Sylvarnes

Sylvarnes (syllvarnæs): Sunduardnesi, Sunduarnæsi, Sunduordeness (ca 1320), Sundhornes (1563), Simernes (1567), Sundt Wornes (1603), Sundvornes (1611), Sunduones (1647), Sundwornes (1667), Sølvernes (1723), Sølvarnæs (1838), Sølvernæs (1863), Sylvarnes (NG, VIK).

I 1647 var Sylvarnes eigd av to i Bergen, H. Jonas og M. Ingebrit, kvar med 1,50 laupar. I 1723 eigd av Prestebolet til Korskyrkja i Bergen 1,5 laupar og Bergens Skole 1,5 laupar. Deretter vart eiga benefisert.

Lnr 56 + 57 Sylvarnes

Landskyld i 1647 og 1667: 3 laupar. Matrikkelskyld i 1723: 3,67 laupar.

Sylvarnes var ein gard i drift i første halvpart av 1300-talet. Det veit vi sikkert fordi biskop Håkon i Bergen i 1340 gav skrifteleg påbod til presten Kolbein i Vik om på nytt setja inn at ei kone som heitte Sigrid som leiglending på Sylvarnes. Driftsretten hadde presten Ogmund med urette teke frå henne for å gi han til ein fattig svoger som denne presten hadde. I 1522 var Halvar på Sylvarnes. Det tek vi som eit prov på at garden hadde vore i drift gjennom heile øydetida. I 1563 betalte «Jens po Sundhornes» leiglendingsskatt som halvt sjølveigande bonde. I 1567 betalte «Johannds po Simerness» nokså mykje i leidang. Det må vera same karen som i 1563. I 1602 og åra frametter heitte brukaren Fredrik. I 1635 var Johannes Alfson (1610–) brukar. Han var i 1645 gift med Gjørond Pauldtr. Johannes var einaste brukar på Sylvarnes også i 1667. Då er oppgitt alder 68 år, men så gamal var han neppe, for på denne tida fekk han fire born som vi veit om: Gjørond 1660 gifte seg til lnr 123 Hopperstad, Alf 1667 kom til Otterskreda, Steffen 1668 vart leiglending på lnr 17 Holane og Brita 1678 gifte seg til lnr 119+120 Hopperstad med Jon 1651 frå lnr 35+36 Åse. I tillegg fortel den game bygdeboka at Steffen og Alf hadde ei syster på Brekke i Lånefjorden. Ut frå dette trur vi at Johannes må ha fått ei ny og ung kone omkring 1760. Av di Gjørond og Brita truleg var halvsystrer, kan han ha gift seg for tredje gong før 1678. Som vanleg når ein gamal mann var gift med ei ung jente, gifte enkja seg på nytt og den nye mannen overtok bygslinga. Den nye mannen var Jens Sjurson (1651–). Kanskje var han ein son til Sjur Jonson på lnr 35+36 Åse og dermed ein bror til Jon 1651 på Hopperstad og til kona til Knut (Ovri) Åse. Jens hadde neppe born, og neste leiglendingspar var Tor Knutson Åse (1684–1766) frå lnr 35+36 & Kari Vilhelmdtr Vollavik (1693–1782). Foreldra hennar døydde på Sylvarnes. I følgje den gamle bygdeboka var Tor ein av dei gjævast menn vi veit om i dette kyrkjesoknet. Bygdebokskrivarane la her tydelegvis vekt på at han hadde vore bjørneskyttar og vore presten sin medhjelpar i 36 år, men vi legg òg merke til at borna vart vel plasserte i bondesamfunnet. I buet etter han var det 197 riksdalar, og det vart rekna som velstand. Born: Lussi 1715 (lnr 52 Finnen), Knut (sjå note lnr 36 Hallsete), Vilhelm (lnr 21+22 Dale), Brita 1724 (lnr 17 Holane), Kari 1725 (lnr 87 Holstad, Vik), Jens 1726–96 (ugift), Brita 1728 (Søreide, Kyrkjebø), Gjertrud 1731, Synneva 1735 (lnr 90 Brekke i Vik). Gjertrud Tordtr Sylvarnes (1731–1812) & 1758 Sjur Person Vollavik (1723–1772) frå lnr 54 var søskenborn. Dei fekk ikkje born. Gjertrud vart attgift 1773 med Sjur Guttormson Åse (1747–1812) frå lnr 35+36. Dei hadde heller ikkje born. For Sylvarnes hadde det vore to eigarar som kvar kravde 1,5 laupar i landskyld. I 1807 vart bygslinga av den delen av garden som låg til Korskyrkja i Bergen overteken av Johannes Knutson Midlang, ein brorson til Sjur 1747, men utan deling av garden. Johannes og Sjur dreiv garden i lag. Det gjekk truleg bra, men då det kom ny leiglending etter Sjur, vart det ugreie, og Johannes fekk i 1824 gjennomført reell deling av garden. Kvar av halvpartane vart i den nye matrikkelen i 1838 til lnr 56 og lnr 57.

