Le
Le/Lee (lé): Lidini, Liid (ca 1320), Lhee (1603), Leye (1611), Lee (1647, 1667, 1723, 1863), Le (1838, NG, VIK). Familienamnet er Lee.
Før svartedauden hadde Flete-kyrkja lik eige i to gardar som hadde namn som liknar Le: Lidini og Liid. Dei stod truleg for Indre Le og Ytre Le. Men etter øydetida tok det tid før garden på nytt vart rydda. I 1603 var Johannes brukar. I 1611 heitte leiglendingen Lasse og han var der òg i 1620-åra. I 1645 var det to bruk. På det eine var Kristoffer og Åsa Amunddtr med borna Amund og Brita, og på det andre Ivar og Dorte Knutdtr. I 1667 er det registrert tre bruk som alle hadde låg skyld. På eitt var Kristoffer (1613–) og på eit anna sonen Amund. Det minste var på 0,5 laup og her var ungguten Ola Andersson (1630–). Vi kan gissa på at han var gift med ei dotter til Kristoffer. I 1701 var det også tre brukarar, men eitt var truleg eit kårbruk. I 1711 var det berre to brukarar, i 1718 tre. I 1723 var det berre to bruk, men på eitt av dei er det ein husmannsplass. Det kan tolkast til at noko av jorda på det tidlegare småbruket nå var brukt av ein husmann. I 1838 var det framleis berre to bruk, og båe bruk hadde sams tun i Indre Le. Det gir grunn til å tru at det nedlagde bruket og husmannsplassen låg på Ytre Le og at dette var ein buplass frå før Svartedauden som hadde blitt teken oppatt av Ola Andersson. Dette er eit av fleire eksempel på at brukartalet på namngarden var større i 1667 enn i 1723 og det samsvarar med ei oppfatning om at perioden frå 1660 til 1730 var ei stagnasjonstid for jordbruk og folkevekst i prestegjeldet.
I oppsettet nedanfor forenklar vi framstillinga ved berre å omtala to bruk frå og med 1645 til 1838.
Samla eige for to bruk i 1647: Prestebolet i Vik 0,50 laup, Arnafjord kyrkje 0,50 laup, Ola Eri 0,70 laup, Kaupangergodset 1,00 laup, Kolbein Kvamme 0,33 laup, i alt 1,8 laupar. I 1723 var eiga: Arnafjord kyrkje 0,50 laup, Vik prestebol 0,50 laup, Kaupangergodset 0,17 laup, Johannes Stafbøe 0,08 laup og oppsitjaren Halvar 0,50 laup.
I 1723 gav oppsitjarane opp at garden to gonger etter kvarandre var blitt sterkt skadd av fjellskred. Men kommisjonen ville ikkje setja ned matrikkelskylda. Som ovafor fleire andre vart det skrive at eit slikt krav måtte rettast til fut eller sorenskrivar.
Lnr 19 Le
3,40 spd. Bruket halvt frikjøpt i 1815. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,25 laupar. Data for 1845: 11,0 daa bygg, 2,1 daa poteter, 2 hestar, 14 storfe, 58 smalar og 1 vinterfôra svin.
