Holane

Holane/Holum (hóladne/hóladn): Holom (ca 1320), Hollum (1567), Houlum (1603), Holum (1611), Houllumb (1647), Holum, Houglum (1723), Houglum (1838), Hauglum (1863), Holum (NG), Holum/Hauglum (VIK). Familienamnet er Hauglum.

I over 200 år låg mesteparten av gardane i Arnafjord øyde etter Svartedauden. Det gjeld også ein så sentral gard som Holane. Men for året 1562 kan vi nokså sikkert plassera Jens i Arnafjord på garden Holane, for i 1567 betalte «Jenns po Hollum» leidang. Kanskje vart garden på nytt lagd øyde, for vi finn ingen skatteytar på garden i 1603. Men i 1611 vart Helge Holane utskriven til Kalmarkrigen, så då må vi vel tru at garden hadde vore i drift i nokre år. I 1626 var det to brukarar, Per og Endre , og deretter kan vi følgje to bruk vidare.

Som for ein del andre sentrale gardar, måtte leiglendingane på Holane betale meir landskyld til eigarane enn det som var matrikkelskyld. I 1626 var landskylda heile 5,25 laupar. Deretter gjekk årsleiga gradvis nedover, men i 1723 var skilnaden framleis stor, for dei to leiglendingane måtte ut med 4,25 laupar til eigarane, medan samla matrikkelskyld var 3,51 laupar. Eigarar av dei to bruka på Holane i 1647 var: Nils Eri (busett i Lærdal) 1,75 laupar, Prestebolet i Vik 1,00 laup, Anna Jensdtr Hjerman 0,50 laupar, Arnafjord kyrkje 0,50 laupar. I 1723: Arnafjord kyrkje 1,00 laup, Vik prestebol 1,00 laup, Kaupangergodset 1,25 laupar, sorenskrivar Nils Wiborg 0,25 laupar og futen Peder Leganger 0,50 laupar.

Oppsitjarane gav i 1723 opp at bruka på Holane var sterkt skadde av eit fjellskred. Dette skal vera årsaka til at matrikkelskylda vart sett ned i høve til i 1667.

Lnr 16 Holane

4,86 spd = bnr 51/1 6,52 mark. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,88 laupar. I 1830 eigde Lavik prestebol 2 laupar i bruket. Frikjøpt frå benefisert eige i 1875. I 1845 var det: 10,1 daa bygg, 2,8 daa potet, 3 hestar, 20 storfe, 62 smalar og 18 geiter på bruket (3 hushald).

