Vollavik
Vollavik (vådlavikji): Wollurwik, Volluruiik, Vullurwiik (ca 1320), Wolldevig (1603, 1611), Wolleuig (1667), Wollevig (1723), Vollevig (1863), Vollevik (1838, NG, VIK). Familienamnet blir skrive Vollevik.
Lnr 54 Vollavik
3, 88 spd = bnr 69/1 5,86 mark. Eigarar i 1647: Prestebolet i Vik 0,67 laupar, Munkeliv kloster 0,33 laupar og Hopperstad kyrkje 0,33 laupar; i 1723: Prestebolet i Vik 0,67 laupar, arvingar etter Ludvig Munthe 0,33 laupar og Hopperstad kyrkje 0,33 laupar. Deretter benefisert. Frikjøpt 1844. Matrikkelskyld: 2,00 laupar i 1723 og 1838. Data for 1845: 6,7 daa blandkorn, 1,4 daa potet, 1 hest, 22 storfe, 40 smalar, 15 geiter, 2 vinterfôra svin.
Under godseiga til Munkeliv kloster i første halvpart av 1300-talet var 8 bol i Volluruiik eller Wallerwijch. I ei jordebok for godset frå 1463 er ikkje Vollavik med, truleg for di garden låg øyde. I ein merknad frå ca 1485 i ei eldre utgåve av boka er det skrive inn at Vollavik låg innanfor Sylvarnes, og det er ført på ei landskyld på eitt bukkeskinn. Det tilsvarar 0,25 laupar, og det er så lite at garden ikkje kan ha vore i drift, men vart leigd bort, til dømes for beiting. Først på 1500-talet er det ført inn i boka at Vollavik måtte spørjast. Då rekna vi med at alle strandagardane i Arnafjord sokn, med unntak av Sylvarnes, låg øyde. Deretter vart Vollavik liggjande øyde fram til omkring år 1600. Den første brukaren vi kjenner til var Ivar. Han sat der i 1603, 1611 og 1626. Sonen Steffen Ivarson Vollavik (1603–) & Gjertrud Perdtr (–) var der i 1645 og hadde då ikkje vaksne born heime, men det var eit tenarpar på garden: Anna Perdtr og Aslak. Ivar Steffenson er nemnd i militærrulle for Bergenhus len 1655. I 1667 hadde Steffen mange små søner, noko som tyder på at han 1640–50 har fått ei ny og yngre kone. Sønene var: Botolv 1633, Jon 1650, Johannes 1652, Aslak 1656, Per 1658, Lasse 1660. Av desse er det berre Per vi finn att seinare. Han kom til lnr 52 Finnen. Åsa Steffendtr, fødd ca 1653, som kom til lnr 59 Stavedal, var truleg frå dette bruket. I 1701 var Vilhelm Halkjellson Bolstad (1652–1736), husmannsson frå Kvamsøy sokn, brukar og han hadde ikkje søner med seg på garden. Han var gift med Lussi (1648–1729), og ho kan ha vore ei dotter til Steffen Ivarson. Dei fekk truleg Anders (lnr 63 Alrek), Kari 1693 (lnr 56+57 Sylvarnes) og kanskje ei dotter til. Vilhelm og Lussi døydde på Sylvarnes. Sjur Nilsson Åse (1721) frå lnr 34 & Synneva Knutdtr Åse (1692–1763) frå lnr 35+36 var så leiglendingar på bruket. Etter oppgitt alder ved død skulle Synneva vera fødd i 1686, men då ho fekk eit barn i 1735, kan ikkje det vera rett. Sjur var fødd ca 1670, og det gjer det sannsynleg at han hadde vore gift før og då truleg med ei dotter frå bruket. Sjur