid vart attgift 1755 med Alf Ingebrigtson Hove (1732–1762) frå lnr 71 og dei fekk Sjur 1756–57. Det var ei syster til Gyrid og mann hennar som deretter vart leiglendingar på bruket. Nils Nilsson Midlang (1738–1800) frå lnr 100 & 1763 Brita Hansdtr Kvamme (1742–1812) frå Kvamsøy sokn fekk borna: Nils 1764–66, Nils 1767, Hans 1771 (lnr 57 Karevoll), Jon 1777 (Ytre Nesse i Kvamsøy sokn), Brita 1781 (lnr 72 Hove). Bruket, som hadde vore eigd av Daae-ætta, vart i 1794 kjøpt av Nils. Før bruket vart skøytt over på Nils 1767 i 1802, vart eit jordstykke delt frå til Hans 1771 som då var komen til Karevoll. Nils Nilsson Refsdal (1767–1842) & 1802 Brita Hermunddtr Øvstedal (1774–1848) frå lnr 44 fekk: Nils 1801–02, Gyrid 1804–05, Brita 1806–07, Gyrid 1808 (lnr 36 Åse-Arnafjord), Hermund 1810 og Brita 1813 (lnr 64 Stedje). I 1850 vart bruket skøytt over på sonen Hermund Nilsson Refsdal (1810–1870) & 1839 Ragnhild Oladtr Stadheim (1821–1892) frå lnr 32. Dei hadde: Nils 1840 (sjå note under bnr 2/5 i Røysane-Vange), Ola 1842, Sjur 1845 (lnr 62 Undi), Jon 1848 (lnr 63 Undi), Nils 1851 (sjå note), Brita 1854–1936 (ugift heime), Arne 1859 (lærar i Årdal, så i Romedal på Hedmark) og Anders 1864 (lnr 37 Nummedal). Nils 1840 reiste til USA, og i samband med det skreiv han i 1868 frå seg odelsretten. I 1872 skøytte enkja Ragnhild bruket over på sonen Ola. Ola Hermundson Refsdal (1842–1923) & 1873 Anna Perdtr Undi (1849–1929) frå lnr 62 fekk borna: Hermund 1874 (sjå note), Ragnhild 1875–1929 (ugift tenestejente i Vik), Per 1877, Eli 1880 (sjå note), Olav 1881. Per Olason Refsdal (1877–1910) var tambur. Han gifte seg 1904 med Gyrid Nilsdtr Tryti (1877–1937) frå lnr 109 og hadde tre born som vart oppfostra på lnr 109 Tryti: Anna 1905, Kirsti 1907 og Ragnhild 1909. Sjå meir om borna der. Per hadde teke over bruket i 1909, men døydde av blindtarmbetennelse året etter. Bruket gjekk tilbake til Ola Hermundson. Olav Olason Refsdal (1881–1954) var ei tid skulelærar på Torvastad nær Haugesund og sidan i Ovrisdalen. Han overtok bruket i 1917. Han gifte seg 1917 med Hanna Jensdtr Hønsi (1892–1971) frå lnr 84a og dei fekk borna: Anna 1917 (sjå paktarar lnr 126 Grov), Eli 1918–68, Olav 1920, Jens 1922 (Bergen), Hermund 1924 (Frei ved Kristiansund), Per 1926–94, Helga 1930 (lnr 46 Turvoll), Ragnhild 1933 (Kristiansund). Olav Olavson Refsdal (1920–2007) & 1956 Aslaug Ranveig Oladtr Fredheim (1928–) frå Stryn overtok bruket i 1953. Born: Odd 1957 (Vinstra), Rune Olav 1958 (Oslo), Harald 1961. Harald Olavson Refsdal (1961–) overtok i 1984.
I ei stove i tunet på lnr 58 budde Nils Hermundson Refsdal (1851–1942) & 1883 Lussi Jondtr Espesete (1856–1936) frå lnr 93b. Born: Anna 1884 (USA 1906), Ragnhild 1886 (bnr 41/4 i Villastrøket-Sjøtun), Brita 1889–1919 (døydde på Vikøyri), Hermund 1891–92, Sitona 1891–96. I åra 1890–94 var Nils bonde på lnr 66 Hallrynjo. Han var tambur i Sogns bataljon. Men han dreiv òg bondehandel.