Vi trur at det var på dette bruket Per Hansson var i 1626. Per hadde ein arvelut i Geithus saman med broren Torbjørn på Lunde i Tjugum skipreide. Vi har ikkje funne ut korleis slektsskapet til Geithus var, men i 1624 selde dei denne eiga til Nils Markusson Ulvestad, gift med Gjertrud Torgilsdtr Heggenes i Ortnevik (ei systerdotter til Sakse Geithus). Nils og Gjertrud kom til storbruk lnr 117+118+121 på Hopperstad. I 1645 var Per truleg kårmann og hadde då med seg dottera Sigrid, medan dottera Marta Perdtr Holane (–) hadde overteke styringa saman med Halvar Johannesson (1618–). Dei to hadde då ikkje søner med seg på bruket. Det fekk dei neppe seinare heller, for i 1701 var Ivar Markusson Grønsberg (1659–1753) frå lnr 41 i Vik brukar. Vi veit om to døtrer: Gjertrud og Ingrid 1686. Ivar var ei tid presten sin medhjelpar. Han må ha vore gift med Ingeborg Amunddtr (1656–1748) som var sagt å vera 102 år då ho døydde. Her har vi drege frå 10 år. Det er truleg det ein rettare alder. Men gamle vart dei både ho og mannen. Ingeborg var truleg ei dotter til Amund Ellingson på lnr 23 Dale. Ingrid Ivardtr Holane (1686–1773) & Tor Guttormson Hønsi (1691–1749) frå lnr 84 i Vik fekk: Ivar 1724 (lnr 18 Flete). Amund Dale hadde ein soneson på lnr 26 Hellane som også heitte Amund. Ein son hans, Ola Amundson Hellane (1724–1790), kom så til Holane. Han gifte seg 1756 med Randi Arnedtr (1723–1757). Randi var tenestejente på Dale då ho vart konfirmert i 1742. Ho var syster til Kari Arnedtr som vart plasskone i Hola under Flete. Foreldra var kanskje Arne Olason Stedje (1677–1749) & Ingeborg Perdtr (1691–1756), truleg frå lnr 51 Orvedal. Dei var på lnr 57 Karevoll i Vik. Ola vart attgift 1758 med Anna Oladtr Refsdal (1734–1771) frå lnr 59 i Vik og dei fekk: Amund 1759–71, Ola 1760, Randi 1763 (plass Hólaviki), Gunhild 1767–71, Per 1769–1809. Ola gifte seg for tredje gong 1772 med Turid Oladtr Holstad (1730–1799) frå lnr 87 i Vik. Dei hadde ikkje born. Ola Olason Holane (1760–1839) & 1790 Brita Vilhelmdtr Dale (1761–1791) frå lnr 21+22 Dale hadde ikkje born, kanskje fordi Brita døydde i barselsseng. Ola vart attgift ca 1792 med Brita Ellenddtr Kjelven (1772–1847) frå lnr 39 og dei fekk: Ola 1793, Brita1795–95?, Gjertrud 1797 (lnr 50 Geithus), Anna 1799 (lnr 23a Dale), Kari 1802 (plassen Hustavenes under lnr 50 Geithus), Brita 1805 (lnr 28 Dalsver), Turid 1810 (lnr 15 Bungane). Ola Olason Holane (1793–1858) & 1822 Kari Alfdtr Valsvik (1797–1833) frå lnr 30 fekk i 1840 kjøpt Bungalii av Tolleif Bjørnson Geithus. Tolleif hadde kanskje arva parsellen. Landskyld hadde vore to mæle (0,14 laupar). Same året fekk Ola bygsel på bruket av sokneprest Ludvig Daae i Lavik. Bruket vart frikjøpt i 1875. Born: Ola 1822 (lnr 14 Nissestad), Brita 1825 (lnr 50a Geithus), Alf 1828 (sjå note), Per 1830 (USA 1856, fall i den amerikanske borgarkrigen). Ola vart attgift 1834 med enkja Kristense Johannesdtr Nesse (1790–1875) og dei fekk Johannes 1836 (sjå note). Kristense var fødd på Indre Nesse i Kvamsøy sokn. Til Holane hadde ho med seg Jon 1831 som ho hadde med Jon Nilsson Ytre Nesse i første ekteskap. Kristense og sonen Jon hadde med seg kår frå bruket på Nesse, og det vart visstnok ytt i over 90 år! Jon Jonson Holane (1831–1922) & 1860 Brita Oladtr Hellane (1830–1885) frå lnr 26 overtok i 1874. Born: Ola 1862, Kristense 1865–90, Synneva 1869–69, Johanna 1871–71, Johanna 1873 (USA, sjå òg lnr 33bc). Det var eit steinsprang som tok livet av Brita. Jon vart attgift 1889 med Marta Tolleifdtr Alrek (1857–1912) frå plassen Slåttekvina. Dei fekk: Gjertrud 1894 (Høyanger). Ola Jonson Holane (1862–1947) & 1887 Anna Kristendtr Nissestad (1864–1939) frå lnr 14b fekk Brita 1888 (lnr 20a Le), Jon 1890, Kristen 1892–1987 (ugift, Grimstad, hagebrukslærar), Johannes 1895, Ragnhild 1898 (Ytre Nesse), Johan 1899 (Oslo). Bruket vart i 1938 delt mellom to av sønene: bnr 51/1 gjekk til Jon og bnr 51/8 Hólaviki til Johannes.

Bnr 51/1 Hauglum 3,85 mark. Jon Olason Holane (1890–1937) & 1926 Synneva Oladtr Valsvik (1892–1975) frå lnr 31 fekk: Anna 1927 (Bergen, så Fjell på Sotra), Olav 1928, Oddvar 1930, Ingebjørg 1932 (Nesttun), Audhild 1936 (Lonevåg på Osterøy). Synneva hadde òg Sigfred Wilhelm 1918 (Sogndal) med Vilhelm H. Blauw (1885–), ein son til eigaren av talkummølla. Olav Jonson Hauglum (1928–) overtok bruket og dreiv det åleine. Han gifte seg 1996 med Berta Kjellaug Oladtr Åse (1932–), tidlegare eigar av bnr 60/6 Åse. Olav og Oddvar 1930 kjøpte bnr 1/130 Sundetun på Skulejordi-Sæbø i Vik og Oddvar, Berta og Olav bur der. Kjøpar av bruket var Kjell Ove Johanson Hauglum (1963–). Han driv jorda frå bnr 51/2.

