Ovri

Ovri (åvri): Ofrim (1563), Offrinn (1567), Offrimb (1603), Øffuere (1647), Offrenn (1667), Ofre (1723), Ofrid (1838), Ovrid (1863), Ovri (NG, VIK). Alle brukar Ovrid som slektsnamn.

Ved sida av Refsdal var Ovri truleg den einast garden på Ovrisdalen som var busett gjennom heile øydetida. I 1522 var det ein brukar på garden. Det var det òg i 1563, men i 1603 finn vi to: Tor og Guttorm. I 1611 var det Tor og Nils og i 1635 Johans og Knut. I 1645 og 1647 finn vi på eitt bruk Johans med kona Dorte og Tor med Synneva, på eit anna Knut med kona Marita og Guttorm med Sissel og på eit tredje Torbjørn med Anna. Vi må tru at Johans og Knut var gamle brukarar og Tor og Guttorm søner eller svigersøner. Johans hadde borna Tor og Randi, Torbjørn fekk dottera Guri. Torbjørn dreiv eit lite bruk. På det første og største bruket finn vi i 1667 Tor Guttormson 1620, med sønene Elling 1647, Øystein 1652, Knut 1657, Johans 1661, Guttorm 1664. På det andre finn vi Guttorm Nilsson 1610 med sonen Ingebrigt 1641 og på småbruket: Torberg (Torfinn?) 1635 med sonen Tor 1655. I 1685 svara Bendik, unge Guttorm, gamle Guttorm, Ingebrigt og Torfinn leiglendingsskatt for til saman 5,33 laupar. I 1701 er det gitt opp fire brukarar. Bendik Torson 1646 med sønene Tor 1687 og Ingebrigt 1691, Nils Eirikson med stesonen Sivert Halvarson, Beint Jonson 1651 med sønene Jon 1691, Anders 1696 og Guttorm 1698 og den gamle småbrukaren Torfinn 1631. I 1711 og 1718 heitte brukarane Bendik, Nils, Beint og Ingebrigt.

Lnr 67+68 Ovri

Eigar i 1647: Hospitalet i Bergen 1,13 laupar, Kongen 0,50 laupar, Kaupangergodset 0,16 laupar. Samla matrikkelskyld: 1,79 laupar i 1647, 1,75 i 1667.

På dette største bruket på Ovri sat i 1667 Tor Guttormson Ovri (1618–1684?). Tor og kona må ha vore mektige personar i bygdesamfunnet, for dei oppnådde å få plassert borna som bønder på gode bruk. Knut 1637 kom til lnr 35+36 Åse i Arnafjord, Simon 1638 til lnr 26+27 Stadheim, Elling 1642 kom til lnr 71 Hove, Bendik 1646 vart bonde på lnr 67, Johannes 1659 til Engum i Kvamsøy sokn, Guttorm 1662 til lnr 84 Hønsi og døtrene: Ragnhild de til lnr 88 Brekke, Randi 1647 til lnr 43+44 Nese i Arnafjord sokn og Ragnhild dy til lnr 36 Nummedal. Sonen Øystein 1653 kjem bort for oss. Bruket vart delt ca 1680. Det kan det ha vore mellom to av borna, til dømes mellom Bendik og Guttorm. For at denne påstanden skal passa, må Guttorm seinare ha flytta til Hønsi.

Lnr 67 Ovri

4,11 spd = bnr 25/1 5,54 mark. Eigarar i 1723: Hospitalet i Bergen 0,51 laupar, sjølveige 0,50 laupar, i 1767 benefisert. Sjølveigd frå 1793. Matrikkelskyld: 1,19 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 4,2 daa potet, 11,1 daa korn, 2 hestar, 10 storfe, 36 smalar og 2 grisar på bruket.