Hermund Olason Refsdal (1874–1921) var lærar på Seljadalen og Ovrisdalen i åra 1897–1902. Han vart deretter lærar i Eidsvoll. Han gifte seg 1903 med Marta Oladtr Åse (1881–1964), sjå bnr 15/6 Åse, og dei fekk åtte born som vart oppfostra på Eidsvoll.
Eli Oladtr Refsdal (1880–1954) gifte seg 1911 med Ola Ellendson Holstad (1882–1956). Dei kjøpte gard i Mysen og reiste dit med 2 søner: Erling 1912–17 og Olav 1913–17. Båe to drukna i ein brunn. Der fekk dei òg Sverre 1915. Etter ulukka kom dei heim att til Vik og budde i gamlestova på bruket. Her fekk dei: Anna 1918 (Stavanger), Emma 1919–56 (ugift sykepleiar), Sunneva 1921–56 (Oslo), Erling 1926–47 (omkom i skipsforlis). I 1927 kjøpte dei gard på Utbjoa i Ølen kommune og reiste såleis frå bygda.
Plassen Brunnadn under lnr 58. Nils Olason Orvedal (1795–1876) frå lnr 51 & 1826 Synneva Tordtr Holstad (1790–1859) frå lnr 86 fekk borna:. Sigrid 1824 (lnr 44c Øvstedal), Synneva 1827–45, Gyrid 1830 (lnr 64b Stedjeberget). «Nils i Brunnadn» var uekte son til Ola Jonson Refsdal (1762–1844) på lnr 61. Desse folka var i Brunnadn frå 1827. Plassen låg over klyngetunet i Refsdal i retning mot Undi. I 1874 var Nils blitt gamal og sjukleg og vart utplassert hjå Sigrid og Ola Øvstedal for 12 spd i året. I 1875 var han mellombels på Stedjeberget, men både der og i Øvstedal ville dei ha 18 spd. Då sa fattigkommisjonen at dei ville krevja 6 spd av Ola Øvstedal, dersom Nils ikkje kunne plasserast nokon stad for mindre enn 18 spd. Nils døydde på Stedjeberget.
På denne plassen flytta truleg inn: Bendik Lasseson Røysane-Sæbø (1831–) frå plassen Urdi & 1861 Sigrid Larsdtr Juvik (1818–) frå lnr 6. Dei reiste til USA i 1871. På plassen var i 1865: 0,4 daa blandkorn, 1,6 daa potet, 1 ku, 9 smalar og 1 gris.
Lnr 59 Refsdal
5,84 spd. Eigar frå ca 1740: Daae-ætta, sjølveige frå 1800. Matrikkelskyld: 1,54 laupar i 1667, 1,71 laupar i 1723, 1,67 laupar i 1788 og 1838.I 1845 var det 4,2 daa potet, 13,9 daa korn, 4 hestar, 19 storfe, 54 smalar og 2 grisar på bruket.
Bendik Lasseson Refsdal (1633–1705) var oppsitjar i nokså mange år på dette bruket. Vi trur han hadde Sigrid 1652 (sjå note lnr 85 Holstad) og Lasse 1661. På sine gamle dagar må han ha gift seg med ei ungjente, for i 1701 hadde han sonen Hans 1698 (lnr 2 Sæbø og lnr 62 Undi). Då dreiv han truleg eit kårbruk, slik at det var sonen Lasse som sat på hovudbruket. Han hadde òg Alis, som kom til lnr 65 Hallrynjo. Lasse Bendikson Refsdal (1661–) og kona hans hadde: Marita (lnr 54 Rislåg), Bendik 1694 (miste livet i den store nordiske krigen i åra 1709–18), Ola 1697, Endre 1703 (lnr 24+25 Stadheim), Jon 1707 (lnr 54 Rislåg), Johannes 1710 (lnr 111 Skjørvo), Brita 1714 (lnr 56 Kinni). Ola Lasseson Refsdal (1697–1748) & 1728 Marita Oladtr Fjærestad (1703–1763) frå lnr 96 og enkje frå lnr 8 Vange var neste leiglendingspar. Born: Øystein 1731 (lnr 33 Fosse), Anna 1734 (lnr 16 Holane i Arnafjord sokn), Jon 1735 (konfirmert 1751, død før 1798), Anna 1737–39, Lasse 1740–40, Anna 1742 (lnr 33 Fosse), og Lasse 1745 (konfirmert 1765, truleg død ca 1799). Marita vart attgift 1749 med Ivar Person Røyrvik (1716–1775) frå lnr 12, men fekk