Brekke
Brekke (brekkao): Brecko (1410), Brecke (1603, 1611, 1647, 1667), Breche (1723), Brekken (NG), Brekke (1838, 1863, VIK).
I 1601 var brukarane: Jon, Eirik og Tørris, i 1611 Lasse og to med namnet Jon, i 1635 ei enkje, Rognald og Sjur. I 1645 finn vi Palne med kona Brita Johandtr og Styrk med Randi. I 1647 eigde og dreiv soknepresten Knut Glad eit stort bruk på Brekke, og i tillegg finn vi Palne og Styrk. I 1667 var brukarane Ola Bendikson, Palne Eirikson og Fredrik Botolvson. I 1685 var det også tre brukarar: Eirik, Ola og Johannes. I 1701 finn vi: Ola Bendikson, Anders Olason og Johannes Palneson. I 1711 var Bendik og Guttorm på eitt bruk, Anders på eit anna og Johannes på eit tredje. I 1718 og 1723 var dei tre brukarane: Bendik, Anders og Endre.
Vi ser at alt frå først på 1600-talet var det blitt tre gardsbruk på Brekke. Bruka låg truleg i kvart sitt tun.
Lnr 88 Brekke
+ lnr 105b 6,38+1,17 spd. Sjølveigd bruk. Skyld: 1,75 laupar i 1647, 1,57 laupar i 1667, 2,29 laupar i 1723 og 1788, og etter frådeling av lnr 105a: 1,83 laupar i 1838.
Dette bruket vart kalla Nedre Brekke, og det var det klart største på namngarden. Det er uklart kven av dei tre brukarane først på 1600-talet som sat på dette bruket, men i 1645 må sokneprest Knut Glad ha blitt eigar og brukar. Han må ha drive dette bruket i tillegg til prestegarden Grov. Den neste brukaren, Ola Bendikson Bolstad (1638–1705) frå Kvamsøy sokn, må etter 1657 ha kjøpt bruket av presteenkja Maren Mule. Han må ha vore ein velhalden mann. Dessutan gjorde han eit godt gifte: Ragnhild Tordtr Ovri de (–1698) frå lnr 67+68. Ragnhild og Ola hadde 7 born som vi veit om og som vart godt plasserte i bygda: Bendik 1666, Tor 1668 (lnr 48+49 Åse), Elling 1676 (lnr 103 Bø), Brita 1677 (lnr 122 Hopperstad), Kari 1680 (lnr 115+116 Hopperstad), Synneva 1681 (lnr 10 Seim), Guttorm 1683 (lnr 93 Espesete). Bendik Olason Brekke (1666–1743) gifte seg med Sigrid Andersdtr Tenål (1681–1733) frå lnr 13 og dei fekk: Ragnhild 1709 (lnr 189+190 Vangsnes) og Ola 1711. Ragnhild 1709 gifte seg med Ola Person Stedje, som vart lensmann på Vangsnes. I 1738 gifte Bendik seg opp att med den nærslekta Randi Bendikdtr Ovri (–), enkje på lnr 64 Stedje. Dei hadde ikkje born. Som faren var Bendik ein mektig og rik mann i bygda, noko som viser seg ved at han vart bygdelensmann. I Bendik si eigartid auka matrikkelskylda på bruket. Eiga må vera kjøp av jord frå Hopperstad i Hagen eller frå Tryti i same området. Ola Bendikson Brekke (1711–1776) & 1733 Brita Jondtr Tryti (1714–1796) frå lnr 108 var nærskylde og måtte ha kongeleg løyve for å gifta seg. Dei hadde borna: Sigrid 1734, Barbra 1736 (lnr 101 Bø), Bendik 1740–40, Gjertrud 1742 (lnr 96 Fjærestad), Bendik 1745–50, Jon 1749–49?, Brita 1750 (lnr 10 Seim), Brita 1752–62. Sigrid Oladtr Brekke (1734–1799) & 1756 Ola Ingebrigtson Hove (1720–1791) frå lnr 71 var først leiglendingar på storbruket lnr 71 Hove, og der vart borna fødde: Bendik 1757–59, Synneva 1759, Ingebrigt 1767–67?, Brita 1769, Ragnhild 1772. Omkring 1776 overtok Sigrid og Ola halve bruket på Brekke, og etter at enkja Brita døydde, tok dei over også den andre halvparten. Ragnhild 1772 gifte seg til lnr 105 Tryti. Som bryllaupsgåve fekk ho gardparten Vomb på 0,40 laup. Denne gardparten