Bendik Torson Ovri (1646–1718), som vart bonde på den eine halvparten av storbruket, gifte seg med Marta Ingebrigtdtr (1652–1732), som kanskje var frå lnr 111+112 Skjørvo. Kjende born: Randi (lnr 64 Stedje), Gjertrud 1681 (sjå note lnr 52 Orvedal), Tor 1683, Ingebrigt 1690 (som døydde i den store nordiske krigen innan åra 1708–18), Synneva 1691 (lnr 16 Tenål). Ut frå at døtrene oppnådde svært respektable giftarmål, må vi tru at desse ovrisfolka framleis hadde høg sosial status. Tor Bendikson Ovri (1683–1763) & Åsa Jondtr (1685–1759) hadde borna: Anna 1716 (lnr 33 Fosse), Ivar 1718, Bendik 1720 (lnr 94 Rosheim), Ellend 1720 (lnr 48 Åse), Anna 1722 (lnr 68 Ovri), Ingebrigt 1724–32, Elling 1726 (lnr 35 Fosse), Jon 1732 (lnr 48+49 Åse). Også desse borna var jamt over godt plasserte i bondesamfunnet, og Ivar 1718 stod øvst på konfirmasjonsgolvet i 1738. Ivar Torson Ovri (1718–1780) & 1743 Inga Guttormdtr Espesete (1716–1747) frå lnr 93 fekk to born: Brita 1743 (lnr 27 Stadheim) og Ingebrigt 1745 (lnr 59 Refsdal). Ivar vart attgift 1753 med Brita Nilsdtr Fjærestad (1723–1793) frå lnr 96 og fekk med henne: Tor 1754, Nils 1758 (sjå note), Bendik 1761 (lnr 26 Stadheim), Inga 1766–66, Inga 1767 (lnr 48 Åse). Tor Ivarson Ovri (1754–1820) & 1783 Lussi Johannesdtr Orvedal (1756–1834) frå lnr 52 fekk borna: Ivar 1784, Johannes 1787–1813, Ola 1790 (plass lnr 48 Åse), Brita 1795 (lnr 74 Øvre Hove), Hermund 1800 (Vikøyri v726). Ivar Torson Ovri (1784–1825) & 1810 Brita Oladtr Bø (1786–1873) frå lnr 102 fekk: Brita 1810, Anna 1817–43, Lussi 1819–65, Marta 1822–22, Marta 1825–38. Brita vart attgift 1827 med Johannes Andersson Nummedal (1786–1837) frå lnr 37 og dei fekk: Brita 1827–29, Ivar 1829–29. Ivar Torson hadde fått skøyte på det meste av bruket i 1809, og i samband med skiftet etter han vart bruket i 1828 skøytt over på den 18 år gamle Brita Ivardtr Ovri (1810–1880). Ho gifte seg i 1837 med Tallak Jonson Hallrynjo og flytta til lnr 66 Hallrynjo. Då kom ein huslyd frå Solbjørgane i Aurland og overtok drifta. Dei kjøpte bruket i 1841. Men tingløysing av skøyte skjedde først i 1852, og då vart òg ei benefisert eige i bruket på 0,5 laupar selt til den nye eigaren. Arne Andersson Solbjørg (1774–1870) & 1812 Barbra Halsteinsdtr Bakka (1782–1870), båe frå Nærøy sokn i Aurland, hadde borna: Anders 1813 (gift 1838, kom neppe til Vik), Sigrid 1815, Anna 1816–21, Per 1822 (USA 1844), Margreta 1824 (lnr 68 Ovri). I 1864 vart bruket skøytt til den eldste dottera. Sigrid Arnedtr Ovri (1815–1885) var ugift, men hadde i 1865 med seg ein fosterson, Arne 1856. Han var frå nabobruket lnr 68 og son til ei syster til Sigrid: Margreta 1824. I 1875 dreiv Sigrid bruket saman med den ugifte Ola Ivarson Sylvarnes (1819–1896) frå lnr 56 i Arnafjord sokn. I folketeljinga i 1865 er Ola Ivarson oppført som «logerende». I ein dom i 1890 vart Ola tilkjent kår på bruket, noko som tyder på at han og Sigrid hadde vore sambuarar. Men i 1883 fekk Ola skøyte på lnr 12c Teigum og i 1888 gifte han seg med Gjøa Gunnardtr og busette seg der. Fostersonen Arne 1856 fekk i 1886 skøyte på bruket av buet etter Sigrid. Arne Helgeson Ovri (1856–1921) & 1886 Synneva Oladtr Nummedal (1861–1893) frå lnr 36c fekk borna: Sigrid 1886–86, Barbra 1887–1918, Margreta 1889, Arne 1891. Arne vart attgift 1894 med Brita Lassedtr Svalhammer (1873–1941) frå Lavik, og dei fekk borna: Helge 1895–1917, Per 1896–96, Sigrid 1898 (Drammen, sjå òg Ovestevegen 5 i Øyane-Sjøtun), Anna 1899 (Drammen), Per 1902 (Laksevåg), Ragna 1904 (Gudvangen), Anders 1906–06, Helga 1907–88 (ugift), Ingeborg 1910 (Drammen), Ellend 1911, Martin 1913 (Lærdal), Agnes 1917 (Nesheim i Myrkdalen). Ved skifteskøyte gjekk bruket i 1925 til Arne Arneson Ovrid (1891–1931). Han gifte seg i 1929 med Johanna Matilda Johannesdtr Hillestad (1903–) frå Hafslo. Born: Arne 1928–2002 (Hafslo), Borghild 1930. Etter at Arne døydde, flytta Johanna og borna til Hafslo. Deretter dreiv Ivar Ivarson Rislåg (1890–1978) & 1914 Thea Gjertina Johandtr Holane (1887–1973) bruket fram til 1935 då ein halvbror til Arne overtok. Ivar og Thea pakta deretter prestegarden Grov. Ellend Arneson Ovrid (1911–2001) & 1948 Grethe Rigmor Pedersen, Lillestrøm (1919–) fekk borna: Brita 1949 (Voss), Else 1950 (Salhus i Bergen), Arne 1952. Arne Ellendson Ovrid (1952–) & 1977 Hege Arnedtr Basken (1958–) hadde bruket 1977–97. Born: Marianne 1977 (Sogndal). Irene 1980, Stian 1987, Vegar 1993, Håvard 1998. Familien flytta til bnr 40/74 i bustadfelt i Gildhus. I 1990 vart bruket kjøpt av Rune Wold (1943–) frå Bergen & 1979 Inger Johanne Hanssen (1948–). Born: Inger Lise 1970, Solveig 1971, Evelyn 1974, Jon-Rune 1981. Det vart starta med kanindrift, noko som vart avvikla i 1996. I 1997 vart bruket selt til Endre Johan Jordalen som driv det saman med bnr 24/1 Stedje. Rune og Inger overtok bnr 41/40 i Villastrøket-Sjøtun.

