Brennene
Nord for Rosheim ligg Hagateigane. Dei har vore trytiseige. Deretter kjem Furehaug i vest og Brennene mot Hopra. Båe områda er opphavleg fjærestadeige. Namnet Brennene kjem av at bøndene dreiv brennedyrking på området.
Plass under lnr 105c Tryti. På eit område av Hagateigane som grensar inn mot Brennene, fekk i 1838 Ola Nilsson Skjørvo (1808–1884) kontrakt på ein husmannsplass. Han var uekte son til enkjemann Nils Rolandson Tistel på lnr 92 og husmannsenkja Synneva Tomasdtr «Skjørvo» (1770–1838) på ein plass på Breidi under lnr 120 Hopperstad. Ola gifte seg i 1837 med Inga Oladtr Hagen (1811–1896) frå Hagen-Bøadalen og dei fekk: Nils 1836 (USA i 1855) og Marta 1838. Ola, Inga og Marta reiste til USA i 1857. Dei bruket etternamnet Brenno der borte.
Det kom nye folk i plasshusa, men med litt andre avgrensingar av plassen. Jon Olason Tenål (1826–) frå lnr 18 & 1851 Anna Jondtr Tryti (1825–) frå lnr 106 fekk borna: Ola 1850, Brita 1852, Jon 1855, Ragnhild, 1857, Ellend 1859, Synneva 1860–61 og Olina 1863. I kyrkjeboka er plassen dei budde på kalla «Brænden». Huslyden reiste til USA i 1864 og plassen vart nedlagt.
Sjurteigen, lnr 95e Fjærestad 0, 22 spd. Denne teigen vart kjøpt av Hermund Lasseson Bø (1802–1861) frå lnr 101 i 1854, og då han ikkje hadde nokon eigedom i Bø, er det grunn til å tru at han busette seg der. I dødsbuauksjon etter Hermund i 1863 gjekk teigen til Knut Botolvson Furehaug.
Brennene, lnr 97 Fjærestad
0,11 spd. Dette småbruket var først husmannsplass under lnr 95 Fjærestad, oppretta ca 1766. Husmann Torstein Jonson Midlang (1739–) frå lnr 98 & 1765 Unni Ellenddtr Hallrynjo (1735–1805) frå lnr 65 fekk borna: Jon 1765–65, Brita 1766–1844, Jon 1771, Synneva 1775–1841. Torstein døydde før 1801. Døtrene Brita og Synneva døydde på Brennene. I 1801 var ei syster til Unni, Alis 1736, også på plassen. Jon Torsteinson Brennene (1771–1825) & 1803 Ragnhild Hermunddtr Vikøyri v334 (1780–1833) fekk borna: Torstein 1806, Hermund 1810 (plass nr 2 Skulen-Grov), Unni 1818 (sjå note). I 1811 vart plassen på 0,04 laupar kjøpt frå Bendik Olason (Bidne) Fjærestad og kom inn som eige bruk i matrikkelen som lnr 97. Torstein Jonson Brennene (1806–1884) & 1835 Kristi Nilsdtr Skjørvo (1813–) frå lnr 111 fekk borna: Jon 1838, Anna 1842, Ragnhild 1845, Nils 1845–45, Ingeborg 1850. Huslyden reiste til USA i 1850. Bruket vart kjøpt av ungkar Ola Jonson Brekke (1807–1853). Han var tredje son til Jon Guttormson Tryti på lnr 88 Brekke og var spedalsk. Han kjøpte til lnr 95d Kvernhusgjelet 0,03 spd. I 1854 gjekk bruket ved auksjonsskøyte til broren Guttorm Jonson Brekke (1802–1867) frå lnr 88. Han hadde i 1850 gift seg med Brita Oladtr Hønsi (1818–) frå lnr 82 og dei fekk borna: Jon 1848–68, Brita 1851–66, Olina 1854, Ivar 1855, Ola 1858, Marta 1858. Av kyrkjeboka finn vi at Guttorm og Brita var komne til Brennene alt i 1851. Avtalen var truleg at dei skulle få driva småbruket mot at dei tok seg av den sjuklege Ola Jonson. I 1865 hadde Guttorm og Brita: 1,4 daa poteter, 1,9 daa blandkorn, 4 kyr, 15 smalar og 2 grisar på bruket. Sonen Jon skulle gifta seg med Gjertrud Botolvdtr Furehaug (1838–), men døydde. Dei fekk Guttorm 1867. Gjertrud med guten Guttorm budde på bruket på Brennene i 1875. Alle på småbruket reiste til USA i 1876. Lnr 95d og lnr 97 vart no samla til bnr 34/4 0,54 mark og Guttorm Jonson Fjærestad (1850–1937) frå lnr 95b & 1875 Ragnhild Endredtr Skjørvo (1851–1900) frå lnr 114b kjøpte bruket. Dei fekk borna: Jon 1874, Brita 1877 (USA 1901), Ingeborg 1879 (Hagen-Bøadalen, bnr 37/16), Birte 1882 (Tysse i Samnanger), Johanna 1885–86, Johanna 1887 (USA 1907), Endre 1880 (Canada 