Orvedal
Orvedal (årvedal): Orffuedall (1563), Erffuedall (1567), Urffuedall (1603), Orffuedall, Urfuedall (1611), Øffredall (1647), Aaruedal (1667), Aarvedal (1723, 1838, 1863), Orvedal (1863, NG, VIK).
Orvedal låg øyde fram mot 1550, men i 1563 hadde to brukarar busett seg på garden. I 1603 og 1611 finn vi Nils og Anbjørn som oppsitjarar. I 1635 var Per og Albrigt på dei to bruka. I 1645 og 1647 finn vi framleis Per på eitt av bruka. Han var gift med Guri og hadde ei dotter med same namnet. Enkja etter Albrigt var på det andre bruket i 1645 og ho hadde med seg borna Ingebrigt og Brita. I 1647 heitte brukaren Bendik. I 1655 var Ivar Olason og Per brukarar og i 1667 Ivar Olason og Ivar Hermundson.
Eigar av Orvedal i 1647 var Kaupangergodset ved Iver Wind, samla skyld 2,25 laupar
Lnr 51 Orvedal
4,54 spd. Eigar i 1718 og 1723: Kaupangergodset ved lagmann Knagenhjelm, sjølveige frå 1788. Matrikkelskyld: 1,19 laupar i 1667, 1,63 laupar i 1723, 1,58 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det: 4,9 daa potet, 15,8 daa korn, 3 hestar, 19 storfe, 70 smalar, 3 geiter, 4 grisar på bruket.
I 1667 sat Ivar Olason (1608–) på bruket saman med sønene Ola 1656 og Sjur 1659. Ivar var der òg i 1685. Så kom Per Lasseson Undi (1662–1704) frå lnr 62+63. Han var gift med Brita Ivardtr Bø (–1718) frå lnr 103. Kjende born: Gunhild 1683–1743 (døydde ugift på Hønsi), Ingeborg 1691 (lnr 57 Karevoll), Alis 1691 (lnr 23 Føli), Kjell 1696, Lasse 1698, og Marta (blir borte for oss). Kjell døydde truleg liten. Lasse var fadder på ein unge på Brekke i 1732 og i følgje den gamle bygdeboka skaut han ein bjørn i 1741, men blir så borte for oss. Brita gifte seg oppatt med Anders Endreson Vange (1673–1736) frå lnr 5. Enkjemannen Anders gifte seg på nytt med Gjertrud Perdtr (1667–1757). I den gamle bygdeboka står det at ho truleg var frå Austrheim i Kyrkjebø. Born: Per 1706–28, Endre 1712 (Vikøyri v214), Marta 1714 (lnr 73 Hove). Enkja Gjertrud gifte seg med Ingebrigt Hansson Føli (1709–1764) frå lnr 20+21 og han vart attgift 1757 med Sigrid Nilsdtr Midlang (1730–) frå lnr 100. Han hadde ikkje barn med dei to konene sine. Sigrid vart attgift 1764 med lensmannssonen Kristen Larsson Målsnes (1737–1799) og dei fekk Brita 1765 og Gyrid 1767–1845 (ugift). Gyrid fekk Nils 1795 med Ola Jonson Refsdal (1762–1844) på lnr 61. Nils kom til plassen Brunnadn under lnr 58 Refsdal. Brita Kristendtr Orvedal (1765–1831) & 1789 Lasse Jonson Ytre Nesse (1758–1801) frå Kvamsøy sokn fekk: Jon 1790, Ingeleiv 1796 (plass lnr 49 Åse), Hans 1800 (plass lnr 41 Grønsberg), Kristen 1802 (husmann under bruket). Lasse kjøpte bruket hjå enkja etter Nils Knagenhjelm. Brita gifte seg oppatt med Tollak Anfinson Seim (1774–1848) frå lnr 11 og dei fekk Sigrid 1803–03 og Sigrid 1805 (sjå note). Tollak