Husmenn under Holane
Raudsteinane er ei område av innmarka som går mot sjøen ved og nord for talkummølla. Plasshusa låg ved sjøen. Sjur (1676–1730) var busett her. Han var gift med Lussi. Ho levde i 1728. Vi kjenner ikkje til born. Husmannsson Anders Aslakson Flete (1672–) frå Hola var i Raudsteinane. Han fekk Aslak 1709 og, truleg med ny kone: Anna 1734. Anna vart truleg konfirmert med stadnamnet Otterskreda i 1754, men kjem så bort for oss. Aslak Andersson Raudsteinane (1709–1765) & 1736 Durdei Jondtr Nese (–) frå lnr 47 var i 1762 husmannsfolk under lnr 16. Born: Magdeli 1736 (Vikøyri v848), Anders 1739, Jon 1741, Per 1744, Ola 1747–1825 (ugift, døydde på Vikøyri). Familien var busett i Valsvik i 1736, Røyrvik i 1739, Nissestad i 1741 og 1744 og på Vindbjørgane under Nese i 1747 før dei slo seg ned i Raudsteinane. Durdei hadde systrene Brita på lnr 27 Hellane og Gitlaug på Tennefoss i Kvamsøy sokn. Om borna tek vi med: Anders Aslakson Raudsteinane (1739–1774) & Ingeleiv Oladtr Nese (1745–) frå lnr 47 fekk Ola 1774. Huslyden flytta til Kolås, Austrheim i Hordaland. Jon Aslakson Raudsteinane (1741–1791) & 1762 Mari Sjurdtr Holane (1737–), husmannsdtr (sjå note), budde i Raudsteinane. Born: Brita 1763–1848 (døydde på legd på Hanekam), Aslak 1766 (til plass Svolsviki), Sjur 1769, Durdei 1771 (tenestejente på Le i 1801), Anders 1775, Lars 1778 (sjå under husmann Tolleif Ådlane i Hola). Per Aslakson Raudsteinane (1744–) var på ein plass under lnr 23 Dale i 1762. Han vart gift 1780 med Ingeborg Endredtr Valsvik (1751–) frå lnr 33. Dei bygsla eit bruk på Kolås, Lindås.
På ein plass under lnr 17 i 1801, kalla Raudsteinane, var: Sjur Jonson Raudsteinane (1769–1799) & 1793 Marta Jondtr Hove (1760–1816) frå lnr 75 Øvre Hove. Born: Mari 1793 (Vikøyri v326), Lussi 1800–16. Marta vart attgift 1799 med Knut Olason Nese (1767–1848) frå lnr 46. Dei fekk: Ola 1802. Knut og Marta overtok lnr 46 Nese etter storskreda på Nese i 1811.
Sjur Mikkelson (1709–1759) frå Voss & Brita Larsdtr «Holane» (1694–1759) var på ein plass under Holane. Born: Lars 1734–34, Mari 1737 (Raudsteinane).
Hólaviki under lnr 16. I 1723 er det nemnt om ein husmannsplass under bruket. Denne plassen låg truleg i Hólaviki. I 1801 hadde plassfolk i Hólaviki ikkje jord. Men seinare hadde denne slekta i Hólaviki ein vanleg husmannsplass. I 1865 var det 1,1 daa bygg, 0,7 daa poteter, 2 kyr og 14 smalar på plassen. Kristen Torsteinson Nese (1742–) frå lnr 42 & 1768 Ingeborg Kristofferdtr Le (1747–1809) frå lnr 19 fekk: Torstein1771, Turid 1773 (Sæle i Kvamsøy sokn), Lars 1777–1824 (dødde på legd), Brita 1781 (sjå note), Kristoffer 1786 (lnr 39 Kjelven). Ingeborg vart attgift 1791 med Anders Person Tenål (1756–1844) frå lnr 18 i Vik. Dei hadde ikkje born. Anders hadde broren Ingebrigt på ein plass under lnr 23 Dale. Anders vart attgift 1809 med Randi Oladtr Holane (1763–1840) frå lnr16. Randi var ei morsk kvinne. I 1819 hadde lensmannen kome til Framfjorden for å krevja inn restskatt. Då hadde ho skjelt han ut. Det hadde ho halde fram med også etter at lensmannen hadde fortalt henne at det var alvorleg når han var ute i embetsoppdrag. Ho møtte i forliksrådet utan mannen, angiveleg for di han var«dødelig syk». I buoppgjerdet etter Randi og Anders i 1845 var inntekter ved sal av eige litt over 22 spd. Utgifter og skuld var like mykje, slik at det var ingen ting å arva etter dei. Det var ein vanleg slutt for buoppgjer for husmannsfolk.
