Nese

Nese (næse): Nese (ca 1320), Nees (1647), Ness (1563, 1611, 1667), Nesse (1723), Næse (1838, 1863), Nese (NG, VIK).

Nese var busett gjennom heile øydetida frå 1350 til 1530, men det var få brukarar. For året 1522 har vi ei liste over dei som betalte tiendepengeskatt. Det var då berre 8 bønder i soknet som betalte slik skatt, og av dei var to på Nese. I 1563 og 1567 var det fire brukarar: Ola, Hans, Rasmus og Lasse. Lasse eigde ein del av bruket han var på. I 1611 var det òg fire: Johannes, Ola, Anders og Amund. I 1626 var det 6 brukarar: Anders, Amund, Anders Sjurson, «enkja», Johannes og Sjur. «Enkja» betalte berre 1 laup i landskyld, så ho sat truleg på eit kårbruk. Til saman var landskylda over 11 laupar. I 1647 var samla landskyld ca 13,42 laupar, og brukarane var i 1645: Anders Olason med Barbra Andersdtr og landskyld 2,83 laupar; Lauritz (Lars) med Anna Andersdtr og 2,00 laupar; Jens med Torbjørg Guttormdtr og 2,67 laupar; Sjur gift med Kirsten (Kristi) Madsdtr og han dreiv truleg dreiv saman med Hans Person. Samla landskyld for dei to var 1,25 laupar. Enkja Gjertrud var på eit bruk med landskyld 2,00 laupar og her var Kongen eigar. Anders Sjurson med Anna Arnedtr dreiv eit bruk på 2,67 laupar. I 1667 har vi namn på brukarar med heimeverande søner: Per Jensson (1629–) med Jens 1660 og Johannes 1662; Arne Andersson (1627–); Sjur Andersson (1623–) med Eirik 1659 og Lars 1662; Gunnar Jonson (1620–) med «sønene» Guttorm Jonson (1639–) og Johannes Guttormson (1651–); Ola Andersson (1623–) med Anders 1658; Ola Hansson (1623–) med Knut 1658; enkja Anna etter Lars med sønene Sjur 1629, Anders 1633 og Elling 1648; Hans Person (1624–); og enkja Kristi etter Sjur med Rognald 1635.

Sist på 1600-talet må det ha skjedd ei omlegging av bruka på Nese, slik at det er vanskeleg å trekkja linjer frå 1667 fram til manntalet i 1701. Vi har difor uklare brukarrekkjer før 1701 for somme av bruka. Det er truleg hovudgrunnen til at det oppsettet vi har kome fram til for denne tidlege perioden, samsvarar dårleg med oppsettet i den gamle bygdeboka. For åra 1701, 1711, 1718 og 1723 har vi namna på brukarane. Likevel er brukarrekkja usikker for somme av bruka i perioden.

Vi kan merka oss at samla matrikkelskyld for Nese i 1723 berre var 11,50 laupar. Det kan ha samanheng med jordras, men det kan og koma av ei nedskriving av landskylda frå 1667 på same måte som for store namnegardar i Flatbygdi i Vik.

Eigarforholda på Nese var lenge svært samansette og er vanskeleg å finna ut av. I 1723 finn vi følgjande eige rekna i laup med desimalar: Vik prestebol 2,00, Arnafjord kyrkje 1,03, Blixencrone 1,33, arvingar etter Frimand 3,67, arvingar etter Samuel Bugge 2,19, arvingar etter Christopher Nagel 1,00, arvingar etter Bjørn Otterskreda 1,59, Kaupangergodset 0,67 og Fattighuset i Bergen 0,33. Det meste av den privat eiga må kort tid etter blitt overteke av Anders Daae, og den offentlege eiga vart benefisert. Dei fleste brukarar hadde overteke den private eiga innan år 1800. Eiga til Arnafjord kyrkje på Nese var på 1800-talet 1,17 laupar og fordelt på fleire bruk. Denne eiga vart frikjøpt ca 1870. Før Svartedauden var Kalhagen eige bruk, eigd av Munkeliv kloster. Denne garden vart aldri oppretta på nytt etter øydetida, men vart ein del av Nese.

I 1733 var det uvanleg mange dødsfall på Vestlandet. Det var det òg i Vik prestegjeld, og for Nese merkar vi oss at 6 kvinner mellom 56 og 70 år døydde dette året. Av dei var 4–5 gardkoner. At det ikkje var born som døydde på Nese dette året verkar merkeleg, og det er nærleggjande å tru at barnedødsfall ikkje vart førde inn i kyrkjeboka. Manglande innføring av fødslar og dødsfall av born finn vi mange eksempel på for heile prestegjeldet heilt fram til 1818.

Den store skreda på Nese i 1811 førde til at 45 menneske døydde, tekne av raset. Av dei var to frå Lærdal. Folk frå alle bruk miste livet. Mykje jord vart øydelagd, og det tok lang tid å utbetra jordvegen på nytt. Før 1811 var husa på alle bruk på Nese samla i eitt tun. Nye tun kom opp på 6 ulike stader på neset. Men vi vil sjå at bruksstruktur og matrikkelskyld vart lite påverka. Utvandringa til Amerika hadde større innverknad, særleg ved at bruk vart oppsplitta. Alt i 1845 reiste det 30 personar frå Nese til USA.

Lnr 41+42 Nese

Landskyld 2,67 laupar i 1647, av det eigde Kolbein Kvamme 2,00 laupar, Prestebolet i Vik 0,50 laupar og Jens Nese (sjølveige) 0,17 laupar.

Jens og Torbjørg Guttormdtr var på dette storbruket i 1645. Dei hadde då med seg ei dotter, Sigrid. I 1667 heitte brukaren Per Jensson Nese (1626–), og han hadde då med seg sønene: Jens 1680 (lnr 26 Hellane) og Johannes 1662 (lnr 63 Undi i Vik). Gunnar Jonson Åse (1620–) frå lnr 35+36 dreiv bruket i 1667. Grunnlagt for påstanden er at Kolbein Kvamme mellom anna skulle ha ein kvartel laks i landskyld frå Per i 1647, og den same laksedunken er rekna inn i landskylda til Gunnar i 1667. Gunnar hadde i 1667 med seg «sønene»: Guttorm Jonson, fødd 1639 og Johannes Guttormson, fødd 1651, så han må ha gift seg med ei som hadde vore enkje eit par gonger. Det kan ha vore Sigrid Jensdtr frå bruket. Vi trur at Amund Person Kvamme (1660–) sat på bruket i 1701. Han slekta tilbake til Kolbein Kvamme, den tidlegare hovudeigaren av dette bruket på Nese, og derfrå tilbake på adelsfolka i Finnen. Amund hadde ikkje søner med seg i 1701. Truleg var han barnlaus. I 1711 var bruket delt, og oppgåvene frå 1723 viser at det var i to like delar.

Lnr 41 Nese

2,79 spd = bnr 64/1 4,35 mark. «Leite». Sjølveige frå ca 1790, men i 1796 kjøpt av Tor Ivarson Flete. Frikjøpt i 1803. Matrikkelskyld i 1725 og 1838: 1,25 laupar. Jordbruk i 1845: 6,8 daa bygg, 2,1 daa potet, 2 hestar, 10 storfe, 15 smalar, 9 geiter og 2 vinterfôra svin.

Til dette delbruket kom Amund Rognaldson Nese (1680–1726) frå lnr 45. Han var ugift i 1711, men vart gift med Gunhild Kristendtr ( 1764). Gunhild var kanskje frå Nissestad. Dei hadde ikkje born då Amund døydde. Gunhild vart attgift med Botolv Gunnarson Valsvik (–) frå lnr 30. Born: Guri 1726 (lnr 20 Le), Brita 1731–31, Amund 1732. Sonen Amund vart konfirmert i 1752 og var på bruket i 1762 og 1764, men blir så borte for oss. Det var ei dotter til Guri som overtok bygslinga. Brita Ivardtr Le (1752–1816) frå lnr 20 & 1776 Hermund Monsson Åse (1742–1812) frå lnr 34 fekk: Botolv 1778, Per 1779–1800 (ugift), Ivar 1782, Sigrid 1784–1811, Synneva 1787–87, Synneva 1789 (død før 1801), Gunhild 1791–1836 (ugift), Amund 1792, Sjur 1794–94?, Sjur 1795 (død før 1801), Guri 1797 (plassen Bjørkevik på Sylvarnes). Hermund vart sjølveigar, men måtte selja eiga på nytt, no til den rike ungkaren Tor Ivarson Flete (1758–1815). Tor selde eiga til neste brukarpar: Botolv Hermundson Nese (1778–1811) & Guri Andersdtr Finnen (1780–1811) frå lnr 51. Born: Brita 1807–1811, Agata 1808–1811, Synneva 1810–1811. Heile huslyden vart borte i storskreda i 1811. Deretter vart lnr 41 på nytt leiglendingsbruk ved at eiga i 1812 vart overteken av Jens Johannesson Åfet i Feios. Jens fekk tre born som vart busette i Arnafjord: Ingeborg 1791 på lnr 34 Åse, Johannes 1796 på dette bruket og Anna 1804 på lnr 40 Frettheim. Amund Hermundson Nese (1792–1829) & 1812 Anna Ivardtr Flete (1781–1821) fekk: Hermund 1813 (sjå note), Knut 1815–16, Brita 1817–17, Ivar 1818 (til Sæter i Eivindvik, så Rutle i Gulen og Rysjedal i Hyllestad). Amund vart attgift 1822 med Ingeborg Sjurdtr Geithus (1777–1838) på lnr 50. Amund vart drepen på Rutle, men om det var ulukke eller slagsmål, får vi ikkje greie på. Ingeborg døydde som kårkone på Nese. Jens Åfet skøytte i 1826 bruket til sonen Johannes Jensson Åfet (1796–), og han overtok drifta. Han var både gardbrukar og skreddar. Han gifte seg 1823 med Eli Ingebrigtdtr Berdal (1799–) frå Feios. Born: Gro 1818–22, Gro 1824 (til lnr 47), Jens 1828, Gunhild 1831, Ingebrigt 1833, Johan 1837. Med unntak av Gro reiste huslyden til USA i 1845, og bruket vart kjøpt av eit par frå Aurland: Botolv Simonson Hjellum (1795–1847) & Anna Johannesdtr Drego (1790–1849) med barnet Ingrid 1825. I skiftet etter Botolv vart bruket skøytt til dottera. Ingrid Botolvdtr Nese (1825–1913) & 1848 Jon Olason Nese (1824–1909) frå lnr 44 fekk: Botolv 1848 og Ola 1856 (lnr 34a Åse). Botolv Jonson Nese (1848–1918) & 1872 Lussi Andersdtr Valsvik (1848–1935) frå lnr 31 hadde bruket frå 1871. Born: Jon 1873–89 (var spedalsk), Anders 1874–74, Anna 1875–90 (døydde av influensa), Anders 1877–1918 (heime, ingen arv etter han), Synneva 1879–1941 (ugift budeie, heime), Karl Olai 1881 (USA 1905, prest), Inga 1883–85, Ola 1885–86, Inga 1887–98, Karolina 1889–90, Anna 1892 (ugift, heime), Jon 1894. Jon Botolvson Nese (1894–1973) var ugift. Han skøytte bruket 1948 til Gudmund og Aslaug Johannessen frå Laksevåg, båe fødde i 1916. Dei kom til Nese i 1944 etter bombinga av Laksevåg. I 1950 vart bruket skøytt tilbake til Jon og dei to flytta tilbake til Laksevåg. I 1950 vart bruket kjøpt av Ola Olason Dale (1910–) frå lnr 23a, men i 1951 vart bruket teke på odel av Anna Botolvdtr Nese (1892– 1977) og Ola flytta til Sogndal. I 1955 kom bnr 64/18 inn under bruket. I 1959 vart bruket skøytt til Sjur Markusson Walsvik (1900–1985) frå lnr 33bc Valsvik. Han gifte seg 1931 med Emma Marie Johandtr Håland (1907–1999) frå Høyanger og dei var busette på Håland i Høyanger fram til 1959. Born: Alvhild Gudrun 1932 (Trondheim), Bjarne Morgan Jostein 1942. Bjarne Morgan Jostein Sjurson Walsvik (1942–) & 1968 Guri Johandtr Nesse (1949–) frå bnr 52/1 Ådlane fekk: Kjartan Frode 1969 (bnr 59/5 Valsvik), Ståle 1977 (Høyanger), Inger Johanne 1977 (Høyanger). Bjarne overtok i 1977. Han har òg eigedomane bnr 64/26 Nese og bnr 59/5 Valsvik.