fekk seinare lnr 105b 1,17 spd = bnr 37/2 Tryti 1,33 mark. Sjølve hovudbruket fekk lnr 88 Brekke 6,38 spd. Son til Sigrid og Ola, Ingebrigt 1767, må ha døydd liten. Det var difor den eldste dottera som hadde odelsrett. Synneva Oladtr Brekke (1759–1841) & 1787 Johannes Guttormson Tryti (1760–1826) frå lnr 107 overtok bruket, men i 1795 flytta dei til lnr 94 Rosheim og overlet bruket på Brekke til: Brita Oladtr Brekke (1769–1821) & 1795 Jon Guttormson Tryti (1762–1839) frå lnr 107. Brita og Jon hadde borna: Sigrid 1795 (først lnr 108 Tryti, så lnr 94 Rosheim), Ingebrigt 1797, Anna 1799 (lnr 101 Bø), Guttorm 1802 (lnr 97 Brennene), Ola 1804–05, Ola 1806–06, Ola 1807 (lnr 97 Brennene), Bendik 1810 (lnr 88b), Ola 1812 (lnr 88a), Brita 1815–15. Enkjemannen Jon Guttormson gifte seg på nytt i 1822 med Ragnhild Endredtr Voll (1756–1841) frå lnr 81, enkje på lnr 25 Stadheim. Dei hadde ikkje born. Jon og sonen Ola 1807 vart spedalske. Smitten kom frå lnr 107 Tryti. I skiftet etter Brita Oladtr i 1821 vart eiga i bruket delt. Sønene fekk like delar og Jon Guttormson og dei to døtrene hans fekk om lag halvparten av det sønene fekk. I staden for pant i bruket vart dette gjort på ein «gamaldags» måte ved at dei alle vart partseigarar, slik at Jon Guttormson, og seinare sonen Ingebrigt, i stor grad vart leiglendingar under syskena til Ingebrigt. Ingebrigt Jonson Brekke (1797–1851) & 1833 Kari Nilsdtr Fjærestad (1807–1841) frå lnr 96 fekk borna: Brita 1834 (lnr 120 Hopperstad), Ingrid 1836–36 og Ingrid 1838 (sjå note lnr 95a Furehaug). Dessutan hadde Ingebrigt sønene Ingebrigt 1825 (sjå note) og Mikkel 1829–29? med Katrina Guttormdtr Vetleøyri s103 (1799–1834). Ingebrigt Jonson vart attgift 1845 med Berit Nilsdtr (1818–1857) frå plass under Kvien, Vestre Slidre i Valdres. Dei fekk borna: Marta 1843 (USA 1861), Gjertrud 1845–45, Nils 1846 (USA 1861), Jon 1848 (USA 1861). Det gjekk ille for Ingebrigt Jonson. Kanskje var det fyll som var problemet, for alkoholmisbruk var i perioden med fri brennevinsbrenning ei vanleg årsak til at bønder måtte gå frå bruka sine. I skiftet etter første kona vart bruket utlagt til eldste dottera, og Ingebrigt og Brita vart husmannsfolk under bruket, kanskje i eit hus i tunet. Etter at Ingebrigt døydde, måtte fattigkommisjonen ta seg av borna. I 1853–57 var dei plasserte hjå Per Ivarson Midlang. I 1858–60 var Nils 1846 hjå Eirik Ellendson Brekke, og i åra 1858–61 var Jon 1848 hjå Arne Balvoll. Deretter måtte dei greia seg sjølve. Brita 1835 overtok den eiga som syskena til faren hadde i bruket. Men ho var godt gift til ei bruk på Hopperstad og var neppe interessert i å overta på Brekke. Lnr 88 vart ved auksjonsskøyte i 1846 selt i to like partar til dei to farbrørne hennar: Bendik 1810 og Ola 1812. Men delinga må ha skjedd tidlegare, for alt ved teljinga i 1845 finn vi at bruket var delt i lnr 88a og lnr 88b.
Ingebrigt Ingebrigtson Brekke (1825–) vart kanskje oppfostra på Brekke etter at mora døydde. Han gifte seg 1854 med husmannsdtr Johanna Larsdtr Ådlane (1822–) frå Arnafjord sokn. Dei fekk Jon 1853 og reiste til Amerika frå Brekke i 1854.
Lnr 88a Brekke 3,19 spd = bnr 30/1 = 4,84 mark. I 1845 var det 3,2 daa potet, 10,3 daa korn, 2 hestar, 11 storfe, 35 vinterfôra smalar og 2 svin på bruket.