Til ein annan plass med jord kom i 1805 eller 1806 frå ein plass under Kvamme i Kvamsøy sokn: Torstein Kristenson Holane (1771–1834) & Brita Halvardtr Balvoll (1767–1815) frå Vik. Borna: Ingeborg 1798–1800, Kristen 1801–03, Kristen 1803–16, Halvar1805–05, Brita 1806–15, Brita 1809–16, Anna 1811–15, Ingeborg 1813. I tidsrommet 10. desember 1815 til13. januar 1816 vart mora og fire born gravlagde. Vi veit ikkje kva smittsam sjukdom som råka denne huslyden, men kanskje var det tyfus. Torstein vart attgift med Brita Oladtr Hellane (1775–) frå lnr 27 og dei fekk Brita 1819. Brita Torsteindtr Hólaviki (1819–) & 1836 Lasse Eirikson Myrkaskog (1808–) frå lnr 43 i Vik var truleg på same plassen. Dei fekk festekontrakt i 1835. Far til Lasse var Eirik 1753 frå lnr 39 Kjelven. Born: Ingeborg 1835, Torstein 1837, Eirik 1840, Brita 1843. Huslyden flytta til Nordland i 1845. På denne plassen var i 1865: Jon Endreson Nissestad (1804–) frå plass under lnr 14 & 1834 Ingeborg Torsteindtr Hólaviki (1813–). Born: Kristen 1832 (sjå note), Brita 1834, Kari 1837–57, Endre 1839–40, Synneva 1841–41, Hansina 1843 (sjå note), Torstein 1847–59, Endre 1850 (USA 1870), Lars 1853 (USA 1870), Synneva 1856 (USA 1870). Jon hadde òg Johannes 1830 (lnr 19b Le) med Ragnhild Johannesdtr Le (1791–1839) frå lnr 20. På plassen hadde dei òg Elling 1861, ein son til Brita Jondtr Hólaviki (1834–1910) og Elling Ivarson Hallsete (1837–) frå lnr 37. Brita gifte seg til bnr 68/3 Finnen. Jon og Ingeborg reiste til USA i 1870 med tre born. Dei tok også med seg Elling 1861.
Brita Kristendtr Hólaviki (1781–1815) fekk Gjertrud 1797 (til plass Øyane-Sjøtun) med Eirik Ellingson Vikøyri v172. Gjertrud vart oppfostra i Hólaviki. Brita gifte seg 1815 med Ingebrigt Olason Vikøyri v372. Ho døydde kanskje i barselsseng. Ingebrigt vart attgift på Vikøyri i 1817. Kristen Jonson Hólaviki (1832–) & 1860 Ingrid Endredtr Farnes (1838–), frå plassen Seljehaugen på Indre Farnes i Balestrand, fekk Karl 1859–59 og Endre 1860–60. Paret reiste til USA i 1861. Hansina Jondtr Hólaviki (1843–1917) & 1865 husmannsson Guttorm Styrkson Kvamme (1840–1905) frå Kvamsøy sokn fekk Birte 1865. Dei reiste til Amerika frå Hólaviki i 1866.
