Kinni

Kinni/Kinn (kjinni): Kinndenn (1603), Kindem (1667), Kinden (1723, 1838, 1863), Kinn (NG, VIK). Slektsnamnet har for det meste vore skrive Kinden.

Lnr 56 Kinni

3,23 spd = bnr 19/1 4,21 mark. Eigar: Jens Garman i 1723, deretter Daae-ætta, sjølveige frå 1845. Matrikkelskyld: 0,25 laupar i 1667, 0,67 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 2,8 daa potet, 7,4 daa korn, 3 hestar, 14 storfe, 40 smalar og 2 grisar på bruket.

I Kinni var Nils brukar i 1603 og Mons i 1611. Ola var der i 1645 og 1655. I 1667 finn vi Nils Jakobson (1620–) med sonen Ola 1662. Enkja etter han vart attgift med Endre Kristofferson Bø (–1702) frå lnr 104. Dei hadde ikkje born. Brukar i 1701 var Ola Nilsson Kinni (1662–1738). Han var òg på bruket i 1723, men i 1734 var det sonen Nils som var leiglending. Nils Olason Kinni (–) & 1732 Marta Rognalddtr Refsdal (1696–1740) frå lnr 60+61 hadde borna: Ola 1732–38, Kari 1733, Marta 1736, Brita 1738, Ola 1738–1739. Marta fekk Nils 1765 med gift mann Eirik Kristofferson på Aslakplassen i Hola på Seljadalen. Dei tre døtrene og Nils 1765 kjem alle bort for oss. Nils Olason vart attgift i 1742 med enkja Dorothea Eirikdtr «Vikøyri» (–). Denne kvinna finn vi ikkje tidlegare i kyrkjebøkene for Vik. Dei to hadde ikkje born, og det kom nye folk på bruket. Det var Andres Guttormson Fosse (1710–1756) frå lnr 34 & 1736 Marta Ellingdtr Bø (1709–1740) frå lnr 103. Dei fekk Anna 1736 (lnr 86 Holstad). Anders gifte seg oppatt i 1741 med Brita Lassedtr Refsdal (1714–1768) frå lnr 59 og dei hadde borna: Sjur 1744 (lnr 7 Gotevik), Marta 1745–46, Guttorm 1746 (var i København i 1771, kom ikkje tilbake), Anders 1748–55, Eli 1751–54, Lasse 1753 (lnr 57 Karevoll). Brita vart attgift 1757 med Johannes Anbjørnson Vange (1733–1802) frå lnr 8. Brita og Johannes hadde ikkje born. Johannes vart attgift 1768 med Gjertrud Nilsdtr Fjærestad (1746–1823) frå lnr 96 og dei fekk: Anbjørn 1769–69, Nils 1770, Brita 1773–1802 (miste livet i eit steinskred), Synneva 1776 (lnr 78 Øvre Hove), Ingeleiv 1778–80, Øystein 1780–1809 (var med i krigen, døydde på sjukehus i Fredrikstad), Styrk 1783 (Vetleøyri s212), Anbjørn 1790 (død før 1801). Geiter var vanskelege å gjerda ute og gjorde ofte skade hjå naboar. I 1805 hadde Gjertrud angiveleg slege i hel ei slik geit, eigd av Jon Rislåg. Gjertrud svar med å kalla Jon ei tiggar- og fantebikkje. Forlikskommisjonen hadde eit forslag til løysing av tvisten, men det ville ikkje Gjertrud og sonen akseptera, sjå òg lnr 54. Nils Johannesson Kinni (1770–1830) & Anna Nilsdtr Limmesand (1779–1805) frå lnr 13 i Arnafjord sokn hadde Brita 1803–14. Nils vart attgift 1808 med Kristi Anfindtr Seim (1777–1846) frå lnr 11 og dei fekk: Johannes 1807–10, Anfin 1808–14, Anna 1810, Johannes 1812–14, Gjertrud 1817 (lnr 197 Vangsnes). Vi ser at tre born døydde i 1814, truleg av koppar. Anna Nilsdtr Kinni (1810–1909) & 1830 Ellend Guttormson Fosse (1804–1888) frå lnr 34 var neste leiglendingspar, og dei fekk borna: Brita 1831 (lnr 48 Åse og lnr 66 Hallrynjo), Nils 1833–33, Nils 1834–1903 (ugift heime), Kari 1837 (lnr 40c* Vetle-Nummedal), Kristi 1840 (lnr 80 Voll), Marta 1842 (lnr 49 Åse), Johanna 1845–1917 (ugift), Guttorm 1847, Gjertrud 1850 (lnr 52b Huglagjerde), Åsa 1855–55. I 1845 fekk Elling frikjøpt bruket og han skøytte det til sonen Guttorm i 1871. Same år fekk Guttorm kjøpt lnr 54b 0,65 spd av Rislåg. Denne parsellen fekk bnr 18/2 0,72 mark og har seinare lege under Kinni. Guttorm Ellendson Kinni (1847–1925) & 1874 Lussi Oladtr Hove (1852–1929) frå lnr 73a hadde: Anna 1874 (lnr 60 Refsdal), Ellend 1755–77, Ellend 1876–76, Olina 1878 (lnr 55b Rislåg), Ellend 1882–82, Ellend 1883, Ola 1785–85, Johanna 1886 (lnr 53 Gullteigane), Ola 1889 (sjå note Teigum lnr 22c), Marta 1891–91, Anna 1893 (bnr 15/5 Åse), Edvard 1898 (sjå note). Ellend Guttormson Kinni (1883–1958) & 1920 Anna Ingebrigtdtr Hallrynjo (1882–1941) frå lnr 65 fekk skøyte på bruket i 1926 og hadde borna: Lussi 1922, Ragnhild 1923 (bnr 7/8 Fosse). Lussi Ellenddtr Kinden (1922–2008) & 1941 Alfred Jonson Risløv (1916–2007) frå lnr 55a tok over bruket i 1941. Born: Erling 1941–66 (ulukke med ein høgspentkabel), Anna 1942–51, Marit 1944 (Trondheim), Jon 1946, Arvid 1948 (heime), Gerd 1953 (Solvorn), Anna 1953 (Hermansverk), Magnar 1963 (omsorgsbustad), Bjarne 1964 (Hvalstad i Asker). Jon Alfredson Risløv (1946–) & 1972 Margrete Olavdtr Skjerven (1949–2007) frå lnr 70a Ovri overtok bruket i 1992. Born: Erling 1972, Anette 1973, Helge 1977 (Valen i Kvinnherad), Olav 1983. I 1996 fekk Helge 1977 skøyte på bnr 25/4 Ovri, sjå lnr 70a.

Edvard Guttormson Kinni (1898–) & Johanna Tordtr Stadheim (1901–) frå lnr 29 busette seg i Høyanger.