Prestteigen - Midlang
Prestegarden Grov hadde frå 1600-talet ein del av Midlang. Innmarksarealet var delt på to området som vart kalla Prestteigen og Prestmyri. Prestmyri ligg inntil Balvoll. På 1800-talet kom det to husmannsplassar på Prestteigen. Dei vart kalla Nedre og Øvre prestteigplass. Deretter vart heile Prestteigen samla i eitt bruk.
Øvre Prestteigplass. Dei første på plassen var truleg: Johannes Ingebrigtson Balvoll (1803–1852) & 1832 Ingeborg Oladtr Fjøra (1810–1889) frå Sogndal med borna: Sigrid 1832, Kari 1835, Brita 1838, Ragnhild 1842, Ingebrigt 1847. Ingeborg var fødd på plassen Vetlehagen under Kvam, Hafslo. Ingeborg og Johannes vart gifte på same dag som far til Ingeborg vart attgift, ei uvanleg form for dobbelbryllaup! Fram til ca 1840 var Johannes og Ingeborg innerstar på Balvoll. På Øvre Prestteigplass var dei ca 10 år. Deretter kom dei til Vetleøyri s090, sjå meir om borna der. Enkja Ingeborg vart attgift til Veleøyri s188. Ho fekk fattighjelp i mange år. Men heile tida vart ho rekna som arbeidsfør.
Til denne plassen kom i 1850 Ola Hermundson Fjærestad (1815–1899) frå plassen Skorpehaugen & 1847 Brita Styrkdtr Vikøyri v930 (1816–1908). Dei fekk: Ingeborg 1845 (Vikøyri v588), Hermund 1848 (USA 1876), Jon 1850 (bnr 34/8 under lnr 96 Fjærestad), Anna 1852 (lnr 15a Bungane i Arnafjord sokn), Ola 1854 (USA 1875), Inga 1857–58, Ellend 1858 (lærar i Gran på Hadeland, hadde sonen Halfdan Millang som var el-sjef i Oslo). Denne plassen var stor, for i 1865 var det: 1,8 daa bygg, 1,4 daa potet, 3 storfe, 2 smalar og ein gris på plassen. Då Ola og Brita hadde plassen på livstid, dreiv sonen Jon plassen frå Fjærestad, der han var busett, frå ca 1890 til 1908. Deretter kom plassen inn under bruket Prestteigen, bnr 40/2.
Nedre Prestteigplass. Denne plassen vart busett av ein bror til Ola på Øvre Prestteigplass: Ola Hermundson Fjærestad (1805–1856?) frå plassen Skorpehaugen på Fjærestad. Han gifte seg 1834 med Åsa Oladtr Tenål (1808–1856) frå lnr 18 og dei fekk: Anna 1832, Hermund 1835–60 (døydde i Bergen av koppar), Botolv 1837 (handelskar i 1865 og då «logerende» på Brekke), Ragnhild 1840–56, Johanna 1843 (til USA før 1865?), Inga 1843 (sjå note). Ola hadde i tillegg Alis 1827 (Sortland i Nordland, så USA) med Marta Oladtr Hønsi på lnr 82. Anna 1832 fekk ein son Elling 1862 i Bergen med ein som heitte Ola. Ho vart spedalsk og guten vart i 1872 sett bort. Det skulle skje «paa bedste og billigste maade». Han kom til Ola Einarson Vikøyri v752. Men han må så ha blitt sendt ut av bygda, for i 1878 vart det gitt forpleiingsbidrag på kr 40,00 «under forudsetning af at gutten kan komme tilbage til Vik og blive indtegnet til konfirmation». No skulle han vera hjå Arne Olason Tenål. Anna var på spedalsksjukehus i Bergen frå 1872 under namnet Anna O. Præstteig.
Etter at Ola og Åsa døydde, hadde presten Hauge plikt på seg til å bygsla plassen bort på nytt slik at han framleis vart husmannsplass. Det ønskte han ikkje, og han skreiv difor bygslingskontrakt med Johan Adamson Rumohr Reutz Midlang (1831–1896) som var odelsgut på lnr 98. Johan gifte seg i 1856 med Anna Jondtr Holstad (1825–1905), og det kan tenkjast at dei budde i husmannsstova nokre år før dei overtok bruket på Midlang. Dei hadde rett til å driva plassen på livstid. Denne retten heldt dei fast på også etter at sonen Ellend hadde kjøpt heile Prestteigen. I prinsippet var dei altså husmannsfolk under sonen!
Inga Oladtr Prestteig (1843–) & 1870 Hans Olason Østerbø (1840–) frå Kyrkjebø fekk i Vik: Anna 1870. Dei reiste til USA 1871. Sonen Ole H. Olsen (1872–1954) var ei kort tid guvernør i Nord-Dakota.
Bnr 40/2 Prestteigen 1,57 mark. Ellend Johanson Midlang (1859–1922) frå lnr 98 kjøpte heile Prestteigen frå prestegarden Grov på auksjon i 1891. Same året gifte han seg med Anna Jondtr Hønsi (1862–1940) frå lnr 83b. Born: Johan 1891–92, Johan 1894, Brita 1898 (bnr 35/6 under lnr 100 Midlang). Ellend og Anna bygde stovehus på Prestteigen i 1906 og uthus i 1908. Husa kom truleg i det gamle tunet for Nedre Prestteigplass. Johan Ellendson Midlang (1894–1970) & 1923 Marta Sjurdtr Bø (1897–1984) frå lnr 101a Bø overtok bruket i 1927. Born: Ellend 1924, Sigurd 1926–2005 (hadde hus på bruket), Johan Reutz 1929 (Sogndal). Ellend Johanson Midlang (1924–2008) & 1955 Thea Haralddtr Balevik (1932–) frå bnr 61/3 under lnr 37 Hallsete i Arnafjord sokn fekk: Johan 1955, Gudveig Marie 1957 (Øvste Hopperstadmarki nr 7). Ellend overtok i 1957 og skøytte bruket vidare i 1991. Johan Ellendson Midlang (1955–) & 1978 Hildeborg Margrete Bentdtr Fridell (1959–) frå bnr 41/160 i Sjøtunvegen under Sjøtun fekk borna: Eivind 1978 (Stavanger i 2006), Elisabeth 1982 (Sogndal), Marianne 1985, Rebekka 1997. I 1999 vart bruket tillagt ein stor del av bnr 35/1.