Rosheim
Rosheim (rosaim): Rosemb (1603), Røsemb (1647), Rosem (1667, 1723), Roseim (NG), Rosheim (1838, 1863, VIK).
Lnr 94 Rosheim
5,18 spd = bnr 33/1 6,28 mark. I 1647 eigd av Apostelkyrkjegodset, i 1723 av Jon Hopperstad, deretter av Ingebrigt Olason Hove og Ola Ingebrigtson Hove. Sjølveige frå 1787. Matrikkelskyld: 0,50 laupar i 1647 og 1667, 1,00 laup i 1723. 1788 og 1838. I 1838 vart skylda sterkt oppskriven. I 1845 var det 5,6 daa poteter, 14,9 daa korn, 3 hestar, 14 storfe, 40 smalar, 3 svin på bruket.
I 1603 var Anders busett på Rosheim. I 1635 og 1645 var Eilif der. Kona hans heitte Anna og dei hadde dottera Mari. I 1647 var Endre på Rosheim, men han hadde vanskar med å greia seg og var ikkje i stand å svara skatt (var «forarmet»). Endre var der òg i 1655, men i 1667 finn vi Ola Botolvson, fødd 1650, og han var gift med enkja etter Endre, for på bruket var følgjande søner til Endre: Gaute 1663, Beint 1656 og Johans 1659. I 1685 var det enkja etter Ola som styrde på Rosheim, men så overtok Beint Endreson Rosheim (1656–). Anna Endredtr (1658–1743) var truleg kona hans. I 1701 hadde Beint sonen Endre 1693, men han blir borte for oss. I tillegg hadde han borna: Anna 1691 (lnr 105 Tryti), Gjertrud 1694 (lnr 26 Stadheim) og Markus (sjå note). Ettermannen på bruket var Johannes Larsson Stadheim (1674–1755) frå lnr 28, gift med Unni Endredtr (1680–1750). Endre var ikkje noko vanleg namn på denne tida, så kanskje var både Anna 1658 og Unni 1680 døtrer til Endre Hermundson Hopperstad (1633–) på lnr 29 Stadheim. Born: Synneva 1701 (lnr 65 Hallrynjo), Lars 1710, Marta (Hagen-Bøadalen), Solveig 1724–50. Solveig og mora Unni døydde nokså samstundes. Lars Johannesson Rosheim (1710–1748) & 1745 Ragnhild Guttormdtr Espesete (1724–1794) frå lnr 93 fekk Inga 1747 (lnr 83 Hønsi). Ragnhild vart attgift 1748 med Bendik Torson Ovri (1720–1782) frå lnr 67 og dei fekk: Lars 1749? (lnr 76 Hove), Ola 1751–52, Tor 1753 (lnr 86 Holstad), Ola 1756–82, Guttorm 1760 (død før konfirmasjonsalder). I 1723 var Jon Hopperstad eigar av Rosheim, deretter Ingebrigt Olason Hove og sonen Ola Ingebrigtson (Hove) Brekke. Ei dotter til Ola kom til Rosheim som eigar og brukar. Synneva Oladtr Hove (1759–1841) frå lnr 71 & 1787 Johannes Guttormson Tryti (1760–1826) frå lnr 107 overtok først lnr 88 Brekke, men flytta i 1795 til Rosheim. Dei fekk borna: Bendik 1788–1813, Brita 1791 (lnr 2 Sæbø), Ola 1794, Anna 1797–1802, Guttorm 1801 (lnr 110 Tryti). I 1815 vart ein soldat funnen død på Vikøyri. Johannes vart innblanda i saka. Det er avslørande fortalt i forliksprotokollen: «da Johannes Roshem efter Sædvane var bekjændt drukken, brugte megen Banden og Skjælden, paastod at Gud havde aabenbaret for ham, at Hermund Olsen Wigøren var den dræbte Hermunds Morder». Ola Johannesson Rosheim (1794–1865) & 1819 Eli Kristendtr Hopperstad (1796–1820) frå lnr 120 overtok i 1813. Eli døydde på barselseng. Ola gifte seg på nytt 1821 med Lussi Endredtr Tryti (1798–1873) frå lnr 108. I den gamle bygdeboka står det at Lussi ikkje treivst på Rosheim og at ho fekk mann sin til å gå inn for eit gardabyte. Det vart ordna i eit drikkelag, og Ola med kone og born flytta til lnr 108 Tryti, og ein bror til Lussi kom til Rosheim. Eirik Endreson Tryti (1794–1852) & 1820 Sigrid Jondtr Brekke (1795–1863) frå lnr 88 hadde følgjande born som alle var fødde på lnr 108 Tryti: Endre 1820, Per 1822 (sjå note), Brita 1823–37, Jon 1825 (sjå note), Botolv 1829–29, Botolv 1832 (USA 1857), Lussi 1837 (lnr 96 Fjærestad). Eirik angra på dette gardabyte. Han var ofte på Tryti og sat der utover kvelden og sa til sist: «Eg faor vel sjao utatte i Snjobakkjen». Det var Rosheim han meinte med dette namnet. Endre Eirikson Rosheim (1820–1885) & 1856 enkja Gyrid Ivardtr Undi (1830–1902) frå lnr 63 fekk borna: Sigrid 1860 (lnr 102a Bø), Olina 1862 (lnr 88b Brekke), Eirik 1866, Jon 1868–80. Om første ekteskap til Gyrid: sjå note. Gyrid skøytte frå seg bruket i 1853. (Sjå òg note.) Eirik Endreson Rosheim (1866–1937) & 1895 Anna Kristendtr Hopperstad (1870–1958) frå lnr 120 fekk borna: Endre 1896, Kristen 1899–1975 (ugift, heime), Jon 1904, Gyrid 1912 (lnr 95a Furehaug).