Holumshaugen, plass under lnr 17. På denne plassen finn vi i 1801: Endre Guttormson Hovsviki (1727–1803) frå Vik & 1756 Anna Oladtr «Otterskreda» (1722–1803). Born: Ola 1757, Guri 1760 (plass Dale), Bendik 1764–64, Anna 1767 (sjå note lnr 54 Vollevik). Otterskreda må vera tenaradresse for Anna. Ola Endreson Holane (1757–1837) & Lussi Lassedtr Tenål (1770–1831) frå lnr 17 Tenål fekk: Lasse 1797–97, Anna 1798 (sjå note lnr 33 Fosse i Vik), Ingeborg 1801–01?, Ingeborg 1802–02?, Endre 1804–50 (ugift, fór av i eit gjel mellom Le og Holane: «Endregjelet»), Ingeborg 1810 (Ytre Oppedal i Gulen), Gjertrud 1813. Gjertrud Oladtr Holane (1813–) gifte seg 1837 med Hans Larsson Vikøyri v618 (1809–). Dei fekk Lars 1837–37 og Brita 1839 39 og dei reiste til Nord-Noreg i 1841. Hans hadde frå før Sjur 1833–33? med Anna Jondtr Vollavik (1793–1833) frå lnr 54 og Brita 1835–35 med Brita Oladtr (ikkje identifisert). Anna Oladtr Holane (1798–1881) var ugift. Ho døydde på legd i Røyrvik. Ho fekk Ola 1828 (til plassen Hammaren under lnr 40 Frettheim) med Ola Endreson Nese (1801–1878) frå plass 5 Nese.
Anfin Olason Øvre Tune (1808–1897) & 1844 Anna Jensdtr Dyrdal (1815–1905) kom til plassen i 1848 frå Tune i Ortnevik. Anfin var oppvoksen på Vikøyri v764, men faren Ola 1781 kom frå Finnen, sjå note lnr 51 Finnen. Born: Guri 1838, Ola 1846, Jens 1850, Anders 1853–53, Anders 1854–54, Anders 1855. I 1855 kjøpte ein bror til Anfin parsellen lnr 17b 0,27 spd, men let Anfin driva jorda. I 1865 var jordbruk på plassen (medrekna leige av lnr 17b): 1,1 daa blandkorn, 2,1 daa bygg, 2,1 daa potet, 2 kyr, 7 sauer og eitt vinterfôra svin. Huslyden reiste til USA i 1869.
Plass under lnr 17 i 1801. Kristen Sjurson Flete (1752–1838), husmannsson frå Hola, & 1778 Anna Monsdtr (1745–) vart husmannsfolk i Hólaviki. Anna vart konfirmert med stadnamnet Vollavik, men gift som Finnen. Vi trur ho var syster til Lussi på ein plass i Finnen og til Synneva på ein plass i Vollavik. Foreldra er ukjende. Born: Sjur 1778–78, Henrik 1779 (død før 1801), Anna 1782–82, Mons 1783 (død før 1801). Borna vart fødde med stadnamna Finnen, Hellane og «Tryti». Det siste er plassen Svolsvik. Der var dei frå ca 1780. Kristen gifte seg på nytt med Kari Jondtr (1747–1815). Ho var kanskje frå Bolstad. Born: Jon 1788 (plass lnr 39 Kjelven), Sigrid 1790 (død før 1801), Sjur 1792 (Vikøyri v916). Ca 1791 kom dei til plassen under Holane. Kristen gifte seg for tredje gong 1816 med Gjertrud Hermunddtr Tennefoss (1769–1820). Ho hadde frå før Gjertrud 1800 med Hans Brekke i Lånefjorden og Marta 1805 med Johannes Olason Nese (1774–1848) frå lnr 42. Fjerde giftarmål var i 1821 med Marta Hermunddtr Tennefoss (1772–1847). Gjertrud og Marta var plassdøtrer.