Lnr 56 Sylvarnes

4,13 spd = bnr 71/1 6,16 mark. Frikjøpt i 1831. Matrikkelskyld 1838: 1,83 laup ar. Data for 1845: 8,4 daa blandkorn, 7,5 daa potet, 1 hest, 16 storfe, 35 smalar, 14 geiter, 2 vinterfôra svin.

Gjertrud og Sjur heldt fram med bygslinga til ca 1816 då Ivar Ivarson Bakka (1780–1857) frå Aurland & 1811 Mari Hansdtr (1782? 1832) overtok. Mari har vi ikkje sikkert identifisert. Då dei gifte seg, hadde dei båe adressa «Haukenes» i Fresvik. Dei var då truleg på ein husmannsplass. Dei vart båe oppgitt å vera frå Leikanger, noko som var feil for Ivar. Oppgitt alder for Mari var 20 år, noko som også var feil. Alder for Mari ved død, 54 år, må òg vera feil, for ho fekk eit barn i 1827. Truleg var ho fødd 1780–82. Det siste årstalet høver med dåp av Marie Hansdtr Jordal, Fjærland. Ho var truleg tenestejente på Hove i Feios i 1801, sjølv om det også då er eit aldersavvik på 2–3 år. Born: Brita 1812–15, Hans 1814 (lnr 61 Alrek), Brita 1816 (plass Vetlesand), Ola 1819 (lnr 67 Ovri, lnr 12c Teigum, sjå del 1), Jens 1822–54 (døydde i New York på emigrasjonsreisa), Karl 1824 (USA 1854), Marta 1827 (sjå note). Ivar vart attgift 1835 med husmannsenkja Gjertrud Oladtr Finnen (1797–). Born: Maria 1834, Johannes 1835–55, Brynhild 1837, Synneva 1838, Olina 1841. Ivar med kone og born reiste til USA i 1857, men då dei kom til New York døydde han av slag. Ivar hadde òg Botolv 1807 (Vikøyri v132) med Mari Jensdtr Hatleli i Fresvik. Han nekta farskapet, men vart dømd til å betala 20 riksdalar. Då lensmannen kom for å krevja inn bota, kalla Ivar han ein «kjolafant». Om Ivar sine tvistar med Johannes Knutson kan vi lesa i den gamle bygdeboka. Ivar kom òg i økonomiske vanskar, og i 1839 vart bruket selt på tvangsauksjon, men i 1840 var han på nytt eigar. Ola Engelson Soldal frå Kvam i Hardanger hadde bruket 1856 58. På denne korte tida greidde han visstnok å hogga ut skogen. Nils Tomasson Nordanger (1823–1896) frå Manger & 1857 Susanna Johannesdtr Nedre Vinje (1821–1883) frå Vossestrand hadde bruket 1858–88. Born: Randina Gurina 1857 (Fitje i Ortnevik), Johan Henrik 1860 (Gulen, så Jølster), Tomas Olai 1863. Nils vart attgift med Gjertrud