I 1948 vart bruket frådelt bnr 64/26 Kalhagen 0,64 mark til Jon 1894, men i 1950 vart parsellen skøytt tilbake til hovudbruket. Om bnr 64/50 Solhaug på Tenne, frådelt 1986: sjå under Tenne og Morki.

Hermund Amundson Nese (1813–) & 1841 Guri Markusdtr Otterskreda (1814–) frå lnr 49 var innerstar på bruket. Born: Knut 1836, Ola 1839, Anna 1841. Huslyden flytta til Solås i Askvoll i 1844.

Lnr 42 Nese

2,79 spd = bnr 64/2 4,30 mark. «Kraonao». Sjølveige på 0,67 laupa i bruket frå 1770, resten på 0.67 laupar var benefisert kyrkje- og prestebolgods og som truleg vart frikjøpt ca 1795. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,25 laupar. Jordbruk i 1845: 7,9 daa bygg, 2,5 daa potet, 1 hest, 12 storfe, 17 smalar, 16 geiter og 2 vinterfôra svin.

Første brukaren var Ola Andersson (1661–1718). Han var tenar på Nese i 1701 og var kanskje frå Røyrvik. I følgje den gamle bygdeboka var han gift med Bothilda (Torkjelldtr ?), men vi trur ho var gift med Sjur Rognaldson, sjå plass 14 Nese. Ola hadde neppe born. Så kom Ingebrigt Andersson (1672–1750). Også han var tenar på Nese i 1701. Han var truleg ein bror til Ola og var gift med Ingeborg Oladtr Kjelven (1663–1733). Dei hadde neppe born som voks opp. Då Ingebrigt vart gravlagd, vart det skrive: «den fattige forhenværende jordemand». Torstein Jonson (–1769) overtok bygslinga ca 1725. Vi trur han var son til Jon Torsteinson Bjordal (1682–) frå Kyrkjebø. Jon var truleg husmann på Fæle, for i 1731 døydde «Joen Fæles hustru» Gunhild Oladtr Kjelven (1670–1731). Ho var syster til Ingeborg 1663, og slektsskapet var truleg grunnen til at Torstein kom til bruket. Besteforeldra til Torstein frå Bjordal døydde på Nese: Torstein Johannesson (1642–1728) & Gjertrud (1652–1727). Torstein Jonson gifte seg med Brita Andersdtr Nese (1714–1781) frå lnr 45 og dei fekk: Jon 1734 (døydde før 1772), Brita 1735 (Linde i Kvamsøy sokn), Eirik 1737 (lnr 19 Le), Ingeborg 1739 39, Anders 1740 (lnr 61 Refsdal i Vik), Kristen 1742 (plass lnr 16 Holane), Ingeborg 1744 (sjå note), Ola 1746, Gunhild 1748 (lnr 105 Tryti i Vik), Gjertrud 1751 (plass Åsberget), Ingebrigt 1753–53, Kari 1754 (sjå note), Ragnhild 1758–58. Ola Torsteinson Nese (1746–1825) & 1770 Malena Johannesdtr Finnen (1745–1821) frå lnr 51 fekk: Torstein 1771, Johannes 1774 (sjå note), Brita 1776 (Otterskreda), Jon 1780 (Lønne, så Indre Nesse, båe i Kvamsøy sokn, sjå òg sonen Ola 1815 på lnr 46), Alis 1782–82?, Ingebrigt 1786 (døydde mellom 1801 og 1821), Alis 1790. Ola overtok eige og bygsling i 1770. Torstein Olason Nese (1771–1811) & Anna Larsdtr Nese (1764–1811) frå lnr 47 fekk: Ola 1798–99, Durdei 1801 (sjå note), Lars 1803, Malena 1807 (gift Bergen i 1850). Dei tre borna overlevde den store skredulukka. I 1812 vart difor bruket lagt ut til desse borna. Før dei vart vaksne, vart bruket drive av andre. I åra 1817–28 var det Per Olason Engum (1792–1842) & 1817 Alis Oladtr Nese (1790–1858) som pakta bruket. Han var frå Kvamsøy soknet, ho var frå bruket. Born: Brita 1818 (plass 2 på Indreklubbane), Ola 1819–19, Ola 1821 (USA 1845), Ola 1825 (Vikøyri v846), Ingebrigt 1828 (sjå note), Anders 1833 (sjå note). Frå 1828 var ekteparet innerstar på bruket. Enkja Alis fekk årleg fattigstøtte, og ho kom på legd det siste året ho levde. I 1830 skøytte Durdei 1801 og Malena 1807 sine partar til broren Lars. Lars Torsteinson Nese (1803–1842) & 1826 Synneva Steffendtr Finnabotnen (1793–1875) fekk: Torstein 1828–61 (ugift), Steffen 1831–31, Steffen 1833, Ola 1836 (USA 1854), Brita 1841–41. Synneva vart attgift 1842 med Johannes Olason Nese (1803–1865) frå lnr 47. Dei fekk ikkje born, men Johannes hadde fått Johannes 1827–28 med Kristi Oladtr Finnen (1806–) frå lnr 51. Steffen Larsson Nese (1833–1919) & 1871 Sigrid Tordtr Måren (1847–1916) frå Kyrkjebø hadde bruket 1860–86. Dei hadde ikkje born. «Steffo i Kraonao» var ein føregangsmann når det gjeld fruktdyrking, men er elles kjend for å ha vore på kår i 33 år og for di han på sine gamle dagar samla jordisk gods slik at det kunne bli ein ærefull dødsbuauksjon etter han. Og det vart det. Ola Jonson Finnabotnen (1846–1933) & 1876 Ingeborg Oladtr Kvamme (1855–1935) hadde bruket 1886–1920. Dei kom frå lnr 53 Finnabotnen. Born: Jon 1876 (USA 1897), Ola 1878 (USA 1897), Sivert 1881, Solveig 1883 (sjå bnr 64/17 under lnr 46), Johan Ola 1885 (USA 1907), Elsa 1888 (USA 1907), Steffina Serverina 1890 (USA 1912), Ingeborg 1892–95 (døydde av bronkitt), Ingvald 1895 (USA 1910), Lovisa 1898 (USA 1948, kom att, bnr 64/13). I 1892 kom bnr 64/13 0,67 mark inn under bruket. I 1933 vart det same bruksnummeret frådelt til dottera Lovisa. Sivert Olason Finnebotten (1881–1975) & 1907 Maria Karldtr Nese (1884–1917) frå lnr 45a hadde bruket 1920–42. Sivert var ein kjend bygdepolitikar. Heilt fram til 1960 var fruktdyrking ein viktig inntektskjelde på Nese, og Sivert var føregangsmann. Han byrja med det i 1911 og på det meste var det om lag 400 tre på bruket. Born: Ingebjørg 1909 (bnr 64/13), Brita 1911 (bnr 64/15), Sigrid 1913–98 (ugift, heime), Ola 1914, Solveig Bergljot 1916 (ugift, heime). Ola Sivertson Finnebotten (1914–1990) var ugift. Han overtok i 1942.

Bnr 64/2-1, festetomt av bnr 64/2, hus bygt 1983. Jan Bjarne Edvardson Halset (1946–) frå bnr 63/4 Frettheim & 1982 Marta Ragnardtr Finden (1950–) frå Undredal fekk: Gjertrud Maria 1982, Jan Morten 1980. Marta var først gift med Ansgar Egil Mulelid (1948–) og dei har Svenn Egil Finden (1969–), sjå bnr 68/7 Finnen og bnr 97/37-3 Tråna på Vangsnes i del 5. Ansgar bur i Svelgen.

Bnr 64/59 frå bnr 64/2, hus bygt 1994. Nils Clausson Kvamme (1964–) frå Kaupanger & 1999 Karen Sighartdtr Weichert (1972–) frå Bremen i Tyskland har: Sunniva 2004 og Hans 2006.

Bnr 64/34, frådelt 1961 og bnr 64/39, frådelt 1969 ligg i Morki, sjå meir der.

Ingeborg Torsteindtr Nese (1744–1829) & 1769 Amund Andersson Nese (1735–1803) frå plass 15 busette seg på Østerbø, Kyrkjebø, og fekk 9 born. Kari Torsteindtr Nese (1754–1831) & Sjur Hermundson Nese (1753–) frå lnr 48 busette seg på Liane, Hyllestad, men alt i 1801 var enkja Kari kommen tilbake til Nese og fekk fattigstønad. Sonen Hermund 1786 var husmann på plass 20 Nese og i Holaviki.

Johannes Olason Nese (1774–1848) fekk Sigrid 1798 med Brita Larsdtr Vikøyri v630, Torbjørg 1799–99 med husmannsdtr Ingeborg Eirikdtr Finnen (1775–) og Marta 1805 med Gjertrud Hermunddtr Tennefoss (1769–1820). Marta kom til plass under lnr 17 Holane. Johannes gifte seg 1811 med Synneva Hansdtr Brekke-Lånefjorden (1789–1866). Dei var plassfolk, først under Kollangsnes, så på Nese og lengst under Brekke i Lånefjorden. Dei fekk 8 born, den siste Ola 1829. Han vart gifte med husmannsdtr Brita Kjelldtr Finnen (1817–). Dei to reiste til USA 1860.

Durdei Torsteindtr Nese (1801–) & 1826 Ivar Hansson Nese (1797–) frå plass 19 Nese fekk: Gjertrud 1828–28, Gjertrud 1830, Torstein 1837, Anna 1841–41. Familien reiste til USA i 1845.

Anders Person Nese (1833–1898) & 1862 Hansina Ingebrigtdtr Dale (1837–), husmannsdtr, fekk Ingeborg 1861–61, Ola 1862, Per 1865. Huslyden reiste til USA i 1870. Ingebrigt Person Nese (1828–) & 1857 Ragnhild Johannesdtr Nese (1834–) frå plass 21 Nese, var innerstar på bruket. Born: Anna 1855, Per 1858, Kristina 1860. Familien reiste til USA i 1861.

