Kjelven
Kjelven (kjelven): Kielduen (1647), Kielfuen (1667), Kielven (1723), Kjælven (1838), Kjelven (1863, NG, VIK). Garden har òg vore kalla Botn (båtten/båtn).
«Botten» var det vanlege namnet i kyrkjeboka på 1700-tallet. Namnet er brukt i daglegtale også i dag.
Lnr 39 Kjelven
2,79 spd = bnr 62/1 3,62 mark. Eigarar i 1647: Prestebolet i Vik 0,25 laup, Hopperstad kyrkje 0,12 laup. Samla landskyld i 1647 0,37 laup. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 0,50 laupar. I det nye matrikkelsystemet i 1838 vart skylda sterkt auka. Ved skylddeling i 1858 fekk presteboldelen lnr 39a 3,09 spd og kyrkjedelen lnr 39b 0,54 spd. I 1859 sjølveige for kyrkjedelen, i 1898 sjølveige for presteboldelen. Data for 1845: 7,5 daa blandkorn, 3,5 daa poteter, 1 hest, 13 storfe, 24 smalar og 2 vinterfôra svin.
Den første brukaren vi kjenner til er enkja Kjeldrun. I 1647 hadde ho ikkje born med seg på bruket, men tre tenarar: Kristoffer Kristenson, Ola Kristenson og Karen Rasmusdtr. I 1650 hadde Ola Kristenson (1622–) overteke. I 1667 hadde han med seg sønene Kristen 1650 og Jon 1654 (lnr 47 Nese). Han fekk òg: Ingeborg 1663 (lnr 42 Nese), Eirik 1665, Gunhild 1670 (plass Nese, sjå lnr 42 Nese), Lasse 1671 (lnr 43 Nese), Kari og Ragnhild. Eirik Olason Kjelven (1665–1719) & Anna Ellingdtr Røyrvik ( 1713) frå lnr 12 fekk: Ola 1698 (døydde liten?), Per 1701 (plass 16 Nese), Kristen 1710 (lnr 73 Hove) og Elling (død ca 1715). Eirik vart attgift med Anna Hermunddtr Tryti (1685–1764) frå lnr 105+106 og dei fekk: Hermund (lnr 48 Nese) og Johannes (Nokken i Kvamsøy sokn, gift med enkja Anna 1704 frå lnr 46 Nese). Anna vart attgift med Bendik Johannesson Holane (1692–1752) frå lnr 17, og dei fekk: Ingeborg 1722 og Turid 1726 (plass Nissestad). Ingeborg Bendikdtr Kjelven (1722–1752) & 1745 Ellend Eirikson Valsvik (1723–1795) frå lnr 29 fekk: Gjertrud 1745 (Vollavik), Anna 1747, Bendik 1748, Sigrid 1749 (Nissestad), Anna 1751. Bendik og dei to med namnet Anna må ha døydd før konfirmasjonsalder. Ellend vart attgift 1752 med Kari Perdtr Vollavik (1729–1781) frå lnr 54 og dei fekk: Eirik 1753 (lnr 43 Myrkaskog), Ingeborg 1755–1825 (ugift, var i Myrkaskog i 1794, deretter i Holane), Per 1757–81, Bendik 1760–81, Per 1761, Synneva 1763 (plass Åsberget), Anna 1765–65?, Anna 1766–1810 (vanfør, ugift heime), Kari 1769 (lnr 34 Fosse i Vik), Brita 1772 (lnr 16 Holane). Ellend gifte seg for tredje gong 1782 med Gjertrud Oladtr «Åse» (1731–1811). Åse må vera tenaradresse, vi trur ho var plassjente frå Hola under Flete. Per Ellendson Kjelven (1761–1815) & 1793 Guri Jondtr Vollavik (1768–1832) frå lnr 54 fekk: Kari 1795, Sigrid 1795, Sjur 1798–1802, Gjertrud 1801, Kari 1804, Elling 1806–60 (ugift), Jon 1810 (plass Sæle i Kvamsøy sokn). Borna Kari 1795, Sigrid 1795 og Kari 1804 må alle ha døydd før 1816. Dette er eitt av mange eksempel på at det var langt fleire dødsfall mellom 1786 og 1817 i Vik prestegjeld enn det som går fram av kyrkjeboka. Det er presten Jakob Thode som må få skulda for alle manglar og feil. Ved konfirmasjon i 1824 står det om Jon 1810: «Som forældreløs vankundig og forsømt i sin ungdom». Dette tyder på at mora ikkje har vore i stand til å ta seg av borna. Gjertrud Perdtr Kjelven (1801–1867) & 1817 Kristoffer Kristenson Holane (1786–1855), husmannsson frå Hólaviki, fekk: Per 1819–19, Kristen 1820–90 (ugift), Sjur 1822 (lnr 38 Hallsete), Ingeborg 1825 (plass Åsberget), Guri 1827–27, Per 1829–36 (drukna), Anders 1832 (lnr 40b Frettheim), Lars 1834–34, Elling 1835–35, Torstein 1837–37, Guri 1839 (lnr 21 Dale), Brita 1841, Sigrid 1843–43, Per 1846–93 (ugift, fekk fattighjelp medrekna til klede i 1892). Gjertrud var berre 16 år då ho gifte seg. Truleg var giftarmålet avtalt då ho var 12 år, for alt i 1813 fekk Kristoffer bygsel på bruket for di Per Kjelven var sjuk og sengeliggjande. Frå første til siste fødsel for borna gjekk det 27 år! Brita Kristofferdtr Kjelven (1841–1920) & 1867 Lars Knutson Ådlane (1829–1893) frå lnr 32 fekk: Knut 1868, Gjertrud 1870 (bnr 63/3 Frettheim), Kristoffer 1872, Gjertrud 1875 (lnr 36b Åse). Lars Knutson hadde i 1868 overteke sjølveigd del (lnr 39b 0,42 spd = bnr 62/2 0,54 mark) og fått bygsling på resten (lnr 39a 0,42 spd = bnr 62/1 3,09 mark). I 1895 fekk sonen Knut skøyte på bnr 62/2 og i 1898 løyste han inn bnr 62/1. Same året vart bruket delt likt mellom brørne Knut og Kristoffer. Bnr 61/1 vart frådelt bnr 61/3 1,27 mark og den siste delen utgjorde deretter saman med bnr 62/2 eitt delbruk, medan ny bnr 61/1 1,81 mark vart det andre delbruket.
