Gullteigane
Gullteigane/Gulteig (gulltaigadne): Guldteig (1667), Gulteig (1723, 1838), Guldteigene (NG), Gulteig (1863, VIK). Familienamnet har vore Gulteig.
Lnr 53 Gullteigane
0,65 spd. Sjølveigd i 1723 og seinare. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 0,25 laupar. I 1865 var det 2,4 daa potet, 0,5 daa korn, 1 hest, 2 kyr og 1 gris på bruket.
Gardsnamn som endar på «teig» er vanlegvis ikkje særleg gamle. Det kan difor tenkjast at garden vart oppretta først etter øydetida. Vi finn ikkje garden nemnt i skattelister og manntal før i 1667. Då var Ola Eirikson (1605–) der. Han betalte 2 mæle korn i landskyld (0,33 laupar), og eigaren ser ut til å ha vore bonden på Undi. I 1701 var Jon Jakobson (1641–) med sonen Guttorm 1692 på Gullteigane. Han var frå Hove (sjå Blix-bruket). Ola Ivarson Undi på lnr 62 var truleg eigar. Det må vera ein av sønene hans, Hermund, som deretter vart brukar. I 1723 heiter det at Hermund «eig og brukar» to mæle korn i Gullteigane og at han var eineeigar. Men skattematrikkelen var noko lågare: 0,25 laup. Hermund Olason Undi (1688–1743) frå lnr 62 var gift med Eli Oladtr (1681–1759) og hadde borna: Sjur 1712, Agata 1712 (lnr 73 Hove), Anna, (sjå note), Ola 1721 (lnr 38 Nummedal), Anders 1723 (lnr 54 Rislåg), Sigrid 1727 (lnr 37 Nummedal), Ingegjer 1729–61 (ugift). Etter at Hermund døydde, vart bruket truleg drive frå Rislåg der Sjur 1712 bygsla lnr 55 frå 1733. Det var eldste sonen til Sjur som vart brukar på bruket. Ola Sjurson Rislåg (1733–1790) & 1769 Brita Oladtr Undi (1733–1822) hadde: Ragnhild 1769, Brita 1774. Om foreldra til Brita 1733: sjå note lnr 63. Ragnhild Oladtr Gullteigane (1769–1849) & 1796 Guttorm Tollakson Seim (1753–1831) frå lnr 9 hadde borna: Mari 1797 (plass nr 1 i Øyane-Sjøtun), Ola 1800, Brita 1803 (plass i Rislåg, sjå òg note lnr 73 Hove), Anna 1805 (Amerika i 1864), Eli 1809–12, Tollak 1816–16. Kårkona Ragnhild døydde hjå dotter si i Øyane. Brita Oladtr Gullteigane (1774–1817) gifte seg i 1800 med Elling Ivarson Refsdal (1771–1830) frå lnr 59. I den gamle bygdeboka er det skrive at dei vart husmannsfolk under Gullteigane, men dei bygsla lnr 20 Føli frå 1803. Dei to systrene må ha arva Gullteigane, for av panteregisteret går det fram at Guttorm Tollakson og Elling Ivarson i 1826 skøytte bruket over på eldste son til Guttorm, Ola 1800. Før det vart Ola kalla både husmann og innerst. Ola Guttormson Gullteigane (1800–1843) & 1820 Brita Lassedtr Refsdal (1796–) frå lnr 60 hadde borna: Anna 1821–21, Ragnhild 1823, Guttorm 1825–25, Guttorm 1826, Lasse 1829, Ola 1831–31, Anna 1832–43, Marta 1835–35 og Marta 1837. Ola og Brita selde småbruket i 1843 og reiste med borna til USA. Ola og dottera Anna døydde på reisa. Ved salet vart lnr 53b 0,22 spd = bnr 17/2 0,08 mark «Øvre Sluppen» frådelt til Ola Lasseson Refsdal. Denne parsellen