1911), Petra 1892 (Balvoll, lnr 116). I 1892 kjøpte Guttorm bnr 32/10 0,06 mark frå lnr 95b og i 1898 bnr 37/11 Tistelteigane 0,16 mark frå lnr 108 Tryti. Dette vart seinare bustad for Ingeborg 1879 og mannen Eirik Eirikson Tistel (sjå under Hagen-Bøadalen). Jon Guttormson Fjærestad (1874–1918) & 1898 Gyrid Ivardtr Refsdal (1873–1952) frå lnr 61 overtok bruket i 1916. Born: Guttorm 1898–98, Brita 1899 (lnr 17h Tenål), Ragnhild 1901–02, Guttorm 1903, Ivar 1906, Ragna 1913–99 (sjå lnr 17h Tenål). I 1909 fekk Jon kjøpt til bnr 37/18 Brennene 0,17 mark frå lnr 106. Jon 1874 var bygningsmann, men kom på anlegg i Høyanger. Der levde han på brødmat, fekk skjørbuk (vitamin C-mangel) og døydde av det. Guttorm 1903–29 gifte seg 1927 med Borghild Arnedtr Balvoll (1902–1996) og dei fekk: Bergljot 1927 (Engum i Kvamsøy sokn) og Guttorm 1929 (Raufoss). Guttorm 1903 omkom i eit snøskred i Dalbotn i 1929, og Borghild og borna vart buande på Balvoll. Enkja Gyrid skøytte bruket til sonen Ivar i 1936. Ivar Jonson Fjærestad (1906–1958) & 1947 Kari Johannesdtr Tryti (1920–) frå lnr 108a fekk borna: Brita Gudveig 1947 (bnr 37/41 under lnr 108a Tryti), Gerd 1948 (Korgen i Nordland), Jon Gunnar 1950, Jenny 1952 (Bærum i Akershus). Jon Gunnar Ivarson Fjærestad (1950–) & 1982 Berit Ottodtr Fosse (1955–) frå lnr 35a+34c tok over i 1988 og har: Elin 1984. Berit 1955 har òg bnr 7/4+5 Fosse.
Unni Jondtr Brennene (1818–1856) fekk Jon 1845 med Guttorm Botolvson Skjørvo (1822–1889) frå lnr 112. Ho fekk fattighjelp i åra 1851–55. Ho vart spedalsk og døydde på St Jørgen hospital i Bergen. Jon 1845 vart husmann i Skulen under Grov.
Brennene under lnr 96 Fjærestad
Under lnr 96 vart det midt på 1800-talet oppretta ein husmannsplass på Brennene. Ca 1850 kom Ola Nilsson Skjørvo (1817–1875) frå lnr 111 & 1847 Gjertrud Oladtr Bø (1817–1909) frå lnr 102. Born: Anna 1847, Ola 1849 (USA 1870), Elling 1852, Nils 1854 (USA 1876), Ivar 1857. Ola hadde òg Nils 1848 med Gjertrud Nilsdtr Midlang, sjå lnr 98. I 1865 var det: 1,1 daa poteter, 0,9 daa blandkorn, 1 ku og 7 smalar på plassen. I 1874 vart det sjølveigarplass ved at Elling fekk kjøpt lnr 96b 0,40 spd. I 1883 fekk Elling kjøpt til lnr 96d 0,31 spd. Dei to einingane vart seinare omforma til bnr 34/6 0,52 mark og bnr 34/8 0,14 mark. I 1899 kom også bnr 34/13 0,15 mark av Furehaug inn under bruket, slik at samla skyld vart 0,81 mark. Elling Olason Brennene (1852–1935) sat som eigar av bruket til 1900, då han selde til broren Ivar. Elling fekk skøyte på lnr 99c Holene-Midlang, men han flytta aldri dit, og han og systera Anna vart buande i ei lita og dårleg stove på Brennene. Elling fekk kjøpt bnr 33/2 Nyteigen under Rosheim. Dit flytta Elling og Anna kring 1925. Ivar Olason Brennene (1857–1948) & 1891 Brita Hansdtr Mundal (1861–1941), husmannsdtr frå Fjærland, fekk borna: Ola 1892 (Fana), Eli 1894 (bnr 39/21 på Hatlekolo), Hans 1896, Gjertrud 1897–1904, Sigurd 1901 (Kristiansand). Brita var halvsyster til Hans Larsson Mundal på lnr 105b Brekke. I åra 1893–1900 eigde og budde Ivar og Brita i «Vossastovao» (bnr 37/15) ved skulehuset på Bøadalen (sjå under Balvoll). Hans Ivarson Fjærestad (1896–1981) & 1932 Johanna Guttormdtr Bø (1898–1990) frå lnr 102a overtok bruket på Brennene. Dei hadde ikkje born. Jon Olav Endreson Bø (1938–) frå lnr 102a & 1966 Borghild Knutdtr Fenne (1945–) frå Voss overtok i 1980. Born: Lillian 1966 (Voss), Gunn 1969 (Voss), Kjell Einar 1973. I 1997 overtok Jon farsgarden bnr 36/3 Bø og Jon og Borghild flytta dit. Kjell Einar Jon-Olavson Bø (1973–) & 2002 Anne Irene Perdtr Djønne frå Kinsarvik i Hardanger overtok 01.01.2004. Dei har: Ole Kristian 2002.