Nils Ivarson Ovri (1758–1818) & Marta Jondtr Refsdal (1768–1833) frå lnr 61 vart husmannsfolk i Lindehagen i Kvamsøy sokn. Ei dotter Sigrid 1800 kom til lnr 61 Refsdal og lnr 52 Orvedal og Brita 1796 vart husmann under lnr 52 Orvedal.

Lnr 68 Ovri

4,11 spd = bnr 25/2 5,54 mark. Eigar i 1723: Hospitalet i Bergen 0,60 laupar, sjølveige 0,17 laupar, i 1788 benefisert. Sjølveigd frå 1784. Matrikkelskyld: 1,19 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 4,2 daa potet, 11,1 daa korn, 2 hestar, 5 storfe, 25 smalar og 2 grisar på bruket.

Den først brukaren vi veit sikkert om på dette delbruket er Halvar (frå Holstad?). Han kan først ha vore gift med ei dotter til Tor Guttormson Ovri og deretter med Bothilda Oladtr Hallsete (1669–1740) frå lnr 37+38 i Arnafjord sokn. Halvar døydde ca 1690 og hadde sonen Sjur 1694. Enkja Bothilda gifte seg med Nils Eirikson Midlang (1676–1743) frå lnr 99, og vi veit om følgjande born: Marta 1695 (ugift), Ola (Hanehaug, Leikanger), Sigrid (lnr 62 Undi), Halvar 1709. Halvar Nilsson Ovri (1709–1788) & 1737 Anna Tordtr Ovri dy (1722–1792) frå lnr 67 fekk: Eirik 1737–40, Johannes 1738 (lnr 42 Seljestø), Bothilda 1741–42, Tor 1744–44, Bothilda 1744 (plass under lnr 13 Limmesand), Nils 1747–49, Tor 1749, Nils 1750 (lnr 13 Limmesand i Arnafjord sokn), Bendik 1754–64, Ola 1759–71. Halvar øydelagde livet for seg og huslyden med drikk og svir. Han måtte gå frå bruket, var frå ca 1755 til 1763 leiglending på Vange og hamna til sist på Limmesand. Det kom nye folk på bruket. Anders Helgeson Sæbø (1722–) frå lnr 0 & 1746 Marta Jondtr Tenål (1720–) frå lnr 16 fekk borna: Lussi 1745–45, Anders 1747–47, Helge 1748–50, Synneva 1750 (Vikøyri v530), Helge 1754, Jon 1764–66. Marta og Anders var på lnr 1 Sæbø i nokre år før dei kom til Ovri. I følgje den gamle bygdeboka døydde Anders i 1780-åra, og kona må ha døydd før Anders, for han fekk bot for å ha gravlagd kona si på Hopperstad i staden for på Hove og for då å ha brukt storeklokka på stavkyrkja uløyves. Helge Andersson Ovri (1754–1803) & 1782 Anna Ellenddtr Åse (1757–1826) frå lnr 48 fekk: Eli 1782 (lnr 27 Stadheim), Marta 1784 (lnr 38 Nummedal), Anders 1788–88, Anders 1789, Elling 1792–1839 (fekk Ola 1836, sjå lnr 36d Nummedal), Ivar 1796–96, Ivar 1797 (lnr 112a Skjørvo). Anna gifte seg oppatt 1803 med Hermund Olason Nummedal (1763–1838) frå lnr 36. Anders Helgeson Ovri (1789–1845) & 1820 Ragnhild Jondtr Rislåg (1797–1887) frå lnr 54 hadde: Anna 1820–20, Helge 1822, Jon 1827 (sjå note), Eli 1833 (lnr 17h Tenål). Anders fekk skøyte på bruket i 1815. I skiftet etter han vart bruket utlagt til sonen Helge. Helge Andersson Ovri (1822–1866) & 1848 Margreta Arnedtr Ovri (1823–1912) frå lnr 67 fekk borna: Anders 1847, Per 1849–50, Anna 1851 (lnr 112 Skjørvo), Arne 1854–55, Arne 1856 (oppfostra på lnr 67, overtok der), Anna 1859 (sjå Vikøyri v110), Hermund 1862 (USA 1892). Anders Helgeson Ovri (1847–1927) & 1875 Lussi Ingebrigtdtr Refsdal (1851–1946) frå lnr 59 fekk skøyte på bruket i 1888. Born: Hansina 1875 (USA 1896), Inga 1877 (USA 1900), Helge 1879–1931, Margreta 1881 (Vetle-Hyrte, Vossestrand), Durdei 1883–83, Durdei 1885 (USA 1906), Sigrid 1887 (lnr 49 Åse), Ingebrigt 1890–90, Anna 1891 (USA 1914), Ingebrigt 1894 (USA 1914), Ingebjørg 1896. I 1905 vart bruket frådelt bnr 25/6 Instebakkane 0,13 mark. Ny skyld for bnr 25/2 var 5,41 mark. Då Helge døydde, vart han førd opp som gardsstyrar. Ingebjørg Andersdtr Ovri (1896–1981) & 1918 Ivar Ivarson Refsdal (1896–1967) frå lnr 59 overtok bruket i 1932. Dei fekk borna: Anna 1918 (lnr 55b Rislåg), Guri 1920, Lussi 1922 (småbruk på Teigum), Inga 1924–24, Ingebrigt 1928–47 (vanfør), Anders 1929–47 (vanfør). Guri Ivardtr Refsdal Ovrid (1920–1995) var på bruket. Ho hadde Helge 1945 med Anders Ivarson Skjørvo (1918–) frå lnr 112a Skjørvo. Helge Andersson Refsdal (1945–) overtok bruket i 1966. Han gifte seg 1973 med Audhild Ivardtr Borlaug (1954–) frå Feios. Born: Annette 1974 (Feidje i Feios), Gunvor 1975 (bnr 4/87 Tenål), Christian 1978 (lnr 69).

Jon Andersson Ovri (1827–) & 1858 Marta Johannesdtr Stadheim (1836–) frå lnr 24 fekk: Anders 1856, Johannes 1857, Ellend 1860, Ola 1862. Huslyden var i Nummedal då borna vart fødde, og Jon pakta truleg eit bruk der. Dei reiste til Amerika frå Ovri i 1864.

Lnr 69 Ovri

2,38 spd = bnr 25/3 2,80 mark. Eigar i 1647 Børge Juel, i 1723 Anna Finde deretter Daae-ætta. Sjølveige frå 1793. Matrikkelskyld: 0,67 laupar i 1647, 0,66 laupar i 1667, 0,83 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 2,8 daa potet, 7,4 daa korn, 2 hestar, 6 storfe, 21 smalar og 3 grisar på bruket.

