Balvoll

Med Balvoll meiner vi her eit område som i tillegg til bruket omfattar eigedomar som har høyrt inn under prestegarden Grov og tre bruk på Tryti: lnr 105, lnr 106 og særleg lnr 108.

Lnr 116 Balvoll

0,15 spd. I 1845 var det 0,2 daa rug, 2,5 daa bygg, 2,8 daa potet, 1 hest, 7 storfe og 24 smalar på dette bruket (då medrekna lnr 92 Tistel).

Bruket vart frådelt storbruk lnr 115+116 på Hopperstad som følgje av arveskifte i 1740 og 1748. Dei som busette seg på Balvoll som sjølveigarar var: Halvar Arneson Hopperstad (1727–1788) frå lnr 115+116 & 1755 Brita Ingebrigtdtr Brekke (1735–1801) frå lnr 89. Born: Ingebrigt 1756–56, Kari 1757–1803 (ugift), Ragnhild 1759 (sjå note), Ingebrigt 1764, Brita 1767 (plass Hólaviki under lnr 16 Holane i Arnafjord sokn), Arne 1770–95, Synneva 1774 (Mjølsvik i Kyrkjebø), Sigrid 1777–1844 (tenestejente hjå eit barnlaust ektepar på Brekke i Ortnevik og fekk kår saman med dei), Ragnhild 1779 (plass under Sande i Ortnevik, sjå note lnr 86 Holstad). Halvar skøytte frå seg bruket i 1787. Ingebrigt Halvarson Balvoll (1764–1837) & 1798 Ragnhild Johannesdtr Seljestø (1765–1853) frå lnr 42 fekk borna: Brita 1798 (sjå note), Arne 1799, Brita 1800–03, Johannes 1803 (plass på Prestteigen-Midlang så Vetleøyri s090). Arne Ingebrigtson Balvoll (1799–1881) & 1827 Mari Eirikdtr Kallevang (1797–1883), husmannsdtr frå Borgund i Lærdal, fekk skøyte på bruket i 1837. Born: Ragnhild 1828 (lnr 98 Midlang og USA), Nilsine 1831–32, Ingebrigt 1833. Mari fekk testamente på lnr 92 Nærrebøen-Tistel. Dette småbruket vart teke på odel av kona til Adam Munthe Reutz på lnr 98 Midlang, men dei let Arne og Mari driva det. I 1863 vart jorda skøytt til Ingebrigt Balvoll, men det gjekk ut av Balvoll-eige i 1893. Ingebrigt Arneson Balvoll (1833–1888) & 1862 Barbra Larsdtr Øyre (1836–1920), husmannsdtr frå Kvednahagen i Fardal i Sogndal, fekk borna: Arne 1863, Lars 1865 (USA 1885), Barbra 1867 (USA 1888), Martin 1870 (USA 1888), Anna 1872–72, Anna 1873 (USA 1893), Ragnhild 1876 (USA 1893), Johanna 1879 (USA 1893), Johan 1881 (USA 1893). Mor til Barbra Larsdtr, Barbra Ivardtr (1804–1881), var med på flyttelasset til Balvoll og låg der til sengs i nær på 20 år før ho døydde. Ingebrigt Balvoll kjøpte til fleire jordstykke. I 1857 var det lnr 105d 0,08 spd og i 1860 lnr 106b 0,08 spd. Desse stykka vart slege saman med lnr 116 til bnr 39/7 1,13 mark. I 1852 kjøpte Johannes Anfinson Brekke lnr 105c. 1870 vart av dette frådelt lnr 105e 0,10 spd til Balvoll. I 1896 vart litt frådelt, slik at Balvoll-delen fekk bnr 37/3 0,10 mark. Den frådelte parten kom seinare tilbake til Balvoll som bnr 37/14 0,03 mark. Arne Ingebrigtson Balvoll (1863–1933) & 1886 Birte Ivardtr Kvåle (1862–1955) frå Sogndal fekk skøyte på bruket i 1893. Born: Ingvald 1887, Ivar 1889–1921 (USA 1910), Bergljot 1892 (lnr 99b Midlang), Ingeborg 1894 (USA 1915), Borghild 1902 (sjå note). Arne fekk i tillegg Alette 1886 med Petrina Lassedtr Svalhamar, Lavikdalen. Ho vart oppfostra hjå besteforeldra i Lavikdalen og vart busett i Vadheim. I 1907 fekk Arne Balvoll tinglyst ei erklæring om at bruket skulle ha skrivemåten Balvoll. Arne byrja med planteskule i 1887 og det var så allsidig planteskule på Balvoll for hagebruket og skogen fram til 1940. Deretter var det berre skogplanteskule. Ingvald Arneson Balvoll (1887–1977) & 1923 Petra Guttormdtr Fjærestad (1892–1966) frå lnr 97 på Brennene fekk borna: Arne 1924–1988 (ugift, fekk epilepsi), Ragnvald 1927, Bjørg 1932 (Bidne på Vossestrand), Gudmund 1934 (Ås i Akershus, mest Tønsberg), Idunn 1936 (bnr 35/6 under lnr 100 Midlang). Ragnvald Ingvaldson Balvoll (1927–) & 1955 Aasa Larsdtr Brekke (1926–) frå lnr 90 fekk borna: Inger 1956 (bnr 98/5 under lnr 1 Tveit i Vangsnes sokn), Liv 1957 (bnr 98/5), Per Inge 1961, Ole Arvid 1966, Åse Berit 1968 (bnr 22/4 under lnr 63 Undi). Ole Arvid Ragnvaldson Balvoll (1966–) fekk skøyte på bruket i 1994. Han gifte seg 2002 med Marit Berg (1962–) frå Bergen og dei har Sander 2002. Frå eit tidlegare ekteskap har Marit: Silje 1984 og Robert 1987. Etternamnet til dei to er Gaustad. Ole Arvid og Marit bur i 2007 i Bergen.

