Husmenn

Lasse Johannesson (1631– ) var plassmann på Sylvarnes i 1701.

Ulrik Endreson Heggenes (1797–1830) frå Ortnevik & 1828 Kari Oladtr Østerbø (1800– ) frå Kyrkjebø hadde ikkje born. Far til Kari var Ola 1761 frå lnr 30 Valsvik. Kari vart attgift 1832 med enkjemann Anders Ivarson Osland (1793–1834) i Kyrkjebø. Dei flytta til Østerbø i Kyrkjebø.

Ellend Olason Finnen (1807– ), husmannsson, & 1836 Brita Halvardtr Hanekam (1807– ) frå lnr 58 fekk Lussi 1834, Ola 1836 (Espeseter, Kinn), Halvar 1840–40, Halvar 1841, Brynhild 1845. Familien flytta til Espeseter i Kinn i 1847. Ellend hadde òg Ola 1827 med Brita Oladtr Alrek (1805– ), sjå note lnr 63.

Oelgjershaugen under lnr 56, seinare kalla Birjehaugen. Data for 1865: 1,2 daa blandkorn, 0,4 daa poteter, 3 kyr, 6 sauer. Birge Jørgenson Ytre Nesse (1800– ), Kvamsøy sokn, & 1828 Ingeborg Jondtr Midttun (1799– ) frå lnr 191 Vangsnes fekk: Jørgen 1827 (USA 1856), Brita 1829–29, Jon 1830 (USA 1861), Eirik 1833 (bnr 73/3 Sylvarnes), Hans 1835–35, Hans 1836 (USA 1857), Lasse 1839 (USA 1861), Sjur 1845 (USA 1867). Sonen Jørgen hadde Ola 1849 med Inger Oladtr Tennefoss (1827–1901) frå Ytre Tennefoss i Kvamsøy sokn. Inger/Inga var i 1865 tenestejente i Finnen, ved teljinga i 1900 var ho med fattigstøtte på Hallsete. Der var ho òg då ho døydde. Guten Ola reiste til USA i 1861 saman med Jon 1830 og Lasse 1839. Før familien kom til Sylvarnes, budde dei på Nessestrondi i Kvamsøy sokn. Birge og Ingeborg reiste til USA 1870, og plassen var borte i 1875. Skulehuset på Sylvarnes vart sett opp på Birjehaugen.