På dette bruket finn vi Kristoffer Kristenson (1613–1710) med kona Åsa Amunddtr i 1645. I 1667 hadde han med seg sønene: Kristen 1643 (lnr 28 Dalsver), Knut 1651 (død før 1710), Styrk 1653, Eirik 1658, Sjur 1661–1727 (ugift) og Hans 1663. Sonen Gunnar 1644 (lnr 20) var ikkje med, men er oppførd i skiftet etter Kristoffer. I 1701 er Kristoffer framleis førd opp som leiglending, men han hadde med seg sønene Sjur 1661 og Hans 1663. Sonen Ola 1664–1732 var ugift og vart drepen av eit steinskred, og Kari 1652–1745 var også ugift. I følgje den gamle bygdeboka fekk Hans Kristofferson Le (1663–1751) bygsel på bruket i 1720, med alt i 1711 er han oppførd som brukar. Han var gift med Ingeborg Larsdtr (1678–1750). Born: Anders 1695 (lnr 30 Valsvik), Kristoffer 1712, Brita 1716 (lnr27 Hellane), Lars 1717–74 (ugift), Gjertrud 1719 (lnr 33 Valsvik). Fødselsår er utrekna på grunnlag av alder ved død. Men vi finn ikkje Anders under Le i manntalet for 1701, så kanskje var han fødd 4–5 år seinare enn 1695. (Gutar som var to år eller yngre, vart ikkje registrerte i manntalet.) Kristoffer Hansson Le (1712–1762) & 1735 Turid Ellenddtr Holstad (1709–1782) frå lnr 85 i Vik hadde borna: Ingrid 1736 (plass Valsvik), Hans 1738–41, Ellend 1741 (lnr 105 Tryti), Hans 1744, Ingeborg 1747 (plass under Holane), Jon 1749–58. Turid vart attgift 1765 med Eirik Torsteinson Nese (1737–1771) frå lnr 42. Hans Kristofferson Le (1744–1823) & 1772 Synneva Endredtr Le (1751–1825) frå lnr 20 fekk: Eirik 1773, Ola 1776 (lnr 31b Ådlane), Brita 1780–81, Endre 1783 (plass Nissestad), Brita 1786 (plass Limmesand), Turid 1788 (sjå plass under lnr 23 Dale), Ingeborg 1791–1823, Ingeborg1793 (sjå note), Synneva 1798 (lnr 25 Sandbakken, sjå òg note). Hans inngjekk ekteskapskontrakt med Anders Olason Valsvik på vegne av borna Eirik Le og Lussi Valsvik. Men dette gjekk ikkje som planlagt, sjølv om dei på eit forliksmøte i 1804 vart einig om at Hans seinare skulle overlata bruket til Eirik og med Lussi som framtidig kone. Også dei to unge var til stades på møtet. Eirik og Lussi hadde truleg flytta saman og dei fekk Brita 1805–74, men samlivet skar seg, og dei to vart gifte på kvar sin kant. Eirik Hansson Le (1773–1837) & 1814 Brita Johannesdtr Le (1788–1857) frå lnr 20 fekk bygsel på bruket i 1813. Born: Hans 1814 (lnr 19a), Johannes 1816 58 (ugift), Gjert 1819–40 (drukna på Bergenstur saman med to andre frå fjorden), Synneva 1821 (USA 1861), Brita 1824 (Almeplassen på Dale), Gjertrud 1826–95 (ugift tenestejente). Bruket på Le hadde to eigarar. Den eine parten var benefisert prestboleige. På denne delen fekk Eirik bygsel i 1813. Den andre delen var i privateige i Daae-slekta. Det var tidlegare kyrkjegods, selt saman med Arnafjord kyrkje. Den siste delen, bnr 19a, fekk Eirik kjøpt i 1815. Den benefiserte eiga vart bygsla bort til ein systerson til Brita Johannesdtr. Det førte til deling av bruket og med skyldsetting i 1853.
Ingeborg Hansdtr Le (1793–1869) fekk Synneva 1822 og Hans 1828 med Elling Hansson Nese (1794–) frå plass 19 Nese. Elling Nese var ein svært aktiv mann når det gjeld kvinner. I alt fekk han 5–6 born utan å vera gift. Tre av dei var med døtrer til Hans Le. I tillegg til dei to med Ingeborg fekk han Synneva 1825 (lnr 25 Sandbakken) med Synneva Hansdtr Le (1798–1867). Ingeborg og dottera budde i 1865 i ei husmannsstove på Nese. Ho var då fattiglem. Ho fekk deretter fattighjelp til ho døydde. Synneva Ellingdtr (Nese) Le (1822–1913) fekk Ingeborg 1854–54 med Paul Nilsson Nedre Mundal frå Fjærland og Hans 1859–59 med Hans Olason på lnr 50 Åse i Vik. Ho gifte seg 1870 til lnr 102f Bø i Vik.
Lnr 19a Le 1,70 spd = bnr 54/1 2,15 mark. Sjølveigarbruk. I 1865 var det 2,2 daa bygg, 2,8 daa blandkorn, 1,5 daa potet, 1 hest, 12 kyr, 15 smalar og 1 vinterfôra svin på bruket.
