Hagen-Bøadalen
Lnr (115a+120a+122c)b Sameigni = bnr 39/2 0,12 mark. I 1865 var det 0,4 daa bygg, 2,1 daa potet, ei ku og to smalar på plassen.
Namnet Sameigni tyder på at hopperstadbønder har hatt denne delen som sameige. Plassen var truleg busett frå ca 1822. Bendik Hansson Brekkehagen (1792–1862) & 1819 Brita Kristofferdtr Vikøyri v600 (1789–1882) fekk borna: Sigvor 1818 (sjå note), Hans 1821, Inga 1823 (Brekkehagen), Kristoffer 1827 (USA 1853), Elling 1830–31. Brita 1789 vart oppfostra i Øvstedal. Då Sigvor vart døypt, var mora på Vikøyri, og då vart det innført at ho var «et qvindemenneske som anden gang af samme Bendik ere besvangret». Men Bendik var den største syndaren, for han fekk i tillegg Hans 1819–19 med Anna Hansdtr Føli (1799–) frå lnr 21. Bendik var då dreng på Midlang. Då Hans 1821 vart fødd, var Bendik og Brita i Moane-Hove, slik at dei tidlegast kan ha kome til denne plassen i 1822. Brita Kristofferdtr døydde på Vikøyri og ho hadde då vore på legd frå 1871. Hans Bendikson Hagen (1821–1876) & 1851 Ingrid Oladtr Røysane-Sæbø (1827–1867) frå plassen Urdi overtok plassen frå ca 1855. Før det budde dei i Røysane. Born: Brita 1849 (sjå note), Kari 1851 (Vikøyri v614), Inga 1854 (USA 1883), Bendik 1857–1928 (Midtnes på Bale i Balestrand), Olina 1861–63 (døydde med stadnamnet Skjørvo). I 1864 og 1865 fekk Hans Bendikson fattigstønad, kanskje fordi både kona og mora var sjukelege. I 1884 var Kristen Jonson Hopperstad eineeigar av plassen, og han selde då Sameigni til Jon Jonson Espesete (1820–1899) som saman med kona Åsa Sjurdtr (1824–1911) brukte plassen som «kårbruk» for lnr 93b. I 1897 vart Sameigne skøytt over på Ola Jonson Fjærestad (1854–1920) frå lnr 95b. Han gifte seg 1887 med Anna Anfindtr Brekke (1857–1937) frå lnr 89 og dei fekk borna: Ingeborg 1887–1969 (ugift i Oslo), Marta 1890–1971 (ugift, Oslo og Stavanger), Jon 1892, Anfin 1895 (sjå lnr 124b nedanfor), Guttorm 1898 (sjå bnr 36/17 under lnr 103a Bø), Johanna 1902–94. Jon Olason Hagen (1892–1981) overtok småbruket og han og systera Johanna var på bruket. Deretter kom det inn under Hagen og husa er borte.
Sigvor Bendikdtr Hagen (1818–1907) var ugift og var tenestejente rundt om på gardane. I 1865 var ho såleis på Hallrynjo. I 1876 fekk ho fattigstøtte etter søknad frå Johan Reutz og då fekk han i oppdrag å passa på at pengane vart brukte til matkjøp. Frå og med 1880 kom ho på legd. Ho døydde på Vetleøyri.
Gravid jente Brita Hansdtr Hagen (1849–1883) vart drepen i Rjukangjelet den 7. januar 1883 av Ivar Andersson Espesete på lnr 93c.