ikkje born med han. Ivar gifte seg på nytt 1764 med Brita Endredtr Stadheim (1739–1804) frå lnr 24+25 og dei fekk: Marta 1765–65, Marta 1766–66, Gyrid 1768 (lnr 124 Hopperstad), Elling 1771 (lnr 20 Føli, sjå òg lnr 53 Gullteigane). Enkja Brita vart attgift 1776 med Ingebrigt Ivarson Ovri (1745–1825) frå lnr 67. Born: Ivar 1777, Inga 1778 (lnr 44 Øvstedal), Endre 1781 (sjå note). I året 1800 vart leiglending Ingebrigt Ivarson sjølveigar. I 1807 vart bruket skøytt frå arvingar etter Brita til Ivar 1777. Ivar Ingebrigtson Refsdal (1777–1857) & 1807 Ragnhild Jondtr Hopperstad (1785–1872) frå lnr 123 fekk: Brita 1808 (lnr 57 Karevoll), Åsa 1811–16, Inga 1812 (lnr 65 Hallrynjo), Ingebrigt 1815–15, Jon 1815–15, Åsa 1816 (lnr 63 Undi), Anna 1818 (lnr 51 Orvedal), Ingebrigt 1821, Jon 1823 (bnr 26/13 Smidjehaugen på Hove), Endre 1826 (ukjend seinare), Ivar 1829 (lærar, sjå lærarjordi Gildhus). Ingebrigt Ivarson Refsdal (1821–1913) & 1848 Durdei Jondtr Hove (1818–1912) frå lnr 76 fekk skøyte på bruket i 1847. Born: Ivar 1847, Ragnhild 1849 (lnr 53 Gullteigane), Lussi 1851 (lnr 68 Ovri), Johanna 1854 (ugift heime, fekk Ragnhild 1877 med Lasse Olason Refsdal [1852–1878] på lnr 60), Endre 1856 (sjå paktarar av prestegarden Grov), Jon 1858 (lærar på Bøadalen, bnr 37/24 under lnr 110 Tryti), Hermund 1859 (USA 1886, sjå òg Vetleøyri s214), Inga 1862 (sjå note lnr 64 Stedje). Ivar Ingebrigtson Refsdal (1847–1930) & 1878 Guri Anfindtr Seim (1854–1927) frå lnr 9 fekk skøyte på bruket i 1882 og hadde borna: Anna 1876 (Samuelplassen, Moane-Grov), Durdei 1878 (sjå note), Eli 1881–1969 (Lonevåg ved Bergen), Ingebrigt 1883, Olina 1886 (bnr 15/1 Åse), Anfin 1888 (sjå note), Ivar 1896 (lnr 68 Ovri). I 1916 vart bruket skøytt over på eldste son. Ingebrigt Ivarson Refsdal (1883–1954) & 1908 Anna Jensdtr Hønsi (1885–1966) frå lnr 84a fekk borna: Eli 1908, Guri 1910 (lnr 60 Refsdal), Ingeborg 1912 (lnr 38 Nummedal), Anna 1915 (sjå under hus nr 102 på Vetleøyri), Ivar 1917–17, Inga 1919 (Vikøyri-vest, bnr 1/58), Ivar 1921–22. I 1847 vart bruket skøytt over på dottera Eli og mann hennar med unntak av eit kårstykke, bnr 21/5 0,05 mark. Ny skyld for bnr 21/2 var 6,35 mark. Eli Ingebrigtdtr Refsdal (1908–) & 1932 Ola Tuxen Petterson Fosse (1910–1993) frå bnr 5/20 under lnr 24 Stadheim fekk borna: Johanna 1930 (lnr 111 Skjørvo), Margit 1933 (lnr 39 Nummedal), Ingvar 1934 (Kleppestø på Askøy), Per 1936, Ivar 1937 (Sogndal, gift med Signe Marie Fosse frå bnr 7/1), Arne 1939 (Skien), Edvin 1940 (bnr 5/45 under lnr 24 Stadheim). Per Olason Fosse Refsdal (1936–2007) & 1961 Agnes Andersdtr Grønsberg (1942–) frå bnr 7/6 Fosse overtok i 1977. Born: Arvid 1961, Omar 1963 (bnr 7/6 Fosse), Eli Johanne 1965 (Midttun i Eivindvik), Torhild Øygunn 1966 (Midttun i Eivindvik), Per Arne 1968 (Ovestevegen 11 i Øyane-Grov). Arvid Person Refsdal (1961–) & 2001 Ingunn Frøydis Oladtr Nummedal (1955–) frå lnr 38 har Asgeir 1995. Ingunn hadde tidlegare vore gift på Dalekvam i Vaksdal i Hordaland og fekk der: Gro Anita 1975 (Arna), Inger Helene 1980 (Dalekvam), Rolf Arne 1985 og Oddveig Renate 1987 (bnr 1/208 i Røysane-Sæbø). Arvid overtok bruket i 1983.