og Synneva fekk: Sigrid 1718 (lnr 34 Åse), Knut 1721 (lnr 26 Hellane) og truleg Dorte 1720 (lnr 48 Nese). Synneva vart attgift med Per Kristenson Nissestad (1686–1768) frå lnr 14 og dei fekk: Sjur 1723 (lnr 56+57 Sylvarnes), Kristen 1725 (lnr 24 Dale), Sigrid 1727, Kari 1729 (Kjelven), Per 1731–42, Brita 1733 (lnr 45 Nese og Vikøyri v694), Ingeborg 1735–42. Sigrid Perdtr Vollavik (1727–1774) & 1760 Mads Andersson Stavedal (1728–1765) frå lnr 59 fekk: Brita 1760–1834 (ugift, døydde på legd), Synneva 1760 (lnr 40c Frettheim), Anders 1762 (sjå note), Per 1764 (Dalsver). Sigrid vart attgift 1765 med Jon Olason «Vollevik» (1726–1795) og dei fekk: Mads 1766, Guri 1768 (Kjelven) og Ola 1770 (døydde truleg før 1801). Jon 1726 vart konfirmert 1756 med stadnamnet Finnabotnen, men han var ikkje derifrå. Stadnamnet Vollavik då han gifte seg må og vera tenaradresse. Han var truleg frå lnr 34 Åse. Jon vart attgift 1774 med Gjertrud Ellenddtr Kjelven (1745–) frå lnr 39 og dei fekk: Sjur 1775–80, Elling 1777 (plass Vollavik), Sigrid 1780 (plass Åsberget), Ingeborg 1782 (plass Finnen), Kari 1784–1864 (ugift, kom på legd alt frå 1848, og i 1849 fekk Ola Vilhelmson Dale pengar for å kjøpa sko til henne), Kari 1787–1857, Anna 1793 (sjå note). Mads Jonson Vollavik (1766–1838) & 1796 Brita Johannesdtr Stavedal (1773–1841) frå lnr 59 fekk: Gjertrud 1797–98, Kari 1798–1801, Jon 1801–01, Sigrid 1803–47 (ugift), Johannes 1805, Gjertrud 1808 (plass under bruket), Jon 1812 (lnr 35 Åse), Kari 1816–16. Johannes Madsson Vollavik (1805–1865) & 1831 Gjertrud Johannesdtr Sylvarnes (1811–1868) frå lnr 57 bygsla bruket på livstid frå 1829. Dei var barnlause. I 1847 ordna eigaren, Nils Endreson Smidje (Vange), det slik at Simon Andersson Kyrkjeteig (1816–1892) skulle få kjøpa garden, mot at Johannes og Gjertrud fekk kjøpt Kyrkjeteig. Simon gifte seg 1852 med Brita Tolleifdtr Geithus (1823–1867) frå lnr 50. Born: Eli 1853 (lnr 37 Hallsete), Andreas 1855, Ola 1857 (lnr 57a Sylvarnes), Tor 1858–1919 (ugift, USA 1889, kom att, sjå hus nr 20 på Vikøyri-vest), Lasse 1860–60, Gjertrud 1862 (USA 1882), Kari 1865–84. Simon vart attgift 1870 med Lussi Rognalddtr Bale (1821–1893) frå Balestrand. Andreas Simonson Vollavik (1855–1941) & 1884 Mette Gunhild Tronddtr Grinde (1860–1912) frå Leikanger fekk: Sofie Gerhardine 1885 (USA 1908, så lnr 53a Finnabotnen), Brita 1887–89, Johanna Henrikke 1889 (USA 1907), Brita 1891–1919 (Tveit i Hyllestad, døydde på Sylvarnes), Tea 1894 (lnr 58a Hanekam), Synneva 1896 (sjå note), Elisabet 1898 (USA 1904), Laura 1900 (lnr 55 Kyrkjeteig), Simon 1903 (USA 1923, kom att), Trond 1905. I 1925 vart bnr 68/5 Eikenesteigen 0,50 mark slege saman med bnr 69/1 og garden vart så delt mellom to søner i bnr 69/1 og bnr 69/2.