Ola Jonson Brekke (1812–1900) gifte seg i 1844 med Marta Jondtr «Tistel» (1814–1855), oppvaksen på lnr 19 Føli. Om foreldra til Marta: sjå note lnr 82 Hønsi. Born: Jon 1844, Marta 1849, Brita 1853–53. Ola gifte seg opp att 1857 med Anna Nilsdtr Vange (1805–1875) frå lnr 6 og enkje på lnr 104 Bø. Dei hadde ikkje born. Husmannsplassen Brekkehagen under Hopperstad vart i 1864 kjøpt av husmannen, Roland Guttormson. I skiftet etter kona hans, Inga Bendikdtr Hagen, i 1866 vart plassen selt til Ola Jonson Brekke, slik at lnr 122d 0,22 spd = 0,39 mark kom under dette brekkebruket. Bnr 30/1 vart dermed auka til 5,23 mark. Jon Olason Brekke (1844–1916) & 1869 Marta Helgedtr Føli (1845–1928) frå lnr 19 fekk borna: Helge 1867, Ola 1870. Jon fekk skøyte på bruket i 1868, men i 1874 reiste huslyden til USA, og bruket vart skøytt til Marta Oladtr Brekke (1849–1909) & 1872 Ivar Olason Midlang (1845–1875) frå lnr 99c. Born: Ola 1872 de, Ola 1872 dy (USA 1891), Jon 1874 (lnr 122d Brekkehagen). Vi ser at Ola de og Ola dy var tvillingar. Det medførde at dei gjekk under namnet «Størsten» og «Minsten». Ivar Olason døydde i ein tyfusepidemi. Det gjorde og ei av systrene hans, Ragnhild 1857. Ola Ivarson Brekke de (1872–1941) & 1901 Anna Oladtr Midlang (1877–1954) frå lnr 100 overtok bruket. I 1910 selde dei frå bnr 30/6 Resheim 1,58 mark til Jon 1874. Ny skyld bnr 30/1 3,65 mark. Ola og Anna var barnlause. I 1932 overlet dei difor bruket til Martha Jondtr Brekke (1910–1995) & 1929 Endre Jonson Fjærestad (1902–1987) frå lnr 95b. Martha var dotter til Jon Ivarson på bnr 30/6. Born: Borgny 1929 (Vollareina, bnr 27/9), Bergljot 1932 (sjå note Skulen-Grov), Jenny 1934 (Prestvegen 26, Prestberget), Olga 1936 (lnr 123 Hopperstad), Olav 1940, Jofrid 1942 (Søreide i Bergen). Olav Endreson Fjærestad Brekke (1940–) & 1979 Eli Torvalddtr Samdal (1956–) frå Fana tok over i 1973. Born: Einar 1979 (heime), Tore 1981 (Sogndal). Einar Olavson Fjærestad Brekke (1979–) overtok bnr 30/1, 30/6 og 39/23 i 2007.
Lnr 122d Brekkehagen. I 1865 var det 1,8 daa korn, 2,3 daa potet, 3 kyr, 16 smalar og ein gris på denne plassen og som då var blitt småbruk.
Under lnr 88 Brekke vart det tidleg på 1700-talet oppretta ein husmannsplass i Hagen. To personar som døydde i 1733 hadde såleis adressenamnet Brekkehagen: Inga 1663 og Hermund 1716. Inga var nok mor hans, og faren heitte Botolv. Botolv og Inga kan altså ha vore husmannsfolk i Brekkehagen. I 1731 vart gravlagd «en gamel pige fra Brekke» Sigrid Botolvdtr, 55 år. Det kan ha vore ei dotter til Botolv Brekkehagen. Det kom nye folk til plassen. I 1727 var «Tolleif Hagens hustru Guri» fadder på ein unge og i 1735 døydde husmann Tolleif Brekke (1680–1735). I 1701 var Tolleif Olason dreng på Holstad, og sjølv om han då vart oppgitt å vera fødd i 1684 er nok dette same karen. Guri og Tolleif hadde ei dotter, Kari 1727–41. I 1736 gifte enkja Guri Jondtr Brekkehagen (1682–1765) seg på nytt med Sjur Johannesson Vikøyri v458 (–1769). I 1763 var òg Ingeborg 1727, ei syster til Sjur, på plassen. Enkjemannen Sjur var det skifte etter i 1769. Han hadde ikkje born etter seg, men tre sysken, sjå Vikøyri v458. Då Guri døydde, fekk ho tittelen «daneqvinde» og det var uvanleg for husmannskoner.
Til plassen kom Hans Lasseson Bø (1767–1827) frå lnr 101 & 1792 Inga Hermunddtr «Gildhus» (1763–1845). Gildhus var tenaradresse. Inga vart fødd på Vikøyri med snikkar Hermund som far. Vi trur det er Vikøyri v330. Hans og Inga fekk: Bendik 1792 (Sameigni, Hagen-Bøadalen), Marta 1794 (Seimsøyri s194), Lasse 1796 (plassen Urdi i Røysane-Sæbø), Brita 1798 (plass under lnr 1 Tveit i Vangsnes sokn), Marita 1798–1827 (ugift), Hermund 1800–39 (ugift), Barbra 1803–28 (ugift). Inga hadde frå før Marta 1789 (død før 1801) med Ola Arneson Bø dy frå lnr 102. Hans hadde Anders 1791 (død før 1801) med Randi Andersdtr Vikøyri v038 (1756–1823). Inga gifte seg opp att 1827 med Ola Steffenson Brekke (1793–) frå lnr 89 og dei var busette på plassen. Enkjemannen Ola reiste til USA i 1854. Kanskje vart plassen i dei følgjande åra busett av born av Inga. Men det veit vi ikkje noko sikkert om. Plassen kom truleg inn under lnr 122b Hopperstad under storutskiftinga som vart avslutta i 1863. Roland Guttormson Vikøyri v254 (1816–) & 1863 Inga Bendikdtr Hagen (1823–1866) frå plassen «Sameigni» under Hagen-Bøadalen busette seg på plassen som husmannsfolk. Roland var av Tistel-ætt. Roland og Inga hadde ikkje born. Roland fekk skøyte på lnr 122d Hopperstad i 1864. Det var plassen han var på. Men etter at Inga døydd i 1866, vart plassen skøytt til Ola Jonson Brekke på lnr 88a, og Roland reiste til USA. Husa vart truleg selde for seg og rivne, for på eit utskiftingskart frå 1878 er det ikkje hus på staden. Staden kom direkte under lnr 88a (bnr 30/1).