Hólalii. Plass under lnr 17c. Data for 1865: 0,9 daa blandkorn, 0,7 daa potet, 2 kyr, 16 smalar. Hermund Bendikson Vetlesand (1797–) frå plassen Slåttane & 1828 Synneva Sjurdtr Vetlesand (1805–1843) fekk som innerstar på Vetlesand: Olina 1826, Sjur 1829 (plass på Tangen under Holane, så USA), Brita 1835 (lnr 29 Valsvik), Anna 1837 (plass lnr 34 Åse, så lnr 33bc Valsvik). Hermund hadde òg Synneva 1821 (plass Åsberget) med Lussi Lassedtr Alrek (1784–1849) frå lnr 63. Hermund skreiv festekontrakt på plassen «Lien» under Holane i 1837. Hermund vart attgift 1846 med Brita Larsdtr Valsvik (1804–) frå lnr 33 og dei fekk Synneva 1847. Olina Hermunddtr Holane (1826–) fekk Kari 1852 med Jon Jonson Holane (1831–1922) på lnr 16, og Synneva 1856 med Alf Olason Holane (1828–) frå lnr 16. Huslyden til Hermund, medrekna Olina og borna, reiste til USA i 1866. Denne plassen vart seinare truleg frådelt som lnr 17d.
Plassar på Tangen. På to husmannsplassar utan jord på Tangen var det i 1865 også «Vetlesand-folk»: Johannes Bendikson og Sjur Hermundson.
Johannes Bendikson Vetlesand (1792–1871) frå plassen Slåttane & 1825 Brita Oladtr Hellane (1795–1871) frå lnr 27 fekk Ola 1825 (lnr 18b2 i Hola), Anna 1828–28, Anna 1829 (plass på Tangen), Gjertrud 1832–1905 (ugift, Holane), Bendik 1835 (USA 1867). Borna fekk tilnamn som byrja på «Taong-». Johannes hadde òg Mons 1819 (Nord-Noreg i 1844) med plassdtr Brita Sjurdtr Valsvik (1795–1833) og Hansina 1822 med husmannsdtr Gjertrud Hansdtr Nese (1800–) frå plass 19 Nese. Johannes fekk fattighjelp frå 1869. Som innerstar i same plasshus var i 1865: Bendik Johannesson Holane (1835–) & 1865 Gjertrud Botolvdtr Furehaug (1833–) frå lnr 95a i Vik. Bendik og Gjertrud fekk Botolv 1866. Bendik «farer tilsjøs» vart det skrive i 1865. Huslyden reiste til USA i 1867.
Sjur Hermundson Holane (1829–) frå plassen Hólalii & 1859 Gjertrud Andersdtr Otterskreda (1835–), husmannsdtr frå lnr 49(a+b)b Notaberget, fekk: Anders 1858–58, Brita 1860, Anna 1862, Hermund 1865. Sjur var laksefiskar. Huslyden reiste til USA i 1866.
Under 17a var i 1875 som husmann: snikkar Tolleif Ellingson Fitje (1809–1901) frå Ortnevik med huslyd. Han var i åra 1833–60 husmann under Tune i Ortnevik, var så på plassen Slåttekvina under Alrek fram til ca 1871. Tolleif gifte seg 1833 med Sigrid Perdtr Hanekam (1810–1846) frå plassen Bjørkevik under lnr 58 og dei fekk 6 born, sjå Slåttekvina. Tolleif vart attgift 1848 med husmannsdtr Gjertrud Tolleifdtr Finnen (1822–1870). Dei fekk 5 born, sjå Slåttekvina. Av dei merkar vi oss at Lars 1854 kom til lnr 15a Bungane og Marta 1857 til lnr 16 Holane. Tolleif gifte seg for tredje gong 1873 med Brita Bendikdtr Nissestad (1827–1899) frå lnr 14. Dei fekk ikkje born. Ca 1885 overtok Tolleif og Brita lnr 17d Holane og budde der.