Ragnhild Halvardtr Balvoll (1759–1817) & Haldor Halvarson Hopperstad (1758–1792) frå lnr 122 fekk: Halvar 1786. Haldor hadde lnr 122 Hopperstad, men han vart spedalsk og døydde på eit hospital i Bergen. Då flytta Ragnhild tilbake til Balvoll og Halvar voks opp der. Han vart husmann under Grov og på Halvarhaugen på Hatlekolo, sjå meir under lnr 122f på Hatlekolo.

Brita Ingebrigtdtr Balvoll (1798–1884) gifte seg 1825 med husmann Beint Ivarson Meistarplass (1796–1870) i Sogndal og dei fekk Helga 1825 og Ivar 1826. Foreldra til Beint kom frå Vik, sjå note lnr 65 Hallrynjo. Borna budde i Fardal. Men enkja Brita kom tilbake til Vik, og vi finn at i 1877 var ho sjuk og vanfør og at Hans Brekke fekk stønad for å pleia ho. Deretter var ho hjå Per Sjurson Bø, kom så på omgangslegd, men døydde på Balvoll.

Borghild Arnedtr Balvoll (1902–1996) & 1927 Guttorm Jonson Fjærestad (1903–1929) på lnr 97 på Brennene fekk borna: Bergljot 1927 (Livden i Kvamsøy sokn), Guttorm 1929 (Raufoss). Etter at Guttorm Jonson vart teken av eit snøskred i 1929 fekk Borghild rett til å bu i andre høgda på kårhuset på Balvoll for resten av livet.