Dette småbruket er særmerkt ved å vera nær på uendra frå 1647 til i dag. I 1647 var Torbjørn og Anna brukarar. I 1667 var Torbjørn død og enkja attgift med Torfinn Andersson (1635–ca 1705). I 1701 hadde Torfinn med seg ein tenestegut frå soknet, Ingebrigt Gauteson (1676–1739), og han var neste brukar. Han var gift med Barbra Hansdtr (1671–1744) og dei hadde borna: Hans 1712 (lnr 101 Bø), Anfin 1710, Anna 1707 (lnr 80 Voll), Anna 1716 (lnr 5 Juvik). Barbra hadde ei syster Marta 1677–1748, som døydde på Ovri, og ein bror Endre 1680–1744 som vi trur var tenar på Vangsnes i 1701 og som døydde som strandsitjar på Vikøyri. Endre hadde ein son Hans, som vi trur vart husmann på plass nr 23 på Vangsnes. Anfin Ingebrigtson Ovri (–) & 1740 Helga Oladtr «Fosse» (1706–1756) fekk to born: Barbra 1743 (lnr 65 Hallrynjo), Ola 1751–52. Anfin vart attgift 1757 med Barbra Hansdtr Føli (1723–) frå lnr 20+21 og dei fekk: Hans 1758, Helga 1762 (lnr 14 Tenål). Hans Anfinson Ovri (1758–1831) & 1791 Anna Beintdtr Tenål (1767–1811) frå lnr 14 hadde: Kari 1794 (skatt 1816–17, så borte), Anfin 1796, Beint 1798 (lnr 55b Rislåg), Ola 1802–15, Brita 1804 (lnr 50 Åse). Hans vart attgift 1812 med enkja Eli Andersdtr Hallrynjo (1757–1843) frå lnr 39 Nummedal. Dei hadde ikkje born. Hans vart sjølveigar i 1793 og han skøytte bruket frå seg i 1818. Anfin Hansson Ovri (1796–1873) & 1822 Anna Botolvdtr Espesete (1794–1826) frå lnr 93 fekk ikkje born. Anfin vart attgift 1828 med Gjertrud Jondtr Seim (1800–1843) frå lnr 11 og dei fekk borna: Anna 1828 (USA 1846), Ragnhild 1831 (USA 1846), Hans 1834 (USA 1846). Anfin gifte seg for tredje gong 1844 med Turid Gunnardtr Stedjeberget (1816–1873) frå plass under lnr 64 Stedje og dei fekk Ola 1844 (USA 1846). I 1841 gjorde Anfin gardabyte med Jon Sjurson Rislåg (1810–1887) på Rislåg. Men i 1846 selde Anfin og Turid bruket på Rislåg og reiste til USA. Jon Sjurson hadde i 1834 gift seg med vossajenta Liva Hansdtr Sivle (1813–1885) og dei hadde borna: Ingeborg 1837 (lnr 32 Stadheim), Sjur 1841, Olina 1847, Brita 1844, Hans 1851–51, Hans 1853. Jon Sjurson må ha likt å handla gard. I 1858 gjorde han gardabyte med vossingen Jon Brynjeldson, som hadde eit bruk i Framfjorden. Familien hans kom neppe til Framfjorden, men flytta til Voss, truleg til det bruket som Jon Brynjelson hadde flytta frå. Der vart han ikkje lenge, for i 1864 utvandra Jon Sjurson, Liva og dei fire yngste borna frå Vik. Jon Brynjeldson Kolve (1819–1869) & 1848 Gjertrud Vilhelmdtr Gavle (1825–1868) hadde i 1857 kjøpt lnr 18b1 Flete i Arnafjord sokn, men kom altså i 1858 til dette bruket på Ovri. Born: Brynjeld 1848, Brita 1849, Anna 