Bnr 62/2 + 62/3 Kjelven 0,54+1,27 = 1,81 mark. Knut Larsson Kjelven (1868–1932) & Ingrid Oladtr Håum (1870–1961) frå Feios hadde i 1900 Lars 1888 (USA 1904) som fosterson. Han var son til Ivar og Eli Hallsete på lnr 37. Knut og Ingrid tok òg til seg Marie Bertine 1900, ei dotter til Johanne Marie Martinussen (1871–) frå Solund og lausarbeidar Knut Ivarson Ruskedal (1883–). Far til Ingrid var Ola 1828 frå ein plass under Ådlane. Marie Bertine Knutdtr Kjelven (1900–) & 1921 Johan Georg Jonson Hallsete (1896–1942), snikkar frå bnr 61/2 Hallsete, fekk: Kristian Ingolf 1922 (Florvåg, Askøy). Jenny Gjertina 1923 (Ask, Askøy), Klara Johanna 1925 (Ask, Askøy), Olga Birgitta 1926 (Hønefoss, så Holmestrand), Gerd Hildur 1928 (Måren i Kyrkjebø), Gunnvor Maria 1931 (Ask, Askøy), Bjarne Hilmar 1938 (Stavanger). Huslyden flytta til bnr 64/35+36 av lnr 48 Nese ca 1929. Marie Bertine vart attgift med Mons Åfet (1898–) og flytta til Feios med Bjarne 1938 og Ingrid 1870.
Bnr 62/1 Kjelven 1,81 mark. Kristoffer Larsson Kjelven (1872–1944) & 1901 Birte Johannesdtr Hallsete (1869–1964) frå lnr 37 fekk: Lars 1902, Brita 1904 (bnr 60/6 Åse), Johannes 1906, Borghild 1910 (bnr 60/4 Åsberget), Elsa 1913 (bnr 60/19 Åsberget). Lars Kristofferson Kjelven (1902–1957) & 1929 Jenny Kristiandtr Sørevik (1909–1986) frå Sandbakken fekk: Borghild 1931 (butikken under Frettheim, så bnr 51/9 Holane), Gunvor 1932 (Årdalstangen, sjå note bnr 58/4 Hellane), Kjell 1936, Klara 1940 (bnr 59/19 under lnr 29 Valsvik). I 1943 vart frådelt bnr 62/4 0,40 mark. Kjell Larsson Kjelven (1936–1994) var ugift.
Bnr 62/4 Kjelven I 0,40 mark. Johannes Kristofferson Kjelven (1906–1983) & 1935 Klara Kristiandtr Sørevik (1914–1953) frå Sandbakken fekk: Brita 1936 (Knarvik i Lindås, sjå òg 17a Holane), Gerda 1940 (Ytre Arna, sjå òg lnr 18b2 i Hola), Kjellaug 1946 (Horten). Johannes vart attgift med Ellis Kristine Gulbrandsen (1913–1992) frå Dyrøy i Sørreisa. Dei fekk ikkje born. Bruket er overteke av dei tre døtrene.
Plass under bruket
Husmannsson Jon Kristenson Holane (1788–) & 1818 Gunhild Halvardtr Bungane (1798–) frå lnr 15 fekk: Kari 1817 (lnr 33 Valsvik), Gjertrud 1820, Halvar 1823 (Nord-Noreg), Ingeborg 1826 (plass Valsvik), Kristensa 1831 (plassen Hammaren under Frettheim), Lars 1834–34, Elling 1837–37, Elling 1839 (Nord-Noreg). Jon og Gunhild reiste til Nordland i 1845. Gjertrud Jondtr Kjelven (1820–) fekk Jon 1840 med Jon Rolandson Tistel (1817–1893) frå lnr 91+92 og Kristen 1845 med husmannsson Ola Endreson Nissestad (1823–1905). Den siste likte betre systera Ingeborg 1826 og gifte seg med henne. Gjertrud gifte seg 1851 i Vik med Herman Hermansen frå Bergen. Dei fekk som innerstar i Grov: Herman 1852 (Bergen). Dei tok borna med til Bergen.