I 1875 var på ein plass på Tangen under lnr 17c: Anders Hermundson Nese (1835–1886), «Turi-Anders», frå plass 20 Nese & 1860 Anna Johannesdtr Holane (1829–1896), frå plass på Tangen. Dei hadde ikkje åker. Med unntak av ein vinterfôra gris hadde dei heller ikkje husdyr. Anders og Anna hadde tidlegare vore på plass 20 på Nese. I 1875 måtte fattigstyret gripa ekstra inn for di det gjennom lang tid hadde vore «sygelighed tilstæde» i heimen. Pengar gjekk mellom anna til klede for sonen Hermund, som i lang tid hadde vore sjuk. Anders døydde som fattiglem. Anna 1829 fekk støtte til gravferda i 1886 og deretter årleg støtte. Born: Hermund 1857, Johanna 1860, Tor 1863 (USA 1882), Botolv 1865 (USA 1883), Anna 1868, Anders 1869–69.
Det var Hermund Andersson Holane (1857–1914) som overtok stova på Tangen etter foreldra. Han var litt vanfør, men ein dugande roar. Frå 1898 fekk Hermund fattighjelp som arbeidsfør fattig. I 1894 vart det betalt for reparasjon av stova, i 1902 og seinare fekk han på nytt pengar for å vøla hus på plassen. I 1911 var det eit vedskur som måtte tettast. I 1890 fekk han støtte til kjøp av båt. Det fekk han òg i 1903. I 1908 søkte Hermund om pengar til klekjøp, men vedtaket var at han her fekk bruka av pengar han hadde i banken. Hermund døydde på sinnsjukehus i Bergen. Johanna Andersdtr Holane (1860–1937) budde for det meste saman med Hermund. Ho fekk Andrina 1883 med gardsarbeidar Ola Ivarson (1823–) og Andreas 1893 (Ålesund) med matros Annanias Jørgenson Ringereide frå Lavik. Ola Ivarson var truleg frå ein plass på Berge i Fjærland. Han reiste til USA i 1883. I 1897 var sonen Andreas på fosterheim i Hyllestad. I året 1900 finn vi ikkje Johanna 1860 i teljinga, men i 1901 får ho stønad for Andreas 1893. Om Andrina: sjå bnr 52/4 under lnr 31b Ådlane. I 1890 var Johanna sjuk, og fattigkassen kosta ein mann til å fylgja henne til sjukehus i Bergen. I 1909 var ho hjå Anders Monsson Vikøyri v066. Kanskje likte nemnda lite at ho budde hjå han, for dei ville gje ho støtte dersom ho flytta attende til Framfjorden. I 1916 hadde Gjert Lee levert varer til Johanna. Ho hadde ikkje betalt, og fattigkassen måtte dekka utlegget. Men først frå 1926 fekk ho årleg fattighjelp.
Ukjende plassar under Holane
I 1645 finn vi tre husmannspar på Holane: Eirik Mikkelson og Anna Torsteindtr; Lars Andersson og Ingeborg Lassedtr; Knut Larsson (1601–) og Barbra Torsteindtr. I 1667 var det berre Knut som var husmann under Holane, og plassen låg under lnr 16.
Som jordlaus husmann under lnr 16 i 1801 og 1816 finn vi: Lars Olason Myrlandshaug (1764–1838) & 1795 Anna Oladtr Helgeland (1760–1836), båe frå Vossestrand. Dei fekk Ola 1799–1802. Ola var fødd på Voss. Far til Lars var frå Løn, Oppheim, Vossestrand, og han vart difor kalla for «Lønen». Ein stad på Holane har vore kalla «Lønakvinao». Denne staden låg på spissen av området Tangen og var før utskiftinga i 1937 inngjerda med steingard. Men om Lars og Anna budde der eller i Raudsteinane, er usikkert.
Eirik Ivarson Skultestrand (1800–) frå Kyrkjebø & 1826 Magnhild Steffendtr Ådlane (1788–), uekte barn frå plassen Sløkji, fekk festekontrakt i 1839. Dei fekk Ivar 1826–26. Paret reiste til USA i 1849.
Sjur Hansson Nissestad (1801–1862) & 1834 Guri Jondtr Tune (1788–1861) frå Ortnevik fekk neppe born. Sjur var konfirmert med stadnamnet Nese. Han fekk fattigstøtte i 1861.