Bnr 51/8 Hólaviki 2,65 mark. Johannes Olason Holane (1895–1991) & 1937 Lovisa Larsdtr Bungum (1904–1988) frå lnr 15b hadde bruket til 1965. Born: Odd 1938 (Arvål i Sogndal, så Leikanger), Jon 1940, Hildbjørg 1942 (Sogndal). Jon Johannesson Hauglum (1940–) & 1968 Marit Wathne (1943–) frå Oslo har: Eli 1969 (Balestrand), Jostein 1970 (Sogndal), Asle 1972, Sindre 1975 (Gaupne), Kirsti 1983. Asle Jonson Hauglum (1972–) var i 2007 busett på Tolvsrød i Tønsberg. Jorda er bortleigd. Jon og Marit var i 2005 busette på Hamar.

Alf Olason Holane (1828–) fekk Ola 1854 (lnr 14a Nissestad) med husmannsdtr Ingeborg Tolleifdtr Nissestad, Ola 1854–54 med husmannsdtr Synneva Ingebrigtdtr Dale (1834–) og Synneva 1856 (USA 1866) med Olina Hermunddtr (1826–) på plassen Hólalii under lnr 17c. Alf reiste til USA i 1856. Johannes Olason Holane (1836–) & 1867 Gjertrud Lassedtr Nese (1844–) frå lnr 43 reiste til USA i 1867.

Lnr 17 Holane

4,73 spd. I 1647 eigd av Nils Eri i Lærdal. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,63 laupar. Sjølveigd frå 1777. I 1845 var det: 10,1 daa bygg, 4,2 daa potet, 2 hestar, 20 storfe, 48 smalar, 9 geiter og 2 vinterfôra svin på bruket. Det var då 6 hushald på bruket, av det var truleg 4 husmannsplassar.

