Hola

Hola (hålao) er ein del av namngarden Flete og ligg nord for elvi Tùra, straks etter ein kjem ut av tunnelen på veg til Framfjorden frå Vik. Eit anna område nord for Tùra er Liabøen. Det høyrer òg inn under Flete.

I øydetida kom ein teig som vart kalla Libøteigen inn under Flete. I 1723 vart landsskylda til «Ejbøeteig» sett til 0,25 laupar. Tidlegare kan skylda ha vore høgare, for i 1723 vart det skrive at jorda på teigen hadde blitt øydelagd av fjellskred.

Hola var husmannsområdet for garden Flete. Desse husmennene var strandsitjarar. På 1700-talet var det husmenn i Framfjorden med stadnamnet Libø. Då dei sannsynlegvis var strandsitjarar, gjekk Libøteigen truleg heilt ned til fjorden, slik at denne teigen også omfatta det som seinare fekk stadnamnet Hola.

Ved oppdeling av garden Flete midt på 1800-talet kom det to småbruk i Hola. Delinga starta med ei to-deling av garden i 1845, og båe halvbruk fekk truleg like mykje jord og rettar i Hola. Frå det første halvbruket vart eigeparten i Hola frådelt i 1857 som lnr 18a 0,34 spd. Det andre halvbruket fekk frådelt delen i Hola i 1860 og då som lnr 18b2 0,44 spd. Vi merkar oss at dei to småbruka i Hola fekk ulik skyld. Det var truleg ein feil. Det vart retta opp i den nye matrikkelen i 1883. Då fekk båe småbruk lik skyld: 0,53 mark.

Lnr 18a Flete 0,34 spd = bnr 53/1 0,53 mark. Data for 1875 (medrekna lnr 17b): 2,3 daa blandkorn, 2,1 daa potet, 5 kyr, 12 smalar og eitt vinterfôra svin.

På dette småbruket sat enkja Synneva Larsdtr (Valsvik) Flete (1809–). Vi kan tenkja oss at ho flytta inn i husa på ein tidlegare husmannsplass. Synneva reiste seinare truleg til USA. Sonen Markus Ivarson Flete (1839–) overtok drifta og kjøpte i 1869 også parsellen lnr 17b 0,27 spd = bnr 51/3 0,29 mark i Hólaviki på andre sida av elvi Tùra. Markus drukna ved å gå gjennom sjøisen (truleg i 1874) og båe deler gjekk i 1874 til Kristen Torson Geithus (1835–1928), husmannsson under lnr 50, & 1870 enkja Birte Rognalddtr (Sæle) Bungane (1836–1901) på lnr 15. I 1865 var Kristen ugift fiskar i Finnen. Kristen og Birte fekk: Steffen 1871–71, Tor 1873, Rognald 1877–77 og Andreas1880–81. Tor Kristenson Flete (1873–1941) & 1899 Dorte Bendikdtr Hellane (1871–1941) frå lnr 27 sat med gardpartane 1912–1943. Born: Gjertrud Marie 1900–00, Torvald Dagfinn 1910–14. Johanna Bendikdtr Hellane (1879–1967), som var ei syster til Dorte, overtok bnr 53/1 + bnr 51/3. Ho gifte seg med Ola Jakobson Valsvik (1879–1969) frå lnr 21b Dale/lnr 33bc Valsvik. Ola reiste til USA i 1899, men kom att, og Ola og Johanna hadde i åra 1927–54 skøyte på bnr 56/6 under lnr 24 Dale. Småbruket i Hola kjøpte dei i 1943. Dei hadde ikkje born. Dei to vart kalla «Bua-Johanna» og «Buen» (om bua-namnet: sjå lnr 21b Dale). Gjertrud Jakobdtr Valsvik (1877–1965), ei syster til Ola, budde hjå dei. I 1953 vart bruket skøytt til Gerhard Johan Edvardson Halset (1931–1959) frå bnr 63/4 under lnr 40 Frettheim. Han reiste til Canada i 1959 og døydde i ei bilulukke. Dødsbuet skøytte i 1960 bnr 53/1 og bnr 51/3 til eit søskenbarn til Gerhard: Gunnar Olason Halseth (1930–1993) frå bnr 61/4 Hallsete & 1953 Halldis Larsdtr Finden (1932–) frå bnr 68/2 Finnen. Barn: Reidun 1957. Dei flytta i 1967 til Kverneland i Time og bruket vart feriestad.

Bnr 53/8 Solheim 0,01 mark, frå bnr 53/1. Hus vart bygt 1978. Birger Eirikson Hylland (1938–) frå Bergen/Vossestrand & 1961 Gunnhild Margit Magnedtr Dale (1942–1990) frå lnr 24a budde først i kårbustaden på Dale. Hjå dei budde fram til 1990 òg ei farsyster til Gunnhild: Klara Knutdtr Dale (1909–) frå lnr 24a. Born: Geir Arne 1962 (Telavåg på Sotra), Else Marit 1969 (Byrknesøy i Gulen).

Lnr 18b2 Flete 0,44 spd = bnr 53/3 0,53 mark. Data for 1875: 1,9 daa blandkorn, 2,1 daa poteter, 5 kyr, 16 smalar, 2 vinterfôra griser.