Bnr 30/6 Resheim (Hagen) 1,58 mark er truleg nokså identisk med lnr 122d. Jon Ivarson Brekke (1874–1963) frå lnr 88a reiste i 1893 til USA, men kom tilbake og gifte seg i 1910 med Brita Oladtr Midlang (1887–1980) frå lnr 100. Dei bygde opp småbruket Resheim. Husa ligg ca 100 m aust for det gamle husmannstunet. Born: Martha 1910 (lnr 88a Brekke), Agnes 1914 (Navarsete i Sogndal), Ida 1917, Olga 1919 (sjå bnr 30/13). Ida Jondtr Brekke (1917–1996) overtok bruket. Ho gifte seg 1961 med Anders Nilsson Vange (1912–1986) frå lnr 5. Dei hadde ikkje born. I 1983 gjekk småbruket tilbake til hovudbruket.
Bnr 30/13 Jonsstad, 0,05 mark. Denne parsellen vart frådelt bnr 30/6 i 1962 og Olga Jondtr Brekke (1919–1964) & Bjarne Magdalon Haglund (1917–1998) frå Solvorn sette opp hytte. Dei budde i Årdal. Bjarne vart attgift: sjå bnr 38/10 under Hatlekolo. I 1976 fekk Jon Bjarneson Haglund (1958–) skøyte. Han bygde hus i 1986. Jon gifte seg 1984 med Tove Lislelid (1962–) frå Årdal og dei har borna: Lene 1983, Joakim 1986, Simen 1998. Dei vart skilde i 2004 og Tove har flytta til bnr 1/230 på Skulejordi-Sæbø.
Lnr 88b Brekke 3,19 spd. I 1845 var det 3,2 daa potet, 10 daa korn, 1 hest, 10 storfe, 37 smalar og 5 overvintra svin på bruket.
I 1849 fekk Bendik Jonson Brekke (1810–1862) frå lnr 88 auksjonsskøyte på dette delbruket, men han hadde drive det frå 1841. Bendik gifte seg 1845 med Ragnhild Jondtr Espesete (1816–) frå lnr 93. Born: Jon 1844, Jon 1846, Botolv 1850. Bendik og Ragnhild kjøpte lnr 93c Espesete, kom deretter til småbruket lnr 105b Vomb på Brekke og så til lnr 18b1 Flete i Arnafjord. Bruket vart i 1849 kjøpt av Lars Sjurson Hønsi (1816–1864) frå lnr 83 & 1844 Kari Mikkeldtr Brekke (1820–1889). I 1854 vart lnr 88c Brekkemyri 0,08 spd skilt frå til lensmann Aarestrup. Ny skyld lnr 88b 3,11 spd = bnr 30/2 4,79 mark. Lars og Kari flytta til lnr 90, som Kari var frå, og bruket vart i 1854 skøytt til Ivar Jonson Hove (1822–1907) frå lnr 76 & 1852 Mari Tollakdtr Seim (1826–1860) frå lnr 9. Men Ivar og Mari hadde neppe godt nok økonomisk grunnlag for å overta og driva ein så stor driftseining som dette bruket, og i 1856 vart det skøytt vidare til ein aurlending. Sjå meir om Ivar med huslyd i note under lnr 76 Hove. Eirik Ellendson Tokvam (1827–1866) & 1857 Mette Oladtr Melhus (1831–1913), båe frå Aurland, fekk: Ingeborg 1858 (lnr 108 Tryti), Tora 1861–61, Ellend 1862. Då Eirik og kona kom til Vik, var foreldra til Eirik med: Ellend Eirikson Tokvam (1796–1866) & 1826 Ingeborg Torsteindtr Melhus (1793–1889). Både Eirik og far hans døydde i ein tyfusepidemi. I skiftet etter Eirik i 1867 fekk den 5 år gamle sonen Ellend heimel til bruket. Mette Oladtr gifte seg på nytt 1867 med Arne Olason Hopperstad (1831–1896) frå lnr 115. Dei fekk: Tora 1867–67, Ola 1871–73, Ola Andreas 1872 (Bergen). Mette og Arne styrde bruket inntil Ellend Eirikson Brekke (1862–1943) tok over omkring 1887. Han gifte seg 1887 med Olina Endredtr Rosheim (1862–1944) frå lnr 94 og dei fekk: Marta 1888 (bnr 38/9 Hatlekolo), Eirik 1890, Gyrid 1892 (lnr 112 Skjørvo), Endre 1895 (bnr 30/8 under lnr 88b), Arne Johan 1896–97, Arne 1898 (sjå under lnr 31b Ådlane i Arnafjord sokn), John 1900 (bnr 4/31 under lnr 18b Tenål), Olav 1903–2001 (ugift, bnr 41/53 i Villastrøket-Sjøtun), Ivar 1905 (bnr 41/50 Villastrøket-Sjøtun). Eirik Ellendson Brekke (1890–1965) & 1920 Anna Oladtr Stadheim (1892–1981) frå lnr 28c tok over bruket i 1921. I 1925 vart det frådelt bnr 30/8 Myrland 1,60 mark. Ny skyld bnr 30/2 3,19 mark. Anna og Eirik fekk: Olina 1923. Dei fostra dessutan opp Helge 1941 Seehus Brekke, som kom til bruket under krigen som utplassert bygut. Om Helge: sjå Nedste Hopperstadmarki nr 14. Olina Eirikdtr Brekke (1923–) & 1955 Per Johannesson Bøthun (1924–1995) frå Fresvik fekk: Edvin 1955, Johannes 1957 og Arne 1962 (Kaupanger). Per dreiv bruk i Fresvik og Olina var på Brekke så lenge foreldra levde. Anna skøytt bruket til eit barnebarn. Edvin Person Bøthun (1955–) bur i Dale i Sunnfjord og i 1988 vart bruket skøytt til Johannes Person Bøthun (1957–) & 1996 Laila Oladtr Nesse (1963–) frå lnr 33a Valsvik i Arnafjord sokn. Born: Maria 1989, Eirik 1992, Anders 1994–98, Olav Andreas 2000. Bruket er ikkje i drift.
