Husmenn på Nese
Indreklubbane, eller Indre klubbane, var bryggje- og naustområde for dei sørlegaste og vestlegaste bruka på Nese. Her var det òg to husmannsplassar i 1875.
Plass 1 Nese, under lnr 44. I 1875 var det 9 sauer og 5 geiter på plassen og det vart dyrka 0,7 daa poteter Sjur Torson Limmesand (1810–1890) frå lnr 13 & 1848 Ingeborg Gunnardtr Mjølsvik (1822–) frå Ortnevik fekk: Birte 1849 (USA 1891), Sigrid 1851, Anna 1853–76, Olina 1855, Tor 1858–72 (drukna), Ola 1863–63. Sjur reiste til Nord-Noreg i 1844 (sjå note lnr 13 Limmesand i del 3), men kom tilbake og gifte seg. Han og Ingeborg var så i Nord-Noreg 1848–50. Dei kom tilbake med to born. Sjur gjorde eit forsøk på å kjøpa lnr 18b Flete, men makta neppe å skaffa pengar, slik at handelen vart omgjort. Huslyden kom så til denne plassen. Sjur fekk fattighjelp frå 1881 som arbeidsfør fattig. I 1891–93 var ei ugift syster til Sjur, Randi Tordtr Limmesand (1821–1893), busett hjå enkja Ingeborg og fekk fattighjelp. Olina Sjurdtr Nese (1855–) & 1887 Karl Person Nese (1853–) frå lnr 47 fekk Per 1888 og Sivert 1890. Dei var innerstar på Nese før dei reiste til USA i 1893 saman med enkja Ingeborg. Sigrid Sjurdtr Nese (1851–) fekk Tomas 1880 (USA 1901) med Lars Knutson Aven (1855–) frå Lavik, ein bror til Synneva Aven på lnr 34b Åsberget, og Andreas 1888 med Nils Olason Holt (1866–) frå Kaupanger. Sigrid med Andreas fór til USA i 1903.
Plass 2 Bersteigstova. Data for 1875: 0,7 daa poteter, 5 sauer og 7 geiter. Ola Person Kvamme (1817–) frå plassen Bersteigen i Kvamsøy sokn & 1848 Brita Perdtr Nese (1818–) frå lnr 42, fekk: Per 1848 (plass 4 Nese på Klubben), Alis 1851, Anders 1854 (USA 1876), Jensina 1857 (Balvoll-Prestmyri i Vik), Malena 1861 (sjå plass under lnr 31 Valsvik). Brita hadde frå før Brita 1842 (til Fosse, Eksingedalen, var mor til Jakob 1881 på lnr 26 Hellane) med Ola Olason Hirt frå Voss. Huslyden vart kalla «Bersteigadne». Ola og Brita reiste til USA i 1881. Alis Oladtr Nese (1851–) & Anders Nilsson Ytre Torvund (1851–) frå Lavik var òg på plassen i 1875. Anders var då skogsarbeidar. Born: Brita 1873, Nilla 1875, Hans 1876, Olina 1878, Lovisa 1879. Alle reiste til USA i 1879.
Plass 3 «Kari-Åse-stova » under bnr 64/4. I denne stova budde Kari Oladtr Åse (1878–1945) frå lnr 34 Åse. Ho var ugift strikkerske.
Ytreklubbane
Utanom gjestgjevarstaden, som ikkje hadde eige matrikkelnummer og såleis kan reknast som plass, veit vi berre om ein husmannsplass som låg i dette området.
Plass 4 Nese, under lnr 45a i 1875 og vart då kalla «Ytre Klubben». Data for 1875: 1,1 daa poteter, 1 ku, 3 sauer og 4 geiter. Per Olason Nese (1848–1931) frå plass 2 Nese & 1872 Brita Tordtr Geithus (1845–1895), husmannsdtr, fekk: Gjertrud 1870, Birte 1873, Ola 1875. Per vart kalla skogarbeidar i 1875. Dette var nok vedhogst. Huslyden reiste til USA i 1877.