gifte seg på nytt i 1833 med enkja Eli Amunddtr (Ovri) Rislåg (1767–1840) på lnr 54. Dei budde kanskje i Orvedal. Men Tollak måtte truleg omkring 1811 overlata bruket til Jon 1790. Grunnen er at odelslova ikkje var til føremon for inngifte personar. I 1818 dreiv Tollak eit kårbruk. Jon Lasseson Orvedal (1790–) & 1811 Brita Ivardtr Åse (1788–1871) frå lnr 49 fekk borna: Lasse 1811, Ivar 1814 (plass lnr 52), Brita 1816 (bnr 53 Gullteigane), Synneva 1818 (sjå note), Tollak 1821 (sjå note), Jon 1824 (USA 1852), Sigrid 1827 (sjå note), Ingeborg 1829 (USA 1852), Brita 1832–52. I 1843 gjekk bruket til Lasse Jonson Orvedal (1811–) & 1850 Brita Andersdtr Nummedal (1825–) frå lnr 36. Dei fekk Jon 1849 og Ingebjørg 1851. Familien reiste til USA i 1852. Kjøpar av bruket var Botolv Olason Stedje (1816–1864) frå lnr 64 & 1851 Anna Ivardtr Refsdal (1818–1870) frå lnr 59. Born: Ola 1850, Ragnhild 1853, Ivar 1856–57, Anna 1858 (lnr 70a Ovri), Ivar 1861–61, Inga 1862 (bnr 18/1 under lnr 54a* Rislåg). Som følgje av at Botolv og Anna døydde unge, kom eit barnlaust ektepar frå Øvstedal til Orvedal for å stå for drifta: Ola Eirikson Øvstedal de (1828–1911) & 1862 Marta Andersdtr Gotevik (1830–1904). Dei vart seinare husmannsfolk i Hola på Seljadalen. I 1871 fekk Ola Botolvson Orvedal (1850–1931) heimelbrev på bruket. Då Ola var ugifte, overlet han bruket i 1877 til systera Ragnhild. Då vart lnr 51b 0,50 spd frådelt til Sjur Amundson (Rislåg) Gullteigane på lnr 53. Hovudbruket vart dermed lnr 51a 4,04 spd. Frå og med 1918 fekk Ola fattigstønad som «fattig, gammel og syk». Ragnhild Botolvdtr Orvedal (1853–1924) & 1877 Ellend Andersson Ovri (1857–1931) frå lnr 70a fekk borna: Anders 1877, Anna 1879 (Lavikdalen), Botolv 1881–81, Botolv 1883 (bnr 4/42 under lnr 15e Tenål), Ivar 1885 (Måren i Kyrkjebø), Ellend 1887–87, Sigrid 1888 (bnr 16/7), Per 1891 (USA 1911), Johan 1893–94, Johan 1895 (bnr 16/7), Ragnhild 1897 (Vetleøyri, hus nr 100). I Ellend si tid vart bruket redusert: I 1882 vart det frådelt lnr 51c 0,11 spd. Ny skyld lnr 51a 3,93 spd = bnr 16/1 5,46 mark. I 1921 vart det frådelt bnr 16/7 «Norheim» 1,15 mark. Ny skyld bnr 16/1 4,31 mark. I 1926 vart bruket skøytt til Anders Ellendson Orvedal (1877–1938) & 1925 Anna Eirikdtr Føli (1902–1991) frå lnr 19. Born: Erling 1926–93 (ugift, Oslo), Ragnhild 1928 (Ølensvåg), Gjertrud 1929 (Lærdal), Einar 1932, Borgny 1933 (Askøy). Einar Andersson Orvedal (1932–1986) overtok i 1963. Etter at Einar døydde, gjekk bruket til ei systerdotter til Anna 1902, Agnes Oladtr Teigum (1939–), gift 1962 med Trygve Larsen (1932–) frå Odda. Born: Berit 1965 (Prestvegen 12 i Prestberget), Ole Jakob 1966, Ruth 1970 (bnr 40/72 i Gildhus), Bjarne 1971. Agnes og Trygve og sonen Ole Jakob 1966 driv bruket saman med bnr 3/10 (sjå Teigum).