Ingeleiv Oladtr (1732–) finn vi ikkje som døypt, men vart konfirmert med stadnamnet Refsdal i 1751 og var i teneste på lnr 58 i 1763. Ho var ikkje arving etter Marita Oladtr og såleis neppe frå dette bruket. Kanskje var ho uekte. Ho gifte seg til Vikøyri v678.
Endre Ingebrigtson Refsdal (1781–1841) fekk Brita 1813 (Vikøyri v608) med Brita Guttormdtr Hønsi (1783–1813) frå lnr 83. Endre døydde av smittsam tyfus (nervefeber).
Durdei Ivardtr Refsdal (1878–) & 1908 Nils Jonson Tenål (1879–) frå lnr 18a fekk i Vik: John 1906. Dei busette seg i Bergen. Anfin Ivarson Refsdal (1888–) & Anna Sveindtr Åse (1899–) frå bnr 15/1 busette seg i Fana, Hordaland.
Lnr 60+61 Refsdal
Matrikkelskyld: 1,54 laupar i 1667, 1,71 laupar i 1723.
I 1647 sat Lasse Styrkson Refsdal og kona Sigrid på dette bruket. Dei hadde sønene Rognald 1650 og Styrk 1657. Lasse døydde tidleg og Sigrid gifte seg opp att med Ola Johannesson. Dei hadde sønene Eirik og Lasse. Dei kjem bort for oss. Det gjeld òg Styrk 1657, men Knut Styrkson Rislåg, som var med i svenskekrigen i år 1709–18, kan vera son hans. Bruket var sjølveigd, og dermed var det sønene til Lasse som hadde odelsrett. I følgje den gamle bygdeboka kom Ola med huslyd til Karevoll. Rognald Lasseson Refsdal (1650–1728) overtok i 1685. Han hadde borna: Sissel 1685 (lnr 60), Ingebrigt 1686 (Vikøyri v378), Marta 1696 (lnr 56 Kinni), Brita 1700 (lnr 61). Vi trur at også Lasse 1668, som kom til lnr 66 Hallrynjo, var ein son til Rognald 1650. Av di Rognald då var svært ung, kan Lasse ha vore ein «uekte» gut. Bruket vart delt av eigarane, og med to av døtrene til Rognald som leiglendingar: Sissel og Brita.
Lnr 60 Refsdal 3,47 spd = bnr 21/3 4,55 mark. Eigar frå ca 1740: Daae-ætta, sjølveige frå 1790. Matrikkelskyld; 0,83 laup i 1788 og 1838. I 1845 var det 5,6 daa potet, 11,1 daa korn, 1 hest, 13 storfe, 30 smalar og 4 grisar på bruket.