Bnr 40/3 Prestmyri 0,38 mark. Prestmyri er eit lite område av Midlang som ligg inn til Balvoll og som høyrde inn under prestegarden Grov. Ved folketeljinga i 1900, og dels i kyrkjebokene, vart stadnamnet Balvoll brukt. Staden vart kjøpt av Simon Olason Midlang (1855–1941) frå lnr 99c & 1880 Jensina Oladtr Nese (1857–1943) frå plass 2 Nese i Arnafjorden på auksjon i 1895. Før det hadde huslyden budd i ei stove som Simon hadde sett opp på Midlangsberget. Stova vart flytta til Prestmyri og det vart sett opp uthus. Born: Brita 1880–80, Brita 1881–83, Ola 1885 (USA 1904), Ivar 1886, Brita 1888–88, Guttorm 1889 (USA 1907, så i teneste hjå systera Birte), Brita 1891 (USA 1914), Anna 1892–1980 (ugift, i Vik), Jon 1894 (USA 1913), Birte 1895–96, Birte 1897 (lnr 27 Stadheim), Ragna 1900–04. Ivar Simonson Midlang (1886–1965) & 1914 Gyrid Guttormdtr Bø (1890–1973) frå lnr 102a fekk: Sverre 1917. I tillegg til å vera småbrukar var Ivar skreddar. Men i 1939 kjøpte Sverre lnr 104 Bø, men dreiv bruket frå Prestmyri saman med faren. I 1950 bygde dei hus i Bø og flytta dit. Sverre Ivarson Midlang (1917–2005) & 1939 Sitona Andersdtr Sætre (1914–) frå Feios fekk: Ivar 1944 (Vossestrand) og Arne Magnar 1947.

Bustadhuset i Prestmyri vart frå ca 1960 bortleigd til elektroteknikar Ivar Jonson Hove (1896–1979) frå bnr 26/12 i Moane-Hove & 1926 Franziska Hore (1898–1968), Hindenburg, Tyskland. Dei hadde ikkje born.

Bnr 34/15 Brustad 0,02 mark. Enkja Barbra Larsdtr Balvoll hadde ca 1889 kjøpt eit jordstykke av lnr 108 Tryti og sett opp ei lita kårstove der. Stova og jorda vart kjøpt av Ivar Olason Brennene, som busette seg der. Denne staden fekk i 1896 bnr 37/15 Brustad 0,02 mark. I tillegg kjøpte Ivar noko av lnr 105e frå Arne Balvoll. Ivar sin del fekk bnr 37/14 0,03 mark. Tinglysinga skjedde i 1896, men Ivar og kona flytta inn i stova alt i 1893. Ivar Olason Brennene (1857–1948) frå ein plass under lnr 96 Fjærestad & 1891 Brita Hansdtr Mundal (1861–1941) frå Fjærland var berre ei kort tid på Brustad. Alt i 1900 kjøpte Ivar småbruket bnr 34/6+8+13 Brennene av broren Elling, og huslyden flytta dit. Om born: sjå Brennene. Då Ivar flytta til Brennene, gjekk bnr 37/14 tilbake til Balvoll. Bnr 34/15 vart selt til Ola Helgeson Tryti (1870–1902) frå lnr 105. Han gifte seg på Voss med Marta Oladtr Myrkve (1858–1947) frå Myrkdalen og dei fekk Marta 1896. Ola døydde av tuberkulose. Marta Oladtr Tryti (1896–1970) overtok bustaden etter ho gifte seg til bnr 30/8 under lnr 88b Brekke.

Stova vart leigd ut frå ca 1929 til skomakar Per Person Limmesand (1889–1948) frå lnr 13a. Per hadde reist til USA i 1910, men kom tilbake derifrå. Han dreiv som skomakar i stova fram til 1943. «Limmesanden» flytta til ei gamal stove på Hatlekolo, sjå bnr 39/30. Sjå òg hus nr 32 Vikøyri-Sæbø.