Lnr 43+44 Nese

Eigar i 1723: arvingar etter Samuel Bugge. Sjølveige frå 1770. Matrikkelskyld: i 1723 1,72 laupar.

Lars var der i 1636. I 1667 finn vi enkja Anna Andersdtr (–) med Lars-sønene: Sjur 1629, Anders 1633 og Elling 1648. Deretter overtok Elling Larsson Nese (1648–) & Randi Tordtr Ovri (1647–) frå lnr 67+68. Randi var frå ein stor og mektig syskenflokk, og broren Guttorm var på lnr 35+36 Åse. Kjende born: Gjertrud 1676 og Tor 1684. I 1701 var Randi enkje og hadde med seg sonen Tor på bruket. Han bli borte, og i 1707 var det dottera og mann hennar som var leiglendingspar: Gjertrud Ellingdtr Nese (1676–1752) & Lasse Olason Kjelven (1670–) frå lnr 39. Lasse var tenar på Otterskreda i 1701. Born: Elling 1713, Brita 1715 (Klubben på Nese), Ola 1722 (lnr 29 Valsvik), Randi 1724 (lnr 33 Valsvik), truleg òg Anna (plass Valsvik). Elling Lasseson Nese (1713–1805) & 1747 Sigrid Rognalddtr Flete (1723–1802) frå lnr 18 fekk: Lasse 1748, Kristi 1750 (lnr 48 Nese), Rognald 1753 (sjå note lnr 34 Åse), Gjertrud 1755–56, Gjertrud 1757 (plass 19 Nese), Ola 1760 (lnr 51 Finnen), Jon 1764 (plass Geithus), Kristen 1768–71. Lasse Ellingson Nese (1748–1811) & 1780 Sigrid Steffendtr Dale (1748–1811) frå lnr 24 fekk: Steffen 1780 (sjå note), Elling 1783 (sjå note), Barbra 1785, Kristen 1790, Per 1794–99. I 1811 var Lasse blitt samd med sønene Steffen 1780 og Elling 1783 om at bruket skulle delast mellom dei. Men då desse sønene og familiane deira miste livet i storskreda i 1811, vart bruket i staden delt mellom to attlevande born: Barbra 1785 og Kristen 1790. Kristen fekk ⅔ av bruket, lnr 43.

Steffen Lasseson Nese (1780–1811) & 1808 Anna Oladtr Nese (1787–1811) frå lnr 47 fekk: Per 1808–08, Brita 1810–11. Elling Lasseson Nese (1783–1811) & 1809 Sigrid Hansdtr Nissestad (1787–1811) lnr 14 fekk: Kari 1808–11, Sigrid 1810–11.

Lnr 43 Nese

3,16 spd = bnr 64/3 5,22 mark. Sjølveigd. Matrikkelskyld: 1,15 laupar i 1838. Jordbruk i 1845: 9,0 daa bygg, 2,1 daa potet, 2 hestar, 18 storfe 31 smalar, 8 geiter, 2 vinterfôra svin.

Etter deling var det Kristen Lasseson Nese (1790–1854) som dreiv hovuddelen av bruket lnr 43+44 vidare. Han gifte seg 1813 med Gjertrud Bjørndtr Geithus (1788–1858) frå lnr 50. Born: Lasse 1814, Brita 1815 (plass Nissestad), Sigrid 1818 (lnr 33 Valsvik), Synneva 1821 (USA 1856), Bjørn 1824 (sjå note), Birte 1829 (USA 1854), Steffen 1831 (sjå note). Brå dødsfall var neppe så vanleg i gamal tid som i dag. Når dei skjedde, kom hendinga ofte inn i kyrkjeboka. Kristen 1790 vart funnen i fjøra ved sida av båten sin etter å ha vore ute på fjorden. Lasse Kristenson Nese (1814–1893) & 1841 Gjøa Monsdtr Åse (1817–1898) hadde lnr 34 Åse 1851–57 før dei overtok dette bruket. Born: Ragnhild 1841–1908 (ugift, budeie heime), Gjertrud 1844 (sjå note lnr 16 Holane), Ingeborg 1846 (lnr 47 Nese), Kristen 1849–1926 (USA 1871, kom tilbake og døydde på Nese), Mons 1851, Gjørond 1854 (USA 1884), Jensina 1859 (USA 1879). Lasse hadde bruket 1843–76. Mons Lasseson Nese (1851–1930) & 1875 Birte Markusdtr Nese (1856–1933) frå lnr 45 fekk: Jensina 1875–76, Jensina 1878 (bnr 64/25 under lnr 48), Gjertrud 1881–1940 (ugift, heime), Lovisa 1883 (bnr 73/3 Stavedal), Lasse 1887, Tea Gjertina 1894 (sjå note lnr 48 Nese). Lasse Monsson Nese (1887–1969) & 1913 Gjertrud Oladtr Nese (1887– 1977) frå lnr 44 hadde bruket 1912–49. Born: Mons 1914, Olav 1916 (ugift, sjå skulehuset), Einar 1918 (ugift på bruket), Berta 1920 (ugift, bur hjå systera Svanhild), Kristen 1924–82 (Sigdal i Buskerud, så Kristiansand), Svanhild 1927 (Åsane ved Bergen). Mons Lasseson Nese (1914–1998) & 1948 Kari Eilifdtr Nese (1920–2000) frå lnr 46a fekk: Gjertrud Gudny 1950, Jorunn 1953 (Galilea, Grov i Vik), Reidun 1958 (Prestvegen 29, Prestberget i Vik). Gjertrud Gudny Monsdtr Nese (1950–) & 1972 Lodve Heggenes (1944–1996) frå Heggenes i Ortnevik hadde bruket 1996–2002. Born: Tage Magne 1974 (Fåberg, Lillehammer), Svein Jarle 1976, Stig Ørjan 1979 (sjå note), Målfrid Kristin 1990. Svein Jarle Heggenes (1976–) & sb Ann Cecilie Perdtr Rinde (1976–) frå bnr 40/67 i Gildhus i Vik har Sigve 2002.

Bjørn Kristenson Nese (1824–) & 1850 Anna Oladtr Farnes (1824–) frå Sværefjorden, Balestrand, var innerstar på bruket. Dei fekk: Gjertrud 1849–49, Gjertrud 1851, Kristen 1854. Huslyden reiste til USA 1856. Steffen Kristenson Nese (1831–) & 1854 Brita Bendikdtr Fjærestad (1828–) fekk Kristen 1854. Brita var frå lnr 95+97 i Vik og ei syster til Gjertrud 1825 på lnr 44 og Synneva 1807 på lnr 36 Åse. Huslyden reiste til USA i 1854.

Stig Ørjan Lodveson Heggenes (1979–) & sb Nina Sigurddtr Underdal Lunde (1981–) frå Skei i Jølster har vore leigetakarar i Prestberget i Vik. Dei har ikkje born.

Lnr 44 Nese

1,58 spd = bnr 64/4 2,46 mark. Sjølveigd. Matrikkelskyld: 0,58 laupar i 1838. Jordbruk i 1845: 6,8 daa bygg, 2,5 daa potet, 1 hest, 8 storfe, 15 smalar, 8 geiter, 3 vinterfôra svin.

Bruket var saman med lnr 43 fram til 1812 då 1/3 vart frådelt til ei dotter. Barbra Lassedtr Nese (1785–1818) & 1816 Ola Jonson Finnen (1786–1846) frå lnr 52 fekk: Jon 1816–17, Barbra 1818. Ola vart attgift 1818 med Kari Bjørndtr Geithus (1795–1871) frå lnr 50. Born: Lussi 1819 (sjå note), Brita 1822 (USA 1854), Jon 1825 (lnr 41 Nese), Steffina 1828 (plassen Bjørkevik på lnr 58 Hanekam), Ingeborg 1831 (sjå note), Bjørn 1834–75, Per 1838 (USA 1856). I skiftet etter Barbra Larsdtr vart bruket utlagt til mannen Ola Jonson og Barbra 1818. I skiftet etter Ola i 1849 fekk òg dei andre syskena eige i bruket, men det var Barbra Oladtr Nese (1818–1906) & 1848 Rognald Larsson Åse (1818–1903) frå lnr 36 som dreiv bruket og at dei overtok all eige ca 1853. Det var 248 rdl i buet etter Ola, og då enkja skulle ha halvparten av dette, og døtrene berre hadde halv arverett i høve til sønene, hadde nok Barbra og mannen økonomiske problem. Men Rognald fekk ein tredel av foreldrebruket, lnr 36b Åse. Dei flytta dit og overlet lnr 44 til ein bror til Rognald: Endre Larsson Åse (1816–1900). Han gifte seg 1848 med Gjertrud Bendikdtr Fjærestad (1825–1917) frå lnr 95+ 97 i Vik. Born: Lars 1847 (USA 1857), Brita 1849 (lnr 45 Nese), Bendik 1852 (sjå note lnr 20b Le), Anders 1854–55, Ola 1854, Anders 1857 (sjå note), Birte 1861 (sjå note lnr 35 Åse), Anfin 1866 (USA 1888). I 1894 overtok Ola Endreson Nese (1854–1934) & 1885 Eli Jondtr Dyrdal (1860–1931) frå Ortnevik. Ola hadde reist til USA 1876, men kom att for å overta bruket. Om Eli: sjå òg bnr 64/5. Born: Gjertrud 1887 (lnr 43), Sitona 1889 (USA 1915), Anna 1891–1965 (ugift, heime), Endre 1894–94, Endre 1895, Jon 1897 (USA 1915), Gullak 1899 (sjå note), Borghild Kristina 1902 (ugift, Horten), Olav 1906 (sjå note lnr 29). Endre Olason Nese (1895–1949) & 1935 Else Ludvigdtr Hauge (1908–1995) frå Bergen fekk: Eldbjørg 1936 (Kyrkjebø, gift med Kåre 1935 frå bnr 63/8 Frettheim), Olav 1941. Ei tvillingsyster til Else, Ruth, vart gift til bnr 64/5. I 1955 kom bnr 64/23 inn under bruket. Olav Endreson Nese (1941–) & 1973 Astrid Olaug Hellem (1952–) frå Lavik overtok 1988. Born: Else Britt 1973, Anne Beth 1974 (Oslo), Endre 1975 (bnr 52/12 Ådlane), Bjørg Eli 1977 (Høyanger).

Lussi Oladtr Nese (1819–) fekk Olina 1847 med Hans Ivarson Sylvarnes (1814–), sjå lnr 61 Alrek. Lussi og Olina fór til USA i 1871. Ingeborg Oladtr Nese (1831–) & 1854 Ingebrigt Hermundson Frettheim (1825–) var innerstar på Frettheim då dei reiste til USA i 1854.

Anders Endreson Nese (1857–) & 1893 Brita Larsdtr Finnen (1871–) frå lnr 52 fekk Gjertrud 1893. Dei reiste til USA 1895.

Gullak Olason Nese (1899–) reiste til USA i 1924, kom att og gifte seg 1930 med Marta Monsdtr Nese (1905–) frå lnr 46b. Dei reiste til USA same året.

Lnr 45 Nese

4,61 spd. Eigarar: I 1647: Hans Otterskreda 1,00 laupar, Ola Dyrdal 0,25 laupar, resten sjølveige. Etter 1723 Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveige frå 1772. Matrikkelskyld i 1723 og 1838 2,25 laupar. Jordbruk i 1845: 7,9 daa bygg, 1,8 daa potet, 3 hestar, 13 storfe, 23 smalar, 10 geiter, 2 vinterfôra svin.