1863, Marta 1865, Gjertrud 1865–68. I 1868 utvandra Jon Brynjeldson med huslyd til Amerika, og bruket vart skøytt til Nils Olason Orvedal (1830–1875) frå lnr 52. Han hadde gift seg i 1865 med Brita Bendikdtr Huglagjerde (1836–1879) frå lnr 52b Orvedal. Fram til dei kom til Ovri hadde dei vore husmannsfolk i Orvedal. Dei fekk borna: Ingeborg 1865 (sjå note lnr 48 Åse), Ola 1867 (lnr 37 Nummedal), Brita 1869 (lnr 40d Vetle-Nummedal), Helge 1874 (USA 1894), Sitona 1871 (USA 1891). I 1875 hadde enkja Brita 9,0 daa blandkorn, 4,0 daa poteter, 1 hest, 5 mjølkekyr, 1 ungfe, 22 vinterfôra smalar og 1 svin på bruket. Nils og Brita døydde båe unge. I 1879 vart bruket skøytt frå buet etter Nils og Brita til Tor Eilifson Hove (1833–1901) frå lnr 74. Tor hadde gift seg 1863 med Anna Eirikdtr Ovri (1835–1914) frå lnr 70 og dei hadde bygt opp småbruket lnr 70b. Huslyden hadde reist til USA i 1876, men Tor og Anna må no ha kome tilbake. Også dottera Gyrid kom tilbake til Vik, og i 1891 gifte Gyrid Tordtr Ovri (1864–1959) seg med Ingebrigt Alfson Hønsi (1870–1938) frå lnr 83a. Dei hadde 7 born. Dei dreiv bruket på Ovri til 1899, reiste så til bruket Nygård på Askøy, men kom ca 1904 til lnr (71+73)b9 Hove. Sjå om borna der. Tor Eilifson selde i 1899 bruket på Ovri til Endre Knutson Stadheim (1855–1933) frå lnr 27 & 1888 Synneva Johannesdtr Kringlen (1854–1927) fødd i Lavik. Om foreldra til Synneva: sjå plass nr 8 Vange. Born: Ingeborg 1888 (Vikøyri v796), Marie 1890 (USA 1915), Knut 1893, Johan 1898 (Bergen), Anna 1903 (Voss). Før dei kom til Ovri hadde dei budd både på Føli og Hove. Endre hadde òg eigd lnr 28b Stadheim. Knut Endreson Ovri (1893–1978) & 1921 Marie Ivardtr Menes (1899–2002) frå Hermansverk hadde borna: Endre 1923, Kari 1925 (Åfet i Feios), Ivar 1927 (Sunndalsøra), Sigurd 1929, Kjellaug 1932 (Lerheim i Sogndal), Sunneva 1937 (Kaupanger), Jon 1935–51. Endre Knutson Ovrid (1923–1962) & 1956 Marta Endredtr Brudevoll (1936–) fekk borna: Reidun 1957 (bnr 31/8 under lnr 91a Tistel), Bjørg 1958 (Hagen-Bøadalen), Målfrid 1959 (Sande i Gaular), Erna 1960 (rekkehus, Vikfalli i Moane-Grov), Kjell 1961(lnr 95c Fjærestad). Etter at Endre døydde flytta Marta til Bruavoll og i 1978 gifte ho seg oppatt med Johannes Bendikson Fjærestad og flytta til lnr 95c Fjærestad. Bruket gjekk 1964 til Sigurd Knutson Ovrid (1929–) & 1957 Ella Karine Holme (1930–) frå Sander i Hedmark. Born: Arnfinn 1958 (Sarpsborg), Knut 1960 (Voss), Bjørn Martin 1965 (Elverum), Marit 1970 (Leikanger). Bruket vart 2001 overteke av Christian Helgeson Refsdal (1978–) frå lnr 68 Ovri & sb Nina Karin Perdtr Hove (1976–) frå lnr 76. Born: Joar 2002, Brage 2005.