Sjurdtr Fitje (1838–1922) frå Ortnevik. Gjertrud var syster til Ingeborg 1833 på lnr 55 Kyrkjeteig. Tomas Olai Nilsson Nordanger (1863–1917) & 1886 Olina Hermunddtr Linde (1860–1941), ei syster til Guri på Geithus, fekk: Nils 1887 (sjå note), Hermund 1888, Sigurd Anton 1890 (Nessane i Kvamsøy sokn), Brita 1892–1919 (heime), Per 1894 (Alnabru i Oslo), Susanna 1896 (Lonevåg), Rachel Maria 1898–1962 (ugift), Olaf Theodor 1901 (Canada), August 1903 (Bergen), Gudrun 1906–72 (Vikevåg i Rogaland). Desse folka brukte familienamnet Nordanger. Tomas Olai hadde òg Nils 1882 (Vadheim) med Gjertina Pauldtr Vattekar (1854–1918) frå Kyrkjebø. I 1892 vart frådelt ein skogteig og i 1911 tomt til skulehus. Ny bnr 71/1 6,09 mark. Hermund Tomasson Nordanger (1888–1966) & 1930 Anna Tomasdtr Tønder (1897–) frå Tønderbruket på Seim i Vik, hadde bruket 1924–55. Hermund var postopnar på Sylvarnes. Born: Oddlaug Bjørg 1931 (Eivindvik), Tormod 1934, Borghild Ingebjørg 1936–36, Borghild Tordis 1937, Herdis Aud 1939 (Bømlo). Tormod Hermundson Nordanger (1934–1991) var ugift eigar. I åra 1972–74 var det eit kollektiv knytt til Sæletunnstiftinga i Bergen som var på bruket. Dei dreiv økologisk, mest med geiter og kalvar. Borghild Tordis Nordanger (1937–) & 1968 Reidar Larsson Hjortland (1939–) fekk skøyte på bruket i 1985. Dei har: Rune 1968 (Feios), Marianne 1970 (Nedste Hopperstadmarki nr 11, så Galilea nr 4), Henning Olav 1974 (omsorgsbustad i Moane-Grov). Borghild har òg Ivar Nordanger Hjortland (1957–) som bur i Feios. Reidar er bror til Leif på bnr 71/2.

Marta Ivardtr Sylvarnes (1827–) & 1854 Ola Ellendson Alrek (1827–) reiste til USA i 1854. Om Ola: sjå note lnr 63 Alrek.

Nils Tomasson Nordanger (1887–) & Ingebjørg Sørendtr Yttrøy (1889–) frå Solund fekk: Trygve (Bergen), Steinar 1918 (Bergen), Arne 1919 (Bergen), Oddbjørg (til foreldreheimen Feste i Lindås), Bjørgmund (Bergen), Hjørdis (Bergen). Nils var lærar. Huslyden flytta til Lindås i Hordaland ca 1920.

Lnr 57 Sylvarnes

4,13 spd. Frikjøpt i 1851. Matrikkelskyld i 1838: 1,83 laupar. Data for 1845: 7,5 daa blandkorn, 1,1 daa potet, 1 hest, 16 storfe, 35 smalar, 12 geiter, 2 vinterfôra svin.

