Karevoll

Karevoll/Karavoll (karavådl): Karewold (1607), Karevold (1723), Karevold (1838, 1863, NG), Karevoll (VIK).

Lnr 57 Karevoll

0,43 spd = bnr 20/1 1,13 mark. Eigar i 1723 Anna Finde, deretter Daae-ætta, sjølveige frå 1802. Matrikkelskyld: 0,17 laupar i 1723 og 1838. I 1845 var det 2,8 daa potet, 2,8 daa korn, 1 hest, 4 storfe, 20 smalar, 3 geiter og 2 grisar på bruket.

Etter øydetida ser det ut til at det tok lang tid før Karevoll på nytt vart busett, men i 1667 finn vi Jon Ellingson 1619 og sonen Guttorm 1665 på småbruket. I 1701 var Helge Hermundson (1669–) og sonen Ola 1695 der. Helge var brukar også i 1723. Deretter kom Arne Olason Stedje (1677–1749) frå lnr 64 & Ingeborg Perdtr Orvedal (1691–1756) frå lnr 51 til Karevoll. Dei hadde Brita 1727, truleg òg Randi 1723 (lnr 16 Holane i Arnafjord sokn) og Kari 1726 (som kom til ein husmannsplass i Hola under lnr 18 Flete i Arnafjorden, deretter til Vikøyri v690). Brita Arnedtr Karevoll (1727–1805) & 1749 Ola Arneson Lidal (1711–1769) frå Fjærland var neste brukarpar. Dei hadde ikkje born. Brita gifte seg oppatt i 1770 med Amund Toraldson «Fosse» (1741–1770), men han døydde same året. Amund hadde, som då han gifte seg, Fosse som adresse ved konfirmasjon i 1761. Han var kanskje frå Leikanger prestegjeld der namnet Torald var vanleg. Tredje giftarmålet var i 1771 med Ivar Johannesson Seim (1746–1789) frå lnr 11, og det fjerde i 1789 med Lasse Andersson Kinni (1753–1835) frå lnr 56. Lasse og Brita hadde ein fosterson Ola 1788 (sjå note). Kårmann Lasse Andersson vart attgift i 1809 med husmannsdtr Brita Frikdtr Bale (1768–1845). Dei hadde ikkje born. Brita døydde som legdslem i Balestrand. Hans Nilsson Refsdal (1771–1838) frå lnr 58 kjøpte Karevoll i 1802 og overtok drifta. Han hadde i 1800 gift seg med Sigrid Ivardtr Vange (1771–1865) frå lnr 6 og dei hadde borna: Nils 1802, Ivar 1804 (var hjå systera Brita i 1865, deretter borte), Anna 1807 (N-Noreg i 1845), Brita 1810 (plass Røysane-Vange), Hans 1813 (USA 1857), Ingeborg 1817 (USA 1854). Nils Hansson Karevoll (1802–) & 1829 Brita Ivardtr Refsdal (1808–) frå lnr 59 hadde borna: Inga 1829 (plassen Urdi i Røysane-Sæbø), Hans 1831 (USA 1856), Sigrid 1832 (USA 1856), Brita 1837 (plassen Vedledna på Seim), Ragnhild 1840, Ivar 1841, Endre 1846, Nils 1848, Jon 1850–51, Ingebrigt 1853, Anna 1844, Johanna 1856. Nils og Brita reiste til USA med 7 born i 1865. Garden vart selt til Jon Sjurson Mæland (1830–) & 1863 Ranveig Bårddtr Engjaland (1821–), båe frå Vossestrand. Dei hadde Kristi 1863. Dei dreiv Karevoll 1865–71. Deretter vart bruket kjøpt av Brita Sjurdtr Rislåg (1823–1899) frå lnr 55. Ho hadde fått Ivar 1859 med Helge Jonson Nummedal (1828–1911) frå lnr 39. Ho og Ivar var i Refsdal i 1865 og der hadde ho nokre husdyr. Ivar Helgeson Karevoll (1859–1947) & 1886 Karen Andersdtr Espesete (1863–1928) frå lnr 93c fekk elleve born: Karen 1886–86, Sjur 1887, Adam 1889 (Salhus i Hordaland), Anders 1890 (USA 1912), Brita 1892–1970 (var lenge i Salhus), Kari 1893 (lnr 40a Frettheim i Arnafjord sokn, skild, sjå òg Sjøtunvegen bnr 41/62), Anna 1894 (bnr 7/7 Fosse), Tina 1897 (bnr 7/1 Fosse), Gjertrud 1900–76 (ugift, heime), Ivar 1903 (lærar i Levanger, Trøndelag), Johan 1905 (lærar i Hyllestad og i Hordaland). I 1921 vart Karevoll skøytt til Sjur Ivarson Karevoll (1887–1957). Han gifte seg 1928 med Marta Helgedtr Teigum (1886–1966) frå lnr 22c. Dei hadde ikkje born. I 1947 kjøpte Sjur til Stedjeberget, lnr 64b = bnr 23/2 0,63 mark. I 1951 vart bruket, med Stedjeberget, skøytt over på systersonen Nils Fredrikson Fosse. Garden kom dermed inn under bnr 7/1 Fosse og vart nedlagt. Husa er borte.

Ola Anfinson (1788–1857) gifte seg i 1819 og vart busett på Vikøyri v740. Mora Kari Andersdtr (1763–) var på Karevoll då ho fekk Ola 1788. Kari var fødd på Turvoll av utanbygds, ugifte foreldre. Far til Ola var Anfin Andersson (Bruavoll) Måredal (1758–1824), sjå note under lnr 47 Bruavoll. Kari gifte seg 1793 med Nils Jonasson «Leirdal» (1761–) frå Lærdal og dei flytta til Vikøyri, sjå v712.