Husmenn på Fæle
På Fæle var det fleire husmannsplassar under lnr 47 og 48. Fleire hadde lite jord og låg truleg i vika nord for Kvamselvi. Plassane 7, 9 og 11, låg nær kvarande ovanfor gardstunet på Fæle.
Plass 5. Plass utan jord under lnr 48 og såleis truleg på Fæle. Endre Palneson Nese (1755–1816) & 1790 Lussi Johannesdtr Nese (1766–1826), frå plass 6, fekk: Sjur 1791–91?, Sjur 1794–94?, Magnhild 1796 (Vikøyri v916), Sjur 1798 (Vikøyri v910), Ola 1801 (Vikøyri v768), Johannes 1804–05, Gunhild 1810. Endre var son til Palne Trondson (–) frå lnr 48, sjå òg note lnr 62 Alrek. Vi merkar oss at Sjur 1798 først vart konfirmert i 1820. Han var då 7 år eldre enn dei fleste medkonfirmantar. Gunhild Endredtr Nese (1810–1849) fekk Guttorm 1845 med gift mann Ingebrigt Ingebrigtson Frettheim (1803–) på lnr 45 Nese. Guten reiste til USA i 1854. Lussi vart attgift 1817 med Anders Hansson Nissestad (1775–1850) frå lnr 14. Han vart attgift 1833 med Gjertrud Oladtr Hellane (1783–1862) frå lnr 27. Gjertrud kom på legd i 1862.
Plass 6. Plass utan jord under lnr 47 i 1801. Johannes Sjurson (1728–1805) & 1757 Magnhild Andersdtr Nese (1730–1780) frå lnr 45 fekk: Ingeborg 1759 (plass 18), Sjur 1761, Morten 1763 (Brekke i Ortnevik), Lussi 1766 (plass 5), Gunhild 1769 (konfirmert 1789 med stadnamnet Valsvik, deretter borte), Hermund 1774 (Vikøyri v326). Johannes vart konfirmert 1747 med stadnamnet Hallsete. Det gjer at vi trur han var yngre enn 78 år som var oppgitt alder ved folketeljinga i 1801. Då dåpen ikkje er innført i kyrkjeboka for prestegjeldet, var han kanskje innflyttar. Johannes vart attgift 1781 med Brita Andersdtr Nese (1738–1811) frå plass 15 Nese. Dei fekk neppe born. «Johannes og hustrue» var plassfolk på Hallsete i 1762.
Plass 7. Hermund Andersson Tusvik (1766–1844) frå Kvamsøy sokn & Ragnhild Oladtr Finnen (1781–1859), husmannsdtr, fekk: Anna 1804–21, Ola 1807–21, Kari 1812 (plass Finnen, så Alrek), Anders 1815–40 (drukna på bytur saman med to andre), Anders 1819. Identifiseringa av Ragnhild er usikker, då alder ved dødsfall er «feil» med 9 år. Men Ragnhild 1781 var tenar i Kvamme i 1801 og kan der ha kome saman med Hermund. Ragnhild var fattiglem då ho døydde. Anders Hermundson Nese (1819–1883) & 1846 Synneva Knutdtr Ådlane (1823–1906) frå lnr 32 fekk: Anna 1845–1938 (ugift tenestejente), Knut 1848 (bnr 65/3 Otterskreda), Ragnhild 1851–52, Ragnhild 1853–53, Olina 1854 (lnr 45c Klubben på Nese), Hermund 1858, Sigrid 1860, Kari 1863 (Haugesund). Denne huslyden var i 1865 husmannsfolk (innerstar) under lnr 32 Ådlane. Der hadde dei 16 vinterfôra sauer, men ikkje åker. I 1875 vart dei førde opp som innerstar under lnr 46a og Anders var laksefiskar. Dei hadde