Bnr 30/8 Myrland 1,60 mark. Endre Ellendson Brekke (1895–1984) frå lnr 88b & 1923 Marta Oladtr Tryti (1896–1970) hadde dette bureisingsbruket. I tillegg til Myrland eigde dei barndomsheimen til Marta: bnr 34/15 på Balvoll. Born: Erlend 1924, Margit 1927. Erlend Endreson Brekke (1924–1985) og Margit overtok i 1970. Dei var båe ugift. Margit Ellenddtr Brekke (1927–) heldt fram med drift av småbruket til 1998.
Lnr 105b Vomb 1,27 spd. Dette delbruket vart skilt ut frå lnr 88 som bryllaupsgåve til Ragnhild Oladtr Brekke (1772–1849?) frå lnr 88. Det kom dermed inn under lnr 105 Tryti. Truleg på grunn av sjukdom kom bonden på Trytis-bruket i økonomiske vanskar og skøytte i 1839 Vomb over til Adam Reutz (Sæbø) og Ola Nilsson Sæbø. Desse kapitalsterke personane hadde kanskje pant i bruket frå før. Deretter skøytte Ola sin del over til Adam. Men Adam Reutz hadde neppe interesse av å driva bruket, og i samband med at han kjøpte storbruket lnr 71 Hove av Jon Person Hove, selde han lnr 105b til Jon. Men Jon med huslyd reiste til USA i 1844, og han skøytte difor bruket vidare same året til Jørgen Gulbrandson Ellestad (1819–1909) frå Vestre Slidre. Jørgen gifte seg 1845 med Brita Perdtr Vange (1819–1852) frå lnr 5. Born: Nils 1843–44, Nils 1845, Gulbrand 1848–48, Kristoffer 1850–50. I 1852 gifte Jørgen seg på nytt med Kristi Larsdtr Juvik (1827–1891) frå lnr 6 og dei fekk: Brita 1855–55, Lars 1856–58. I 1857 gjorde Jørgen gardabyte med Bendik Jonson Brekke, som var på lnr 93c Espesete, men slik at det var sonen Nils 1845 som fekk skøyte på bruket på Espesete. Men alt i 1857 reiste Jørgen og Nils Ellestad til USA. Kristi vart ikkje med. Men før han reiste, hadde Jørgen kjøpt tilbake Vomb. Kristi Larsdtr Juvik (1827–1891) vart dermed småbrukar. I samband med gardsalet i 1857 vart eit marka- og liastykke, lnr 105e 0,10 spd, skilt frå til Ingebrigt Arneson Balvoll og småbruket lnr 105b fekk stølsrett på Målsete. Ny lnr 105b 1,17 spd = bnr 37/2 1,35 mark. Kristi dreiv i 1865 bruket med ei tenestejente. I 1876 vart bruket skøytt til Hans Larsson «Mundal» (1844–1933), men Kristi vart truleg buande der til ho i 1891 reiste til USA. Ho døydde på reisa. Hans var fødd i Gildhus i Vik, men oppvaksen på ein plass i Mundalsskreda i Fjærland, sjå under husmannsplassen i Gildhus. Hans gifte seg 1874 med husmannsdtr Brita Oladtr Mundalssva (1844–1931) og dei fekk borna: Lars 1875–1931, Ola 1877 (USA 1897), Eli 1880 (lnr 8c Vange), Anders 1882–82, Marie 1883, Johannes 1885–1916. I 1919 vart bruket skøytt til Marie Hansdtr Brekke (1883–1973) & 1916 Lars Olason Lilleøren s176 (1886–1956) frå Vetleøyri. Marie hadde Astrid 1904 med Ivar Olason Fjærestad (1884–) frå lnr 96e Skorpehaugen. I 1927 vart bruket skøytt til Astrid Ivardtr Brekke (1904–1998) & 1926 Andreas Johannesson Tryti (1896–1983) frå lnr 106. Dei budde i Vomb til 1946 då dei flytta til Tryti der Andreas alt i 1931 hadde fått skøyte på lnr 106a = bnr 37/4. Dei dreiv deretter Vomb frå Tryti. Bruket er ikkje busett i dag.
