Nissestad

Nistad (nissta, nista): Nesestad (1647), Nissestad (1611, 1667), Nisestad (1723), Nissestad (1838, 1863), Nistad (NG, VIK).

Lnr 14 Nissestad

1,94 spd. I 1647 eigd av Sjur Kjærstein i Valdres 1,50 laupar. Sjølveigd i 1723. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,50 laupar. Data for 1845: 5,6 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 11 storfe, 20 smalar og 2 vinterfôra svin.

I 1603, 1611 og 1626 var Nils brukar, og han var truleg den første på Nissestad etter øydetida. I 1635 var Hans der, men i 1645 og 1647 heitte leiglendingen Rognald Johannesson (1603–) og kona Eli Johannesdtr. I 1667 hadde Rognald med seg sonen Sjur 1635 og dessutan var det to born med Johannes som far på bruket: Tollak 1658 og Gullak 1662. Johannes kan ha vore ein avliden eldre bror til Sjur. Kristen Eirikson Åse (1636–1727) frå lnr 34 kom til bruket ved å gifta seg med Sigrid Rognalddtr Nissestad (–). Born: Lussi 1681 (lnr 12 Røyrvik), Eirik 1684, Rognald 1686 (lnr 18 Flete), Per 1686 (lnr 54 Vollavik). Kring 1690 vart Kristen attgift med Alis Sjurdtr Finnen ( 1704) frå lnr 51, av adelsslekt. Born: Ola 1693–1741 (ugift), Gunnar 1695, Sjur 1705 (plass Flete, sjå Hola), Sigrid (Bolstad i Kvamsøy sokn). Eirik Kristenson Nissestad (1684–1760) & Brita Jondtr Bolstad (1697–1759) fekk: Sigrid 1717, Kristen 1729–29?, Kristen 1732, Mildrid (sjå note), Ingeborg 1736 (sjå note), Kari 1738 (Vikøyri v760). Sigrid Eirikdtr Nissestad (1717–1780) & 1748 Eirik Mikkelson Lidal (1714–1772) frå Fjærland fekk: Hans 1749 (plass Indre Nesse i Kvamsøy sokn), Eirik 1751–72 (drukna i fjorden), Helga 1753–1842 (tenar på lnr 25 Sandbakken 1801, døydde på legd), Kristen 1756, Ola 1757–1803 (sinnsjuk ved død), Mikkel 1762–89 (ugift), Eirik 1765–1848 (døydde på legd), Brita 1769 (ugift, konfirmert 1789). Små og sjukelege born og økonomiske vanskar var kanskje grunnen til at Sigrid selde garden til Hans Andersson Hellane (1751–1814) frå lnr 27 & 1773 Sigrid Ellenddtr Kjelven (1749–1801) frå lnr 39. I 1786 vart halve bruket skøytt til Kristen 1756. Han hadde odelsrett, men bygsla bort sin halvpart til Hans, og budde sjølv på ein plass under bruket (sjå nedanfor). I ei skatteliste frå 1789 står likevel Kristen som einaste brukar på Nissestad. Men lista er 2–3 år for «gamal», og vi trur at på denne tida har Hans overteke all eige og drifta av garden. I ein protokoll omkring jordavgifta i 1802 vart det skrive at Hans hadde gjort «et meget godt Kiøb». Hans og Sigrid fekk: Knut 1773, Anders 1775 (plass 5 Nese), Ingeborg 1777 (bnr 65/2 Otterskreda), Ellend 1778–1803, Brita 1780 (lnr 78 Hove), Lars 1783 (død ca 1810), Kari 1786 (lnr 47 Bruavoll i Vik, så Vetleøyri s132), Sigrid 1787 (sjå note lnr 43+44 Nese), Per 1788 (plassen Bjørkeviki under lnr 58 Hanekam), Åsa 1791–1831, Sjur 1801 (plass Holane). Ved folketeljinga i 1801 var alle 10 borna heime. Åtte av dei var over 12 år. Det var tenaralder på denne tida. Så mange heimeverande vaksne born var svært uvanleg. Hans vart attgift 1804 med enkja Gjertrud Larsdtr Nese (1753–1832) frå lnr 47. Neste brukarpar var Knut Hansson Nissestad (1773–1814) & 1809 Sigrid Eirikdtr Nese (1777–1834) frå lnr 45. Dei fekk Lars 1810–10. Etter at Knut døydde, overtok husmannsdtr Kari Kristendtr Nissestad (1792–1856) & 1809 Bendik Larsson Hove (1777–1827). Bendik var frå lnr 76 i Vik og hadde ein bror på Bungane. Dei fekk: Lars 1812–12, Lars 1813, Kristen 1815 (sjå note), Magnhild 1818–33, Ola 1821 (lnr 25 Sandbakken), Hermund 1824 (USA 1856), Brita 1827 (plass Holane). Bendik hadde truleg frå før Kristi 1809 med Guri Halvardtr Bungane, sjå note. Etter at Bendik døydde, vart bruket kjøpt av Ola Andersson Øvre Skjervheim (1787–1829) frå Myrkdalen & 1815 Ingeborg Oladtr Hellane (1788–) frå lnr 27. Born: Anders 1815 (lnr 22 Dale), Ragnhild 1818 (sjå note). For tredje gong på kort tid døydde bonden på garden, men no skaffa enkja seg same året ein ny mann: Johannes Mikkelson Fjellanger (1790–) frå Eksingedalen. Dei fekk Ola 1831 (USA 1845) og Mikkel 1833–34. Dei flytta til lnr 21 Dale omkring 1835 og reiste til USA i 1845. Garden vart overteken av Lars Bendikson Nissestad (1813–1865) & 1835 Solveig Oladtr (Stadheim) Tryti (1801–1888), enkje på lnr 105 Tryti. Dei fekk: Jon 1836, Brita 1836, Kari 1840, Olina 1842, Bendik 1844. Huslyden reiste til USA i 1851. Garden vart kjøpt av Ola Olason Holane (1822–) frå lnr 16 & 1849 Ragnhild Oladtr Hellane (1826–) frå lnr 26. Dei fekk: Ola 1850, Kari 1853–53, Ola 1854, Kristensa 1858. I 1855 vart bruket, truleg på grunn av eit odelssøksmål, delt i to like delar, lnr 14a og lnr 14b. Samanhengen er at Kari Kristendtr hadde ei syster, Sigrid 1796, som vart buande på plassen på Nissestad saman med mann sin, og dei var foreldre til kjøparen av lnr 14b.