Johannes Knutson Midlang (1782–1851) frå lnr 98 i Vik & 1810 Ragnhild Nilsdtr Limmesand (1788–1830) frå lnr 13 fekk: Gjertrud 1811 (lnr 54 Vollavik), Knut 1814, Nils 1817–18, Hans 1821–21. Johannes vart attgift 1831 med Åsa Arnedtr Linde (1800–1873) frå Kvamsøy sokn. Born: Arne 1831 (USA 1861), Ragnhild 1833 (lnr 14 Nissestand), Sjur 1835 (USA 1861), Ingebrigt 1838 (sjå note), Nils 1842 (USA 1871, fekk 16 born). Johannes var kyrkjesongar og lærar. Knut Johannesson Sylvarnes (1814–1883) & 1846 Marta Markusdtr Tune (1822–1891) frå Ortnevik fekk: Johannes 1846, Durdei 1849–52, Markus 1851 (lnr 57c), Durdei 1854 (lnr 57a), Nils 1856 (bnr 97/4 under lnr 186a Vangsnes), Ola 1859 (lnr 62 Alrek), Rognald 1863 (USA 1892), Johan 1867–67. I 1871 vart bruket frådelt lnr 57b 0,07 mark til ei husmannsstove. Denne tomta kom inn att under bruket. I 1875 vart plassen Bjørkeviki frådelt som lnr 57c.

Ingebrigt Johannesson Sylvarnes (1838–1917) & 1869 Anna Hermunddtr Linde (1847–1918) fekk: Anna 1870–87, Johannes 1871, Hermund 1873, Anton 1875 (sjå note lnr 57c), Johanna Gurina 1877–1900, Rognald 1880, Tomas Severin 1882–82, Arne 1884, Tomas 1887. Familien flytta til Linde før 1875, seinare til Tue i Balestrand. Borna vart busette i Balestrand. Tomas 1887 vart gift med Ragnhild Jondtr Refsdal (1892–1973) frå lnr 61 i Vik og dei fekk Torhild 1917. Ragnhild vart attgift 1924 med Ola Olason Tenål (1880–1939), sjå lnr 18b i Vik.

Lnr 57a Sylvarnes 3,38 spd = bnr 71/2 4,96 mark. Data for 1875: 7,4 daa blandkorn, 2,1 daa poteter, 5 kyr, 2 ungdyr, 15 sauer og 8 geiter.

Johannes Knutson Sylvarnes (1846–) & 1871 Olina Perdtr Undi (1851–) frå lnr 62 i Vik fekk: Knut 1873, Birte 1875 (sjå note), Per 1880 (Holmestrand), Johan 1883 (Botne), Martin 1886–86, Ellen Marie 1887 (Botne), Ola Johan 1891 (Holmestrand), Johannes Martin 1893 (Trondheim). Johannes var lærar og kyrkjesongar. I 1903 reiste heile familien til Botne ved Holmestrand. Durdei Knutdtr Sylvarnes (1854–1935) & 1887 Ola Simonson Vollavik (1857–1933) hadde bruket 1904–25. Dei hadde vore innerstar på Hustavenes og frå 1896 plassfolk i Vollavik. Durdei var jordmor i Arnafjord og Kvamsøy sokn. Heradsstyret drøfta fleire gonger om Hustavenes og Sylvarnes var rett bustad for jordmora. Born: Simon 1888–1903, Marta 1890 (Feten i Vetlefjorden), Knut 1894, Lasse Johan 1896 (Svolsviki), Edvard Olai 1898 (USA 1924). Knut Olason Sylvarnes (1894–1943) & 1923 Kristina Tomasdtr Feten (1895–1973) frå Vetlefjorden overtok i 1925. Dei tok til seg Solveig Aud 1931. Solveig Aud Sylvarnes (1931–) & 1950 Leif Martin Larsson Hjortland (1925–1987) frå Ulvik i Hardanger fekk: Leif Magne 1954. Kristina Dagfrid 1951 (Oslo), Knut 1952 (Sørumsand), Laila Solbjørg 1957 (Hisarøy i Gulen), Gunn Oddny 1964 (Hermansverk), Knut Sylvarnes Hjortland (1952–) fekk skøyte på bruket i 1953. Men då han busette seg på Austlandet, skøytte han bruket i 1979 til Leif Magne Leifson Sylvarnes (1954–). Han er ugift.