Synneva Jondtr Orvedal (1818–1892) var sinnsjuk. Ho var på legd 1855–57 og deretter utplassert hjå mange. Særleg lenge var ho hjå Botolv Orvedal, Per Undi, Johannes Helgeson Hove, Johanna Amunddtr Gullteigane og Ellend Orvedal.
Tollak Jonson Orvedal (1821–) & 1851 Gjertrud Ingebrigtdtr Vangsnes (1819–) frå lnr 187 fekk som innerstar på Tryti: Marta 1851 og Ingeborg 1855. Huslyden reiste til USA i 1857.
Sigrid Jondtr Orvedal (1827–1913) fekk i 1903 pengar til å setja stova si i stand. Frå og med 1908 fekk ho årleg støtte av fattigkassa.
Sigrid Tollakdtr Orvedal (1805–1884) & 1836 Ola Olason Røysane-Sæbø (1803–) frå plassen Urdi var innerstar i Orvedal. Born: Ola 1836, Tollak 1838 (kalla Tollev i Bergen i 1875), Anfin 1840 og Brita 1842. Ola 1803 var bror til Ola 1796 som kom til lnr 52. Familien reiste til Bergen ca 1853. Der var Sigrid fattiglem i 1865. Ola 1836 gifte seg i Bergen 1861, Brita i 1868, Anfin i 1869 og Tollak i 1871.
Bnr 16/7 Norheim 1,15 mark. Johan Ellendson Orvedal (1895–1964) bygde opp eit småbruk på denne parten av bruket. Han var ungkar, men hadde Einar 1935 (bnr 6/52 under lnr 19 Føli) med Inga Eirikdtr Føli (1914–) på lnr 19. Sigrid Ellenddtr Orvedal (1888–) budde saman med han. Johan dreiv Orvedal mølle på Føli. Han overtok etter broren Botolv 1883. Etter at Johan døydde, gjekk jorda tilbake til hovudbruket.
Plass under lnr 51. Vi bør kunna rekna med at Kristen Lasseson Orvedal (1802–1856) & 1823 Sigrid Oladtr Øvre Hove (1789–1841) frå lnr 77 var husmannsfolk under dette bruket, som Kristen var frå. Kristen og Sigrid hadde Brita 1823 (USA 1851). Kristen vart attgift 1844 med Inga Oladtr Hove (1794–), ei syster til Sigrid. Inga utvandra i 1860.
I 1865 og 1875 finn vi Lasse Botolvson Vikøyri v138 (1820–1904) & 1846 Torbjørg Eirikdtr Grønsberg (1819–1865) frå lnr 41 på ein plass under dette bruket. I 1875 hadde dei: 0,8 daa potet, 2 kyr og 3 smalar. Born: Botolv 1846–48, Synneva 1851–51, Eirik 1852, Synneva 1856 (USA 1883), Botolv 1860 (USA 1882), Brita 1863 (sjå lnr 41b Grønsberg, USA 1883). Lasse vart attgift 1875 med Ragnhild Oladtr (Seim) Hønsi (1831–1892) frå ein plass under lnr 82. Lasse reiste til USA saman med sonen Eirik i 1893. Ragnhild hadde Jon 1859 med Nils Johannesson Sæbø (1835-1861) frå plass nr 5 Sæbø. Jon vart truleg oppfostra hjå besteforeldra på Hønsi. Han kom til lnr 59 Refsdal.
Lnr 52 Orvedal
4,22 spd. Sjølveige i 1718 og 1723, deretter delvis familieeige. Sjølveige frå 1750. Matrikkelskyld i 1667 1,63 laupar, i 1723 1,63 laupar, i 1788 og 1838 1,58 laupar.