Bnr 69/1 Vollavik 3,36 mark. Simon Andreasson Vollevik (1903–1987) & 1947 Johanna Helgedtr Limmesand (1911–1998) frå lnr 13b fekk: Arvid 1952, Målfrid 1948 (Blomvåg i Øygarden). Arvid Simonson Vollevik (1952–) overtok i 1973. Han er ugift, bur åleine i Vollavik og driv bruket.
Bnr 69/2 Bøen 3,00 mark. Trond Andreasson Vollevik (1905–1976) & 1925 Jørgina Tomasdtr Feten (1904–1999) frå Sværefjorden fekk: Arnfinn Teodor 1926, Gunhild Maria 1933 (Bergen). Arnfinn Teodor Trondson Vollevik (1926–2006) budde ei tid i Vik og er skild. Han kom tilbake til Vik, var sambuar med Åse Lill Haralddtr Mathiesen (1946–) som har bnr 1/58 på Vikøyri-vest. Sonen Trond Arnfinn Arnfinson Vollevik (1974–) fekk skøyte på bruket i 2003. Han bur på Sola.
Anders Madsson Vollavik (1762–1825) & Guri Vilhelmson Dale (1752–) frå lnr 21+22 hadde ukjend bustad. Han vart attgift 1801 med enkja Kari Aslakdtr Tune (–) frå Ortnevik og dei fekk: Sjur 1802 (Fitje i Ortnevik), Guri 1804 (Søreide i Kyrkjebø), Mads 1807 (Mjølsvik i Ortnevik), Gjertrud 1809 09. Anders gifte seg tredje gong 1809 med husmannsdtr Anna Endredtr Holane (1767–1842). Med dei to siste var bustaden ein plass under Fitje i Ortnevik.
Anna Jondtr Vollavik (1793–1833) fekk Sjur 1833–33? med Hans Larsson Vikøyri v618 (1809–). Om Hans: sjå plass 1, lnr 17 Holane.
Synneva Andreasdtr Vollavik (1896–) & Bertin Eilifson Bungane (1889–) frå lnr 15a budde i Vollavik i åra 1918–23. I 1925 budde dei på Nese. Dei flytta til Lindås i Hordaland. Bertin var først dreng, så motorbåtførar. Born: Gunhild 1918 (Dale i Høyanger), Edvard 1920 (Bergen), Inga 1922 (Lindås) og Anna 1925 (Norevik i Lavik).
Husmenn
Strandplass. Elling Sjurson Flete (1754–1822) frå ein plass i Hola & Synneva Monsdtr (1751–1815) hadde neppe born, men i 1801 budde ein systerson til Synneva, Johannes Olason (1790–), hjå dei. Ein bror til Elling, Kristen, var gift med Anna Monsdtr, ei syster til Synneva. Dei var husmannsfolk i Holaviki. Vi trur at Lussi Monsdtr, på ein plass i Finnen, var ei anna syster til Synneva. Mor til Johannes 1790 må ha vore ei tredje syster. Foreldra til desse fire jentene var neppe bondefolk i prestegjeldet. Elling var husmann utan jord. Han vart truleg attgift med plassenkja Gjertrud Oladtr Valsvik (1766–1843), men utan att det vart innført i kyrkjeboka. Elling drukna på sjøen. Gjertrud var på legd då ho døydde. Ein son som ho hadde frå første ekteskap, Ola 1798, vart plassmann på staden. Ola Sjurson Valsvik (1798–1872) & 1825 Brita Ingebrigtdtr Otterskreda (1788–1838) frå lnr 49 fekk: Gjertrud 1826 (lnr 31b Ådlane), Knut 1829–29, Ingeborg 1831–55 (ugift). Ola vart attgift 1839 med Marita Hermunddtr Åsberget (1792–1845), husmannsdtr. Dei hadde neppe born. Ola gifte seg for tredje gong 1847 med Ingeborg Ivardtr Vetle Berekvam (1795–1885) frå Aurland. I 1875 var