Trytisøyna
Ved Tryti deler elva Hopra seg i to greiner og samlar seg på nytt ved Hønsi. På «øya» mellom elvefara var det i første halvpart av 1800-talet to husmannsplassar, som vi her kallar Øvre og Nedre Trytisøyna.
Øvre Trytisøyna, lnr 108b 0,15 spd = bnr 37/7 0,21 mark. På denne husmannsplassen var det i 1865 0,7 daa bygg, 0,4 daa poteter, 1 ku, 8 smalar og 2 grisar. Lars Jonson Vikøyri v508 (1804–1894) & 1834 Gjertrud Oladtr Tryti (1805–1838) frå lnr 109 bygde opp plasshusa. Dei hadde borna: Jon 1834 (sjå note), Ola 1833–69, Jon 1838–42. Lars vart attgift 1841 med Sigrid Eirikdtr Vikøyri v172 (1798–1887, ho døydde på Tenål). Dei hadde ikkje born, men Sigrid hadde Ola 1829–52 (ugift i Trytisøyna) med Ola Alfson Sæbø (1806-1880), husmannsson frå plass nr 2. I 1870 fekk Lars skøyte på plassen, men selde han alt i 1873. Ola Kristenson Svolsvik (1845–1922) frå lnr 11 & 1873 Anna Oladtr Vikøyri v808 (1852–1929) fekk borna: Brita 1872 (var jordmor, bnr 41/2 i Villastrøket-Sjøtun), Anna 1875–1954 (ugift sjukesyster, bnr 41/18 i Villastrøket-Sjøtun), Kristen 1879, Ola 1882–1963 (ugift, bnr 41/18, som systera Anna), Ola 1893 (sjå note lnr 20a Le i Arnafjord sokn). Ola 1845 var snikkar, rokkedreiar og stampar. Kristen Olason Tryti (1879–1959) & 1908 Gjertrud Sjurdtr Bø (1886–1946) frå lnr 101 overtok i 1930. Born: Fredrikke 1908 (sjå bnr 7/9 under lnr 34 Fosse), Olav 1911. Kristen skøytte frå seg bruket i 1949. På bruket kunne dei fø 3–4 kyr og 7–8 sauer. Olav Kristenson Tryti (1911–1985) & 1948 Anna Jondtr Holstad (1913–) frå lnr 85 fekk borna: Gjertrud 1948–56 og Kåre 1950. Huslyden pakta i åra 1961–67 lnr 124 (bnr 39/19) Hopperstad. Kåre Olavson Tryti (1950–) dreiv bruket til 1996. Seinare har jorda vore leigd bort.
Jon Larrson Tryti (1834–) & Brita Oladtr Målsnes (1836–) frå Kvamsøy sokn reiste til USA i 1866. Brita var dotter til husmannsdtr Ingeborg Arnedtr Kallestad og husmannsson Ola Endreson Ytre Nesse.
Bnr 37/39 Nedre Trytisøyna. På denne plassen under lnr 107 var det i 1865 0,9 daa bygg, 1,3 daa potet, ei ku, 8 smalar og 1 gris. Den første husmannen var Ola Johannesson Vikøyri v488 (1807–1898). Då han slekta tilbake til Lånefjorden, vart han kalla Lån-Ola. Han gifte seg 1834 med Marta Oladtr Hønsi (1808–1890) frå lnr 82. Born: Brita 1833–91, Synneva 1837–37, Ivar 1840 («søfarende» i 1865, gift handelskar i Årstad, Bergen, i 1900), Synneva 1845 (sjå note), Ola 1854 (USA 1875). Marta hadde òg Alis 1827 med husmannsson Ola Hermundson Fjærestad (1805–1856) frå lnr 96e. Alis (seinare kalla Allette) reiste til Sortland, gifte seg 1856 med Ola Amundson frå Luster, og familien reiste frå Sortland til USA i 1869. Brita 1833 var tenestejente på Sjøtun og fekk Johanna 1862 med oppgitt far Jon Ellingson Føli, men den reelle faren var nokså sikkert kaptein Christen Christensen, sjå lnr 127 Sjøtun. Omkring 1892 kom det nye folk til plassen: Ivar Guttormson Hønsi (1858–1920) frå lnr 83 & Johanna Eirikdtr Hopperstad (1857–1918) frå lnr 122a. Dei fekk borna: Ingeborg 1879 (sjå note), Eirik 1883 (USA 1907), Brita 1886–1920, Guttorm 1889–1918, Anna 1892-1920, Johanna 1895–1921 (gift 1918 i Bergen med Martin Styrkson Kvingle frå Masfjorden og fekk Einar 1920). Ei syster til Ivar, Anna Guttormdtr Hønsi (1851–1936), budde òg på plassen. Årsaka til at foreldre og born (med unntak av Eirik) døydde i åra 1918–21 var tuberkulose. Omkring 1934 bygde Jon Olavson Tryti (1893–1966) hus i «Øyna» og i 1940 fekk han tinglesen bruksrett til plassen. Jon dreiv ei tid lnr 91b Vetla-Tistel. I 1974 fekk Olav Haraldson Tryti (1924–) frå lnr 107 skøyte på eigedomen. På staden budde Borghild Haralddtr Tryti (1919–1997) og dottera Torunn Herborg 1951 som ho fekk med Jens Andreas Svendsen (1912-1959) frå Vetleøyri, hus nr 106. Torunn Herborg Tryti (1951) & 1971 Ivar Roaldson Endestad (1951–) frå Fardal i Sogndal, har: Rolf Inge 1971 (Sogndal), Bodil Jorunn 1972 (bnr 83a Hønsi, så Tysvær), Trud Ingvild 1973 (Møllendal i Sverige), Olaug Ingeborg 1975 (bnr 36/17 under lnr 103a Bø) og Alert 1978 (Lærdal).
Synneva Oladtr Tryti (1845–) & 1866 Lars Knutson (1838–), fiskar frå Hassel prestegjeld i Nordland, fekk: Martin Olai Bernhard 1867 og Knut 1868. Synneva og Lars budde i 1865 på det bruket der Alis var gift, i Sørfjord i Sortland. Då Knut vart fødd, var dei innerstar på Tryti. Familien reiste til USA i 1869.
Ingeborg Ivardtr Tryti (1879–1919) fekk Brita 1910 med Ola Jonson Fjærestad (1880–1948) frå bnr 34/8+12. Ola kom til Vikøyri v796.