Hans Eirikson Le (1814–1861) var lærar. Han gifte seg 1851 med Brita Oladtr Finnen (1810–1899) frå lnr 52 og dei fekk Ola 1853 (USA 1870). Brita hadde frå før Lussi 1838 (til Nord-Noreg i 1865, sjå òg plassen Slåttane under Vetlesand) med Eirik Hermundson Nese på lnr 48. I 1865 selde enkja Brita bruket til Jon Jakobson Trefall (1838–1915) frå Eksingedalen & 1865 Brita Nilsdtr Le (1846–1936) frå lnr 20b. Born: Jakob 1866–66, Jakob 1867–69. Huslyden reiste til USA i 1869. Sonen Jakob døydde på reisa. Bruket vart selt ved fullmakt i 1870. Kjøparen var: Jakob Olason Lavik (1838–1912) & 1869 Anna Oladtr Nese (1842–1927), båe frå Eksingedalen. Born: Ola 1870 (USA 1893), Marta 1872 (bnr 60/6 Åse), Andreas Martin 1873 (USA 1896), Gjertines 1876–76, Gjertrud 1877–1965 (ugift), Ola 1879 (USA 1899, så bnr 56/6 Dale og lnr 18a i Hola), Johannes 1882 (USA 1903), Maria 1884 (USA 1903), Anna 1887 (Furehaug på Bøadalen). Huslyden flytta i 1878 til lnr 21b Dale og så til lnr 33bc Valsvik. Til sist budde Jakob og Anna hjå dottera Marta på Åsberget. Neste ektepar som kjøpte bruket var frå Modalen: Lars Larsson Nygard (1849–1935) & 1878 Sigrid Oladtr Steinsland (1851–1938). Born: Lars 1879 (USA 1904), Ola 1881 (USA 1903), Jakob1883 (sjå note), Gjert 1889, Karl 1896 (Bergen).
Gjert Larsson Le (1889–1978) & 1911 Marie Oladtr Lavik (1885–1974) frå Eksingedalen hadde bruket 1911–59. Born: Ludvik 1912 (Utvik, sjå note bnr 65/2 Otterskreda), Brita 1913–2004 (ugift på bruket), Sigvald 1915 (Utvik), Olav 1917 (Utvik, sjå òg note bnr 16/1 Hove), Arne 1923. Arne Gjertson Lee (1923–) tok over bruket. Han er ugift. I 2004 overtok Olav Johannesson Dale (1953–). Han driv bruket frå Dale saman med bnr 56/7 Dale og bnr 54/2 Le.
Enkja Brita Larsdtr (Øksendal) Lavik (1854–1931), mor til Marie 1885, budde på bruket frå 1919. Ho hadde då med seg dei yngste borna: Liva 1890–1969 (budde på Le til ho døydde), Anders 1895–1922 (skomakar, døydde på Le av influensa). Jakob Larsson Le (1883–1947), ugift, var synshemma og gjekk i år 1899–1901 med støtte frå fattigkassa på Klæbu blindeskule. Han arbeidde på bruket og på andre gardar. I mange år var han på bnr 60/3 Åse.
Lnr 19b Le 1,70 spd = bnr 54/2 2,20 mark. I 1865 var det 1,1 daa bygg, 2,8 daa blandkorn, 1,5 daa potet, 7 kyr, 15 smalar og eitt vinterfôra svin på bruket.