I 1626 var Endre på dette bruket. I 1645 var han gift med Sigrid Lassedtr, og dei hadde sonen Per og ei dotter Brita med seg på bruket. Sigrid Perdtr, som òg vart førd opp som dotter, var truleg dotter til sonen Per. Per må då ha vore enkjemann. Endre var son til Simon Samsonson Finnen på lnr 52 og såleis av adelsætt. Han hadde ei syster på Bungane og ein bror på Hallsete. Etterfølgjaren var Ola Larsson (1627–). Han trur vi var gift med Brita Endredtr Holane. I 1667 hadde ikkje Ola søner med seg på bruket. Vi trur han vart enkjemann og gift på nytt med Synneva Johannesdtr. Ho var truleg av rik ætt, for Ola og Synneva overtok det meste av eiga i Hallsete og flytta dit. Johannes Bendikson Bolstad (1652–) overtok bygsla. Han var bror til lensmann Ola Bendikson, ein rik bonde på Brekke i Vik. Johannes var i Dyrdal i Ortnevik før han kom til Holane. I 1701 hadde han sønene: Sjur 1686, Bendik 1692 (lnr 39 Kjelven) og Ola 1699. Ei dotter Synneva 1674 kom til Brekke i Ortnevik. Vi veit ikkje kven Johannes var gift med. Alt i 1711 var det kome ein ny leiglending til bruket: Steffen Johannesson Sylvarnes (1668–1744). Han var gift med Brita Oladtr (1694–1744). Den store aldersskilnaden gjer at eg no i 2021 trur at han først var gift med enkja etter Johannes og så med Brita. Born: Johannes 1710 (sjå note), Ola 1713 (lnr 89 Brekke i Vik), Ivar 1717 (lnr 15 Bungane), Ola 1720, Durdei 1722 (lnr 85 Holstad) og Tollak 1728 (Kvamme). Ola Steffenson Holane (1720–1796) & 1749 Brita Tordtr Sylvarnes (1724–1750) frå lnr 56+57 fekk Brita 1750 (lnr 38 Hallsete). Ola vart attgift 1751 med Marta Perdtr Røyrvik (1720–1796) frå lnr 12. Born: Brita 1753–53, Lussi 1754 (lnr 52 Finnen), Brita 1758–58, Steffen 1760. Steffen Olason Holane (1760–1838) & 1789 Brita Sjurdtr Fjærestad (1766–1792) frå lnr 96 i Vik fekk: Ola 1790 og Brita 1791 (lnr 26 Hellane). Steffen hadde frå før Magnhild 1788 (plass Holane) med Gjertrud Larsdtr Ådlane (1756–) frå plassen«Sløkji». Steffen gifte seg på nytt ca 1794 med Brita Klausdtr Ytre Nesse (1771–1822) frå Kvamsøy sokn og dei fekk Marta 1795–1801 og Gjertrud 1799 (lnr 12 Røyrvik). Som for lnr 16 var det to husmenn under bruket i 1802. Dei to bruka hadde ikkje støl same stad, for på lnr 16 var han «slett», på lnr 17 var han «tålelig». Ola Steffenson Holane (1790–) overtok i 1810. Han gifte seg 1815 med Brita Ingebrigtdtr Frettheim (1795–1840) frå lnr 40. Born: Brita 1816 (USA 1854), Steffen 1819, Ingebrigt 1822 (USA 1854), Ola 1825–25, Ola 1827–27, Gjertrud 1828 (USA 1845), Gjertrud 1831 (USA 1854), Brita 1834–34, Ingrid 1836 (USA 1854). Etter at Ola miste kona si i 1840, vart bruket i 1842 utlagt til sonen Steffen. I 1854 reiste Ola saman med fire born til USA. Steffen Olason Holane (1819–) & 1843 Kari Perdtr Berdal (1820–) frå Feios fekk Brita 1844. Steffen med Kari og Brita reiste til USA i 1845 og selde bruket til Tor Markusson Flete (1818–1897) & 1844 Johanna Tollakdtr Valsvik (1814–1864) frå lnr 31. Dei fekk: Markus 1845–45, Lussi 1846 (lnr 17a), Brita 1849–49, Brita 1850–50, Brita 1853–53, Gjertrud 1856 (sjå note). I 1847 tok Ingebrigt Olason Holane (1822–) bruket på odel. Men det einaste han gjorde før han selde bruket tilbake til Tor og reiste til USA same året, var å dela frå lnr 17b 0,35 spd til Hermund Alfson Valsvik. Tor må ha kome i økonomiske vanskar, for i 1858 delte han det resterande bruket i to like delar, lnr 17a 2,23 spd og lnr 17c 2,24 spd. Han sat sjølv på lnr 17a til 1868 då han skøytte delbruket til dottera Lussi.

Johannes Steffenson Holane (1710–1738) fekk Gjertrud 1738–40 med Brita Hermunddtr «Øvstedal» (–). Johannes var soldat i 1738. Han døydde av eit steinsprang. Øvstedal i Vik er tenaradresse. Vi trur ho er Brita Hermunddtr Frettheim (1707–1782) frå lnr 40.

Gjertrud Tordtr Holane (1856–) & 1877 Hans Larsson Hellane (1850–) frå lnr 27 reiste til USA i 1878. Hans var smed.

Lnr 17a Holum 2,23 spd = bnr 51/2 3,04 mark. I 1865 var det: 3,3 daa bygg, 1,8 daa blandkorn, 2,8 daa potet, 1 hest, 12 storfe, 49 smalar og to vinterfôra svin på bruket.