Mildrid Eirikdtr Nissestad (–) & 1760 Sjur Andersson Nese (–) frå lnr 45 fekk på Flete: Anders 1760. Huslyden kom til Sande i Gulen. Ingeborg Eirikdtr Nissestad (1736–) fekk Eirik 1780 med Johannes Lasseson Nese (1756–) frå plass 17 Nese. Ingeborg var ved teljinga i 1801 almisselem på lnr 31 Valsvik og døydde truleg i dei etterfølgjande åra fram mot 1818 då så mange dødsfall manglar i kyrkjeboka. Eirik 1780 kom truleg til plassen Naustviki under Ytre Nesse. I tilfelle gifte han seg 1802 under stadnamnet Valsvik.

I 1826 vart konfirmert Kristi Bendikdtr «Nissestad», 16 år, med oppgitte foreldre Bendik Larsson og Guri Halvardtr Bungane. Denne jenta er ikkje innførd i kyrkjeboka som fødd, og ho blir borte etter 1826. Kristen Bendikson Nissestad (1815–) & 1843 Brita Kristendtr Nese (1815–) frå lnr 43 fekk: Ingeborg 1839, Bendik 1843, Gjertrud 1846, Kristen 1848. Huslyden var i Nordland 1848–49, men kom tilbake til Nissestad. Dei reiste til USA i 1856. Ragnhild Oladtr Nissestad (1818–) & 1844 Ola Rolandson Tistel (1820–) frå lnr 91 i Vik reiste til USA i 1844.