då 6 vinterfôra sauer og 5 geiter, men ikkje åker. Anders fekk fattigstøtte frå 1881. Enkja Synneva Knutdtr fekk i 1890 fattigstøtte for kjøp av eit nytt skjørt. Deretter fekk ho årleg fattighjelp. I året 1900 var ho hjå dotter si, Olina 1854. Anna Andersdtr Nese (1845–1938) fekk Anders 1870–70 med Ola Steffenson Dale (1847–1932) frå bnr 56/6 og Gjertrud 1877–98 med Ola Tolleifson Alrek (1851–1897), husmannsson. Anna fekk fattigstøtte 1916–19, og pengar til ved i 1927. Ho døydde på Nese. Hermund Andersson Nese (1858–1937) & 1889 Anna Ovedtr Vamråk (1863–) frå Ortnevik fekk Andreas 1889–89, Else 1890. Hermund var i 1891 innlagt på sjukehus i Bergen på grunn av syfilis. Fattigkommisjonen i Bergen sende krav til Vik for opphaldet og som Hermund sjølv ikkje hadde råd å betala. I 1902 reiste huslyden til USA. Hermund kom tilbake i 1920-åra og budde mest hjå eit syskenbarn: enkja Anna Jondtr (Ådlane) Nissestad. Etter ho døydde, flytta han til Otterskreda. Då han døydde, hadde han kone og fleire born i USA. Borna til Anders 1819 drog med seg Tusvik-namnet, som «Tusvik-Knut».
Plass 8. Plass utan jord under lnr 47 i 1801. Johannes Einarson «Nese» (1763? 1814) & 1801 Anna Hermunddtr Nese (1762–1847) frå lnr 48 fekk: Synneva 1801, Hermund 1804. Johannes vart konfirmert 1783 med adressa Valsvik. Faren var kanskje frå Vik, sjå v244. Anna var på legd då ho døydde. Hermund Johannesson Nese (1804–) & 1830 Synneva Endredtr Nissestad (1808–1861) fekk: Johannes 1829 (plass Åsberget), Kari 1833–33, Endre 1835 (Balestrand, USA1867), Kari 1839 (USA 1861), Anna 1842 (USA1867), Lussi 1845 (Vikøyri v816), Brita 1849 (USA 1874), Elling 1853 (USA 1867). Hermund hadde òg Nils 1824 (USA 1845 frå Nese) med Turid Andersdtr «Dale» (–). Turid døydde kanskje etter fødselen. Ho var neppe frå prestegjeldet. Nils Nese vart konfirmert 1839, så han vart truleg oppfostra på plassen. Hermund fekk fattighjelp 1847–58. Han reiste til USA i 1867 med tre born. Synneva Johannesdtr Nese (1801–) & 1833 Anders Person Nokken (1804–), plassgut frå Kvamsøy sokn, fekk: Per 1834–34, Per 1835, Anna 1837, Johannes 1842–42, Marta 1843, Johanna 1846 (fødd i Nord-Noreg). Dei reiste til Nord-Noreg i 1844.
Plass 9. Plass under lnr 48 i 1865. Data for 1865: 1,1 daa poteter, 1 ku, 7 sauer, 7 sauer og 6 geiter. Lars Hansson Otterskreda (1820–1905) & Malena Johannesdtr Brekke (1815–1899) frå Lånefjorden fekk: Ingeborg 1845 (Notaberget på Otterskreda), Synneva 1848 (lnr 13b Limmesand, sjå òg lnr 15a Bungane og note lnr 27 Hellane), Hansina 1853 (sjå note lnr 21 Dale). Lars «Notaberget» fekk fattighjelp i 1852. I 1894 kom han på nytt i fattigprotokollen som arbeidsfør fattig. Lars døydde som fattiglem på Dale.