I 1645 dreiv Sjur med Kristi Madsdtr dette bruket. Økonomisk gjekk det dårleg, for Sjur var ikkje i stand til å svara skatt i 1647. Sjur hadde truleg dottera Magdeli 1657–1733 og som var ugift. Det ser ut til at drifta av bruket både då og i 1667 var delt mellom Sjur og Hans Person (1624–). Om denne Hans veit vi ikkje anna enn at han ein vinter skulle fôra ei ku for presten Ivar Leganger. Men kua døydde, og i den følgjande saka sa fullmektigen til presten at på denne garden var det så mykje elende at ingen ku kunne leva og kalva. Det vart ført vitne på at Hans og grannane hans hadde mist 17 kyr dei siste to åra. I 1667 finn vi enkja Kristi etter Sjur på bruket saman med sonen Rognald 1635. Denne Rognald må ha vore ein drivande kar, for i 1723 var dette bruket blitt det største på Nese. Rognald Sjurson Nese (1635–1714) & Brita Lassedtr (–) fekk: Sjur 1668 (plass 14 Nese), Gjertrud 1670–1756 (ugift), Helge 1675 (dreng på Hellane i 1701, kjem bort), Anders 1676, Amund 1679 (lnr 41), Hermund 1680 (lnr 31 Valsvik). Vi merkar oss at Sjur ikkje vart bonde på bruket. Det er uventa, for det ser ut til at han vart gift og fekk born. Var han ikkje i stand til å driva gard? Eller var det kona som ikkje var bra nok? Broren Anders gjorde derimot eit godt gifte. Anders Rognaldson Nese (1676–1765) & Brita Knutdtr Åse ( 1725) frå lnr 35+36 fekk: Knut 1712 (Klubben på Nese), Brita 1714 (lnr 42), Synneva 1716? (Dyrdal i Ortnevik), Kari 1718 (lnr 30 Valsvik), Rognald 1719 (Tune i Ortnevik), Anna 1722 (lnr 15 Bungane), Torbjørg 1725 (lnr 122 Hopperstad). Anders vart attgift 1727 med Ingeborg Bendikdtr Dyrdal (1702–1753) frå Ortnevik og dei fekk: Amund 1728, Brita 1730, Magnhild 1730 (plass 6 Nese), Gunhild 1732–52 (ugift), Morten 1733 (død ca 1760), Sjur 1735 (Sande i Gulen, sjå note lnr 14 Nissestad), Kari 1737 (Tune i Ortnevik), Eli 1739–1815 (vanfør på Nese i 1801, «nyder almisse af sognet»), Bendik 1741–41, Ingeborg 1743, Ingeborg 1747 (ugift). I manntalet i 1763 vart det skrive at Anders var gamal og utlivd. Men han sat så lenge med bruket at dei eldste sønene hadde skaffa seg andre levebrød. Det angra han kanskje på då han opplevde kva som skjedde med sonen Amund. Amund Andersson Nese (1728–1757) & 1755 Brita Perdtr Vollavik (1733–1802) frå lnr 54 fekk Per 1757 (som kanskje kom til lnr 184 Vangsnes). Men det kom fram at Amund hadde fått Bendik 1756–94 med syster si, Brita 1730. Det førde til at dei båe i 1756 fekk fengsel på livstid, Amund på Munkeholmen og Brita på Manufakturhuset i Bergen. Då Per vart døypt 15. januar 1757, sat Amund i fengsel. Han døydde truleg kort tid etter. I den gamle bygdeboka blir det hevda at Brita slapp ut etter nokre år, og at ho og sonen budde på Linde, der han døydde før henne. Men ho står ikkje seinare i kyrkjeboka eller i folketeljinga i 1801. Brita Perdtr gifte seg på nytt 1758 med Johannes Guttormson Åse (1735–1763) frå lnr 35+36 og fekk: Barbra 1759–63 og Guttorm 1761–76. Johannes vart sendt til Holstein for å vera med i vaktstyrken i 7-årskrigen. Som mange andre i vaktstyrken vart han sjuk, og han døydde rett etter han kom heim att. Han smitta truleg dottera Barbra, som døydde same året. Brita gifte seg for tredje gong 1771 med enkjemann Mons Torsteinson Vikøyri (1723–1814) og dei fekk Johannes 1772. Huslyden budde på Vikøyri v694. Nytt leiglendingspar på bruket var Eirik Guttormson Åse (1734–1810) frå lnr 35+36 & 1763 Ingrid Oladtr Dale (1746–1811) frå lnr 23. Eirik vart den første sjølveigaren på bruket ved at han i 1772 kjøpte det av presten Ludvig Daae i Lindås. Men kapellan Anders Daae i Luster ville ta bruket på odel. Eirik tapte saka i første rettsinstans, men vart seinare tilkjent bruket. Born: Barbra 1763 (lnr 46), Johannes 1766 (truleg plass Ytre Nesse i Kvamsøy sokn), Sigrid 1767 (døydde før 1801), Ola 1768, Ingebrigt 1770 (lnr 40 Frettheim), Sjur 1773–1810, Sigrid 1777 (lnr 14 Nissestad), Anna 1779–79?, Anna 1782–1811. Ola Eirikson Nese (1768–1811) & 1798 Gunhild Lassedtr Åse (1776–1805) frå lnr 36 fekk: Guttorm 1799–1811, Guttorm 1801–1811. Ola vart attgift 1806 med Sigrid Hermunddtr Frettheim (1783–1811). Born: Brita 1807–11, Hermund 1809 09, Ingrid 1810–11. Vi ser at heile familien døydde i storskreda, og etterpå var det Ingebrigt Eirikson Nese (1770–1819) på lnr 40 Frettheim som eigde bruket. Det vart truleg drive av andre inntil ein son hans tok over. På ei skatteliste for 1816 finn vi likevel ikkje andre enn plassmenn som kan ha stått for drifta. I åra 1817–26 var Hans Øysteinson Sande (1775–1848) frå Ortnevik paktar. Han gifte seg 1805 med Kari Nilsdtr Fuglsbø (1768–1808) frå Ortnevik og dei fekk: Sigrid 1807–07, Sigrid 1808 (Sande i Ortnevik). Før og etter åra på Nese var Hans busett i Sande. Han vart attgift 1812 med Barbra Birgedtr Håland (1786–1837) frå Kyrkjebø. Dei fekk 9 born og dei tre første vart fødde i Sande. Born: Øystein 1813 (Sande), Birge 1815 (Sande), Kari 1817 (Ytredal i Kyrkjebø), Hans 1819, Ola 1821, Ola 1822–35, Ellend 1824 (USA), Jørgen 1826–26, Jørgen 1827 (Sande, så USA). I 1827 overtok Ingebrigt Ingebrigtson Frettheim (1803–) frå lnr 40 & 1826 Johanna Jondtr Ytre Nesse (1804–) frå Kvamsøy sokn. Far til Johanna, Jon 1777, var frå lnr 58 Refsdal i Vik. Born: Gjertrud 1828–28, Ingebrigt 1830–30, Gjertrud 1831–31, Gjertrud 1831–31 (tvillingar), Jon 1832, Gjertrud 1835, Ingebrigt 1838, Klaus 1841–41. Gjennom sonen Jon 1832 tok Johanna foreldrebruket på Ytre Nesse på odel i 1835, men let ei syster driva det. Det å ha mykje jordisk gods å avhenda kom vel med då huslyden reiste til USA i 1845. Bruket på Nese vart selt til: Markus Markusson Dale (1801–1881) frå Sværefjorden & 1844 Gjertrud Tolleifdtr Ytre Tennefoss (1817–1891) frå Kvamsøy sokn. Born: Brita 1844 (lnr 48 Nese, så lnr 36 Åse og lnr 45b Nese), Markus 1847, Karl 1849 (USA 1871), Tolleif 1852–52, Kristen 1854 (lnr 21 Dale), Birte 1856 (lnr 43), Kari 1858 (Sagi i Kvamsøy sokn), Ola 1861 (sjå note). I 1874 vart bruket frådelt lnr 45b 1,52 spd til ei dotter. Dermed vart hovudbruket lnr 45a 3,09 spd. Det gjekk same året til eldste son.

Ein Hans Lasseson (1725–) vart konfirmert 1743 med stadnamnet Finnabotnen, men vi trur han var son til Lasse Klausson Alrek (1693–) som var leiglending på Limmesand, sjå òg note lnr 21+22 Dale. I 1756 tok Hans Lasseson «Flete» på seg farskap for guten Bendik som Brita Andersdtr Nese (1730–) på lnr 45 hadde fått med broren Amund. Hans fekk ikkje fengselsstraff. I 1763 var han dreng på lnr 46, men blir så borte for oss.

Ola Markusson Nese (1861–1946) & 1890 Lovisa Ellingdtr Dale (1871–1938) frå Sværefjorden, ei dotter til Elling 1848 frå lnr 48 Nese, dreiv landhandel på Nese 1887–1891 og frå 1895, men gjekk konkurs i 1903. Familien budde så i skulehuset på Åsberget inntil Ola kjøpte lnr 33a Valsvik, sjå meir der.

Lnr 45a 3,09 spd. «Skuongen». Data for 1875: 4,5 daa bygg, 3,8 daa blandkorn, 1,8 daa poteter, 2 hestar, 7 kyr, 3 ungdyr, 11 sauer, 12 geiter og 2 vinterfôra svin.

Markus Markusson Nese (1847–1879) & 1871 Brita Endredtr Nese (1849–1941) frå lnr 44 fekk Gjertrud 1873–95, Markus 1876. Markus delte i 1881 frå lnr 45c 0,04 spd. Ny lnr 45a 2,99 spd = bnr 64/5 4,56 mark. Markus døydde av lungebetennelse og Brita vart attgift 1883 med Karl Johannesson Hallsete (1856–1933) frå lnr 37 og dei fekk: Maria 1884 (lnr 42), Brita 1886 (lnr 47a), Endre 1888 (USA 1909), Johannes 1891–1914 (hjarteproblem), Anton 1893 (USA 1912), Gjertina 1896 (lnr 46a Nese). Dei busette seg i 1912 på bnr 64/15, fråskilt lnr 48. Alt i 1883 hadde Markus Markusson Nese (1876–1961) fått heimelen til bruket, men det vart drive av mor og stefar til 1901. Markus gifte seg 1901 med Gjertrud Jondtr Dyrdal (1870–1940) frå Ortnevik. Ei ugift syster, Sofie Jondtr Dyrdal (1857–1931) budde òg på bruket. Eli 1860 på bnr 64/4 var ei anna syster. Born: Gjertrud 1902 (Eivindvik, så Lyngdal), Markus 1903, John 1904–19, Svanhild 1905 (bnr 64/21), Karl 1907–36 (tæring), Bjarne 1910 (bnr 64/15 Kalhagen), Gunnar Sverre 1912 (lege i Oslo, så Tønsberg), Johannes 1914–2002 (sjå bnr 64/29 Klubben). Markus vart attgift 1944 med Ågot Oladtr Hopperstad (1896–1986) frå lnr 124 i Vik. Dei busette seg på bnr 64/28 Laberget på Klubben. Markus 1876 dreiv mangslungen forretningsverksemd. Det omfatta mellom anna landhandel i nytt kombinert bustadhus og handelshus på Klubben frå 1914, kjøp og sal av bondevarer og motorbåtfart. I 1948 vart butikken overdregen til sonen Johannes. Markus Markusson Nese (1903–1966) & 1932 Ruth Ludvigdtr Hauge (1908–1996) frå Bergen fekk: Ingebjørg 1932 (Sjøtunvegen 12 i Vik), Markus 1937–37, Jon 1940, Gjertrud 1941 (Ovestevegen 3, Øyane i Vik), Liv 1952 (Verran i Nord-Trøndelag). Ei tvillingsyster til Ruth, Else, vart gift til bnr 64/4. Markus fekk skøyte i 1964 og då vart òg bnr 64/7 lagt inn under bruket. Jon Markusson Nese (1940–) & 1964 Gerd Kristiandtr Hauglum (1942–2006) frå lnr 17a har ikkje born. Dei overtok i 1969.