Hagen under lnr 124 Hopperstad. Av skiftet etter Samson Gjestson (1698–1750) går det fram at han døydde som husmann i Hagen under Hopperstad. Han må ha vore son til Gjest Matiasson (1657–) som var innerst på Turvoll i 1701. Samson var gift med Ingeborg Endredtr (1682?–1756?) og hadde ein bror Matias (1700–1777) på Vikøyri v678. Samson og Ingeborg hadde ikkje arvingar etter seg, og det kom nye folk til plassen. I eit manntal frå 1763 finn vi at Helge med kone og sonen Endre var husmannsfolk på ein plass under Hopperstad. Det må vera i Hagen. Helge Palneson Bø (–1769) frå lnr 102 & Marta Johannesdtr Rosheim (–) frå lnr 94 fekk: Ola 1747–50, Endre 1749 og ei dødfødd gut i 1753. Palne Helgeson «Hopperstad», konfirmert 5 år før Endre, vart truleg ei annan son til Helge og Marta. Han blir borte seinare. Marta vart kalla «Nilsdatter» i skiftet etter Helge. Det er truleg ei feilskrift. Både Helge og Marta må vera fødde før 1716. Dei var truleg først på Midlang, for der vart Endre fødd. Då Endre 1749 gifte seg i 1789, var bustaden framleis Hagen. Endre kom så til ein husmannsplass under Tryti på Balvoll. I 1790 var Turid Oladtr Tryti (1730–1798) på plassen. Ho var enkje etter Johannes Guttormson Gildhus (1724–). Dei hadde drive lnr 105 Tryti, men alt i 1769 kom det ein ny leiglending på trytisbruket. Turid var det skifte etter i 1798. Før ho døydde må ho ha overlete plassen i Hagen til ein son som mannen hadde med første kona si. I buet etter henne var det over 100 riksdalar, og det var ikkje lite for å vera på ein husmannsplass. Det nye husmannsparet var: Ola Johannesson Tryti (1764–1845) frå lnr 105 & 1796 Kari Johannesdtr Hopperstad (1769–1854). Kari var frå lnr 124+125 og såleis dotter til bonden på bruket som plassen låg under. Born: Marta 1793 (truleg død før 1815), Ingeleiv 1795 (Vikøyri v876), Endre 1801–37 (var tenestedreng, fekk Kari 1824 med Lussi Tordtr Holstad, sjå note lnr 86 Holstad), Johannes 1806 (Trytisplassen på Balvoll), Steffen 1809–09, Inga 1811 (plass under lnr 10c på Brennene), Anna 1815 (plass under lnr 93a+c Espesete). Ei syster til Ola, Marta Johannesdtr Tryti (1761–1819), var ugift. Ho døydde i Hagen.
I 1852 vart lnr 124b 0,17 spd skøytt frå Johannes Olason Hopperstad til Elling Botolvson Skjørvo (1802–1872) frå lnr 112 og som busette seg på den tidlegare husmannsplassen. Elling hadde i 1834 gift seg med Mette Marie Johandtr Liljedahl (1808–) og huslyden hadde frå 1838 vore bygslingsbønder på lnr 112 Hopperstad til dei flytta til Hagen. Born: Katarina Dorothea 1832 (til Luster i 1852), Gitlaug 1834 (Luster), Botolv 1837–37, Johan Benjamin 1839, Botolv 1842–42, Botolv 1843–43, Gjertrud 1844 (Luster), Brita 1847 (USA 1871), Herman 1851 (USA 1870). Mette Marie døydde truleg hjå ei av døtrene sine i Luster. Johan Benjamin Ellingson Hagen (1839–1925) & 1864 Bryteva Nilsdtr Fjærestad (1837–1907) frå lnr 95c fekk borna: Elling 1863, Gjertrud 1866–1947 (ugift, heime), Nils 1868 (USA 1884), Marie 1869 (USA 1900), Botolv 1871 (USA 1895), Gitlaug 