Plass 10 under lnr 42. Anders Endreson Røysum (1811–) frå Leikanger & 1841 Anna Larsdtr Vikøyri v622 (1806–1861) hadde ikkje born, men Anna hadde frå før Johanna 1831 med Guttorm Rolandson Tistel (1808–1885). Om Johanna: sjå plass 20 Nese. Om Guttorm: sjå note lnr 20 Fyli i del 2. Anders og Anna budde først på Vikøyri, sjå v036, men fekk i 1849 bygsel på ein husmannsplass under lnr 42 på Fæle. På plassen var det i 1865: 1 daa blandkorn, 2,1 daa poteter, 2 kyr, 12 sauer og 4 geiter. Anders måtte i 1853 møta i retten for ulovleg hogst hjå grunneigaren. For det fekk han 10 dagars fengsel på vatn og brød. I 1856 måtte han på nytt i retten, no for å ha forbytt ein gris som var eit halvt år med ein som var eitt år eldre. No vart det 20 dagars fengsel. Anders gifte seg på nytt i 1861 med Ragnhild Ellingdtr Vollavik (1821–) frå plassen Åkerviki. Dei fekk Andreas 1862. Dei tre reiste til USA i 1867. Ragnhild hadde òg Brita 1844–44 med husmannsson Ola Olason Finnen (1813–).
Plass 11. Seinare bnr 64/25 under lnr 48. På denne plassen på Fæle var det ikkje jord eller husdyr i 1875. Snikkarmeister Ola Olason Frivik (1841–1912) frå Kyrkjebø & 1867 Lussi Tolleifdtr Alrek (1841–1942) frå plassen Slåttekvina fekk: Ingeborg 1866–66, Ingeborg 1867 (Fossen i Vadheim), Anders 1870 (USA 1892), Ingebrigt 1872 (USA 1889), Tea 1875 (Canada), Ola 1877 (Eivindvik), Elling 1879 (USA 1898), Synneva 1881 (lnr 41a Grønsberg). Skreddar Ola Olason Nese (1877–) & 1907 Olina Sørendtr Årberg (1884–) frå Indre Holmedal fekk: Olga Lovisa 1908, Alis Amanda. Huslyden flytta til Eivindvik. Enkja Lussi selde stova i 1913 og flytta til son sin i Eivindvik, men mistreivst og kom tilbake til Nese. Der budde ho i ei lita stove i «Toffenhola». Om Lussi er det fortalt at ho sa at ho trudde Gud verna henne, då dei skulle skyta ein bergknaus ved stova hennar. Ho ville ikkje flytta ut. Då sa skytebasen: «Du bør ikkje stola på Gud når det gjeld skyting»! Lussi kom til dotter si på Grønsberg. Heller ikkje der treivst ho. Då vart stova hennar på Nese flytta til Grønsberg. Då gjekk det bra!
Andre husmannsplassar
Plass 12 Vindbjørgane låg nord for Nese, mot Otterskred, ved Vindbjørganeset. Anders Olason Nese (1658–) frå lnr 47, gift med Kari (1662–1740), var innerst i 1701, men var truleg her fram mot 1738. Han vart attgift 1741 med enkja Barbra Dagdtr (Farnes) Nese (1668–1743) og i 1743 med Ragnhild Andersdtr (–). Første mann til Barbra heitte òg Anders Olason. Dei hadde truleg Ola, som vart husmann på Åsberget. Husmannsson Kristen Sjurson Nissestad (1694–1749) & 1734 Marta Gunnardtr Le (1694–1771) frå lnr 20 fekk: Sjur 1738 (plassen Hustavenes på Geithus). Dei var på staden 1738–49. I 1762 var Marta fattig enkje og budde på lnr 27 Hellane. Der døydde ho. Aslak Andersson Raudsteinane (1709–1765) & 1736 Durdei Jondtr Nese (–) frå lnr 47 var i 1747 og nokre år til på Vindbjørgane, deretter i Raudsteinane under Holane.
Plass 13. I 1723 var det etter oppgåvene ingen husmann på Nese, men Amund Olason (1672–1732), gift med Eli (1769–1733), må likevel ha vore der. I 1701 var Amund soldat og utplassert i Valsvik.