Lnr 45c, bnr 64/28 og bnr 64/29: sjå Klubben i gardssoga.

Lnr 45b1,52 spd = bnr 64/6 2,31 mark. Data for 1875: 1,2 daa bygg, 2,8 daa blandkorn, 1,4 daa potet, 1 hest, 8 kyr, 3 ungbeist, 18 sauer, 11 geiter og 2 vinterfôra svin.

Brita Markusdtr Nese (1844–1911) frå lnr 45 hadde i 1864 gift seg med Anfin Olason Finnen (1826–1871) frå lnr 52. Frå 1868 hadde dei lnr 48 Nese, men bruket vart teke tilbake på odel. I 1870 kjøpte dei lnr 36a Åse. Born: Gjertrud 1864 (lnr 17 Holane), Brita 1867 (lnr 40b Frettheim), Anna Marie 1871 (lnr 197a+195a Vangsnes, så Dokka). Brita 1844 vart attgift 1873 med Nils Knutson Hjetland (1843–1922) frå Kyrkjebø og dei overtok denne delen av lnr 45 i 1874. Born: Markus 1874 (USA 1893), Marta 1880–1960 (ugift, heime), Johan 1889. Foreldra til Brita budde òg på delbruket. I 1900 vart bnr 64/19 skilt ut frå bruket. I 1914 overtok sonen Johan ved skifteskøyte. Johan Nilsson Nese (1889–1965) & 1933 jordmor Marie Ommedal (1899–1989) frå Hyen fekk: Brita Eldbjørg 1933 og Asbjørg Målfrid 1936 (Canada). Brita Eldbjørg Johandtr Nese (1933–) & 1955 Gunnar Olavson Engum (1924–1994) frå lnr 47a overtok i 1965. Born: Vidar 1957 (Oslo) og Liv Dagrun 1964 (Oslo).

Bnr 64/19 frådelt 1900: sjå Klubben.

Bnr 64/27 Nyhaug 0,01 mark, 1949. Her vart det bygt hus i 1950 av Peder Ellingson Fretheim (1916–1977) frå bnr 63/11 & 1945 Anna Thomasdtr Øvre-Eide (1906–1963) frå Os i Hordaland. Born: Erna Alise 1944 (Florvåg, Askøy). Erna Alise overtok heimelen i 1978. Ho er gift med Sigvat Arvid Johannesson Røyrvik (1943–) frå bnr 64/13 under lnr 47b Nese.

Bnr 64/31 Heimly 0,01 mark, 1952. Karl Tolleifson Fretheim (1905–1993) frå lnr 40b, saman med tre andre ugifte sysken, bygde hus her. Dei andre var: Brita Tolleifdtr Fretheim (1888–1978), Markus Tolleifson Fretheim (1902–1981) og Birger Olai Tolleifson Fretheim (1907–2004). I 1994 overtok Magnar Anfinnson Fretheim (1931–2002) & 1987 Varaporn (1967–) frå Thailand. Om foreldra til Magnar: sjå note lnr 40b Frettheim. Magnar og Varaporn budde først nokre år i Thailand og 3–4 år i Årdal. Born: Anny Sutatip 1988, Brita Linn 1989 og Anfinn Jonthep 1993.

Lnr 46 Nese 2,85 spd. Matrikkelskyld: 1,14 laupar i 1723 og 1838. Sjølveigd frå 1802. Jordbruk i 1845: 7,9 daa bygg, 2,8 daa potet, 2 hestar, 14 storfe, 40 smalar, 20 geiter, 2 vinterfôra svin.

Busetnaden på dette bruket midt på 1600-talet er usikker. Vi fører opp Johannes Olason Bungane (1656–1728) som første sikre brukar. Kona til Johannes har vi ikkje identifisert. Ho døydde kanskje i 1733. Vi har få ættelinjer som vi sikkert kan føra tilbake til adelsslekta i Finnen og på Tenål. Men Johannes hadde dette adelsblodet i årane. Born: Ola 1685 (ugift), Hans 1688 (lnr 47), Sjur 1692 (gjestgjevar, Onstad i Aurland), Halvar 1694 (lnr 20 Le), Per 1697 og Anna 1704 (Nokken i Kvamsøy sokn). Per Johannesson Nese (1697–1774) & 1727 Torborg Knutdtr Åse (1697–1767) frå lnr 35+ 36 fekk: Johannes 1728, Kari 1730, Ingeleiv 1732–32, Sjur 1736, Ola 1739, Ingeleiv 1740–42. Sønene Johannes og Ola døydde før konfirmasjonsalder, og Sjur døydde mellom 1752 og 1762. Kari Perdtr Nese (1730–1777) & 1763 Ola Knutson Nese (1743–1800), gjestgjevarson på Klubben, fekk: Sjur 1764, Knut 1767 (plassen Raudsteinane, Holane), Per 1769–93, Rognald 1772–72, Torbjørn 1774, Torbjørg 1775–1859 (kom på legd frå januar 1848). Anders Madsson Stavedal hadde truleg ein del eige i bruket, og han ville at Ola skulle vika plass for ein soneson til Anders. Men det kravet nådde han ikkje fram med. Ola vart attgift 1778 med Gjertrud Larsdtr Nese (1753–1832) frå lnr 47 og dei fekk: Kari 1779–80, Ola 1781, Kari 1785–1811 (ugift, fekk Åsa 1810–10 med matros Paul Torson Vetlesand, om Paul sjå note lnr 60), Ingeborg 1787 (lnr 61 Alrek). Gjertrud vart attgift 1804 med enkjemann Hans Andersson (Hellane) Nissestad (1751–1814). Ho flytta truleg til Nissestad, men kom tilbake til Nese etter at mannen døydde. Sjur Olason Nese (1764–1801) & 1793 Barbra Eirikdtr Nese (1763–1811) frå lnr 45 fekk: Kari 1793–1811, Per 1797–97?, Barbra 1802–82. Barbra vart attgift 1804 med Knut Vilhelmson Dale (1769–1811) frå lnr 21+22 og dei fekk: Sjur 1803–11, Gjertrud 1805–11, Sigrid 1809–11. Heile huslyden vart borte i storskredet i 1811. Rett til bruket hadde husmann Knut Olason Holane (1767–1848) i Raudsteinane, og huslyden hans flytta til Nese. Han hadde 1793 gift seg med husmannsenkja Marta Jondtr (Hove) Holane (1760–1816) og dei fekk Ola 1802. I første ekteskap 1793 med husmannsson Sjur Jonson Raudsteinane (1769–1799) hadde ho: Mari 1793 (Vikøyri v326) og Lussi 1800–16. Knut vart attgift før 1818 med Kari Ingebrigtdtr Dale (1781–1820) frå plass under lnr 23. Den 11.02.1811, og altså før storskreda, hadde Knut «Røsteen» vore på Nese for å mala korn i kvernhuset til Hermund på lnr 48. Men då Hermund kom og kravde å få sleppa til med eiga maling, gjekk Knut laus på han, slo han til blods, reiv hår av han og mishandla han på ein hardhendt måte. I følgje forliksprotokollen nekta Knut for at han hadde utført ugjerninga. Saka gjekk til retten. At Knut vart attgift med Kari veit vi frå ei sak i 1818 der Knut hadde teke på seg å krevja inn 100 rdl som Ola Ingebrigtson Dale, ein bror til Kari, hadde lånt av Ingebrigt Magneson Bystøl, som ei tid hadde plass på Dale. Ola hevda han hadde lagt frå seg 100 rdl i stova til Knut, medan Knut berre fann 50 rdl då han kom heim. Kari, som var heim då Ola la frå seg pengane, var usikker på kor mykje det var! Ola Knutson Nese (1802–1833) & 1823 Sigrid Oladtr Nese (1796–) frå lnr 47 fekk: Knut 1822–28, Ola 1825. Sigrid gifte seg på nytt i 1834 med Johannes Johannesson Menes (1789–) frå Balestrand. Dei hadde ikkje born. I skiftet etter Ola Knutson i 1834 vart bruket utlagt til Ola Olason Nese (1825–). Han reiste til USA i 1845 saman med mor og stefar. Kjøpar var Ola Jonson Lønne (1815–), «Ness-Ola», & 1845 Kristense Tolleifdtr Ytre Tennefoss (1821–), båe frå Kvamsøy sokn. Ola var son til Jon 1780 frå lnr 42. Jon var paktar på Lønne og Indre Nesse, sjå òg lnr 58 Hanekam. Born: Jon 1843, Karl Johan 1845, Tolleif 1847, Frik 1850, Sjur 1855 (sjå note lnr 20b Le), Kari 1858, Jon 1861–64, Johanna 1865–67. I 1870 vart ein tredel av bruket fråskilt som lnr 46b 0,71 spd. Alle i huslyden reiste til USA, Ola og kona i 1871, og lnr 46a vart selt.

Lnr 46a Nese

2,12 spd = bnr 64/8 3,07 mark. Data for 1875 (medrekna kår): 1,2 daa bygg, 4,5 daa blandkorn, 2,5 daa poteter, 1 hest, 7 kyr, 4 ungdyr, 15 sauer, 14 geiter, 2 vinterfôra grisar.

Eilif Monsson Steinsland (1842–1924) & 1870 Marta Jakobdtr Nedre Helland (1837–1930), båe frå Modalen, hadde bruket til 1896. Born: Brita 1871–95, Mons 1872, Sigrid 1874 (USA 1902), Marta 1876–77, Jakob 1878 (bnr 64/17). I 1892 kom parsellen 64/14 0,64 mark inn under bruket. Mons Eilifson Nese (1872–1928) & 1895 Kari Rasmusdtr Valsvik (1875–1948) frå lnr 29 fekk: Eilif 1895, Brita 1901 (USA 1920), Marta 1905 (sjå note lnr 44 Nese), Anna Bertine 1910 (lnr 40b Frettheim). Eilif Monsson Nese (1895–1985) & 1919 Gjertina Karldtr Nese (1896–1987) frå lnr 45a hadde bruket 1928–71. Born: Kari 1920 (lnr 43 Nese), Brita 1923 (bnr 64/34 Morki), Margit 1925, Magnhild 1929 (lnr 84b Hønsi i Vik), Kjellaug 1932 (lnr 24b Dale), Ruth 1936 (lnr 60 Refsdal i Vik). I stova på bruket budde: Helga Straume (1862–1935) frå Modalen, ugift tenar. Ho var syster til lærar Bertinus Straume (1875–1937), sjå bnr 59/9 Valsvik skule. Margit Eilifdtr Neset (1925–), ugift sjukepleiar, har bruksrett på kårstova på bruket så lenge ho lever. I 1952 vart frådelt bnr 64/30, sjå bnr 64/20 under lnr 46b. I 1971 kom bruket inn under bnr 64/3.