Lnr 70 Ovri

6,17 spd. Eigarar: Børge Juel 1,08 laupar, sjølveige 0,50 laupar i 1647, Anna Finde i 1723. Matrikkelskyld: 1,58 laupar i 1647 og 1667, 2,13 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 4,9 daa potet, 14,9 daa korn, 3 hestar, 16 storfe, 40 smalar og 4 grisar på bruket.

På dette bruket var Guttorm Nilsson (1610–) og kona Sissel i 1645. Dei hadde Ingebrigt 1641 og ei dotter Ragnhild. I 1685 hadde Guttorm truleg kårjord under bruket og Ingebrigt Guttormson Ovri (1641–) var brukar. Ingebrigt kjem så bort frå bruket. Ragnhild Guttormdtr Ovri (–) gifte seg med Beint Jonson Tenål (1655–1724) frå lnr 17. Beint hadde borna: Sissel 1689–1757, Jon 1690, Anna 1692 (lnr 100 Midlang), Guttorm 1696, Brita 1701 (sjå note lnr 63 Undi), Anders (Vikøyri v024). Jon Beintson Ovri (1690–1763) & Ragnhild Ellingdtr (–1736) hadde borna: Ragnhild 1722, Elling 1723 (lnr 48+49 Åse), Beint 1728 (lnr 14 Tenål) og Barbra 1730 (lnr 66 Hallrynjo). Jon vart attgift 1736 med Sigrid Oladtr Hallrynjo (1706–1756) frå lnr 65 og dei fekk: Ragnhild 1737–37, Ragnhild 1738 (Seimsøyri s020), Alis 1739 (konfirmert 1759, deretter borte), Ola 1743–1803 (konfirmert 1765, i 1801 ugift tenar på lnr 67), Anders 1745 (Vikøyri v050), Sigrid 1750 (lnr 24 Stadheim), Anders 1755 (truleg død før konfirmasjonsalder). Ragnhild Jondtr Ovri (1722–) & 1757 Amund Sjurson Myrkaskog (1724–1804) frå lnr 43 var nest leiglendingspar. Dei hadde borna: Ragnhild 1758 (konfirmert 1775, deretter borte), Åsa 1760 (lnr 93 Espesete), Sigrid 1764, Eli 1767 (lnr 54 Rislåg). Sigrid Amunddtr Ovri (1764–1836) & 1787 Ellend Eirikson Tryti (1755–1825) frå lnr 108 fekk: Eirik 1788, Botolv 1792 (plassen Vedledna på Seim), Ragnhild 1795 (lnr 12 Seim). I 1801 var det to drenger og tre tenestejenter på bruket. I 1804 vart bruket sjølveige ved at det vart skøytt over på ungguten Eirik Ellendson. Eirik Ellendson Ovri (1788–1872) & 1819 Gyrid Helgedtr Turvoll (1794–1858) frå lnr 46 fekk: Synneva 1819–20, Synneva 1821–23, Ellend 1823–23, Sigrid 1824 (lnr 48 Åse og lnr 70a), Synneva 1825 (sjå note lnr 65 Hallrynjo), Ragnhild 1827–54 (sjå lnr 48 Åse), Ellend 1830, Helge 1832–32, Anna 1835 (lnr 69 Ovri), Helge 1836 (sjå note), Ellend 1843 (sjå note). Ellend Eirikson Ovri (1830–) & 1858 Inga Ellenddtr Åse (1840–) frå lnr 48 fekk skøyte på bruket i 1861. Bruket vart 1863 delt i to nokså like delar. Lnr 70b gjekk til systera Anna 1835, medan Ellend gjorde gardabyte med den andre halvparten med syster si på lnr 48 Åse og flytta dit. Sjå meir om Ellend, Inga og borna der.

