Sandbakken
Sandbakken (sandbakkjen): Sandbækken (1838), Sandbakken (1863, NG, VIK).
I ein protokoll for ein kommisjon som arbeidde med jordavgift i 1802 er det for Arnafjord sokn skrive: «Til Slutningen opdagede Commissionen at have i Skipredet et uskyldsat Plads eller Brug, Sandbakken kaldet, som førhen har lagt under Gaarden Dahle, og hvorom nu værende Eier Siur Willumsen haver efter Skiødet Henførende for 54 rd.»
Lnr 25 Sandbakken
0,13 spd. Data for 1845: 1,9 daa blandkorn, 1,4 daa potet, 3 kyr, 12 smale og eitt vinterfôra svin. På det utvida bruket var det i 1865: 3,3 daa bygg, 2,1 daa poteter, 5 storfe og 17 smalar.
Dette var opphavleg ein husmannsplass under Dale. Ved folketeljinga i 1801 finn vi som husmannsfolk under lnr 21: Sjur Vilhelmson Dale (1755–1843) frålnr 21+22 & 1800 Marta Lassedtr Åse (1774–1803) frå lnr 36. Det viser at plassen hadde lege under lnr 21+22 Dale. Sjur og Marta fekk Ola 1801. Sjur vart attgift 1804 med Durdei Oladtr Valsvik (1764–1834) frå lnr 29 og dei fekk: Vilhelm 1804–04, Ola 1805–05, Ola 1807–84 (ugift, Åsberget, på legd frå 1870). Ved konfirmasjon av Ola i 1821 står det: «Svag i kundskab og flid formedelst forsømt oppdragelse». Durdei døydde på legd. Av innleiinga ser vi at Sjur var eigar av Sandbakken alt i 1802, men i ei skatteliste for 1816 er han likevel kalla husmann. Men i matrikkelen 1836 er Sjur Vilhelmson ført opp som eigar. I 1841 skøytte han plassen til: Ola Sjurson Sandbakken (1801–1880) & 1836 Synneva Hansdtr Le (1798–1867) frå lnr 19. Ola kjøpte til lnr 23g Dale 0,10 spd. Dei to delane vart i ny matrikkel slegne saman til bnr 57/1 0,36 mark. Ola og Synneva hadde ikkje born. Men Synneva hadde før Synneva 1825 med Elling Hansson Nese (1794–) frå plass 19 Nese, sjå note lnr 19 Le. Ola var kanskje sjukleg, for alt i 1849 selde han bruket mot kår til Synneva 1825 og mann hennar. Ola Bendikson Nissestad (1821–) & 1848 Synneva Ellingdtr (Nese) Le (1825–) fekk: Ola 1846, Magnhild 1849, Sjur 1851, Bendik 1854. Huslyden reiste til USA i 1856. Ola fekk 20 spd av fattigkassa til reisa «for at undgå yterligere udgifter for fattigvæsenet». Deretter kom plassen på sal fleire gonger: I 1856 gjekk han til Jakob Andersson Skjervheim, som før hadde hatt lnr 23b Dale. I 1862 vart plassen seld til Lasse Gunnarson Søreide, som hadde hatt lnr 33 Valsvik, men som flytta til lnr 62 Alrek. Han selde difor same året til Hans Andersson Myster. Men Hans var blitt eigaren av lnr 33a Valsvik. Dette bruket hadde han kjøpt av lærar Johan Martin Nilsson Lindseth og som no kom til Sandbakken. Han og kona Brita var ikkje meir enn to år på staden. Dei reiste truleg til USA, kanskje saman med Ola Dahl v812 og nokre andre frå Vikøyri og som heller ikkje er registrerte som emigrantar. I 1864 vart småbruket skøytt til Helge Ivarson Mo (1833–1915) & 1859 Inga Oladtr Farestveit (1831–1909), båe frå Modalen. Dei kom seinare til lnr 15b Bungane og lnr 21 Dale, sjå meir der om borna. I 1871 kom Torbjørn Johannesson Yksendal (1840–1919) & 1868 Anna Rasmusdtr Eikemo (1829–1908), båe frå Eksingedalen, til plassen. Born: Johannes 1869–1909 (spedalsk, døydde i Bergen), Magdeli 1874–91 (drukna i ei elv på heimestølen Hedlestølen). I 1909 vart Kristian Olai Johannesson Sørevik (1875–1958) frå Åkre i Kyrkjebø eigar. Han gifte seg 1902 med Anna Johandtr Ådlane (1882–1903) frå lnr 31b Ådlane. Dei fekk ikkje born. Dei budde på Ådlane. I 1904 gifte han seg på nytt med Gjertrud Nilsdtr Flatekvål (1884–1945) frå Eksingedalen, og dei budde truleg på Ådlane til 1909. Born: Anton 1905 (sjå lnr 18b1 Flete), Borghild 1907 (Lunde i Feios), Jenny 1909 (bnr 62/1 Kjelven), Nilla 1912–28 (blindtarmbetennelse), Klara 1914 (bnr 62/4 Kjelven), Anna 1917 (Borlaug i Feios), Gunhild 1920 (bnr 65/3 Otterskreda og bnr 64/12 Nese), Einar 1922, Kristian 1923 (bnr 59/13 Valsvik), Signy 1925 (bnr 56/6 Dale), Norvald 1929 (sjå note) og Solveig 1933–33. I 1945 vart småbruket skøytt til Einar Kristianson Sørevik (1922–1980) & 1950 Margit Sveindtr Vikøren (1924–1995) frå lnr 15a Bungane. Born: Geir 1950, Konstanse 1955 (Oslo). Geir Einarson Sørevik (1950–) har overteke bruket. Han er ugift.
Norvald Kristianson Sørevik (1929–) & 1955 Emma Gulborg Martindtr Høgset (1928–) budde i huset. Born: Terje 1959, Elin 1960, Hildegunn 1963, Frode 1970. Dei flytta til Holsen i Førde ca 1961.