Plass 14 Abelvollen. Lasse Sakseson Finnabotnen (1670–1733) frå lnr 53 & Gjertrud Hermunddtr Stavedal (–) frå lnr 59 fekk: Nils 1722 (plass Geithus), Sigrid, Åsa, Halvar 1733–34. Gjertrud vart attgift 1734 med Sjur Rognaldson Nese (1668–1749) frå lnr 45. Sjur var tidlegare gift med Bothilda (1665–1733), ei av dei 6 konene på Nese som døydde i 1733. Då vart ho kalla «Sjur Neses hustru». Bothilda var kanskje frå Hallsete. Sjur og Bothilda hadde truleg borna: Brita på plass 17 Nese og Mons på lnr 34 Åse.
Plass 15. Anders Botolvson (1688–) & 1732 Randi Amunddtr (–) var husmannsfolk på Nese «ved sjøen». Randi var kanskje frå lnr 62 Alrek. Anders var i 1701 dreng i Røyrvik. Han var frå soknet, men foreldra har vi ikkje identifisert. Born: Anna 1732–32, Amund 1735 (sjå note lnr 42) og Brita 1738 (plass 6 Nese).
Plass 16. Plassen låg truleg under lnr 48 Nese og kan såleis ha vore på Fæle. Per Eirikson Kjelven (1701–1771) frå lnr 39 & 1740 Steinvor Amunddtr Alrek (–) frå lnr 62 fekk: Eirik 1743–44 og Anna 1745 (plass Hallsete, sjå note lnr 36+37).
Plass 17. Dette var ein plass utan jord under lnr 43+44 i 1801. Lasse Olason «Nese» (–) & 1749 Brita Sjurdtr «Nese» (–) fekk: Ola 1750 (plass Finnen), Sjur 1752 (plass Valsvik), Johannes 1756 (sjå note lnr 29 Valsvik og note lnr 14 Nissestad), Anders 1758, Ragnhild 1762 (døydde truleg før 1801). Brita Sjurdtr var truleg frå plass 14 Nese, men Lasse var neppe frå Nese. Både Lasse og Brita døydde før 1801. Anders Lasseson Nese (1758–1799) & 1790 Durdei Ivardtr Le (1754–) frå lnr 20 fekk: Brita 1793–93?, Brita 1794–1815 (ugift). Anders var soldat då han døydde. Durdei døydde mellom 1801 og 1830.
Plass 18. Plassen låg under lnr 45. Ingeborg Johannesdtr Nese (1759–1840) frå plass 6 & 1790 Knut Hermundson Nese (1758–) frå lnr 48 fekk Magnhild 1792–1811. Dei var truleg lenge på ein plass på Nissestad. Ingeborg vart attgift 1794 med Guttorm Arneson (1768–1843) og dei fekk: Turid 1796–1800, Gunhild 1797–97? (død før 1801), Knut 1800–02, Knut 1803. Guttorm hadde òg Marta 1794 med Kristi Antondtr (1770–). Denne Kristi var tenestejente på Dale i 1801, men Marta var ikkje med henne og var då truleg død. Guttorm var truleg husmannsson frå Valsvik. Han vart konfirmert 1789 med tenaradressa Frettheim. I 1801 var han «skoleholder». Knut Guttormson Nese (1803–), korporal, & 1833 Brita Oladtr Porten (1806–1851) frå Hyllestad fekk: Ingeborg Marie 1833. Knut flytta til Hyllestad innanfor perioden 1833–43. Guttorm 1768 flytta til sonen på sine gamle dagar.