Helge Eirikson Ovri (1836–1911) var ungkar og vart buande på bruket. Han hadde kanskje si eiga stove, for i året 1900 vart han førd opp som «jordbrukande» husmann på bruket.

Ellend Eirikson Ovri (1843–) & 1871 Hansina Fredrikdtr Fosse (1845–) frå lnr 33 fekk: Eirik 1869 og Fredrik 1871. Huslyden budde på bruket. Ellend var smed. Huslyden reiste til USA i 1875.

Lnr 70a Ovri 3,12 spd = bnr 25/4 4,10 mark vart overteke av Sigrid Eirikdtr Ovri (1824–1908), enkje etter Anders Ellingson Åse (1831–1862) på lnr 48. Ho tok med seg borna til Ovri og overlet bruket på Åse til broren Ellend 1830. Borna var: Ragnhild 1856 (lnr 65 Hallrynjo), Ellend 1857 (lnr 51 Orvedal), Gyrid 1859 (lnr 52 Orvedal), Anders 1862. Anders 1831 døydde i eit snøskred. I 1875 hadde enkja: 2,2 daa bygg, 7,2 daa blandkorn, 3,2 daa potet, 2 hestar, 4 kyr, 3 ungfe, 17 smalar og 1 svin på bruket. I 1888 skøytte enkja Sigrid bruket til Anders Andersson Ovri (1862–) & 1884 Anna Botolvdtr Orvedal (1858–1900) frå lnr 51. Dei fekk Anders 1885.Anders Andersson Ovri (1885–) & 1908 Inga Oladtr Myrkaskog (1882–1979) frå lnr 43a fekk borna: Anna 1908, Birte 1910, Anders 1912, Olav 1914. I 1915 selde Anders bruket, og huslyden flytta til Nykirke i Vestfold. Kjøpar var Ingebrigt Markusson Dyrdal (1877–) frå Kyrkjebø & 1902 Hansina Lassedtr Føli (1874–) frå eit samansett bruk på Føli. Dei kom frå bnr 1/43, eit lite småbruk i Røysane-Sæbø. Born: Jensine Fredrikke 1903 (sjå note bnr 5/20 under lnr 24 Stadheim), Markus 1904 (Voss), Lasse 1906 (Voss), Bernhard 1908 (Voss), Brita 1910 (Dyrdal i Ortnevik, var adoptert til bruket som ho overtok), Fredrik 1912 (Voss), Eli 1917 (Voss). Ingebrigt selde bruket i 1926 til Helge Skjørvo og huslyden flytta til Voss. Helge Helgeson Skjørvo (1881–1956) frå lnr 112a & 1913 Anna Oladtr Brekke (1887–1962) frå lnr 90 fekk borna: Tora 1910 (bnr 26/39 i Moane-Hove), Kari 1913 (lnr 66 Hallrynjo), Helge 1915, Olav 1918, Anna 1919–50 (giktfeber), Åsa 1922 (Florvåg på Askøy), Margit 1924 (lnr 191e Vangsnes), Marta 1928 (lnr 5 Juvik), Arnfinn 1931–56. Helge hadde dessutan Helge 1906 (lnr 44a Øvstedal) med Anna Nilsdtr Øvstedal (1880–1962) frå lnr 44a. Arnfinn 1931 døydde i ei anleggsulukke. Han var gift med Solfrid Nilsdtr Borlaug (1938–) frå Feios og dei fekk Arnhild Solveig 1956 (bnr 97/28-6 i Tråna på Vangsnes). Solfrid busette seg med Arnhild Solveig på foreldrebruket bnr 157/1 Indre Borlaug. Helge Helgeson Skjerven Ovrid (1915–1989) var ugift. Han hadde bruket til han døydde. Olav Helgeson Skjerven Ovrid (1918–2008) var lensmann i Høyanger og gift med Åsta Midthjell (1924–) frå Høyanger. Dei overtok i 1990, men var busette i Høyanger. Born: Margrete 1949 (lnr 56 Kinni), Anna 1952 (Sandnes i Rogaland), Helge Arthur 1961 (Åsane i Bergen). I 1996 vart bruket skøytt over på ei son til Margrete 1949, Helge Jonson Risløv (1977–) på lnr 56 Kinni. Jorda blir drive frå Kinni av faren.