Lnr 89 Brekke
3,14 spd. Eigar i 1647: Apostelkyrkjegodset, i 1723 Anna Finde. Sjølveige frå 1836. Skyld: 0,75 laupar i 1647, 0,92 laupar 1667, 1,17 laupar i 1723, 1788 og 1838. Data for 1845: 2,8 daa potet, 13,5 daa korn, 3 hestar, 10 storfe, 21 smalar og 3 svin.
Bruket var det klart minst på Brekke kring 1650. Her sat ca 1670 Fredrik Botolvson (1615–) med sønene Endre 1645 og Lasse 1657. I 1701, 1711 og 1723 finn vi Anders Olason (1665–1738) på bruket. Han var først gift med ei enkje som hadde mange born, og deretter med Brita Botolvdtr Skjørvo (1672–1734) frå lnr 114 og dei hadde: Guri 1704–34, Ingebrigt 1706, Ola 1707 (lnr 86 Holstad), Sigrid (lnr 87 Holstad), Frik 1713–34, Kari 1716 (lnr 18 Tenål). Kona Brita og Frik vart gravlagde på same dag og Guri litt seinare. Det må ha vore ein smittsame sjukdom. Ingebrigt Andersson Brekke (1706–1741) & 1734 Ragnhild Knutdtr Åse-Arnafjord (1705–1754) frå lnr 35+36 fekk borna: Brita 1735 (Balvoll, lnr 116), Kari 1739 (lnr 104 Bø), Sigrid 1742 (konfirmert 1759 med stadnamnet Sylvarnes, gift 1762 til Brekke i Ortnevik). Ragnhild gifte seg på nytt i 1742 med Ola Steffenson Holane (1713–1780) frå lnr 17 i Arnafjord sokn. Dei fekk Gjertrud 1744 (konfirmert 1760, deretter borte). Ola Steffenson gifte seg oppatt 1756 med Anna Oladtr Dale (1736–1763) frå lnr 23 i Arnafjord sokn og dei fekk Ragnhild 1752 (lnr 71 Hove). Tredje giftarmålet hans var i 1764 med Synneva Nilsdtr Fjærestad (1735–1769) frå lnr 96. Dei fekk ikkje born. Ola døydde etter å ha blitt skubba utfor ei bru, står det i kyrkjeboka. Neste leiglending var Steffen Jonson Holstad (1754–1809) frå lnr 85. Han var systerson til Ola Steffenson. Steffen gifte seg 1779 med Gunhild Oladtr Øvstedal (1752–1810) frå lnr 44 og dei fekk: Synneva 1779–82, Torbjørg 1781 (lnr 31 Stadheim), Jon 1783, Synneva 1786 (sjå note lnr 189 Vangsnes), Durdei 1787–92, Brita 1790 (plassen Bleiehaugen under lnr 72 Hove), Ola 1793 (Brekkehagen under lnr 88). Jon Steffenson Brekke (1783–1850) & 1810 Durdei Endredtr Stadheim (1781–1841) frå lnr 24 fekk borna: Steffen 1811–48 (ugift), Gunhild 1815 (konfirmert 1830, deretter borte), Sigrid 1820–20. «Steffo-Jo» var med i mange tvilsame saker. Det er sagt at han slo i hel kona si med ei pikka, men om han vart straffa for drap er usikkert. Han døydde på tukthus i Bergen. Då sat han inne for tjuveri. Bruket vart i 1828 kjøpt av Johannes Anfinson Seim (1794–1854) frå lnr 9. Jon Steffenson hadde bygslingskontrakt på livstid. Dermed kunne ikkje Johannes overta straks, og borna hans vart alle fødde på Hopperstad. Huslyden var der innerstar. Dei flytta til Brekke tidlegast i 1836. Johannes gifte seg 1821 med Johanna Oladtr Hopperstad (1794–1872) frå lnr 125 og dei fekk: Anfin 1821, Ola 1826–26, Anna 1828–28, Anna 1831–31, Ola 1835 (lnr 106 Tryti). I 1852 vart tilkjøp lnr 105c Tryti. Ny