1871–71, Olina 1873–1962 (sjå note), Brita 1875 (USA 1896), Johan 1878 (sjå note), Johanna 1880 (Os i Hordaland). Småbruket hadde auka ved kjøp av jord. I 1886 eigde Johan Ellingson lnr 115b, 123b og 124b, til saman 0,25 spd. Dette vart omforma til bnr 40/3 0,39 mark. Elling Johanson Hagen (1863–1943) & 1887 Anna Oladtr Brekke (1856–1915) frå Ortnevik fekk 6 born: Brita 1888–91, Johan 1890 (USA 1910), Ola 1893–1930 (var gift med Astrid Båsen), Botolv 1896–1930, Brita 1898, Nils 1903–06. I år 1900 kom bnr 31/4 Nærrebøen-Tistel 0,16 mark inn under Hagen. Samla skyld for småbruket vart dermed 0,55 mark. Brita Ellingdtr Hagen (1898–1965) & 1924 Anfin Olason Fjærestad (1895–1978) frå Sameigni overtok i 1930. Born: Anna 1924–2003 (ugift, heime), Ola Asbjørn 1927, Erling 1931 (Arna). Ola Asbjørn Anfinson Fjærestad Hagen (1927–1992) & 1953 Olga Ivardtr Midlang (1934–) frå lnr 93b Espesete fekk skøyte på bruket i 1965. Born: Berit 1953 (Fetsund i Akershus), Arnfinn Erling 1955, Inger-Lise 1962 (lnr 34 Fosse). Arnfinn Erling Olason Hagen (1955–) & sb Bjørg Endredtr Ovrid (1958–) frå lnr 69 Ovri har Janne 1978 (bnr 97/28-3 i Tråna på Vangsnes), Asbjørn 1982, Morten 1988.
Gjertrud 1866 og Olina 1873 budde saman i ei stove i Hagen. Dei hadde det nok trongt økonomisk. Vi som var born omkring 1942 hugsar at Olina gjekk med storeklut når det var kaldt. Dette kleplagget var elles gått ut av bruk.
Gardsarbeidar Johan Johanson Hagen (1878–1960) & Gudrun Oladtr Dyrdal (1889–1980) frå Måren fekk borna: Johan 1913, Ola 1915, Borghild 1918, Birgit 1921, Marie 1923 (bnr 35/2 Midlang), Ingvald 1925, Einar 1927, Gerd Johanne 1933-2007 (hadde Down syndrom, budde på bnr 35/2 Midlang). Denne huslyden budde i eige oppsett hus i Hagen til dei flytta til Høyanger omkring 1926. Stova vart seld og sett opp att på Hopperstad. Johan og nokre av borna kom tilbake til Vik då Johan vart pensjonist ca 1942. Dei budde nokre år i «Vossastova», bnr 34/15 Brustad, ved skulehuset på Bøadalen. Deretter kjøpte dei eit gamalt hus med grunn i Bøatunet, bnr 36/18 under lnr 104, og bygde hus der.
Bnr 37/16 Tistelteigane-Tryti. Trytisbruk hadde eiga mellom Brekke og Tistel. I 1898 fekk Guttorm Jonson Fjærestad på Brennene tinglyst skøyte på bnr 37/16 0,16 mark. Dette var eit par teigar i området som hadde lege under lnr 108 Tryti. I 1916 selde Guttorm teigane til svigersonen Eirik Eirikson Tistel (1873–1959) frå lnr 91a. Han hadde i 1912 gift seg med Ingeborg Guttormdtr Fjærestad (1878–1957) frå Brennene-Fjærestad, lnr 97, og dei bygde først opp stovehus og deretter driftsbygning på bruket. Om lag 30 daa jord vart dyrka. Eirik og Ingeborg fekk Erling 1913. Erling Eirikson Tistel (1913–1974) & 1948 Ragnhild Johannesdtr Birkeland (1929–), Haukedalen, fekk fem søner, sjå under lnr 91a Tistel. I 1958 overtok Erling og Ragnhild også hovudbruket på Tistel, lnr 91a, men budde på dette småbruket til 1972. Bruket er no nedlagt som sjølvstendig driftseining, men vert drive saman med bnr 31/1 Tistel. Husa vart rivne i 1991.