Lnr 70b Ovri 3,05 spd = bnr 25/5 4,01 mark. Anna Eirikdtr Ovri (1835–1914) frå lnr 70 & 1863 Tor Eilifson Hove (1833–1901) frå lnr 74 må ha bygt opp dette småbruket. Born: Gyrid 1864 (lnr 69 Ovri), Arne 1867–67, Brita 1870 (Vikøyri v152). I 1875 hadde dei 2,2 daa bygg, 5,4 daa blandkorn, 2,8 daa poteter, 1 hest, 5 kyr, 2 ungfe, 19 smalar og 1 svin på bruket. Huslyden reiste til USA i 1876, men Anna og Tor kom tilbake og kjøpte lnr 69. Kjøpar av småbruket lnr 70b var: Ola Akselson Tveite (1842–1926) & 1871 Brita Hermunddtr Ulvundsøyne (1846–1939), båe frå Myrkdalen. Dei hadde frå 1873 hatt eit bruk på Skjeldestad i Sogndal, men kom i 1876 til Ovri. Born: Aksel 1872, Johan 1873 (lnr 66 Hallrynjo), Herman 1876 (sjå note), Sjur 1879, Unni 1882–82, Unni 1883–1901, Ingeborg 1888. Aksel Olason Ovri (1872–1964) & 1909 Marta Larsdtr Hirt (1875–1960) frå Vossestrand fekk to born: Olav 1911 og Inger 1913 (bnr 38/11 Skjørvo). Olav Akselson Ovrid (1911–1999) tok over bruket i 1943. Han var ugift og overlet bruket i 1978 til Arne Erlendson Skjerven (1944–) & 1965 Solveig Karldtr Dale (1947–) frå bnr 59/25 under lnr 31 Valsvik. Arne er son til Inger 1913. Born: sjå bustad på Skjørvo. Dei driv bruket frå bnr 38/32 Skjørvo.

Herman Olason Ovri (1876–1921) & 1911 Inga Jondtr Seljestø (1890–1962) frå lnr 42 fekk: Olav 1911 (lnr 41a Grønsberg), Jon 1912 (bnr 40/1-5 i Prestegardstunet Grov), Gjert 1914 (Folkedal i Granvin), Brita 1917 (Nykirke i Vestfold), Sigurd 1920 (Fetsund i Akershus). Dei budde på Ovri. Herman dreiv med handel, men kjøpte ca 1912 garden Mæland på Vossestrand. Etter at mannen døydde, flytta Inga tilbake til Vik. Dei budde då i «Skreao» i Øvstedal.

Husmann utan jord. I året 1900 var Hans Johannesson Handal (1841–1931) frå Hyllestad husmann utan jord på Ovri. Hans gifte seg 1873 med plassdtr Inger Sjurdtr Ølmheim (1820–1900) frå Sogndal. I 1898 fekk Hans pengar av fattigkassa til kjøp av ein halv sekk byggmjøl, og i 1900 fekk Ola Orvedal kr 2,00 for å gjera reint i huset etter at Inger døydde. Det må vera under gravferda til Inger at «Sanko-Hans» såg fram til maten som grannekoner hadde teke med seg og som skulle serverast etterpå. «Dao skal me pikadeg eta», sa han. Det var nok ikkje ofte han åt seg mett på god mat. I 1903 gifte Hans seg på nytt med Jørnille Oladtr Vabø (1847–1918) frå Børtnes i Lindås, Hordaland. I 1916 bad Jørnille om fattigstøtte til mannen sin. Då ho døydde, budde dei på Vikøyri og Hans vart kalla fiskar. Hans døydde på Gamleheimen.