skyld lnr 89 3,41 spd. Anfin Johannesson Brekke (1821–1904) & 1855 Marta Guttormdtr Tryti (1827–1891) frå lnr 107 hadde: Johannes 1855, Anna 1857 (Sameigni under Hagen-Bøadalen), Johanna 1860–60, Guttorm 1862 (lærar, budde i Gildhus), Johanna 1865 (sjå lnr 114 Skjørvo og note lnr 107 Tryti), Olav 1869 (lærar i Jordalen, Brevik, Drammen og lengst i Oslo). Anfin hadde dessutan Anna 1852 (lnr 43a Myrkaskog) med Sigrid Sjurdtr Hopperstad (1816–1892) frå lnr 119. (Sigrid vart busett på Espesete, sjå note lnr 93b.) I 1870 vart bruket frådelt lnr 105e Tryti 0,10 spd (eitt jordstykke og støls-, og hamnerettar over Hagateigane som gjekk til Ingebrigt Balvoll.) Ny skyld bnr 30/4 4,74 mark. Johannes Anfinson Brekke (1855–1937) & 1885 Marta Jondtr Hønsi (1864–1947) frå lnr 83b fekk 15 born: Arnfinn 1885, Jon 1886 (bnr 39/28 under lnr 123 Hopperstad), Johan 1887 (lærar på Herøy, Sunnmøre), Guttorm 1888–90, Anders 1890 (bnr 30/9 under lnr 89), Guttorm 1891 (lærar Bøadalen skule, sjå under Balvoll), Tor 1893–1955 (ugift på bruket), Ola 1894–94, Olav 1895 (sjå note), Marta 1897 (sjå bnr 1/140+144 Sæbø under [lnr 1+4]f Sæbø), Brita 1899 (lnr 25 Stadheim), Gudrun 1900–76 (ugift lærar i Førde, sjå òg bnr 1/140+144), Ragnvald 1902–94 (ugift på Brekke), Anna 1904–92 (ugift, mest heime), Aslaug 1906 (Stord). Ingen i den store barneflokken utvandra til Amerika! I 1920 vart bruket frådelt bnr 30/9 Nybø 1,14 mark. Ny skyld bnr 30/4 3,59 mark Arnfinn Johannesson Brekke (1885–1956) & 1926 Kari Mikkeldtr Holstad (1889–1958) frå lnr 86 fekk borna: Marta 1928–97 (ugift, heime), Johannes 1931, Synneva 1933. Johannes Arnfinnson Brekke (1931–1978) overtok bruket i 1956. I åra 1978–82 sat systrene Marta 1928 og Synneva 1933 med eigedomsretten. Synneva var gift med Anders Kvåle (1927–1992) og dei budde i Sogndal. I 1983 vart bruket skøytt til Jon Arne Andersson Kvåle (1961–). Han er sb med Bente Teigen (1964–) frå Svelvik i Vestfold. Born: Sigrid 1991, Eirinn 1995, Jermund Arnfinn 1998.
Olav Johannesson Brekke (1895–1942) & Eli Oladtr Brekke (1891–) frå lnr 90 kjøpte i 1937 gardsbruk på Bygd i Myrkdalen.
Bnr 30/9 Nybø (Skogen) 1,14 mark. På dette nydyrkingsbruket, frådelt det tidlegare lnr 89 i 1933, busette seg i 1930: Anders Johannesson Brekke (1890–1981) frå lnr 89 & 1926 Anna Thomasdtr Aarestrup (1894–1972) frå lnr 103b Bø. Dei fekk borna: Olga Torhild 1928 (heime), Jon 1934. På bruket har det vore 7–8 kyr og omlag 30 sauer. Jon Andersson Brekke (1934–) tok over bruket i 1962. Jon og Olga slutta med ku i år 2000 og jorda er no bortleigd.
Lnr 90 Brekke
4,33 spd = bnr 30/5 6,28 mark. Eigar i 1647: Leikanger prestebol, i 1723 Vik prestebol. Sjølveige frå 1841. Skyld: 1,32 laupar i 1647 og 1667, 1,58 laupar i 1723, 1788 og 1838. Bruksdata i 1845: 4,2 daa potet, 15,7 daa korn, 3 hestar, 13 storfe, 40 smalar og 5 svin.