Det første ekteparet på dette halvbruket var Hermund Endreson (1675–1742) & Sissel Rognalddtr Refsdal (1685–1766). Hermund var dreng på bruket til Ludvig Munthe på Hove i 1701. Born: Rognald 1714–38 (hengde seg heime, «ukristeleg menneske» skreiv presten), Guttorm 1716–43, Anna 1718, Marta 1721 (lnr 36 Nummedal). Neste leiglendingspar var Anna Hermunddtr Refsdal (1718–1798) & 1744 Botolv Hansson Føli (1712–1760) frå lnr 20+21. Dei fekk: Barbra 1742 (Vikøyri v182), Sesilia/Sissel 1743 (konfirmert 1761, sjå note lnr 117+118+121 Hopperstad), Brita 1748–49, Brita 1752 (konfirmert 1768), Sigrid 1755 (truleg død før konfirmasjonsalder), Marta 1756 (konfirmert 1773, gift til Fimreite i Sogndal). Anna gifte seg på nytt 1761 med Lasse Botolvson Stedje (1733–1765) og dei fekk: Ragnhild 1762 (plass Teigum), Botolv 1765–67. Lasse var ein gut utanfor ekteskap på lnr 64. Anna gifte seg for tredje gong 1766 med Hans Lasseson Voll (1739–1790?) frå lnr 80 og dei fekk Lasse 1767. Lasse Hansson Refsdal (1767–1846) & 1795 Anna Oladtr Åse (1765–1803) frå lnr 50 fekk borna: Hans 1794, Brita 1796 (lnr 53 Gullteigane), Ola 1797–99, Ingebrigt 1799–1847 (ugift), Ola 1800–24, Anna 1802–02. Lasse vart attgift med Marta Oladtr Turvoll (1766–1850) frå lnr 46. Born: Anna 1806 (plassen Holedna under bruket), Marta 1808 (lnr 31 Stadheim), Ola 1814.Hans Lasseson Refsdal (1794–1843) & 1824 Ragnhild Ivardtr Undi (1794–1860) frå lnr 62 fekk borna: Anna 1823, Marta 1827, Ingegjer 1830, Barbra 1833, Lasse 1836, Marta 1841. Hans Lasseson fekk skøyte på bruket i 1841, men i 1843 reiste huslyden til USA. Bruket vart skøytt til Lars Sjurson Hønsi (1816–1864) frå lnr 83. Året etter skøytte Lars det tilbake til slekta, han vart innerst, så bonde på lnr 88b og deretter lnr 90 Brekke. Ola Lasseson Refsdal (1814–1887) & 1840 Brita Sjurdtr Rislåg (1817–1919) frå lnr 55 fekk borna: Anna 1838–60 (ugift heime), Sjur 1841–41, Ivar 1849, Lasse 1852 (lnr 66 Hallrynjo). Sjå note om ei syster til Brita 1817. Ivar Olason Refsdal (1849–1917) & 1874 Brita Oladtr Øvre Hove (1849–1928) frå lnr 77a hadde sonen Ola 1873 og fekk skøyte på bruket i 1878. Ola Ivarson Refsdal (1873–1960) & 1909 Anna Guttormdtr Kinni (1874–1949) frå lnr 56 overtok bruket i 1915. To Stadheim-parsellar på austsida av Ovrisdalen vart no lagde inn under bruket: bnr 5/16 0,26 mark og bnr 5/21 0,13 mark. Born: Ivar 1910, Guttorm 1911 (pakta lnr 118 Hopperstad og prestegarden lnr 126 Grov), Lasse 1915–91 (tenar hjå broren Guttorm i Grov). Ivar Olason Refsdal (1910–1980) & 1930 Guri Ingebrigtdtr Refsdal (1910–2008) frå lnr 59 fekk borna: Borghild 1930 (lnr 93a* Espesete), Anna 1932 (lnr 13b Tenål), Astrid 1933 (bnr 41/9 i Villastrøket-Sjøtun), Olav 1935, Ingebjørg 1938, Gunvor 1940–90 (Drammen, Kongsberg). Ivar og Guri fekk skøyte på bruket i 1946. Olav Ivarson Refsdal (1935–) & 1964 Ruth Eilifdtr Nese (1936–) frå lnr 46a i Arnafjord sokn tok over bruket 1973. Born: Ivar Eilev 1965, Kjell Ove 1967 (Stavanger). Ivar Eilev Olason Refsdal (1965–) & 1991 Lill Tove Resaland (1964–) frå Årdal fekk borna: Lasse 1989, Ida 1991, Julie 1995.
Brita Sjurdtr Rislåg (1823–1899) med sonen Ivar 1859 var i 1865 «logerende» på lnr 60. Likevel hadde ho då: ei ku, 2 smalar og 0,5 daa potet. Grunnen til at ho budde der må vera at systera Brita 1817 var kone på bruket. Brita 1823 kjøpte seinare lnr 57 Karevoll.