Dette delbruket vart skøytt i 1877 til Lussi Tordtr Holane (1846–1918) & 1864 Sjur Styrkson Vikøyri v932 (1840–1905). Born: Brita 1863–63, Johan 1864, Tor 1866 (bnr 51/7), Kari 1869 (USA 1898), Brita 1871 (USA 1895), Synneva 1873 (USA 1893), Markus1875 (lnr 33bc Valsvik), Tea 1878–92, Kristian 1880–80, Kristian 1881–82, Kristian 1883–1910 (USA 1903), Marta 1886 (bnr 51/9), Olina 1888 (lnr 28 Dalsver). Sjur brukte truleg sjølv «Størksen» som familienamn, for på eit utskiftingskart frå 1930 finn Lussi «Størksen» som eigar av bnr 51/2. Det er feil, for alt i 1893 selde Sjur bruket til eldste son, men kjøpekontrakten vart først tinglesen i 1918. Då vart også Skredteigen og Stakstøteigen skilt frå som bnr 51/7. Ny skyld frå 1920 for bnr 51/2 : 2,44 mark. Johan Sjurson Holane (1864–1938) & 1886 Gjertrud Anfindtr Åse (1864–1932) frå lnr 36 fekk: Anfin 1886 (USA 1906), Tea Gjertina 1887 (sjå bnr 39/15 under Hatlekolo i del 2), Sjur 1889–89, Sjur 1890–1913 (heime), Karl 1892(USA 1910), Ola 1894–1961 (arbeidde på talkummølla og på bruket), Lussi 1895 (USA 1915), Brita 1897 (lnr 14b Nissestad), Johanna Gjertina 1899 (bnr 7/8 Fosse i Vik), Kristina 1902–84 (Kvamme i Kvamsøy sokn, flytta tilbake som enkje), Marie 1904 (sjå bnr 41/22, Villastrøket-Sjøtun i del 3), Kristian 1906, Synneva 1909 (Kyrkjebø). Kristian Johanson Hauglum (1906–1991) & 1938 Johanna Petterdtr Fosse (1911–2002) frå lnr 24 Stadheim, ei syster til Hansina på bnr 51/10, hadde bruket 1937–74. Born: Johan 1939, Per1940 (Bergen), Gerd 1942 (lnr 42 Nese), Margrethe 1949 (sjå note). I 1947 vart frådelt bnr 51/11 0,01 mark. Johan Kristianson Hauglum (1939–) & 1961 Ingebjørg Olavdtr Fosse (1937–) frå bnr 59/16 Valsvik fekk: Solrunn 1962 (Voss). Kjell Ove 1963, Jarle 1972 (Bærum). Familien hadde bnr 59/16 som bustad. Kjell Ove Johanson Hauglum (1963–) & sb Elin Kjelldtr Kjelven (1974–) frå Knarvik i Lindås overtok i 2002. Elin er dotter til Brita 1936 frå bnr 62/4 Kjelven. Born: Tina 1998, Joakim 2001, Jannike 2003. Kjell eig i tillegg til bnr 51/2 òg bnr 51/1 og 51/7.

Bnr 51/7 Høygarden 0,60 mark, 1920. Dette var ein kåreigedom som vart overteken av Tor Sjurson Holane (1866–1952) og som til dels vart driven for seg. Tor var ugift. Eigedomen kom inn att under bruket.

Bnr 51/10 Haugtun 0,01 mark + bnr 52/6 0,01 mark + bnr 52/7 0,01 mark, tomt kjøpt 1947. Busett av: Anton Bertin Botolfson Hauglum (1911–1999) frå bnr 52/4 Ådlane & 1939 Hansina Petterdtr Fosse (1907–1999) frå bnr 5/20 Teigum under lnr 24 Stadheim. Born: Halldis Astrid 1941 (Oslo, sjå og bnr 59/32 under lnr 31a Valsvik), Magnar Arnulf 1939, Reidar Olai 1946 (Øvste Hopperstadmarki nr 22 i Vik), Åge Peder 1948 (Ådlane bnr 52/11). Magnar Arnulf Antonson Hauglum (1939–) & 1967 Magnhild Kristine Heimdal (1946–) frå Mestervik i Malangen i Balsfjord i Troms har overteke. Dei har ikkje born.

Margrethe Kristiandtr Hauglum (1949–) & Odd Arnstein Olason Tenold (1947–) frå lnr 18b Tenål er busette i Førde og har to born.

Lnr 17b Viki 0,27 spd = bnr 51/3 0,29 mark. Denne huslause parsellen vart skøytt i 1854 til husmann Hermund Alfson Valsvik (1823–) frå lnr 30. Han vart truleg tenkt å busetja seg der. Men han og kona reiste til USA i 1855 og selde til Elling Olason Vikøyri v764 (1819–). Elling var tenar i Sæbø då han reiste til USA i 1856. Han selde ikkje parsellen, men leigde han bort til broren Anfin, husmann på Holumshaugen. Då Anfin med huslyd reiste til USA i 1869, vart parsellen seld til Markus Ivarson Flete (1839–1874) og Anfin fekk salssummen som reisepengar av broren. Markus var busett i Hola, på lnr 18a = bnr 53/1, og dermed kom lnr 17b inn under dette bruket, sjå meir under hovudoverskrifta Hola. I 1947 vart parsellen frådelt lnr 51/9 0,01 mark og i 1949 bnr 51/11.