Lnr 14a Nissestad 0,97 spd. Data for 1875: 3,3 daa bygg, 2,8 daa blandkorn, 2,8 daa poteter, 5 kyr, 2 ungnaut, 50 sauer.

Ola Olason og Ragnhild selde halvbruket alt i 1857, og huslyden reiste til USA frå Holane i 1861. Hans Olason Ådlane (1811–) frå lnr 31b & 1837 Brita Markusdtr Flete (1811–) frå lnr 18 overtok. Born: Brita 1836 (USA 1856), Brita 1839 (sjå «andre» husmenn under Dale), Olina 1842–42, Olina 1844 (sjå note lnr 24b Dale), Marta 1846, Anders 1850–50, Anders 1851, Sjur 1854–54. Huslyden reiste til Nordland1848, kom att 1850 og hadde lnr 31b Ådlane 1855–57 før dei kom til Nissestad. Huslyden reiste til Amerika, i 1866. Halvbruket vart i 1866 selt til husmannsson Hermund Tolleifson Nissestad (1839–1885), ein bror til Kristen på lnr 14b. I Hermund si tid vart husmannsplassen som foreldra hans sat på, skild ut som eige bruk, lnr 14c 0,23 spd, slik at lnr 14a fekk skyld 0,74 spd = bnr 49/1 1,13 mark. Hermund gifte seg 1870 med husmannsdtr Lussi Kristendtr Åsberget (1849–1929) frå lnr 34b. Dei var barnlause. Dei kjøpte i 1877 lnr 17d Holane og bruket gjekk til Ola Alfson (Holane) Nissestad (1854–1942), ein systerson til Hermund, sjå note under lnr 14c. I 1875 vart Ola kalla skogsarbeidar og budde som mange andre ungdomar i fjøset. Han gifte seg 1885 med Guri Jensdtr Limmesand (1855–1949) frå lnr 13a og dei fekk: Ingeborg 1886 (lnr 15a Bungane), Hermund 1888–1916 (få år i USA, fattigstøtte i 1915, var sinnsjuk, men døydde av tæring), Jens 1890–1965 (ugift, heime), Hansina 1893 (Dalsøyra), Tea Sitona 1895 (Dalsøyra), Elling 1898–1928 (lungebetennelse, døydde på sinnsjukehus i Bergen), Ola 1901. Ola fekk som gift mann Alfred 1894–1934 med husmannsdtr Marta Andersdtr Åsberget (1867–1949), sjå òg note under Rosheim i del 1. Ola Olason Nissestad (1901–1974) & 1929 Eli Perdtr Svardal (1911–1967) frå bnr 46/2 under lnr 10 hadde bruket 1931–74. Born: Guri 1930 (Ask på Askøy), Olav 1932, Peder 1933 (bnr 97/37-4 i Tråna, Vangsnes), Arne 1936 (Selbu), Ottar Edvin 1939 (ugift, har hus på bruket). Olav Olason Nissestad (1932–) & 1963 Astrid Andersdtr Holen (1944–) frå lnr 28 Dalsver har: Oddvin Arne 1964 (Stryn), Britt Ellen 1966 (Hyllestad).

På loftet av ein ny geitefjøs på bruket vart i 1933 innreia bustad for Per Hansson Svardal (1879–1959) & 1910 Anna Eilifdtr Bungane (1878–1944). Dei kom frå bnr 46/2 Jernadn i Svardal og var foreldra til Eli 1911. Born: sjå del 3.

Lnr 14b Nissestad 0,97 spd. Omkring 1870 kom også lnr 14c 0,23 spd inn under bruket slik at skylda vart 1,20 spd = bnr 49/2 1,86 mark. Data for 1875: 2,2 daa bygg, 3,7 daa blandkorn, 2,8 daa poteter, 1 hest, 7 kyr, 2 ungnaut, 18 sauer, 22 geiter og eitt vinterfôra svin.