det: 0,7 daa poteter, 1 ku og 7 sauer på plassen. Under namnet Ingeborg Alrek kom plassenkja på legd frå 1880. I 1885 spanderte fattigkassa 2 kvitlar (ullteppe) på henne. Til plassen kom: husmannsson Sjur Andersson Åsberget (1850–1923) & 1881 Anna Larsdtr Farnes (1848–1934) frå plassen Øygarden i Sværefjorden. Dei var visstnok først på ein plass på Dale. Born: Lars 1880 (sjå note lnr 48 Nese), Anders 1882 (sjå note lnr 47b Nese), Kari 1885–1904 (døydde av tuberkulose), Synneva 1888–1963 (Hustavenes), Ola 1890–1915 (i buet hans var det omlag kr 500). Sjur hadde òg Severin 1880 med husmannsdtr Ragnhild Sjovatdtr Finnen (1846–1891). Severin Sjurson «Geithus» (1880–) var ugift då han flytta til Hyllestad i 1906. Anna hadde Synneva 1869 med Ola Nilsson Tenninga, Leikanger. Sjur var strandsitjar, dvs. plasshusa låg nær stranda, på yttersida av Vollavik. Det var stove, fjøs, geitefjøs, løe og eldhus på plassen og Sjur og Anna hadde to kyr, 8 geiter og 4–5 sauer. Sjur var skomakar. Sjur Vollavik fekk fattigstøtte frå 1920, og etter han døydde var det Anna som fekk hjelp. «Sjurstovao» står der enno!
Åkerviki (Aokravikji). Namnet for plassen finn vi alt i ei skatteliste frå 1603. Det er «Erick i Aarckenewigenn» som er førd opp med drengeskatt under Kvamsøy skipreide. Men noko husmannsplass var det ikkje på garden i 1724 og 1762. Elling Jonson Vollavik (1777–1845) & Brita Oladtr Finnabotnen (1779–1829) fekk: Jon 1804–04?, Ola 1805, Jon 1807 (Slantevik i Ortnevik), Steffen 1810–19, Gjertrud 1814, Sjovat 1817–17, Sjur 1817–17, Brita 1818 (plass Finnen), Ragnhild 1821 (plass 10 Nese). Gjertrud Ellingdtr Vollavik (1814–1851) fekk Gjert 1851–52 med Lars Knutson Ådlane (1829–1893). Ho døydde på barselsseng. Ola Ellingson Vollavik (1805–1875) & 1832 Gjertrud Madsdtr Vollavik (1808–1876) frå lnr 54 fekk: Brita 1833 (døvstum), Mads 1835, Brita 1839–39, Kari 1840–40, Ellend 1842–42, Ellend 1844 (døvstum), Steffen 1846, Brita 1850. Mads Olason Vollavik (1835–1906) & 1868 Elsa Lassedtr Brekke (1845–1940) frå Ortnevik fekk Ola 1869. Dei busette seg deretter i Bjordal i Kyrkjebø. Den døvstumme Brita 1833 var på plassen i 1865, men blir så borte for oss. Broren Ellend 1844 var i 1865 tenar i Vollavik og i 1875 i Finnen. Deretter var han på Frettheim, for i den gamle bygdeboka står det at «Dumm-Edlend» budde på Sveinsbø og at han vanta høyrsel. «Han gav frå seg ymse ljod og læte og gjorde mange slags hand- og fingerbruk, og dei som kjende med han kunde liksom tala med han på den måten. Det var ikkje vit som vanta han.» Steffen Olason Vollavik (1846–1925) overtok plasshusa, men han arbeidde for det meste i Finnen, og det var der han døydde. Leidulv Finnen fekk i 1925 pengar av fattigkassa for å ha pleidd Steffen det siste året. «Aokravikjen» var ein original som det er svært mange historier om.