Skulehuset, bygslingstomt under bnr 64/8. Skulehaldar Johan Martin Nilsson Lindseth (1810–) & 1836 Brita Jensdtr Øvre Hove (1814–) frå lnr 78 var på Nese før huset vart bygt og budde på ein husmannsplass. Dei fekk fem born. Huslyden hadde eit bruk på Kvamme 1840–46, var så på Nese til 1852, så på lnr 23a Dale, og sist på lnr 25 Sandbakken før Johan og Brita reiste til USA, truleg i 1864. Sjå om born under Dale. Kyrkjesongar og lærar Johannes Johannesson Lavik (1862–) & Brita Jakobdtr Flatekvål (1864–1917), båe frå Eksingedalen, fekk: Anna 1887 (Geithus), Jakob 1888 (USA 1906), Johannes 1889 (USA 1907), Ragnvald 1891–1913 (drukna), Harald 1894 (USA 1815), Margreta 1895 (Balestrand), Sigmund 1897 (Gravdal, Laksevåg), Ragna 1899 (Lena, Østre Toten), Dagny 1901 (Eidsdal på Sunnmøre), Olav 1903 (lnr 47b), Valborg 1905 (Stord), Brita 1908 (Indre Farnes i Sværefjorden). Johannes og Brita kom truleg til Nese i 1896. Dei flytta til Gravdal i Laksevåg i 1928. Lærar Olav Emil Huslid (1899–1984) & Marie Severine Viken (1899–1996), båe frå Jølster, var på Nese 1928–40, flytta så til Skei i Jølster. Born: Martin Johannes 1931 (Oslo, kjend diplomat), Dagrun 1933 (Dale i Fjaler), Ottar 1934 (Kristiansand), Audun 1937–67 (England, døydde i flyulukke i Afrika), Solfrid Norbjørg 1939 (Trondheim), Oddvar 1942 (USA). Brørne Olav Lasseson Nese (1916–) og Einar Lasseson Nese (1918–) frå lnr 43, bnr 64/3, kjøpte skulehuset og Olav busette seg der. Dei var båe ugifte.

Lnr 46b Nese 0,71 spd = bnr 64/9 1,03 mark, Bakken. Data for 1875 (medrekna kårdyr): 1,2 daa bygg, 2,8 daa poteter, 6 kyr, 18 sauer, 10 geiter og 1 vinterfôra gris.

Ola Oveson Sande (1820–1893) frå Ortnevik & 1845 Sigrid Johannesdtr Kollangsnes (1823–1891) frå Kvamsøy sokn hadde ikkje born. Dei kom som husmannsfolk til Nese. Om foreldra til Ola: sjå note lnr 86 Holstad. Ola var snikkar og båtbyggjar. I 1886 var bruket kome over på husmannsson Tomas Helgeson Frettheim (1856–1948) & 1877 Kari Sjurdtr Koldingsnes (1860–1937) frå Kvamsøy sokn. Tomas var brorson til Ola og Kari var systerdotter til Sigrid. Born: Ola 1877 (USA 1896), Sjur 1880–99 (lungetæring, fekk i 1899 pengar til ein skinnestøvel etter ordre frå lækjaren), Marta 1883 (Lindås), Anne Marie 1886, Helge 1888–92, Johannes 1890 (USA 1909), Hilda Sitona 1893 (Høyanger), Kristina 1896 (Vikøyri v162), Sigrid 1899 (Høyanger), Thea 1901–20 (tuberkulose). Tomas og Kari var først på plassen Bakken på Nese, plass 19. Bruket vart frådelt bnr 64/16 0,10 mark i 1896, bnr 64/17 0,63 mark og bnr 64/20 0,02 mark i 1900. Ny bnr 64/9 0,28 mark. I 1931 overtok Anne Marie Tomasdtr Nese (1886–1976). Ho var ugift. Sigrid Tomasdtr Nese (1899–) & Karl Sem Johansen (1895–) fekk: Karl 1921 (Årdal), Trygve 1924–24, Trygve (Oslo), Sverre (Årdal). Dei budde kring 1922 på Nese, men vart busette i Høyanger. I 1980 vart eiga delt i ideelle partar på 9 arvingar, mellom dei Karl Karlson Sem Johansen (1921–). I 1982 fekk sønene hans, Kjell Arne 1950 og Stein Vidar 1953, skøyte på staden, som er ferieplass.

Bnr 64/16 Nyheim frådelt 1896: sjå Morki.

Bnr 64/17 0,63 mark. Jakob Eilifson Nese (1878–) reiste til USA i 1902, kom att og gifte seg 1920 med Solveig Oladtr Finnabotnen (Nese) (1883–) frå lnr 42. Dei reiste til USA og fekk der: Elmer Olin 1924 og Irene Margrethe 1924. Bruket vart overteke av Ola Jonson Finnebotten på bnr 64/2, og det vart i 1933 skøytt til Lovise Finnebotten som òg hadde bnr 64/13.

Bnr 64/20 0,02 mark, frådelt bnr 64/9 i 1900. Annanias Klausson Rutledal (1864–1951) frå Eivindvik & Birte Lassine Oladtr Nese (1852–1910) frå Lavik fekk Ola 1891–1907. Annanias var smed. Han vart attgift med Andrina Andersdtr Ringereide (1875–1948) frå Lavik og dei fekk: Ole 1913 (Bergen), Birte Lovise 1913 (Leite i Fjaler), Alis Amanda 1915 (Skjerjehamn i Gulen), Klaus Andreas 1917 (Ask, Askøy). Andrina hadde òg ei dotter Hilbjørg Midttun (1904–) som budde i Bergen. I 1952 overtok Ingvald Ellendson Nummedal (1910–1996) frå bnr 9/3 Vetle-Nummedal i Vik & 1942 Ingeborg Oladtr Engum (1911–1996) frå lnr 47a. Born: Karl Olav 1943 (Rådalen i Bergen), Anne Britt 1946 (Holmedal i Askvoll). I 1952 kom bnr 64/30 Tufti, 0,01 mark, frå bnr 64/8 inn under eigedomen. Huset er feriehus for Karl Olav og Anne Britt.

Lnr 47 Nese

3,64 spd. Arnafjord kyrkje eigde først på 1800-talet 0,17 laupar. Elles sjølveigd frå før 1750. Matrikkelskyld: 1,83 laupar i 1723 og 1838. Jordbruk i 1845: 9,0 daa bygg, 2,8 daa potet, 2 hestar, 13 storfe, 20 smalar, 11 geiter, 3 vinterfôra svin.

På bruket plasserar vi i 1645 Anders Olason med kona Barbra Andersdtr. I 1655 og 1667 dreiv Ola Andersson Nese (1625–), med sonen Anders 1658 (plass 12 Nese), truleg bruket saman med Ola Hansson (1623–), og som hadde Knut 1658. Knut blir borte. Neste brukar var Jon Olason Kjelven (1654–) frå lnr 39 gift med Ingeleiv Hermunddtr (–). Jon var på bruket i 1701. Han hadde då ikkje søner med seg, men vi trur han hadde tre døtrer: Brita 1688 (lnr 27 Hellane), Gitlaug 1690 (sjå note) og Durdei (plassen Raudsteinane under Holane). I 1711 var Jon borte, og det var ein som heitte Anders som var brukar. Truleg var han gift med enkja etter Jon. I 1718 var det nye folk på bruket: Hans Johannesson Nese (1688–1752) frå lnr 46 & Ingeborg Bjørndtr Otterskreda (1687–1765). Kjende born: Ola 1719 og Guri 1721 (Kvist i Kvamsøy sokn). Ut frå namnskikkane er det rimeleg å tru at dei må ha fått to søner, Johannes og Bjørn, før 1719 og at dei døydde etter at Ola vart fødd. Ola Hansson Nese (1719–1752) & 1745 Durdei Eirikdtr Valsvik ( 1795) frå lnr 29 fekk: Ingeleiv 1745 (plassen Raudsteinane under Holane), Eirik 1746 (lnr 118 Hopperstad), Brita 1749 (lnr 61 Alrek), Hans 1751–51. Durdei vart attgift 1752 med Lars Olason Dalsver (1723–1811) frå lnr 28 og dei fekk: Gjertrud 1753 (lnr 46), Åsa 1756 (lnr 61 Alrek), Ola 1760, Anna 1764 (lnr 42). Lars betalte mindre i formueskatt i 1789 enn dei andre 5 bøndene på Nese. Det måtte koma av stor gjeld, for bruket var ikkje lite. Ola Larsson Nese (1760–1811) & Brita Ivardtr Bungane (1758–1790) frå lnr 15 fekk: Anna 1787 (sjå note lnr 43+44), Durdei 1789–89. Ola vart attgift med Sigrid Ivardtr Dale (1763–1794) frå lnr 23 og dei fekk: Lars 1793. Ola vart gift for tredje gong 1794 med Lussi Johannesdtr Stavedal (1777–1811) frå lnr 59 og dei fekk: Sigrid 1796 (lnr 46), Johannes 1799–99, Johannes 1800 (lnr 49 Otterskreda), Johannes 1803 (lnr 42), Hans 1807 (sjå note), Kari 1811–11. I skiftet etter Ola og Lussi vart eiga i bruket fordelt på arvingane. Lars Olason Nese (1793–1821) & 1812 Anna Andersdtr Valsvik (1793–) frå lnr 31 fekk: Sigrid 1814 (sjå note lnr 36 Åse), Ola 1817, Gjertrud 1820–20. Anna vart attgift 1821 med Ingebrigt Bendikson Øvre Tune (1793–) frå Ortnevik og dei fekk: Lars 1822 (USA 1845), Guri 1823–23?, Anders 1825–25, Bendik 1826 (USA 1845), Gjertrud 1828–28, Gjertrud 1829 (USA 1845), Guri 1832–32, Anders 1834–34, Guri 1839–40. Anna og Ingebrigt reiste til USA saman med born i 1845. Ola Larsson Nese (1817–) & 1843 Gro Johannesdtr Nese (1824–) frå lnr 41 fekk Anna 1844. Ola fekk skøyte på det meste av bruket i 1843 (av Johannes 1800 sin del først i 1845), men huslyden reiste til USA i 1845. Bruket vart kjøpt av Per Olason Engum (1813–1887) & 1844 Alis Lassedtr Bolstad (1820–1890), båe frå Kvamsøy sokn. Born: Ola 1844, Lasse 1847, Kari 1850–1917 (ugift, «Kari pao Haugjen», døydde i Finnen), Karl 1853 (sjå plass 1 Indreklubbane, Nese), Anna 1855 (sjå note), Per 1858 (plass Valsvik), Brita 1861 (lnr 29 Valsvik). I 1871 vart bruket delt i to like delar, lnr 47a 1,78 spd og lnr 47b 1,78 spd, til Ola og Lasse.