Botolv Person Brekke (1829–1871) & 1857 husmannsdtr Malena Ivardtr Teigen (1831–1902), båe frå Lånefjorden, var paktarar på Le då sonen Per 1858 var fødd. Dei kom deretter til plassen Skori under Kollangsnes. I 1859 fekk Johannes Jonson (Nissestad) Le (1830–1905) & 1859 Brita Larsdtr Le (1834–1895) frå lnr 20. bygselbrev på dette halvbruket og i 1888 fekk dei kjøpt det. Johannes var «uekte» barn, sjå note lnr 20. Born: Anna 1853–1938 (ugift på Le, Brita gav opp Nils Rognve frå Voss som far, då ho visste at mor hennar ikkje ville akseptera Johannes), Gjert 1857 (USA 1883), Brita 1859, Lars 1861–81 (fall ned frå eit tre), Jon 1864–66, Jakob 1866 (USA 1883), Jon 1869, Marta 1871 (lnr 36c Nummedal, frå 1916 bnr 58/2 Hellane), Ragnhild 1874–74, Johannes 1879 (plassen Teigen i Valsvik, bnr 59/22 Valsvik). Jon Johannesson Le (1869–) hadde bruket frå 1889 til 1892. Han var ugift, reiste til USA og selde bruket til ei syster. Brita Johannesdtr Le (1859–1932) & 1892 husmannsson Anders Kristenson Åsberget (1861–1913) frå bnr 60/2 fekk: Johannes 1893. Kristian 1895–95, Synneva 1896 (bnr 56/7 Dale), Bertina 1901–84, Kristian 1903–90. I 1932 gjekk bruket til den ugifte sonen Johannes Andersson Le (1893–1968) som dreiv det saman med ugifte sysken. Bruket vart i 1968 kjøpt av Johannes Olason Dale (1928–) som dreiv det frå bnr 56/7 Dale. Olav Johannesson Dale (1953–) har overteke båe bruk.
Lnr 20 Le
3,28 spd. Sjølveige frå 1811. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,08 laupar. Data for 1845: 9,0 daa bygg, 2,1 daa poteter, 2 hestar, 16 storfe, 38 smalar og 2 svin. Husa låg frå tidleg på 1800-talet på Ytre Le.
Ivar og Dorte Knutdtr var her i 1645, men i 1667 var Amund Kristofferson Le (1630–) frå lnr 19 brukar og med sønene Kristoffer 1655 (død av pest i København) og Gunnar 1658 (lnr 30 Valsvik) og truleg døtrene Åsa (til lnr 105+106 Tryti, døydde i 1720) og Brita (død før 1751). Amund var attgift med enkja Brita Andersdtr (1644–1735) og vi veit om borna: Sigrid 1678, Guri 1680 (lnr 49 Otterskreda), Ingeborg (lnr 30 Valsvik), Gjertrud 1683 (Nedre Tune i Ortnevik). Brita hadde dessutan Gunnar med ein som heitte Halvar. Halvar må vera første mannen hennar. I 1701 finn vi Gunnar Kristofferson Le (1644–1710) på bruket. Han er ikkje nemnt i manntalet for prestegjeldet i 1667, men han kan då ha vore i krigsteneste, for han er arving i skiftet etter faren. Gunnar var gift med Ingeleiv Eirikdtr (1661–1746) og dei hadde borna: Marta 1694 (plass 12 Nese), Eirik 1698 (lnr 30 Valsvik), Gjertrud 1707 (plassen Sløkji på Ådlane) og Brita (Instefjord i Brekke). Gunnar hadde dessutan broren Eirik 1658 med seg på bruket. I 1711 var Jon leiglending, og han hadde kone og tre born. Vi trur Jon var gift med enkja etter Gunnar og difor kan dei tre borna ha vore av dei fire frå første ekteskap. I 1718 dreiv Jon saman med Sigrid Amunddtr Le (1678–1751) & Halvar Johannesson Nese (1694–1767) frå lnr 46, og i 1723 var det den siste som var bonde på bruket. Halvar eigde det meste av bruket. Då paret ikkje hadde born, bygsla dei det i 1750 til Ivar Guttormson Hovsviki (1720–1795) og selde eiga si til Ludvig Daae. Ivar gifte seg 1750 med Guri Botolvdtr Nese (1726–) frå lnr 41 Nese og dei fekk: Sigrid 1751 (plass lnr 58 Hanekam), Brita 1752 (lnr 41 Nese), Durdei 1754 (plass 