Plassen Holedna under lnr 60. Hans Sjurson Undi (1774–1822) frå lnr 62 & 1804 Ingrid Matiasdtr Vikøyri v678 (1773–) var husmannsfolk i Holedna. Born: Johannes 1801 (plass Rislåg), Alis 1804 (plass nr 56 Vangsnes), Ingeleiv 1807 (Vikøyri v132), Sjur 1809 (plass nr 16 Vangsnes), Kjell 1812–32, Marita 1815–15, Matias 1817. I den gamle bygdeboka er det skrive at «Hola» låg under Undi, men då Kjell døydde, vart plassen «Hålen» sagt å liggja under Refsdal. Staden ligg mellom Karevoll og Refsdal. Matias Hansson Refsdal (1817-1907) & 1840 Brita Rasmusdtr Byrkjeland/Sågvik (1819–) frå Hyllestad fekk 13 born. Den første var Hans 1840 som kom til Vangsnes under stadnamnet Sætevik. Matias var skulehaldar i Hyllestad og budde der fleire stader, men var lengst på ein husmannsplass under Risnes i Lifjorden. Han vart attgift 1884 med Magnhild Johannesdtr Oppedal (1852–) frå Hyllestad og dei eigde og dreiv eit bruk i Åmdalsvik i Gulen 1887-1901. Dei flytta til Vik i 1901. Matias var innerst då han døydde.
Ingebrigt Jonson «Åse» (1792–1837) & 1829 Anna Lassedtr Refsdal (1806–1868) frå lnr 60 var på ein plass i Refsdal. Mor til Ingebrigt var Ingeborg Rognalddtr Juvik (1760–1820) frå lnr 5. Faren var Jon Olason Åse (1753–1826) på lnr 50. Ingeborg var tenestejente. Ho døydde i Juvik. I 1801 var Ingebrigt saman med mor si på lnr 54 Rislåg. Den 9 år gamle guten vart då kalla tenar! Då Anna var frå lnr 60, er det rimeleg å tru at Ingebrigt og Anna flytta inn på denne plassen i Holedna. Born: Ola 1828 (sjå note lnr 66 Hallrynjo), Jon 1830 (lnr 65 Hallrynjo), Ingebrigt 1833 (konfirmert 1847, kjem så bort), Lasse 1835–35, Marta 1836 (USA 1866). Anna Lassedtr fekk i 1837 festeseddel på livstid, men vart attgift til lnr 65 Hallrynjo.
På ein plass under lnr 60 var det i 1865: 1,5 daa poteter, 2 kyr, 4 smalar, 1 gris. Husmannsfolka var: Sjur Nilsson Bakka (1823–) frå Gudvangen & 1854 Brita Ellingdtr Vetleøyri s184 (1824–). Dei fekk Nils 1855. Denne vesle huslyden kan ha vore i Holedna etter Ingebrigt og Anna. Dei reiste til USA i 1868.
Jon Sjurson Rislåg (1815–1882) & 1860 Ragnhild Jondtr Rislåg (1829–1925) flytta truleg inn på plassen etter 1875. Dei hadde vore bønder på lnr 54a Rislåg, men måtte flytta derfrå av økonomiske grunnar. Jon var bror til kona på lnr 60, Brita 1817. Enkja Ragnhild reiste til USA i 1895 med to av borna.
Lnr 61 Refsdal
3,47 spd = bnr 21/4 4,55 mark.Eigar frå ca 1750: Daae-ætta. Sjølveige frå 1779. Matrikkelskyld; 0,83 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det 2,8 daa potet, 11,1 daa korn, 2 hestar, 12 storfe, 30 smalar og 3 grisar på bruket.