Birte Johannesdtr Sylvarnes (1875–) & 1899 Jørgen Hansson Måren (1870–) frå Kyrkjebø fekk: Johannes 1900. Jørgen var skreddar. Huslyden flytta til Ramnes i Vestfold.

Lnr 57c Bjørkevik 0,68 spd = bnr 71/3 0,99 mark. På plassen var det i 1865: 0,7 daa blandkorn, 0,4 daa poteter, 2 kyr og 6 sauer.

Per Johannesson Hanekam (1771–1849) & Kari Bendikdtr Vetlesand (1779–1810), båe husmannsborn, fekk: Sigrid 1805 (overtok plassen), Bendik 1808 08. Per vart attgift 1810 med Ingeborg Perdtr Mjølsvik (1761–1825) frå Ortnevik. Dei fekk ikkje born. Per fekk fattighjelp dei siste åra han levde. I 1810 vart stadnamnet Bjørkevik brukt om Per. Guttorm Knutson Midlang (1778–1859?) frå lnr 98 i Vik & 1820 Mari Bendikdtr Vangsnes (1789–1839) frå lnr 189+190 fekk bygsling på plassen i 1821. Far til Guttorm var frå lnr 35+36 Åse. Born: Gjertrud 1822 (plass Finnabotnen, så Senja og USA), Solveig 1824–24, Solveig 1825–49 (ugift), Barbra 1829 (USA i 1885). Barbra Guttormdtr Bjørkevik (1829–1923) fekk Knut 1849 med Anders Endreson Hanekam (1827–1917) og Olina 1859 (USA 1883) med Ola Jonson Telstad. Barbra var ugift tenestejente på Sylvarnes. Knut Andersson Sylvarnes (1849–1879), «Lægda-Knut», kunne arbeida, men kom på legd frå 1855, 6 år gamal. Han vart spedalsk. Guttorm vart attgift 1840 med Guri Hermunddtr Nese (1797–1865) frå lnr 41. Dei hadde ikkje born. Guttorm Knutson kom på legd frå 1855. «Guro Sølvernes» fekk fattighjelp frå 1862. Husmannsson Elling Jonson Geithus (1797–1879) & 1836 Sigrid Perdtr Sylvarnes (1805–1873), fødd i Bjørkevik, var på plassen etter Guttorm. Born: Jon 1836 (USA 1861), Ola 1838 (gift og busett i Bergen, så USA 1881), Sjur 1843 (til sjøs, gift i Nordland). I tillegg hadde Sigrid dottera Ingeborg 1833 med Håvard Jørgenson Lukreim frå Valdres, busett på Vikøyri v350 i «Fiske-Guri-huset», hus nr 69. Elling fekk fattighjelp frå 1869. Han døydde på Vikøyri som fattiglem.

I 1875 fekk Markus Knutson Sylvarnes (1851–) frå lnr 57 & 1878 Trine Olina Lassedtr Mjølsvik (1854–) frå Ortnevik skøyte på lnr 57c. Born: Marta 1879 (Sande i Ortnevik), Martina 1880 (USA 1907), Lassina 1883 (bnr 75/5 Alrek), Durdei 1885 (sjå note), Olina 1888, Knut 1890–96, Synneva 1893, Johanna Gjertina 1896, Konrad Leidulv 1900. Ved teljinga i 1875 budde Markus i ny stove på eigedomen saman med faren. Markus var snikkar. Huslyden flytta til Sogndal i 1905. Svein Ivarson Kollangsnes (1865– 1929) frå Kvamsøy sokn & Hansina Knutdtr Aven (1858–1948) frå Lavik hadde ikkje born. Svein var skomakar. Ingvald Johannesson Kvåle (1911–1951) frå Sørheim i Luster & 1937 Gunnhild Oladtr Ytre Nesse (1917–1978), husmannsdtr frå Kvamsøy sokn, fekk: Agnes 1937 (Lærdal), Jenny Kjellaug 1940 (Ålvik), Olav 1943, Gunnvald 1945 (Vadheim), Solfrid 1947 (Ljøsne i Lærdal). Olav Ingvaldson Kvåle (1943–) fekk skøyte på bruket i 1979. Han har budd i Vadheim og i åra 1986–99 på bnr 1/48-4 i Hamnen i Vik. Han var gift med Inger Mulelid (1947–) og dei har: Ingvald 1967 (Førde), Margrete 1968 (Hafslo), Fred Olav 1969 (Kaupanger). Inger og Olav er skilde, og Olav har busett seg på dette bruket.