kom seinare inn under eit Åse-bruk. Det reduserte bruket fekk lnr 53a 0,63 spd = bnr 17/1 0,85 mark. Kjøpar av brukt i 1843 var storbonden Ola Nilsson Sæbø. I 1865 vart det eigarskifte ved at Ola Sæbø makeskifta all eige han hadde i Vik med eit bruk i Bjordal. Ny eigar var Nils Knutson Flåm. Båe desse eigarane overlet drifta til Amund Sjurson Rislåg (1815–1861) frå lnr 54 & 1843 Brita Jondtr Orvedal (1816–1880) frå lnr 51. Dei hadde borna: Ingeborg 1839–41, Sjur 1840–40, Sjur 1843, Brita 1847 (lnr 24 Stadheim), Ingeborg 1850 (Vikøyri v432), Johanna 1853 (sjå note). I 1872 fekk Sjur Amundson Gullteigane (1843–1905) skøyte på bruket. Han gifte seg i 1875 med Ragnhild Ingebrigtdtr Refsdal (1849–1941) frå lnr 59 og dei hadde: Ivar 1870 (USA 1886), Brita 1876 (USA 1905), Sjur 1887 (USA 1907), Ingebrigt 1875 («Ingebrigtsplassen» Moane-Grov), Anna 1879 (tenestejente i Bø i 1900, USA 1910, så Krogstadelva i Buskerud), Jon 1881–94, Inga 1891–1917, Anders 1893–1917, Durdei 1884–1958 (Askøy), Ivar 1886. Ivar Sjurson Gullteigane (1886–1972) & 1920 Johanna Guttormdtr Kinni (1886–1972) frå lnr 56 tok over bruket i 1925. Born: Ragnhild 1920 (garden Nesheim i Myrkdalen, sjå òg bnr 37/33 under lnr 106 Tryti), Sjur 1922 (kjøpte tilsynsbustad for Vikfalli i Refsdal), Guttorm 1926, Jenny 1930 (lnr 34 Fosse). I 1953 var ny skyld for bnr 17/1 0,84 mark. Guttorm Ivarson Gulteig (1926–) & 1956 Gudrun Edvarddtr Fjellheim (1930–) frå lnr 192a Vangsnes overtok i 1956. Born: Ingar 1958 (Oslo), Jorunn 1960 (Skedsmo i Akershus) og Gunnar 1961 (Stedje i Sogndal). Bruket blir drive med sau.
Anna Hermunddtr Gullteigane (–) & 1745 Kjell Øysteinson «Fosse» (1717–1754) busette seg på Nauteskreda i Fjærlandsfjorden og hadde 5 born. Fosse var soldatadresse. Det er nærliggjande å tru at Kjell var frå lnr 8 Vange, fordi Anders 1723 gifte seg med Marta Øysteindtr Vange. Men alder passar betre for ein husmannsson frå Linde i Kvamsøy sokn som vart konfirmert i 1737 med stadnamnet Nesse.
Johanna Amunddtr Gullteigane (1853–1898) fekk Ingeborg 1874 med Ola Johannesson Bleiehaugen (1853–1882) frå plass under lnr 72 Hove og Brita 1883 (USA 1907) med Johannes Lasseson Vetleøyri s120 (1856–). Johannes var heime på vitjing frå USA då han gjorde Johanna gravid. I 1893 gifte ho seg til plassen Trægjelet på Fosse. Ingeborg 1874 var ikkje i stand til å greia seg sjølv. Etter at mora døydde, måtte fattigkommisjonen ordna med nokon til å ta seg av henne. Mostra Ingeborg 1850 på Vikøyri ville ha kr 100 per år. Det var rekna som dyrt, og difor kom ho til Brita 1847 og mannen Guttorm Jonson Stadheim. Dei aksepterte kr 50 per år. Frå 1900 fekk dei likevel kr 100, men då kosta Guttorm og Brita klede. Frå og med 1905 fekk Sjur Gulteig kr 120 for å ha ho. I 1920 fekk Ingeborg plass på den nye gamleheimen. Der var kostnaden kr 650 per år!