Gitlaug Jondtr Nese (1690–1768) & 1741 Per Jensson Hellane (1698–1763) frå lnr 26 busette seg på eit bruk på Ytre Tennefoss i Kvamsøy sokn. Dei hadde ikkje born. Gitlaug døydde på Holane, truleg hjå slekta si på plassen Raudsteinane.

Hans Olason Nese (1807–) & 1845 Gjertrud Sylfestdtr Sagi (1819–) frå Kvamsøy sokn fekk: Lussi 1844, Marta 1847. Dei reiste til USA i 1849. Hans hadde òg Gjertrud 1832 med Åsa Hansdtr Otterskreda (1810–) frå lnr 49.

Anna Perdtr Nese (1855–1933) & 1883 snikkar Ola Jonson Finnen (1852–1939) frå lnr 52 fekk: Anna 1888 (bnr 66/4 Geithus). Paret var innerstar på Nese ei tid, men på Geithus etter at dottera flytta dit.

Lnr 47a Nese 1,78 spd = bnr 64/10 2,74 mark. Data for 1875: 3,8 daa blandkorn, 2,2 daa poteter, 1 hest, 3 kyr, 3 ungdyr, 7 sauer, 10 geiter, 1 vinterfôra gris.

Tradisjonen tilseier at Per Engum og borna skulle skifta etternamn etter dei kom til Nese. Det meinte tydelegvis også dei som gjennomførte folketeljinga i året 1900, for då er namnet Nese brukt for alle bondefamiliar på Nese. Men familien brukte namnet Engum. Ola Person Engum (1844–1932) & 1870 Ingeborg Lassedtr Nese (1846–1923) frå lnr 43 fekk: Per 1869–69, Lasse 1871 (Bergen), Johan 1873 (USA 1894), Per 1876, Kristian 1879 (Bergen), Ola 1882. Ola 1844 var postopnar. Per Olason Engum (1876–1947), «Post-Per», var ugift. Han overtok som postopnar etter faren, men var òg telefonstyrar, livsforsikringsagent, ullvarekommisjonær og hobbyfotograf. Ola Olason Engum (1882–1954) & 1911 Brita Karldtr Nese (1886–1967) frå lnr 45a fekk: Ingeborg 1911 (bnr 64/20 under lnr 46b), Olav 1913–30 (drukna ved Leikanger), Karl 1914–39 (drukna utafor Fresvik), Johannes 1916–18 (spanskesykja), Bjarne 1918, Borghild Maria 1920 (Høyanger), Johannes 1922 (Bergen), Gunnar 1924 (bnr 64/6), Astrid Bergljot 1927 (Kyrkjebø, så Stavanger), Ola 1930 (Bergen). Bjarne Olavson Engum (1918–1994) & 1946 Agnes Gabrieldtr Stensaker (1915–) frå Breim hadde bruket 1948–77. Born: Ola 1948, Brita Solveig 1951 (Elnesvågen i Fræna), Geir 1958 (Fitjar). I 1970 kom bnr 64/11 inn under bruket. Ola Bjarneson Engum (1948–) & 1976 Brita Sofie Vollevik (1951–) frå bnr 64/39 fekk Bjarne 1991. Brita Sofie eig òg bnr 64/39 under lnr 42 i Morki.

Lnr 47b Nese 1,78 spd = bnr 64/11 2,76 mark. Data for 1875: 3,8 daa blandkorn, 2,2 daa poteter, 1 hest, 4 kyr, 2 ungdyr, 14 sauer, 11 geiter, 1 vinterfôra gris.

Lasse Person Nese (1847–1902) & 1876 Gjertrud Jondtr Finnen (1854–1931) frå lnr 52 fekk: Anna 1876, Johanna 1878 (USA 1910), Olina 1879–79, Olina 1886–86, Per 1890–1916 (ugift, fekk fattigstøtte), Ola 1893–93. Lasse var kyrkjeverje. Han og sonen Per døydde av tuberkulose. I 1892 vart bruket frådelt bnr 64/13 0,67 mark og bnr 64/14 0,65 mark (som kom under bnr 64/8). Det var truleg økonomiske problem som førde til jordsala. Ny bnr 64/11 1,44 mark. I 1902 gjekk dette bruket til: Anna Lassedtr Nese (1876–1951) & 1902 Elling Andersson Frettheim (1879–1961) frå lnr 40b. Born: Anton 1902–1922 (blindtarmbetennelse), Lasse 1906 (Askøy), Karl Olai 1908 (sjå note), Olav 1910 (lnr 60/18 Åsberget), Brita 1912, Gjertrud 1912 (sjå note), Peder 1916 (bnr 64/27). Brita Ellingdtr Fretheim (1912–1987) & 1946 Olav Johannesson Lavik (1903–1988) frå lærarbustaden på Nese overtok i 1946. Born: Jon Einar 1949 (Bergen), Gerd Astrid 1952 (Oslo). I 1970 vart husa skilde frå som bnr 64/40 og bnr 64/41 til Jon Einar Lavik (1949–) og systera Gerd Astrid Westland (1952–). Frå ca 1995 var Gerd Astrid eineeigar. Resten av bnr 64/11 vart i 1970 lagt inn under bnr 64/10.

Bnr 64/13 0,67 mark, 1892. Ola Jonson Finnebotten (1846–1933) på lnr 42 kjøpte denne gardparten, bygde hus der ca 1907 og budde der til 1918. Deretter var dottera Lovisa Oladtr Finnebotten (1898–1978) eigar 1933–55. Ho reiste til USA i 1948, men kom att omkring 1970. Ho var ugift. I 1955 kom bnr 64/17 under bruket, slik at skylda vart 1,28 mark. Johannes Andreasson Røyrvik (1909–1989) & 1942 Ingebjørg Sivertdtr Finnebotten (1909–1999) frå lnr 42 fekk: Sigvat Arvid 1943 (Florvåg, Askøy, sjå òg bnr 64/27), Arne 1945 (Leikanger), Brita Maria 1950 (Florø). I 1974 vart eigedomen skøytt til dei tre borna.

Husmannsson Anders Sjurson Vollavik (1882–1963) & 1915 Kari Tolleifdtr Sagi (1893–) frå Kvamsøy sokn fekk: Sigurd 1918 (Askøy), Klara 1921 (Askøy, gift med Hans 1913 frå bnr 46/2 i Svardal), Torleiv 1923 (Bergen), Audny 1930 (Bergen). Anders var bygningssnikkar. I 1918 var dei på Hustavenes, men vart leigebuarar på bnr 64/13 og så bnr 64/15. Huslyden flytta til Askøy ca 1950.

Karl Olai Ellingson Fretheim (1908–) & 1941 Gerda Alvilda Aven (1900–) frå Bergen fekk i Arnafjord: Einar 1941 (Åsane, Norheimsund), Leif 1943 (Bergen), Arne 1944 (Grimstad). Huslyden flytta til Askøy i 1949 og det kom fleire born. Gjertrud Ellingdtr Fretheim (1912–1945) & 1934 Karl Hansson Hustavenes (1911–1976) budde på bnr 64/11 og så bnr 64/7 på Klubben fram til ca 1945. Karl og borna flytta til Vik og budde i leigd hus i Hamnen og på lnr 5 Vange. Born: Anna Eldbjørg 1934 (bnr 41/35 Vikøyri-Sjøtun), Solveig Herbjørg 1936 (Bergen).

Lnr 48 Nese

3,64 spd = bnr 64/12 5,65 mark. Sjølveigd med unntak av 0,3 laupar eigd av Arnafjord kyrkje i 1767 og først på 1800-talet. Full sjølveige frå 1813. Matrikkelskyld: 2,06 laupar i 1723, 1,54 laupar i 1838. Jordbruk i 1845: 10,1 daa bygg, 2,8 daa potet, 2 hestar, 15 storfe, 30 smalar, 21 geiter, 2 svin. Før utskiftinga i 1901 stod husa på Haugen, så på Fæle.