17 på Nese), Halvar 1756 (lnr 15 Bungane), Botolv 1769, Ivar (død før 1795), Gunhild (død før 1795). Huslyden flytta til Vikøyri ca 1765, og det kan ha skjedd for di Guri døydde. Til bruket kom frå eit bruk på Limmesand: Endre Olason Skaffargard (1721–1785) & 1747 Brita Kristofferdtr Hove (1721–1771) frå lnr 73 Hove. Endre var fødd på lnr 2 Sæbø i Vik, der mora Ragnhild gifte seg med Ola frå lnr 10 Seim. Ola døydde etter kort tid, og Ragnhild gifte seg på nytt til Skaffargard. Der voks Endre opp. Endre og Brita var ei kort tid gardbrukarar på Limmesand før dei kom til Le. Born: Gjertrud 1750, Synneva 1751 (lnr 19Le), Ragnhild 1754–80, Gjertrud 1756 (lnr 29 Valsvik), Lussi 1760 (lnr 58 Hanekam), Kari 1762. Endre vart attgift 1773 med enkja Brita Amunddtr Hellane (1724–1800) frå lnr 26. Gjertrud Endredtr Le (1750–1818) & 1776 Johannes Endreson Valsvik (1745–1817) frå lnr 33 fekk: Brita 1776 (lnr 30 Valsvik), Endre 1779–79?, Johannes 1782, Endre 1785 (plass Dale), Brita 1788 (lnr 19 Le), Ragnhild 1791 (sjå note). Johannes Johannesson Le (1782–1830) & 1806 Lussi Oladtr Finnabotnen (1781–1846) frå lnr 53 fekk borna: Johannes 1805, Ola 1808–1816, Gjertrud 1812–16, Ola 1816–31, Steffen 1820 (sjå note), Gjertrud 1822–22), Gjert 1823 (sjå note). Lussi var i teneste i Valsvik i 1801. Johannes frikjøpte bruket i 1811. Lussi skøytte bruket til eldste son i 1833. Johannes Johannesson Le (1805–) & 1830 Gjertrud Eirikdtr Myrkaskog (1806–) frå lnr 43 i Vik, fekk: Johannes 1830, Ingeborg 1833, Ola 1838, Lussi 1842, Eirik 1844. Gjertrud hadde broren Ola på ein plass i Hola. Huslyden reiste til USA i 1846. Bruket gjekk til Lars Larsson Gulbrå (1805–1890) & 1835 Marta Jakobdtr Trefall (1800–1881), båe frå Eksingedalen. Born: Brita 1834 (lnr 19b), Lars 1837, Brita 1839 (sjå note). Lars hadde tre brør på bruket, sjå note. I 1858 selde Lars ein tredel av bruket, lnr 20b 1,09 spd. Lnr 20a, skøytte han i 1865 til sonen Lars.
Ragnhild Johannesdtr Le (1791–1839) var ugift. Ho fekk Johannes 1830 (lnr 19b Le) med husmannsson Jon Endreson Nissestad (1804–). Jon vart husmann under Holane. Steffen Johannesson Le (1820–) fekk Gjertrud 1838 (USA 1846) med Ingeborg Markusdtr Hovland (1816–) frå lnr 4 i Vangsnes sokn. Steffen reiste til USA 1851. Ingeborg gifte seg til Dale, sjå note lnr 21. Gjert Johannesson Le (1823–) & Brita Markusdtr Hovland (1822–), ei syster til Ingeborg, fekk Johanna 1855. Dei reiste til Senja i 1846, så til USA.
Knut Larsson Gulbrå (1807–) fekk Gjertrud 1856 56 med Synneva Eirikdtr Le (1821–) på lnr 19, men reiste same år til USA. Jakob Larsson Gulbrå (1810–1850) fall ut for ein fjellskrent på Le og døydde. Nils Larsson Gulbrå (1813–1857) & 1835 Johanna Oladtr Draugsvoll (1811–1849) frå Vossestrand var innerstar på Le på bruket til broren Lars. Born: Lars 1834 (USA 1856), Ola 1836 (Nordland i 1865), Knut 1847 (fekk forpleiingsbidrag 1859–62, men var ute i teneste i 1865, til USA i 1867). Nils fekk så Jakob 1851–51 og Guttorm 1853–53 med Johanna Guttormdtr Bungane (1821–1862) og vart attgift 1856 med Bryteva Knutdtr Trefall (1834–1917) frå Evanger og dei fekk Jakob 1857 (Ekse i Evanger, USA).
Brita Larsdtr Le (1839–) & 1866 Jakob Jakobson Trefall (1836–), ein bror til Jon 1838 på lnr 19 og Ingeborg 1833 på lnr 20a, fekk Jakob 1867 og reiste til USA 1867.