Bnr 51/9 Tangen 0,01 mark, 1947. Tomt utskilt for å gi bustad til eigaren av lnr 15b Bungane: Svein Lasseson Vikøren v634 (1895–1965) & 1913 Marta Sjurdtr Holane (1886–1968) frå lnr 17a. Born: sjå lnr 15b Bungane. I åra 1951–67 eigde sonen Kristian Sveinson Vikøyri (1922–) halvparten av bustaden. Leif Sveinson Vikøren (1920–) & 1950 Borghild Larsdtr Kjelven (1931–1984) frå bnr 62/1 under lnr 39 flytta inn ca 1969. Leif drive handel og arbeidd med posten i Indrefjorden fram til 1973 (sjå butikken under Frettheim), var så postbod i Arnafjorden. Born: Solveig Marie 1951 (England), Lidvin 1954 (Sjøtun-tunet i Vik), Sjur 1955 (bnr 51/11), Elisabet 1962 (Bergen), Margrete 1968 (Tønsberg).

Bnr 51/11 Øvre Tangen 0,01 mark, 1949 frå bnr 51/3. Sjur Sveinson Vikøren (1917–1955) bygde hus her. Han eigde og dreiv lnr 15b Bungane. Han døydde i ei gruveulukke. Ein brorson frå bnr 51/9, Sjur Leifson Vikøren (1955–), fekk alt i 1957 skøyte på dette huset og lnr 15b. Sjur gifte seg 1986 med Marit Iren Lunde (1961–) frå Stamnes i Vaksdal. Dei er skilde, og Marit Iren vart attgift 2001 med Sveinung Andreas Tenold (Åse), sjå lnr 17a i del 2. Born: Svein-Olav 1987, Jenny Marie 1989. Sjur har vore sambuar med Marit Kurtdtr Pedersen (1973–) frå Bodø. Dei har Kitty 1998. Ho er reist attende til Bodø med barnet.

Lnr 17c Holum 2,24 spd = bnr 51/4 2,79 mark. I 1865 var jordbruket: 1,1 daa bygg, 4,6 daa blandkorn, 2,8 daa potet, 1 hest, 11 storfe, 36 smalar og 2 vinterfôra grisar.

I 1858 vart halvbruket skøytt til Ola Olason Holane på lnr 16. Han selde i 1861 til husmannsson Ola Andersson Finnen (1827–1868) & 1859 Mari Jondtr Finnen (1835–1923) frå lnr 52. Born: Olina 1858 (ugift på bruket, så bnr 64/35 Nese), Anders 1860 (USA 1882), Jon 1862 (USA 1884), Elling 1864–89 (døydde avkreft), Johannes 1865–91, Gjert 1868–88 (fall utfor eit fjell under orrejakt). Mari selde bruket i 1870 og tok kår. Ho var på bruket i året 1900. Men deretter tok ho kårstova med seg til lnr 48 Nese, der ho vart oppsett på bnr 64/35. Kjøpar av bruket var: Anders Larsson Måren (1843–) & 1869 Ingeborg Tordtr Måren (1845–), båe frå Kyrkjebø. Born: Lukretia 1867, Ragnhild 1869–74, Lars 1871, Marta 1873, Tor 1875. Anders og Ingeborg var neppe på bruket meir enn eitt år. Deretter vart dei husmannsfolk på Slåttane under Vetlesand. Huslyden reiste til USA i 1876. Jakob Jakobson Nese (1844–) & 1868 Anna Knutdtr Lavik (1846–), båe frå Eksingedalen, kom til bruket i 1870. Born: Brita 1870, Andreas Martin 1873, Knut 1874–74, Jakob 1875, Anna 1878, Olina 1880. Bruket vart i 1877 fråskilt lnr 17d 0,18 spd. Ny skyld lnr 17c 2,06 spd = bnr 51/4 2,06 mark. I 1877 må det ha skjedd ei form for gardabyte slik at Jakob med huslyd flytta til Dalsver, og eigaren der kom til dette bruket. Knut Andersson Nygard (1844–1917) & 1873 Anna Knutdtr Farestveit (1845–1924), båe frå Modalen, fekk borna: Marta 1873 (Haugen, sjå note), Anders 1875, Knut 1877–98 (fór av på ein løypestreng på Otterskreda), Andreas 1880, Johannes 1882 (sjå note bnr 56/8 Dale), Ragnhild 1884 (sjå note), Ola 1886, Jakob 1888–1912. Andreas Knutson Holane (1880–1918) var ugift. Han dreiv bruket nokre år utan å ha skøyte. Ola Knutson Holane (1886–1970) & 1921 Marta Johannesdt Nåmdal (1880–1956) frå Modalen hadde bruket 1926–56. Born: Anton 1914, Anna 1922. Anton Olason Hauglum (1914–1979) var ugift. Han hadde bruket 1956–82. Anna Oladtr Hauglum (1922–) & 1958 Kristian Lasseson Lee (1918–2008) frå lnr 20a Le har vore busette på bruket frå 1958. Anna fekk skøyte på bruket 1982. Dei har Rune 1959. Rune Lee (1959–) har arbeidd ved Vik Lokalhistoriske Arkiv i den tida han har samla opplysingar til denne boka.