Durdei Markusdtr Sylvarnes (1885–) & Anton Ingebrigtson Sylvarnes (1875–) pakta bruket til far til Anton på Tue i Balestrand fram til 1949. Om Anton: sjå note lnr 57.

Bnr 71/4 Skulehuset 0,07 mark, frå bnr 71/1 i 1911. Lærarane i krinsen var her i svært kort tid, men med eitt unntak. Arne Larsson Tronvik (1877–1943) & Gjertrud Andreasdtr Ramsli (1876–1953), båe frå Kyrkjebø, tok familienamnet Austrheim. Arne og Gjertrud budde på Sylvarnes 1917–42, men flytta så tilbake til Kyrkjebø. Born: Audhild 1899–1925, Leif 1901–27, Kari 1904–31 (døydde på barselsseng i Bergen), Trygve 1906–87 (Austrheim), Sigrunn 1909–1912, Andreas 1911–42 (Austrheim), Sigmund 1915–17. Dei vaksne borna døydde av tæring.

Husmenn

Lasse Johannesson (1631–) var plassmann på Sylvarnes i 1701.

Ulrik Endreson Heggenes (1797–1830) frå Ortnevik & 1828 Kari Oladtr Østerbø (1800–) frå Kyrkjebø hadde ikkje born. Far til Kari var Ola 1761 frå lnr 30 Valsvik. Kari vart attgift 1832 med enkjemann Anders Ivarson Osland (1793–1834) i Kyrkjebø. Dei flytta til Østerbø i Kyrkjebø.

Ellend Olason Finnen (1807–), husmannsson, & 1836 Brita Halvardtr Hanekam (1807–) frå lnr 58 fekk Lussi 1834, Ola 1836 (Espeseter, Kinn), Halvar 1840–40, Halvar 1841, Brynhild 1845. Familien flytta til Espeseter i Kinn i 1847. Ellend hadde òg Ola 1827 med Brita Oladtr Alrek (1805–), sjå note lnr 63.

Oelgjershaugen under lnr 56, seinare kalla Birjehaugen. Data for 1865: 1,2 daa blandkorn, 0,4 daa poteter, 3 kyr, 6 sauer. Birge Jørgenson Ytre Nesse (1800–), Kvamsøy sokn, & 1828 Ingeborg Jondtr Midttun (1799–) frå lnr 191 Vangsnes fekk: Jørgen 1827 (USA 1856), Brita 1829–29, Jon 1830 (USA 1861), Eirik 1833 (bnr 73/3 Sylvarnes), Hans 1835–35, Hans 1836 (USA 1857), Lasse 1839 (USA 1861), Sjur 1845 (USA 1867). Sonen Jørgen hadde Ola 1849 med Inger Oladtr Tennefoss (1827–1901) frå Ytre Tennefoss i Kvamsøy sokn. Inger/Inga var i 1865 tenestejente i Finnen, ved teljinga i 1900 var ho med fattigstøtte på Hallsete. Der var ho òg då ho døydde. Guten Ola reiste til USA i 1861 saman med Jon 1830 og Lasse 1839. Før familien kom til Sylvarnes, budde dei på Nessestrondi i Kvamsøy sokn. Birge og Ingeborg reiste til USA 1870, og plassen var borte i 1875. Skulehuset på Sylvarnes vart sett opp på Birjehaugen.