Ivar flytta til lnr 24+25 Stadheim, og til Orvedal kom broren Jon Hermundson Hopperstad (1653–) som var gift med Gjertrud Hansdtr (–1727). Dei hadde borna: Hermund 1678 (lnr 63 Undi), Hans 1680 (sjå note), Ivar 1684, Ellend 1690 (lnr 61 Refsdal). Jon var i 1723 ein av dei få sjølveigande bøndene i Vik. Ivar Jonson Orvedal (1684–) dreiv saman med faren, og det var truleg tanken at han skulle overta bruket, men då han døydde fram mot 1720, kom Hermund Jonson (1678–1726) med kona Brita (1666–1740) og sonen Johannes 1706 frå lnr 63 Undi og overtok drifta. I 1723 er Johannes ført opp som brukar. Johannes Hermundson Orvedal (–1783) & 1740 Brita Jondtr Tenål (1716–1805) frå lnr 16 styrde bruket i nær på 40 år. Dei hadde borna: Brita 1742 (lnr 37 Nummedal), Jon 1743–67, Ola 1745, Hermund 1747 (lnr 18 Tenål), Synneva 1749 (lnr 49 Åse), Anna 1751 (lnr 102 Bø), Marta 1754–56, Unni 1755–55, Lussi 1756 (lnr 67 Ovri), Marta 1759 (lnr 99 Midlang). I 1743 og 1750 fekk Johannes skøyte på eige som Ivar Hansson Bøtun og andre hadde i bruket. Det var delar av arv etter Jon Hermundson. Ola Johannesson Orvedal (1743–1808) & 1777 Brita Ivardtr Åse (1751–1814) frå lnr 48+49 hadde borna: Åsa 1777 (lnr 24 Stadheim), Lussi 1779 (lnr 76 Hove), Johannes 1781, Ingeborg 1783 (lnr 54 Rislåg). Ola fekk skøyte på bruket i 1783 og han overlet det til sonen Johannes i 1808. Johannes Olason Orvedal (1783–1847) & 1808 Mari Anfindtr Seim (1788–1818) frå lnr 9 hadde borna: Ola 1809, Gyrid 1811 (sjå note), Brita 1814–14, Brita 1815 (Huglagjerde, lnr 52b), Eli 1817–18. Johannes Orvedal vart i 1820 attgift med Kari Nilsdtr Vange (1800–1883) frå lnr 5 og fekk med henne: Mari 1821–21, Nils 1822, Mari 1825–51, Agata 1828, Eli 1832–32, Eli 1833. Kårfolka Johannes og Kari reiste til USA i 1845 med dei tre felles borna. Bruket vart i 1834 skøytt over på Ola Johannesson Orvedal (1809–1878) & 1834 Ragnhild Perdtr Hove (1813–1902) frå lnr 71. I 1844 reiste dei til USA med borna: Mari 1832, Ragnhild 1835, Johannes 1838, Eli 1840. Bruket vart same året selt til Ola Sjurson Rislåg (1810–1862) frå lnr 55 & 1846 Gyrid Johannesdtr Orvedal (1811–1888). Samstundes med salet vart fråskilt lnr 52b Huglagjerde 0,97 spd.
Lnr 52a Orvedal 3,40 spd = bnr 16/4 4,78 mark. I 1845 var det 4,2 daa potet, 13,0 daa korn, 2 hestar, 14 storfe, 60 smalar og 6 grisar på bruket.