På eit storbruk på 2,67 laupar var i 1645 og 1647 Anders Sjurson med Anna Arnedtr. Eigarane var: futen Simon Nilsen, Ingebrigt Skjørvo, Endre Skarestad og Kaupangergodset. I 1667 var det to søner av Anders som dreiv bruket: Sjur Andersson Nese (1623–) og Arne Andersson Nese (1627–). Sjur hadde då sønene Eirik 1659 og Lars 1662. I 1701 var det Eirik Sjurson Nese (1659–1750) & Gjertrud Hansdtr ( 1707) som var brukarpar, og vi veit om borna: Sjur 1690, Trond 1695 og truleg Ola 1686. Eirik vart attgift med ei jente med ukjent namn (1667–1733). Dei fekk Jon 1705 (lnr 62 Alrek). Eirik gifte seg for tredje gong 1735 med enkja Marta Knutdtr (–). Ho hadde før vore gift med Otto Knutson Nedre Tune i Ortnevik. Trond Eirikson Nese (1695–1788) & Brita Palnedtr (1676–1733) fekk Palne (sjå note lnr 62 Alrek og plass 5 Nese). Trond vart attgift 1734 med Brita Endredtr (1678–1748). Dei hadde neppe born. Trond gifte seg på nytt 1755 med Brita Perdtr «Vikøyri» (–) og dei fekk Brita 1758–1804 (ugift) og Gjertrud 1760. Fram til 1723 gjekk matrikkelskylda på bruket ned frå 2,67 til 2,06 laupar, og i dei vanskelege uåra 1739–43 fekk Trond store problem. Han kunne ikkje betala tilbake det han hadde lånt av staten for kjøp av korn, og dessutan var det store skader på jorda hans av vassflaum. Etter dette vart matrikkelskylda på nytt nedsett og Trond måtte gå frå bruket. I 1763 finn vi han som husmann under lnr 45. Hermund Eirikson Kjelven ( 1770) & 1747 Dorte Sjurdtr «Hallsete» (1720–) fekk Eirik 1748, Lussi 1750 (Vetleøyri s018), Sjur 1753 (sjå note lnr 42), Ola 1755 (plass Åsberget), Knut 1758 (plass 18 Nese), Anna 1762 (plass 8 Nese). Hallsete må vera tenaradresse for Dorte både ved konfirmasjon og då ho gifte seg. Ho var truleg frå lnr 54 Vollavik. Hermund hadde ein bror Per som vi trur vart husmann under bruket, sjå note. Eirik Hermundson Nese (1748–1810) & 1777 Kristi Ellingdtr Nese (1750–1811) frå lnr 43+44 fekk: Durdei 1778–1811 (ugift), Hermund 1781, Sigrid 1787–1856 (ugift). Hermund Eirikson Nese (1781–1846) & 1813 Marta Jondtr Finnen (1790–1846) frå lnr 52 fekk: Eirik 1813–13, Eirik 1818, Jon 1822–22, Lussi 1824, Steffen 1828–28. I skiftet etter Hermund i 1846 vart bruket utlagt til sonen. Eirik Hermundson Nese (1818–1892) & 1846 Mari Ellingdtr Tjugum (1816–1847) frå Balestrand fekk eit dødfødd tvillingpar i 1847 og ho døydde i barselsseng. Frå før hadde han Lussi 1838 med Brita Oladtr Finnen (1810–1899) frå lnr 52. Brita vart gift til lnr 19a Le. Eirik vart attgift 1848 med Lussi Sjovatdtr Finnabotnen (1814–1891) og dei fekk Mari 1849–66. Av ein eller annan grunn skøytte Eirik og Lussi frå seg garden og vart plassfolk under bruket. Truleg var det ei form for kår, for i 1875 hadde dei 0,4 daa poteter, 2 kyr, 7 sauer, 7 geiter på plassen. I 1868 overtok Anfin Olason Finnen (1826–1871) frå lnr 52 & 1864 Brita Markusdtr Nese (1844–1911) frå lnr 45. Born: Gjertrud 1864 (lnr 17 Holane), Brita 1867 (lnr 40c Frettheim), Anna Marie 1871 (lnr 197a+195a Vangsnes). Men bruket vart teke på odel i 1869. Anfin kjøpte då lnr 36a Åse og familien flytta dit. Lussi Hermunddtr Nese (1824–1914) & 1848 Johannes Ellingson Ytre Ese (1827–1917) frå Balestrand fekk: Elling 1848 (Dale i Sværefjorden), Anna 1851–51, Hermund 1852–52, Anna 1853 (lnr 36b Åse, sjå òg note), Marta 1855 (lnr 119 Hopperstad), Hermund 1857 (USA 1883), Anders 1860 (USA 1881), Karl 1862 (USA 1888), Johan 1865–66, Johan 1867 (USA 1888, vart prest), Martin 1869–70. Lussi og Johannes budde først på Tue i Balestrand, hadde så eit bruk på Dale i Sværefjorden, men i 1870 overtok dei lnr 48 og overlet drifta på Dale til sonen Elling 1848. I 1888 fekk sonen Karl Johannesson Nese (1862–) skøyte, men i 1889 tok broren Elling bruket på odel. Karl var ungkar, men gifte seg i 1900 og overtok eit bruk på Otterskreda. I 1894 var bnr 64/15 0,04 mark skilt frå. I 1895 gjekk lnr 48 til ein son til Elling. Ola Johan Ellingson Dale (1867–1948) frå Sværefjorden & 1889 Brita Larsdtr Ese (1866–1952) frå Indre Ese i Balestrand fekk: Elling 1891 (Ask, Askøy), Kristina 1892–1963 (ugift på Nese, men gravlagd på Askøy), Lars 1894 (sjå note), Karl 1896–1907 (drukna), Johannes 1898 (sjå note Hanekam), Olav Bertin 1899 (Ask, Askøy), Anders 1903–63 (ugift), Inga Marie 1904 (Ask, Askøy), Karl 1910 (Ask, Askøy), Tor Leiv 1913 (Ask, Askøy). I 1910 vart bruket fråskilt bnr 64/21 0,20 mark. Ny justert skyld i 1918 var 5,33 mark. I 1930 gjekk bruket til Elling Olason Nese (1891–) & 1913 Synneva Andreasdtr Nesse (1890–) frå plassen Vetleviki under Nesse i Kvamsøy sokn. Born: Birgit 1915, Marie 1917 (døydde av steinsprang i marki på Nese), Olav Johan 1918 og 6 yngre born. Elling pakta gard på Isdalstø i Lindås før 1918. Huslyden var så eitt år på bruket på Nese før dei reiste til Ask og busette seg der, men Elling eigde bruket fram til 1939. Frå ca 1920 var det paktar på bruket inntil dei to eldste døtrene dreiv det eit par år. Frå ca 1938 overtok sonen Olav Johan drifta. I 1943 vart fråskilt bnr 64/25. Olav Johan Ellingson Nese (1918–) & 1942 Anne Marie Karldtr Nilsen (1919–) frå Laksevåg eigde bruket 1949–54, men flytta så til Askøy. Born: Synneva 1943 (Sotra), Inger Margrethe 1946 (Ask), Erling Johan 1949 (Bergen). Johannes Andersson Otterskred (1913–1973) & 1938 Gunhild Kristiandtr Sørevik (1920–1994) frå lnr 25 Sandbakken hadde bnr 65/3 på Otterskreda og kjøpte i tillegg dette bruket og flytta hit. Born: Kristian Olai 1938, Solfrid Gunvor 1940 (Vestre Slidre), Jan Gustav 1947 (sjå note under bnr 60/19 Åsberget), Gunn Karin 1957 (Lillehammer). Følgjande tomter vart fråskilde i åra 1955–68: bnr 64/32, 64/33, 64/35, 64/37, 64/38. Kristian Olai Johannesson Otterskred (1938–) & 1967 Gjertrud Marie Haralddtr Simlenes (1944–) frå bnr 64/21 overtok i 1974 bruket og bnr 64/24, bnr 64/32 og bnr 65/3 Otterskreda, men var busette på bnr 64/37+38 Solhaug 0,03 mark, frådelt i 1965 og 1968. Born: Jan Harald 1969 (Karmøy), Gerd Svanhild 1972 (bnr 39/25 under lnr 124 Hopperstad), Geir Christian 1976. Geir Christian Kristianson Simlenes Otterskred (1976–) & sb Pia Cathrine Randulfdtr Hagen (1977–) frå Førde i Sveio har: Tiril 2001 og Emil 2003. Geir overtok i 2001.

Bnr 64/15 Kalhagen 0,04 mark, 1894. Parsellen vart skilt frå lnr 48 til Karl Johannesson Hallsete (1856–1933) og Brita Endredtr Nese (1849–1941) frå lnr 44. Dei eigde og dreiv lnr 45a (= bnr 64/5), men bygde i 1912 kårbustad på denne staden. I 1943 gjekk eigedomen til Bjarne Markusson Neset (1910–1978) frå lnr 45a & Brita Sivertdtr Finnebotten (1911–1975) frå lnr 42. Born: Maria 1947 (Hamar), Gerd 1950 (Vassenden i Jølster). I 1978 gjekk bnr 64/15 til døtrene. Det var ferieplass. Gerd overtok alt i 2003.

Bnr 64/21 Nyheim 0,20 mark, 1910. Parsellen vart kjøpt av Rognald Halvarson Hanekam (1873–1954), busett på Klubben, og som sette opp eit uthus på staden. Men i 1930 gjekk han konkurs og eigedomen vart kjøpt av Markus Markusson Nese, som i 1953 skøytte til Svanhild Markusdtr Nese (1905–1968) & 1942 Harald Nilsson Simlenes (1908–1969) frå Fresvik. Harald var kystskipper. Dei fekk Gjertrud Marie 1944. Gjertrud Marie overtok eigedomen, sjå òg lnr 48.

Bnr 64/25 Soltun 0,03 mark, 1943. Dette er den tidlegare plass 11 på Fæle, der stova vart selt av enkja Lussi i 1913. Ho stod på bygsla grunn til 1958. Georg Johan Steffenson Nese (1890–1962) frå ekspedisjonen på Klubben, & Jensina Monsdtr Nese (1878–1925) frå lnr 43 overtok. Georg var snikkar og han bygde hus på staden. Born: Ingebjørg Bergljot 1916 (Hemnes i Høland), Margit Randina 1918 (sjå note), Signy 1920 (Nordøysund i Øygarden, så Åsane). Georg vart attgift 1933 med Mathilde Klausdtr Breivik (1894–1975) frå Hyllestad. Born: Helga Karina 1934 (Åsane), Steffen Kåre 1935 (Erfjord i Rogaland), Magnar 1937. Magnar Georgson Nese (1937–) & 1962 Marie Johanne Molde (1940–) frå Dalsøyra i Gulen fekk skøyte på bnr 64/25 og bnr 64/42 i 1976. Born: May Britt 1963 (bnr 2/57 Vange-aust i Vik, så Frøya i Trøndelag), Odd Jarle 1966 (Hyllestad), Dag 1968 (Høyanger).

Bnr 64/32 Bakketun 0,04 mark, fråskilt 1952. I ei tidlegare kårstove på bruket budde Anna Johannesdtr Nese (1853–1937) frå bruket. Ho var fråskild kone på lnr 36b Åse og flytta inn med dottera Maria Oladtr (Åse) Nese (1887–1954). I 1955 vart eigedomen skøytt frå dødsbuet etter Maria til Edvard Helgeson Åse (1910–1964), son til Maria Eilifdtr Bungane. Om Maria Eilifdtr: sjå under bnr 60/13 Åsberget. Edvard, var ugift. Han flytta litt rundt i soknet og dreiv mest med gardsarbeid. Edvard testamenterte det han eigde til Det norske misjonsselskap. Ein bror var leigetakar i huset: Kristian Helgeson Åse (1908–1995) & Andrea Martindtr Hammaren (1923–1997) frå Måren i Kyrkjebø. Familien budde nokre år etter dei gifte seg i «Kari-Åse-stova» på Indreklubbane før dei flytte hit. Der budde også Maria. Familien flytte til Vangsnes i 1964 (sjå bnr 97/133 under lnr 197a+195a). Born: Aud Margrethe 1944 (bnr 97/150 Vangsnes på Salbu) og Henny Marie 1963 (lnr 42 Seljestø i Vik). Etter at Edvard døydde, gjekk bnr 64/32 tilbake til bnr 64/12.

Bnr 64/35+36 Fjellheim 0,01+0,01 mark, 1962. Til denne staden vart oppsett ei kårstove frå bnr 51/4 Holane for kårkona Mari Jondtr (Finnen) Holane (1835–1923). Dottera Olina Oladtr Holane (1858–1945) var med til Nese og vart buande i stova. Omkring 1929 flytta inn frå bnr 62/2 Kjelven: Marie Bertine Knutdtr Kjelven (1900–) & 1921 Johan Georg Jonson Hallsete (1896–1942) frå bnr 61/2 Hallsete. Born: Kristian Ingolf 1922 (Florvåg, Askøy). Jenny Gjertina 1923 (Ask, Askøy), Klara Johanna 1925 (Ask, Askøy), Olga Birgitta 1926 (Hønefoss, så Holmestrand), Gerd Hildur 1928 (Måren i Kyrkjebø), Gunnvor Marie 1931 (Ask, Askøy), Bjarne Hilmar 1938 (Stavanger). Enkja Marie Bertine vart attgift med Mons Åfet (1898–1949) og flytta til Feios med den yngste sonen og pleiemora Ingrid. I 1954 fekk huslyden skøyte på eigedomen, og i 1963 overtok Bjarne Johanson Halset (1938–).

Lars Olason Nese (1894–) & Gjertrud Andreasdtr Nesse (1888–) frå plassen Vetleviki fekk: Jenny Karoline 1918, Olav Bertin 1919, Margit 1921, Alv 1923. Lars hadde gard på Hop på Askøy. Gjertrud var syster til Synneva 1890, gift med Elling 1891.

Husmannsson Lars Sjurson Vollavik (1888–1960) & Jensina Jensdtr Alrek (1881–1923) frå lnr 62 fekk: Ola 1915 (Kleppestø), Anna 1918–2004 (Ask), Jensina 1923 (bnr 26/48 Hove i Vik). Jensina døydde i barselsseng. Lars vart attgift med Tea Gjertina Monsdtr Nese (1894–) frå lnr 43. Huslyden var leigebuarar på bnr 64/12 og deretter bnr 64/5. Lars var motormann. Huslyden flytta først til Ortnevik, så til Ask, Askøy i 1928.

Margit Randina Georgdtr Nese (1918–) gifte seg 1942 med Erling Person Finnen (1912–1978) frå bnr 68/3. Dei busette seg på Bunes i Søndre Høland.