Johan Johanson Hagen (1878–1960) frå Hagen-Bøadalen & Gudrun Oladtr Dyrdal (1889–1980) Kyrkjebø kom tilbake til Vik etter at Johan var blitt pensjonist ved fabrikken i Høyanger. Dei leigde stova frå 1942. Etter at Eirik Jonson Fjærestad døydde i 1945 dreiv huslyden bnr 34/8+12 Prestteigen på Fjærestad i ca to år, før dei flytta inn i eige hus bnr 36/18 under lnr 104 Bø. Om born: sjå note Hagen-Bøadalen.

Ola Ellendson Brekke (1903–2001) frå lnr 88b budde i Vossastova frå 1950 til 1960 då han bygde hus på bnr 41/53 i Villastrøket-Sjøtun.

Ca 1990 vart området kjøpt av Vik kommune og er parkeringsplass for grendahuset (Bøadalen skule).

Bnr 37/17 Bøadalen skule 0,05 mark, frådelt lnr 108 Tryti. Bøadalen skule var bygd med lærarbustad og vart teken i bruk i 1901. Guttorm Johannesson Brekke (1891–1975) frå lnr 89 var lærar ved skulen og budde der i åra 1923–1963. Han gifte seg i 1922 med Kristine Søverine Oladtr Haug (1899–1983) frå Årdal. Born: Marta 1923 (Vinstra i Oppland), Ottar 1925 (Kirkenes, så Stord), Kari 1926–91 (Bergen, så bnr 1/135), Johannes 1928 (Oslo, så bnr 1/135), Olav 1931 (Trondheim, så bnr 1/135), Arnfinn 1933–87 (ugift, Oslo). Til lærarbustaden høyrde litt jord, slik at huslyden kunne dyrka poteter og litt grønsaker. Dei hadde dessutan årleg ein slaktegris. I 1963 kjøpte Guttorm og Stina hus i Røysane-Sæbø (bnr 1/135 Brekkebø) og huslyden flytta dit.

Trytisplassen på Balvoll. Under lnr 105 Tryti vart det sist på 1700-talet oppretta ein husmannsplass utan jord mot grensa til Midlang. Av kart frå 1863 ser vi likevel at det var ein liten åker der. Husmannsson Endre Helgeson Hagen-Bøadalen (1744–1818) & 1789 Sigrid Jondtr Tryti (1759–1831) frå lnr 109 var på plassen i 1801 saman med sonen Helge 1790. Helge Endreson Balvoll (1790–) & 1832 Sigrid Oladtr Finnen (1798–) frå lnr 51 i Arnafjord sokn fekk borna: Sigrid 1831 og Endre 1835. I ei skatteliste frå 1818 er Helge ført opp som «skoleholder». I 1844 reiste huslyden til Nordland. Dei busette seg på Hamarøy. Men Endre gifte seg truleg i Bergen 1860 som sjømann. Til staden kom: Johannes Olason Hagen-Bøadalen (1806–) & 1840 Brita Johannesdtr Lindehagen (1806–), husmannsdtr frå Kvamsøy sokn. Dei fekk borna: Ola 1842, Brita 1845 og Endre 1848. Huslyden reiste til Nord-Noreg i 1859. Dei vart sjølveigarar av bnr 24 Kikvik i Tysfjord, ved Indre Tysfjord, nordaust for Kjøpsvik.

Plassen var i 1865 komen inn under Balvoll. Då budde «agergraver» Tolleif Olason (1809–) med sønene Knut 1847 og Gudbrand 1851 i plasshuset. Dottera Ragnhild 1844 var då tenestejente på Brekke, sjå meir under lnr 102b Bø. Tolleif med kona Marit Knutdtr (1814–1853) var på plassen Bakken under Sæbuøydegarden i Skrautvål, Nordre Aurdal i Valdres, då borna vart fødde. Knut vart konfirmert i Skrautvål i 1863, Gudbrand i Vik i 1867. I 1875 var Tolleif og dei to sønene borte frå bygda og plassen var nedlagt. Ved teljinga i 1900 var Gudbrand ugift røktar på ei storgard i Nes på Hedmark.