I 1850 makeskifta Ola Sjurson (Rislåg) Orvedal lnr 52a med lnr 61 Refsdal. (Sjå lnr 54a, lnr 55 og lnr 61 om huslyd og slekt.) Frå Refsdal kom Ola Olason Røysane-Sæbø (1796–1885) frå plassen Urdi & 1827 husmannsdtr Sigrid Nilsdtr Lindehagen (1800–1888) frå Kvamsøy sokn. Foreldra til Sigrid var frå Ovrisdalen, sjå note lnr 67 Ovri. Born: Helga 1827 (lnr 39 Nummedal), Jon 1830, Nils 1830 (lnr 69 Ovri), Ola 1833 (lnr 37 Nummedal), Ingeborg 1836 (sjå note under lnr 21 Dale i Arnafjord sokn), Ola 1838–44, Ivar 1843 (sjå note). I 1861 vart bruket skøytt til Jon Olason Orvedal (1830–1907) & Hansina Adamdtr Reutz Midlang (1835–1913) frå lnr 98 Midlang. Born: Ola 1856 (USA 1876), Karen 1857 (lnr 49 Åse), Adam 1859–59, Adam 1861–63, Ola 1862, Adam 1864 (USA 1884), Ivar 1866 (USA 1885), Johan 1868 (USA 1887), Sjur 1869 (USA 1890), Sitona 1871 (bnr 16/4 Orvedal), Anna 1873–74, Anna 1874 (USA 1901), Nils 1877–77, Hansina 1881–81. I 1887 vart det meste av bruket skøytt over på sonen Ola, men Jon heldt unna eit «kårbruk» på 0,30 mark, og som no vart bnr 16/4. Hovudbruket fekk bnr 16/6 og var på 4,48 mark. Ola Jonson Orvedal (1862–1933) & 1885 Brita Jondtr Hallrynjo (1857–1891) frå lnr 65 hadde borna: Jon 1885, Anna 1886 (USA 1909), Hansina 1888–1908, Johanna 1890 (sjå lærarjord under Gildhus). Ola gifte seg opp att i 1896 med Gyrid Andersdtr Ovri (1859–1931) frå lnr 70a og dei fekk Brita 1898–1922 og Anna 1903 (bnr 16/8). Jon Olason Orvedal (1885–1971) & 1917 Marie Sveindtr Åse (1893–1976) frå bnr 15/1 tok over bruket i 1917. Born: Brita 1916 (lnr 55a Rislåg), Guro 1917 (lnr 52b Huglagjerde), Olav 1919, Svein 1921 (bnr 16/4), Arnfinn 1923 (Isdalstø i Lindås), Harald 1924 (Etne), Sigvald 1926 (Åsane i Bergen), Anna Bertina 1928 (Askøy), Gerda 1931 (Årdalstangen), Ottar 1933 (Drammen), Agnar 1936 (Prestvegen nr 16 i Prestberget). I 1931 vart bruket frådelt bnr 16/8 Teigen 1,30 mark til Ola Sveinson Åse. Ny skyld bnr 16/6 3,18 mark. Olav Jonson Orvedal (1919–2002) & 1948 Kari Ivardtr Vange (1915–2005) frå bnr 2/12 under lnr 6+7 tok over bruket 1950. Born: Signe Marie 1949 (bnr 2/53 på Vange-aust), Ingrid 1951 (bnr 2/27 på Vange-aust), Jorunn 1954, Kirsten Olaug 1956 (Sogndal). Jorunn Oladtr Orvedal (1954–) & 1988 Atle Johannesson Aase (1962–) frå bnr 15/5 Åse tok over i 1989. Born: Oddveig 1988, Jofrid 1990. Dei driv òg bnr 15/5 Åse.
Hans Jonson Orvedal (1680–) gifte seg med Gjertrud Bendikdtr Ovri (1681–) frå lnr 67 og dei kom til Bøtun i Fresvik. Ein son, Jonas Hansson, vart konfirmert i Vik og kom til Vikøyri v544.
Gyrid Johannesdtr Orvedal (1811–1888) fekk Anfin 1839 med jekteskipper Lars Markusson Tveit (1820–1852) frå lnr 1 Tveit i Vangsnes sokn. Guten voks opp på lnr 52 Orvedal og på lnr 61 Refsdal. Anfin Refsdal vart skulemann og kjend politikar, sjå under Gildhus. Gyrid gifte seg med Ola Sjurson Rislåg, overtok bruket, men gjorde gardabyte med lnr 61 Refsdal.