Plass 19 Bakken. Plassen låg under lnr 46. Hans Hansson Otterskreda (1754–1823) & 1781 Gjertrud Ellingdtr Nese (1757–1797) frå lnr 43+44 fekk: Hans 1780, Elling 1783–83?, Bjørn 1786–1803, Ragnhild 1787–88, Kristen 1789, Ola 1792–92?, Elling 1794. Hans vart attgift 1797 med Gjertrud Ivardtr Bungane (1762–1826). Born: Ivar 1797 (sjå note lnr 42), Gjertrud 1800, Åsa 1802. Elling Hansson Nese (1794–) var ugift, men fekk likevel mange born: Synneva 1825 og Hans 1828 med Synneva Hansdtr Le på lnr 19, Synneva 1822 med systera Ingeborg Hansdtr Le, Brita 1824 med Anna Oladtr Vetleøyri s184 (1801–1884) og Lasse 1826 (lnr 29 Valsvik) med Brita Lassedtr Valsvik (1784–1858) på lnr 29. Kanskje var det 6 born, for i 1828 vart det skrive at dette var hans sjette «leiermål». Gjertrud Hansdtr Nese (1800–) fekk Hansina 1822 med Johannes Bendikson Vetlesand (1792–1871), seinare husmann under Holane. Mor og dotter blir borte for oss. Hans Hansson Nese (1780–1844) & 1812 Guri Halvardtr Bungane (1788–1845) fekk: Gjertrud 1812 (Senja i 1848), Ola 1820 (plass Røyrvik), Kari 1824–99 (Taose-Kari), Sigrid 1831 (plassen Nygjerdet i Kyrkjebø). Familien flytta til Limmesand før 1830. Om Kari 1824: sjå Slåttane under Vetlesand.
Plass 20. Hermund Sjurson Liane (1786–1838) frå Hyllestad & 1819 Turid Bendikdtr Vetlesand (1793–1868) frå plassen Slåttane fekk: Sjur 1820, Synneva 1823, Ola 1827 (Nord-Noreg i 1846), Bendik 1830, Anders 1835. Foreldra til Hermund var Sjur Hermundson Nese og Kari Torsteindtr Nese. Dei var gardbrukarar på Liane i Hyllestad (sjå note lnr 42). Hermund drukna. Som enkje fekk Turid fattighjelp medan ungane var små og i dødsåret 1868. Bendik Hermundson Nese (1830–1910) & 1855 Johanna Guttormdtr (Tistel) Vikøyri (1831–1889) budde på Vetleøyri s032. Om Johanna: sjå plass 10 Nese. Born: Lars 1851, Hermund 1855, Anna 1856, Anders 1858, Olina 1859, Martin 1861, Guttorm 1864. Huslyden reiste til USA i 1864. Anders Hermundson Nese (1835–1886) & 1860 Anna Johannesdtr Holane (1829–1896), båe husmannsborn, fekk: Hermund 1857 (plass Holane), Johanna 1860 (plass Holane), Tor 1863 (USA 1882), Botolv 1865 (USA 1883), Anna 1868–68, Anders 1869–69. Frå og med 1876 var dei 1–2 år på Notaberget, Otterskreda. Huslyden flytta til Tangen under Holane, sjå meir der.
Plass 21. Johannes Eirikson Hallsete (1807–) frå lnr 37 & 1835 Kristi Oladtr Finnen (1806–) frå lnr 51 fekk: Ragnhild 1834 (sjå note lnr 42), Ola 1836 (USA 1858), Sigrid 1838–39, Kristen 1840, Sigrid 1843, Anna 1846 52, Eli 1850–52. Kristi hadde òg Johannes 1827–28 med Johannes Olason Nese (1803–1865) frå lnr 47. Johannes og Kristi reiste til USA i 1861 med dei to yngste borna.
Plass 22 Kalhagen. Til denne plassen kom ca 1830 frå plassen Kvisthagen i Kvamsøy sokn Anna Johannesdtr Sæle (1779–1873) med borna: Johanna 1818, Birge 1819 og Johannes 1821. Den siste drukna på sjøen i ung alder. Anna var enkja etter lærar Jon Birgeson Indre Nesse (1780–1827). Ho var først gift 1810 med Jon Eirikson Kvist (1764–1814), men hadde ikkje born med han. Johanna Jondtr Nese (1818–1901) og Birge Jonson Nese (1819–1907) fekk eit spesielt husmannsvilkår etter mora døydde: Dersom ein av dei gifte seg, miste båe retten til plassen. Plassen låg i 1875 under lnr 43 og jordbruket var: 1,2 daa bygg, 0,7 daa poteter, 2 kyr, 6 sauer og 6 geiter. De to fekk fattigstøtte etter 1895. Husmannsstova vart teke vare på ein uvanleg måte ved at ho vart innbygd i eit større reiskapshus på bnr 64/4, men er no riven.