Lnr 20a Ytre Le 2,18 spd = bnr 54/3 2,68 mark. I 1865 var det 2,2 daa bygg, 4,6 daa blandkorn, 1,3 daa potet, 1 hest, 12 kyr, 15 smalar på bruket.
Lars Larsson Le (1837–) & 1861 Ingeborg Jakobdtr Trefall (1833–1866) frå Eksingedalen fekk Lars 1864. Gjertrud Jakobdtr Trefall (1844–1866), ei ugift syster til Ingeborg, var på bruket. Dei døydde båe av smittsam nervefeber. Året etter reiste Lars med sonen til USA. Bruket vart kjøpt i 1867 av Torkjell Kristianson Høvik (1816–1899) & 1856 Brita Oladtr Nese (1831–1923), båe frå Eksingedalen. Born: Ola 1857 (sjå note), Kristian 1859, Ola 1862 (sjå bnr 41/47 under Sjøtunvegen i del 3), Johannes 1865 (lnr 53b Finnabotnen, så bnr 61/3 Hallsete), Gjertines 1868–68, Gjertrud 1870 (Eksingedalen). Kristian Torkjellson Le (1859–1952) & 1885 Anna Lassedtr Holum (1854–1911) frå strandsitjarplass i Fresvik fekk: Torkjell 1885–85, Gjert 1886 (USA 1909), Lasse 1888, Tea 1889 (sjå note), Brita 1891 (lnr 31 Valsvik), Kristina 1891–1931, Ola 1894 (USA 1911). Kristian hadde bruket 1886–1912. Lasse Kristianson Le (1888–1986) & 1912 Brita Oladtr Holane (1888–1980) frå lnr 16 fekk: Anna 1912 (bnr 59/19 Valsvik), Astrid 1915 (bnr 52/8 Ådlane), Johanna 1917–2007 (sjå bnr 59/11 Valsvik), Kristian 1918 (lnr 17c Holane), Ola 1921 (sjå note), Sigurd 1923. Sigurd Lasseson Lee (1923–) & 1958 Svanhild Opel Olavdtr Dale (1933–) frå lnr 24b tok over bruket i 1958. Born: Sigrun 1961– 61, Olav 1963 (Bergen, har database for kyrkjebøker i Vik prestegjeld og slektsoppsett for gardar i Arnafjord sokn under «leegenealogy.net»), Liv Berit 1967 (Molde), Olaug 1969 (Sandnes), Ingar 1972 (Sandnes, så Hundvåg).
Ola Torkjellson Le (1857–) & 1881 Johanna Larsdtr Hellane (1857–) frå lnr 27 fekk: Gjertin 1881 og Lars 1883. Huslyden reiste til USA i 1883. Der fekk dei 13 born til!
Ola Olason Tryti (1893–1922) frå Øvre Trytisøyna i Vik & 1917 Tea Kristiandtr Le (1889–1951) fekk: Olav 1918 (Voss), Kristian 1919 (Årdal, sjå òg note lnr 3 Sæbø i del 2), Alfred Konrad 1921. Ola hadde òg Olav 1912 med Jensina Andersdtr Stedjeberget (1891–) frå lnr 64b i Vik. Huslyden var på Le til ca 1920, pakta så bnr 56/4+12 Dale til Ola døydde av tuberkulose. Enkja flytta tilbake til Le og budde med borna i kårstova. Alfred Konrad Tryti (1921–) & Borghild Ellingdtr Fretheim (1921–) frå lnr 40b busette seg Årdal.
Ola Lasseson Le (1921–1955) & 1949 Klara Kristina Edvarddtr Normann (1920–) frå bnr 64/16 i Morki var leigeburarar på bruket. Ola var gruvearbeidar. Born: Berit 1950 (Erdal på Askøy), Egil 1952 (Skulstadmo på Voss). Etter at Ola døydde, budde huslyden i Valsvik og på Tenål, deretter budde dei på bnr 41/12 i Villastrøket-Sjøtun, sjå del 3. Klara har flytta til Erdal på Askøy.
Lnr 20b Ytre Le 1,09 spd = bnr 54/4 1,09 mark. I 1865 var det 1,1 daa bygg, 2,8 daa blandkorn, 1,5 daa potet, 8 kyr og 15 smalar på bruket.