I 1912 vart bnr 33/2 0,25 mark utskilt til Elling Olason Brennene. Ny bnr 33/1 6,03 mark. I 1937 vart bruket delt mellom to Eirik-søner: Jon og Endre.
Bnr 33/1 Rosheim 2,08 mark. Jon Eirikson Rosheim (1904–1964) gifte seg i 1952 med Borghild Botolvdtr Furehaug (1912–1987) frå lnr 95a. Dei hadde ikkje born. Jon overtok husa som var bygde opp i åra 1905–08. Borghild var eigar frå 1964, men jorda vart drive frå Bø. I 1996 vart bruket selt av Knut Furehaug til Nils Ove Haraldson Hove (1959–) frå bnr 26/48 under lnr 72 og slege saman med bnr 33/3. Ny driftsbygning kom opp i 1999–2000. På bruket er det hest og sau.
Bnr 33/3 Nyheim 2,95 mark. Endre Eirikson Rosheim (1896–1981) gifte seg i 1929 med Anna Bendikdtr Handal (1901–1972) frå Hyllestad. Dei hadde ikkje born. Endre og Anna bygde opp nye hus på bruket. Etter dei slutta som gardbrukarar vart bruket i nokre år drive frå Espesete, men i 1985 vart det skøytt til Nils Ove Hove, sjå bnr 33/1.
Bnr 33/2 Nyteigen 0,25 mark vart skøytt til Elling Olason Brennene (1852–1935) i 1912, og var oppgjer for tenarløn som Elling ikkje hadde fått utbetalt. Staden vart først busett av han og systera Anna Oladtr Brennene (1847–1934) kring 1925. Før det budde «Brenne-Elling» på Brennene (mest jord under lnr 96 Fjærestad). Huset dei sette opp likna mest på eit sel. Det var fattigsleg hjå dei to. Det er sagt at dei hadde berre ei bytte. Ho vart brukt til mjølking, vasshenting og golvvask. Anna fekk årleg fattigstønad frå 1920. Staden har ikkje vore busett etter 1935. Eigedommen vart overteken av ei brordotter: Eli Ivardtr Brennene (1894–), gift til bnr 39/21 på Hatlekolo. Deretter overtok Harald Kristenson Hopperstad (1935–), sjå bnr 39/21 Hatlekolo.
Markus Beintson Rosheim gifte seg 1731 med Marta Anfindtr Hove frå lnr 73. Dei blir borte for oss.
Per Eirikson Rosheim (1822–) & 1854 Inga Bendikdtr Holstad (1823–) frå lnr 87 reiste til Amerika i 1854. Jon Eirikson Rosheim (1825–) fekk Brita 1850 (lnr 45b Turvoll) med Sigrid Nilsdtr Refsdal (1824–) frå plassen Brunnadn. Han gifte seg 1852 med Brita Oladtr Hopperstad (1825–) frå lnr 118 og dei reiste til USA i 1852.
Gyrid Ivardtr Undi (1830–1902) frå lnr 63 gifte seg 1854 med underoffiser Ola Jonson Hopperstad (1829–1854) frå lnr 120. Dei busette seg på prestegarden, men Ola døydde ved eit vådeskott. Sonen Ivar 1854 vart oppfostra på Rosheim. Han reiste til Amerika i 1874.
Marta Andersdtr Åsberget (1867–1949) frå ein plass under lnr 36 i Arnafjord sokn var utplassert med fattigstønad på Rosheim frå ca 1910. Ho var «tussete», men flink til å arbeida. Ho budde i eit rom i fjøset, seinare i same rom som kårkona Anna Kristendtr. Marta fekk Alfred (1894–1934) med Ola Alfson Nissestad. Alfred vart nokre få år oppfostra hjå Tollak Fidnabotn, så hjå Ola Olason Åse på bnr 15/6 under lnr 49 Åse i Vik. Alfred vart oppført som åndssvak, men var utan fattighjelp frå 14 års alder og var tenar på Åse.