Husmannsson Kristen Tolleifson Nissestad (1829–1915) & 1858 Ragnhild Johannesdtr Sylvarnes (18331871) frå lnr 57 fekk borna: Tea 1859–59, Tea 1860, Anna 1864 (lnr 16 Holane), Johannes 1870–71. Kristen vart attgift 1874 med Anna Jondtr Ådlane (1853–1933) frå lnr 32. Dei fekk ikkje born. Kristen var lærar og klokkar. Tea Kristendtr Nissestad (1860–1925) & 1880 Karl Jensson Limmesand (1852–1924) frå lnr 13a fekk borna: Kristen 1881 (Avaldsnes på Karmøy, var likningssjef, ordførar m. m.), Jens 1883–1933 (ugift, USA 1906), Ragnhild 1885–1975 (ugift), Hansina1887–90, Marta 1890 (Vikøyri v682), Johannes 1892(sjå note), Sivert 1894, Edvard 1896 (USA 1923),Ola 1898–99, Olav 1900–63 (Brekke i Gulen, drukna i Bergen), Hansina 1902 (Ikjefjorden i Kyrkjebø), Johanne Marie 1905–06, Johanna 1907 (Høyanger). Sivert Karlson Nissestad (1894–1974) & 1927 Brita Johandtr Holane (1897–1985) frå lnr 17a hadde bruket 1930–71. Born: Torbjørg 1930 (Bergen), Kåre 1934–36, Kåre Johan 1937 (Os). I 1935 var Sivert, som mange andre på denne tida, i økonomiske vanskar og søkte gjeldsordning. Kåre Johan Sivertson Nissestad (1937–) har overteke. Bruket er feriestad.

Johannes Karlson Nissestad (1892–) reiste til USA 1911, kom att og gifte seg 1922 med Anna Perdtr Limmesand (1892–) frå lnr 13b. Dei reiste til USA i 1923.

Husmannsplass lnr 14c 0,23 spd, utskilt ca 1861. På Nissestad var det ein stor husmannsplass over svært lang tid. Alt i 1723 var det ein husmann på garden. Det kan ha vore Sjur Olason (1648–1729). Vi veit om borna Ola 1693 og Kristen 1694 (plass 12 Nese). I 1763 var Ola Hermundson Frettheim (1724–1778) frå lnr 40 & 1751 Turid Bendikdtr Kjelven (1726–1800) frå lnr 39 på plassen. Born: Hermund 1751 (død før 1763),Bendik 1754 (til plass Vetlesand), Marta 1761–1830 (døydde på legd), Simon 1763–63?, Simon 1764 (død før 1801?), Lars 1768–1838. Kristen Eirikson Nissestad (1756–1849) & Magnhild Alfdtr Valsvik (1752–1823) frå lnr 30 fekk borna: Kari 1792 (overtok bruket), Sigrid 1796 (overtok plassen). Endre Hansson Le (1783–1869) frå lnr 19 & Kari Vikingdtr Myrkve (1780–1850) frå Myrkdalen kom til plassen. Born: Jon 1804 (plass Holane), Hans 1806 (sjå «andre» plassar under Dale), Synneva 1808 (plass 8 Nese), Viking 1812–1813, Viking 1813 (sjå lnr 118 Hopperstad i del2), Ola 1817–1821?, Ivar 1819 (til Sværefjorden ogUSA), Ola 1823 (plassen Teigen i Valsvik). Husmannsdotter Sigrid Kristendtr Nissestad (1796–1869) & 1825 Tolleif Hermundson Åsberget (1794–1874) frå plass under lnr 36 fekk: Ingeborg 1825–25, Ingeborg 1826 (sjå note), Kristen 1829 (overtok lnr 14b), Magnhild 1833–33, Magnhild 1835–1909 (ugift, på Nissestad), Hermund 1839 (overtok lnr 14a). Magnhild 1835 var i 1908 til forpleiing hjå Karl Nissestad. Fattigstyret meinte ho hadde pengar til å betala halvparten sjølv. Plassen til Sigrid og Tolleif heitte Naustvoll og låg der hus på lnr 14a ligg i dag.

Ingeborg Tolleifdtr Nissestad (1826–1901) budde på Nissestad. Ho fekk Ola 1854 med Alf Olason Holane (1828–) frå lnr 16. Ola reiste til USA i 1870, men kom tilbake og overtok lnr 14a.