Ingeborg Oladtr Orvedal (1836–1863) gifte seg til lnr 21 Dale i Arnafjord sokn. Dottera Johanna Johannesdtr (Dale) Orvedal (1862–) vart oppfostra hjå besteforeldra i Orvedal. Ho gifte seg 1888 med Johannes Larsson Vangsnes (1866–) frå plass nr 45 Vangsnes og dei vart gardbrukarar på Bleie, Ullensvang i Hardanger.
Ivar Olason Orvedal (1843–1927) gifte seg 1872 med etternamnet Refsdal med Anna Lassedtr Vikøyri v416 (1842–1898). Ivar vart då sagt å vera gardbrukar i Refsdal. Dei to flytta til Hardanger. Anna kom tilbake til Vik, sjå under Vikøyri v416. I teljingsåret 1900 var Ivar dreng på bruket til systerdottera Johanna 1862 på eit bruk på Bleie i Hardanger. Ivar døydde som innerst i Orvedal.
Bnr 16/4 Orvedal 0,30 mark. Jon og Hansina Orvedal hadde dette som kårbruk fram til 1907. Då vart det skøytt til dottera Sitona Jondtr Orvedal (1871–1965). I 1951 vart bruket frådelt bnr 16/4 «Uri» 0,07 mark. Ny skyld for bnr 16/4 0,23 mark. I 1951 gjekk bruket til Svein Jonson Orvedal (1921–1989) & 1953 Anna Alfdtr Hønsi (1921–) frå lnr 84b. Born: Alvhild 1953, Marie Gerd 1955 (Kyrkjebø), Anne Jorunn 1959 (Haus på Osterøy). Alvhild Sveindtr Orvedal (1953–) & 1980 Kåre Jostein Bjarneson Sylvarnes (1952–), bustad lnr 193e Vangsnes, driv òg dette bruket. Born: Stein Børge 1980, Anne Silje 1990, Jon Anders 1992.
Bnr 16/8 Teigen 1,30 mark. Anna Oladtr Orvedal (1903–1984) & 1929 Ola Sveinson Åse (1896–1946) frå bnr 15/1 bygde hus på staden. I 1940 kjøpte Ola til tomta bnr 1/52 Solvang 0,08 mark i Røysane-Sæbø. Born: Gudny 1930 (sjå note lnr 105 Tryti), Svein 1931 (Sarpsborg) og Gunnhild 1932 (Sarpsborg). Etter Ola døydde, kom ca 20 daa inn under bruket til Svein Orvedal. Resten hadde Svein 1931 til ca 1990 då det gjekk tilbake til hovudbruket.
Skulehuset i Orvedal. Huset er kjøpt av Yvonne Johannesdtr de Wit (1971–) frå Veghel i Nederland & 2002 Hendrik Andriesson Siegersma (1972–) frå Berlikum i Nederland. Dei har Espen Johan 2007.
Plassar under lnr 52 Orvedal. Huglagjerdet var husmannsplass under lnr 52 til plassen vart utskilt som eige bruk i 1844, sjå Huglagjerde lnr 52b. I tillegg var det ein plass til, truleg på vestsida av Ovrisdalselvi. Der var: Ivar Jonson Orvedal (1814–1849) & 1843 Synneva Rolanddtr Skjørvo (1818–) frå lnr 114b. Ivar var frå lnr 51, slik at han vart plassmann under nabobruket. Born: Brita 1842, Jon 1844–54 og Ragnhild 1846. Ivar døydde på eit lasarett i Espevær. Han kom dit for di han var sinnsjuk. Borna var fødd Orvedal. Synneva og borna reiste til USA i 1865.
Enkja Brita Nilsdtr Lindehagen (1796–1890) flytta truleg inn i plasshusa, for i 1875 var ho husmann under lnr 52. Dottera Sigrid 1840 var med henne. Tenestejenta Sigrid reiste til USA i 1887. Brita Nilsdtr var syster til Sigrid Nilsdtr, kona på lnr 52, sjå òg note lnr 67 Ovri.