Nils Simonson Nygard (1823–) & 1846 Agata Oladtr Straume (1826–), båe frå Modalen, kjøpte delbruket. Born: Brita 1846 (lnr 19a Le), Ola 1850 (USA 1870), Simon 1856 (sjå note), Kari 1858 (sjå note), Anna 1863 (sjå note), Nils 1866, Brita 1869–69. Huslyden kom i 1846 til Limmesand og var deretter 1848–58 på lnr 18cd Flete. Nils og Agata reiste til USA med dei fire yngste borna i 1870. Bruket vart kjøpt av ei par frå Modalen: Ola Olason Lavik (1841– 1874) & 1868 Anna Oladtr Nese (1839–1924). Born: Olina 1869, Gjertrud 1870 (lnr 23a Dale), Marta 1872 (lnr 59 Stavedal, var i 1875 fosterdotter på lnr 24a Dale), Anna Marie 1874 (USA 1899). Anna vart attgift 1877 med Andreas Olai Eilifson Dale (1854–1931) frå lnr 23f Dale. Born: Ola 1877, Kristian 1880 (USA 1899), Elina 1881 (bnr 73/2 Stavedal). Olina Oladtr Le (1869–) & 1893 husmannsson Andreas Bendik Madsson Slettemark (1864–) frå Lavik i Eksingedalen fekk skøyte på bruket i 1895. Andreas var fødd på Slettemark, Naustdal i Sunnfjord. Born: Mons 1893,Ola 1895, Andreas Sivert 1897, Anna 1899. Huslyden reiste til Naustdal i 1900 og derfrå til USA i 1905. Ola Andreasson Le (1877–1967) & 1904 Ingeborg Oladtr Åse (1879–1942) frå lnr 34 fekk: Agnes 1905 (ugift, Lillehammer), Anna 1907 (sjå note bnr 59/9 under lnr 30 Valsvik), Andreas 1908 (bnr 56/4 Dale), Ola 1910 (bnr 64/1 Nese, så Sogndal), Oskar Ingolf 1911–45 (fall i krigen), Klara Isabel 1915 (Lillehammer), Osvald 1919 (Bergen), Haakon 1922 (Lærdal), Gustav Ivar 1926 (Bergen). Ola vart kalla «den vandrande skomakar». Han tok over i 1900, flytta til bnr 60/4 Åsberget, så til bnr 58/2 Hellane og Leikanger prestegard og til slutt til bnr 56/4 Dale. Ved gardabyte i 1906 med bnr 60/4 Åsberget kom til bruket: Nils Knutson Steinsland (1862–1938) frå Hosanger. Han var først gift til bnr 60/4 Åsberget med Synneva Oladtr Åsberget (1862–1896) og dei fekk mange born, sjå bnr 60/4.
Han vart 1897 attgift med Ingebjørg Lassedtr Svartemyr (1860–1898) frå Kyrkjebø, ei syster til Anna 1838 og Brita 1858 på Alrek. Dei fekk Synneva 1898 (oppfostra på lnr 35 Åse, USA 1921). Nils gifte seg tredje gong 1900 med Anna Andersdtr Steinsland (1861–1944) frå Modalen og dei fekk: Ingvald 1901–28 (døydde av tyfus) og Bertina 1903. Bertina Nilsdtr Lee (1903–1992) overtok i 1944. Ho var ugift. Bruket vart ca 1993 kjøpt av Sigurd Lee og lagt til bnr 54/3.
Tre av borna til Nils Simonson gifte seg i 1870, same året dei reiste til USA: Simon Nilsson Le (1856–) & Gjertrud Knutdtr Geithus (1859–) frå lnr 50a, Kari Nilsdtr Le (1858–1958) & Bendik Endreson Nese (1852–) frå lnr 45 og Anna Nilsdtr Le (1863–1943) & Sjur Olason Nese (1855–) frå lnr 46.
Anna Nilsdtr Le (1894–) & 1918 Endre Andersson Juvik (1894–) frå lnr 6c i Vangsnes sokn budde i Juvik frå 1920, men reiste til Hokksund i Buskerud i 1927, sjå òg note bnr 60/4 Åsberget.