Palne Eirikson (1613–) med sønene Johannes 1655 og Kjell 1656 var på dette bruket. Palne var kanskje frå Midlang. I 1701 og 1711 var Johannes Palneson Brekke (1655–) på bruket. Han var kanskje gift med Alis Ivardtr (1661–1739), som vart kalla «enkedaneqvinde» då ho døydde. Ho kan ha vore frå Espesete eller lnr 52 Orvedal. Born som vi veit om: Brita 1691, Ragnhild (lnr 99 Midlang). I 1718 og 1723 var det Brita Johannesdtr Brekke (1691–1744) & Endre Andersson Åse (1691–1754) frå lnr 48+49 som var brukarpar. Born: Kari 1720 (ugift, konfirmert 1740, kjem så bort), Alis 1727 (lnr 30 Stadheim), Anders 1728, Johannes 1730 (lnr 12 Seim), Jon 1732 (døydde før konfirmasjonsalder), Hermund 1734–34, Eli 1736–36, Eli 1737–1814 (ugift på Stadheim). Anders Endreson Brekke (1728–1796) & 1754 Synneva Tordtr Sylvarnes (1735–1796) frå lnr 56+57 i Arnafjord sokn fekk borna: Brita 1757 (lnr 0 Sæbø), Tor 1759, Kari 1762 (lnr 26 Stadheim), Endre 1765 (lnr 87 Holstad), Ola 1770 (døydde truleg før 1801), Ragnhild 1776 (lnr 83 Hønsi). Tor Andersson Brekke (1759–1814) & 1797 Ragnhild Anfindtr Seim (1774–1836) frå lnr 9 fekk borna: Synneva 1798 (lnr 99 Midlang), Anders 1800–02, Anders 1803 (lnr 20 Føli), Gyrid 1806 (lnr 85 Holstad), Eli 1809 (lnr 39 Nummedal), Anna 1811 (lnr 83 Hønsi), Tor 1814–47 (drukna i Sognefjorden, om familie: sjå lnr 123 Hopperstad). Tor hadde òg Johannes 1791 (plass i Øyane-Sjøtun) med Anna Oladtr Fjærestad (1758–1830) frå lnr 95+97. Ragnhild vart i 1815 attgift med Mikkel Endreson Smidje (1783–1857) frå Feios og dei fekk Endre 1816 og Kari 1820. Mikkel vart den første sjølveigaren på bruket. Endre Mikkelson Brekke (1816–1893) & 1843 Anna Oladtr Hopperstad (1816–1889) frå lnr 123 tok mot bruket i 1843 og fekk borna: Mikkel 1841–45, Ragnhild 1844, Mikkel 1847, Ola 1850, Olina 1853. Huslyden reiste til USA i 1853. Lars Sjurson Hønsi (1816–1864) frå lnr 83 & 1844 Kari Mikkeldtr Brekke (1820–1889) var først på lnr 88b, men overtok dette bruket. Dei hadde: Sjur 1842–65 (døydde av smittsam nervefeber og som også tok livet av to personar på lnr 88b noko seinare), Ragnhild 1845–50, Ola 1849, Mikkel 1852–58, Tor 1855–65 (truleg nervefeber), Anders 1857–85 (døydde av nervefeber), Mikkel 1860 (lnr 80 Holstad), Lars 1864–1939 («Store-Lars», han var på bruket). Ragnhild 1845 gjekk seg ut for Rjukangjelet i Hopra under bærplukking. Ola Larsson Brekke (1849–1924) & 1884 Åsa Eirikdtr Grøneng (1860–1955) frå Balestrand overtok i 1884. Born: Kari 1885–1913 (lungebetennelse), Anna 1887 (lnr 70a Ovri), Lars 1890–91, Eli 1891 (sjå note lnr 89 Brekke), Lars 1893, Ragna 1897 (Berdal i Feios), Eirik 1900 (sjå bnr 40/6 under Vikøyri-vest), Anders 1903 (sjå «lærarjord» under Gildhus). Lars Olason Brekke (1893–1985) & 1925 Ingebjørg Lassedtr Brekke (1895–1979) frå Ortnevik tok over i 1925. Born: Aasa 1926 (Balvoll, lnr 116), Olav 1927, Marta Liv 1930 (Stord), Lilly 1933 (Oslo), Kari 1936 (Høyanger). Sjå òg note. Olav Larsson Brekke (1927–) & 1955 Ingeborg Oladtr Sjøtun (1929–) frå Feios fekk: Lars 1955, Inger Else 1956 (Oslo), Olaug 1961 (bnr 30/16), Ragnhild 1964 (Oslo). Olav overtok i 1960, dreiv i lag med sonen Lars frå 1984 til Lars overtok i 1989. Lars Olason Brekke (1955–) & 1980 Elfrid Johannesdtr Kløve (1957–) frå Lemme på Voss. Born: Herdis 1980, Jarle Olav 1982 (Bergen), Gaute 1990. Herdis Larsdtr Brekke (1980–) & sb Jonny Johannesson Tryti (1977–) frå lnr 108 har borna: Tage 1998 og Elias 2003.
Bnr 30/16. På utskilt tomt i 1989 frå bnr 30/5 på «Ringerike» sette Olaug Olavdtr Brekke (1961–) frå lnr 90 & 1986 Nils Geir Myrkaskog (1958–) frå bnr 41/104 i Tomtebu på Vikøyri opp bustadhus. Born: Ida 1986 (sjå bnr 40/43 i Gildhus), Øystein 1988, Guro 1992. Olaug og Nils Geir er skilde. Han er busett på bnr 4/86 under lnr 13e Tenål.
På staden var sist på 1800-talet eit husmannspar frå Ringerike med ukjende namn, av det stadnamnet.
Bnr 30/17 vart også frådelt i 1989 og ligg nær bnr 30/16. Odd Inge Larsson Gjeraker (1958–) frå Balestrand & 1985 Grethe Gunnardtr Hjetland (1960–) frå Høyanger. Born: Ingrid 1986, Anna 1989.
Ingeborg Tordtr (Otterskreda) Finnebotn (1912–1997) var dotter til Tor Knutson Otterskreda (1880–) & 1911 Anna Tollakdtr Finnabotnen (1884–) på lnr 49(a+b)b i Arnafjord sokn. Dei vart skilde. Ingeborg vart oppfostra i Finnabotnen. Ho vart utplassert hjå Lars Brekke. Der arbeidde «Hansina»» i fjøsen. Ho budde i kårstova saman med Åsa, deretter åleine i same stova.