Haugen. Hus under bnr 51/4, sjå òg plassen Holumshaugen. Ei stove frå Nessane vart oppsett på staden i 1903 men utan tinglyste papir for tomta. Huset vart seinare kjøpt av gardbrukaren, og bustaden vart leigd ut. Steffen Hansson Rutlin (1875–) frå Rutlin i Sogndal & Marta Knutdtr Holane (1873–1908) frå lnr 17c fekk: Sigtona 1903 (Modum i Buskerud) og Anna Konstanse 1905–21. Steffen var bakar. Han vart attgift 1908 med Ragnhild Knutdtr Holane (1884–), ei syster til Marta. Born: Marta 1910 (Høyanger), Håkon 1913 (Årdalstangen), Astrid Kristina 1918 (Bergen), Anna Konstanse 1923 (Bergen). Huslyden flytta 1923 til Nessane og i 1930 til lnr 63 Alrek. Huset vart i mellomkrigsåra leigd ut til Ola Helgeson Skjerven (1884–1964) frå lnr 112a Skjørvo i Vik & 1917 Gjertrud Larsdtr Bungum (1892–1951) frå lnr 15b. Dei vart skilde. Ho flytta til Nese som leigebuar, seinare til lnr 17d, og han til Vik. Han døydde på Ovri. Born: Anna 1916 (Høyanger), Helge 1919–45, Leif 1921 (Åsane), Harald 1924 (lnr 17d). Helge var matros på frakteskuta «Steinar» som gjekk på ei mine 13. mai 1945. Dei andre på båten vart berga. Ola Helgeson hadde òg Agnes 1910 med Maria Knutdtr Frettheim (1887–). Om Maria: sjå note lnr 40a.

Lnr 17d Holum 0,18 spd = bnr 51/5 0,23 mark. Lokalt kalla Liagarden, men står ved teljinga i 1875 under namnet «Holelien». Dette var truleg den tidlegare husmannsplassen Holelii. Dette vart ei tid ei form for eldrebustad. Hermund Tolleifson Nissestad (1839–1885) & 1870 med Lussi Kristendtr Åsberget (1849–1929) frå lnr 34b kom til denne staden i 1877 frå lnr 14a Nissestad. Dei var barnlause. Etter at Hermund døydde, vart staden truleg overteken av Tolleif Ellingson Fitje (1809–1901) frå Ortnevik og tredje kona hans Brita Bendikdtr Nissestad (1827–1899). Tolleif hadde vore husmann på Slåttekvina under Alrek og under lnr 17c. Ved teljinga i 1900 var Tolleif på Bungane hjå sonen Lars, og husa på Liagarden stod tomme. I 1901 vart eigedommen skøytt til sonen Lars Tolleifson Alrek (1854–1939) & 1885 Hansina Nilsdtr Ytre Bø (1861–1938) frå Hyllestad. Dei budde på lnr 15b Bungane. Lars med huslyd brukte etter ca 1935 staden som vinterbustad og hadde husdyra her. Dei budde fast på staden etter at dei overlet bnr 50/2 Bungane til sonen Teodor. Staden vart etter kvart vinterbustad for Teodor. Her budde også Olav Larsson Bungum (1902–1972). Han var ugift møllearbeidar, og han sat i 1965 med heimelen på bruket. Dette året overtok: Harald Olason Skjerven (1924–2008) frå «Haugen» under lnr 17c & 1951 Brita Oladtr Dale (1925–) frå lnr 24b Dale. Born: Helge 1955 (Frei ved Kristiansund), Gunnvor 1952 (bnr 1/48-3 Hamnen i Vik).