Brita Rognalddtr Refsdal (1700–1770), som fekk bruksretten til denne halvparten av storbruket, gifte seg ca 1720 med Ellend Jonson Orvedal (1690–1758) frå lnr 52. Ellend fekk bygsel på bruket i 1720. Born: Anna 1724 (lnr 41 Grønsberg), Marta 1729 (lnr 46 Turvoll), Jon 1732. Jon Ellendson Refsdal (1732–1767) & 1758 Sigrid Oladtr Finden (1735–1799) frå lnr 52 i Arnafjord sokn fekk: Brita 1759–1830 (ugift), Ola 1762, Marta 1768 (sjå note lnr 67 Ovri). Sigrid vart attgift 1767 med Anders Torsteinson Nese (1740–1801) frå lnr 42 i Arnafjord sokn, men hadde ikkje born med han. Anders kjøpte bruket i 1779 av Daae-slekta og hadde det til 1793. Ola Jonson Refsdal (1762–1844) & 1803 Ingeborg Perdtr Linde (1767–1838) frå Kvamsøy sokn hadde ikkje born. Mor til Ingeborg var ei syster til Anders Nese. Ola hadde Nils 1795 med Gyrid Kristendtr Orvedal (1763–1845) på lnr 51. Nils kom til plassen Brunnadn under lnr 58. Bruket vart i 1825 skøytt over på Ola Olason Røysane-Sæbø (1796–1885) frå plassen Urdi. Han gifte seg i 1827 med husmannsdtr Sigrid Nilsdtr Lindehagen (1800–1888) frå Kvamsøy sokn. I 1850 gjorde Ola Olason gardabyte med Ola Sjurson i Orvedal og flytta med huslyd til lnr 52a Orvedal. Sjå meir der om slekt og born. Ola Sjurson Rislåg (1810–1862) & 1846 Gyrid Johannesdtr Orvedal (1811–1888) kom frå lnr 52 med borna: Ivar 1844, Sjur 1846 (sjå note), Mari 1849 (USA 1875). Ivar Olason Refsdal (1844–1880) & 1871 Brita Simondtr Stedje (1847–1927) frå lnr 64 tok over i 1870 og fekk borna: Sitona 1871, Gyrid 1873 (lnr 97 Brennene-Fjærestad), Brita 1875 (lnr 91b Tistel), Ola 1877 (USA 1894), Ivar 1881–82. Sitona Ivardtr Refsdal (1871–1961) & 1892 sersjant Jon Nilsson Sæbø (1859–1934) fekk skøyte på bruket i 1894. Jon vart truleg oppfostra av besteforeldre på ein plass under lnr 82 Hønsi. Far hans var frå plass nr 5 under Sæbø. Mora, Ragnhild Oladtr (1831–1892), vart gift til ein plass under lnr 51 Orvedal. Born: Ragnhild 1892 (Balestrand/lnr 18b* Tenål), Inga 1894 (sjå hus nr 58 på Vikøyri-Sjøtun), Ivar 1897, Sigmund 1899 (USA 1926), Ola 1901–33 (heime), Brita 1903 (Oslo, sjå òg Borgstova under Sjøtunvegen), Johanne 1906 (Høyanger, sjå òg Borgstova), Gudrun 1908-75 (tenestejente), Eli 1910 (Oslo), Brynhild 1913–13. Jon hadde òg Ivar 1891 med Inga Botolvdtr Orvedal (1862–1942) frå lnr 51 og som vart busett på lnr 54a* Rislåg. Jon skøytte frå seg bruket i 1932. Ivar Jonson Refsdal (1897–1987) & 1931 Brita Johandtr Halrynjo (1905–2005) frå lnr 66 fekk borna: Sigrun 1932 (lnr 9 Seim), Olga 1933 (Sjøtunvegen nr 14), John 1946. John Ivarson Refsdal (1946–) & 1976 Inger Petterdtr Fjærestad (1958–) frå lnr 96 fekk: Ingunn 1976 (lnr 52b på Huglagjerde), Ivar 1977, Petter 1978. Inger har flytta til bnr 40/1-5 i Prestegardstunet under lnr 126 Grov.
Sjur Olason Refsdal (1846–) & 1875 Ingeborg Andersdtr Nummedal (1850–) frå lnr 36 reiste til USA i 1875. Sjur var utdanna lærar.
Plass i Refsdal : Ola Nilsson «Refsdal» (1792–1862) & 1819 Anna Oladtr Turvoll (1772–1844) frå lnr 46 var husmannsfolk i Refsdal. Dei hadde neppe born. Ola var truleg tenar i Refsdal då han gifte seg. Ut frå teljinga i 1801 er det lite truleg at han var frå Vik.