Lars Jakobson Trefall skøytte denne gardparten i 1857 til Ola Johannesson Holane (1825–1898) & 1857 Sigrid Tolleifdtr Finnen (1822–1902), husmannsdtr. Ola var frå ein plass på Tangen. Born: Johan 1857, Brita 1858 (lnr 32 Ådlane), Lussi 1861 (bnr 65/3 Otterskreda), Olina 1864–1937 («Taong-Olina», ugift, alt i 1875 var ho tenestejente, då på Dale, seinare var ho heime, og ho fekk fattigstøtte frå 1922), Sigrid 1866–66. Ola vart kalla «Taong-Ola». Sonen Johan overtok alt i 1873. Johan Olason Flete (1857–1945) & 1896 strandsitjardtr Mari Eirikdtr Menes (1866–1898), Balestrand, fekk Sitona 1897–97, Ola 1897–1918 (døydde i spanskesykja). Johan hadde nerveproblem og vart i 1893 innlagd på sinnsjukehus i Bergen. Fattigkommisjonen meinte han hadde råd til å betala ein del av utgiftene sjølv og sette eigendelen til kr 50 per år. Ola Monsson Ådlane (1901–), ein systerson til Johan, overtok bruket i 1939. Han flytta til Ålesund og bruket vart ca 1941–48 pakta av Elling Tolleifson Frettheim (1898–1976) & 1920 Sitona Markusdtr Otterskreda (1894–1970) frå bnr 65/1 under lnr 49. Sitona var dotter til Lussi 1861 frå dette bruket. Dei overtok bnr 63/2 Frettheim, sjå om born der. Magnus Larsson Bungum (1927–) frå lnr 15a & 1953 Olina Oladtr Dale (1923–2004) frå lnr 24b hadde bruket 1951–2004. Born: Oddvin 1953 (Moss), Sigvat 1956 (Moss), Inger 1959 (lnr 196a Vangsnes), Leif 1962, Marit 1966–2005 (Leikanger). Leif Magnusson Bungum (1962–) & Elin Johanne Birgerdtr Romslo (1968–) frå Ytre Arna har: Lars Magnus 2004 og Brynjar 2005. Elin hadde frå før: Linn Mari 1995. Elin er dotter til Gerda 1940 frå lnr 62/4 Kjelven.

Husmenn

På Flete var det truleg alt på 1600-talet busett husmenn på teigen Libø. I 1667 heitte husmannen på Flete Aslak Knutson (1633–). Vi kjenner til borna: Anders 1672 (til Raudsteinane under Holane) og Tor 1674 (lnr 19 Føli i Vik). På denne tida var Halvar Botolvson (1645–) «knekt» på garden Flete, og vi trur han overtok plassen. I alle høve var han på Flete i 1701. Han hadde dottera Guri. Guri Halvardtr Libø (–) & 1729 Lasse Monsson (1687–1770) fekk på Vetlesand sonen Mons 1730, men dei kom så til ein plass under Flete. Der var dei i 1762. Lasse finn vi ikkje i manntalet for amtet i 1701. Kanskje var han frå Hordaland. Mons Lasseson Vetlesand (1730–1762) & 1756 Kari Arnedtr (1726–) fekk: Lasse 1756, Arne 1757, Anna 1760 (til plass Vetlesand). Kari var syster til Randi Arnedtr, som var gift med Ola Amundson Hellane og kom til lnr 16 Holane. Kari vart konfirmert med stadnamnet Nese, Randi som Dale. Dei var kanskje frå lnr 57 Karevoll i Vik, for på denne vesle garden finn vi den einaste Arne i prestegjeldet i manntalet i 1701 og som høver som far. Det at enkjemannen etter Randi gifte seg på nytt med ei jente frå Ovrisdalen, støttar teorien. Sjå òg under lnr 16 Holane. Mons med huslyd flytta til Vikøyri v690.

Jørgen Ivarson (–) & Gjertrud Lassedtr (1676–1732) hadde ikkje born som vi veit om. Gjertrud var kanskje ei syster til Mons Lasseson. Heller ikkje Jørgen finn vi ikkje i manntalet for amtet i 1701. Han vart attgift 1737 med Marta Halvardtr (1678–1743) og dei fekk ikkje born. Marta kan ha vore ei syster til Guri. Jørgen gifte seg for tredje gong 1744 med Gjertrud Bårddtr «Løbø» (–) og då vart stadnamnet Libø brukt for Jørgen. Løbø kan vera garden Løbø i Kyrkjebø, men vi finn ingen Bård på Løbø kring 1744. Heller ikkje Jørgen og Gjertrud fekk born. Dei var borte i 1762.

Plasshusa på Libø og Hola låg truleg i same området. Mange av husmennene under Flete hadde berre ei stove utan jord. Difor var dei truleg strandsitjarar, og då må dei ha vore i Hola, fordi sjølve garden Flete ikkje grensar til fjorden. Vi har følgjande familiar som kan ha vore busette i Hola:

Ola Andersson Flete (1697–) & 1728 Brita Oladtr Voll (–) fekk: Anders 1728 (døypt Voll), Johannes 1728 (var ikkje tvilling), Gjertrud 1731 (dei to siste død før konfirmasjonsalder). Ola var på Flete i 1701, men må då ha vore farlaus eller var fødd utafor ekteskap. Brita kan ha vore dotter til Ola og Ingrid som var på lnr 80 Voll i Vik, men som flytta til Fjærland. To born døypte same året, utan å vera tvillingar, er nokså uvanleg, men så tette fødslar kan skje.

Anders Olason Flete (1728–1774) & 1764 Marta Oladtr Åse (1730–1802) frå lnr 34 fekk: Ingeborg 1769 (til plass Åsberget). Anders var på Otterskreda då han vart konfirmert i 1749. Dei overtok truleg plassen etter Lasse Monsson og Guri Halvardtr.

På ein annan plass under Flete i 1762 var: Sjur Kristenson Nissestad (1705–1765) frå lnr 14 & 1749 Anna Ellingdtr «Dale» (1715–1781). Dei fekk borna: Alis 1749, Kristen 1752 (plass Holane), Elling 1754 (plass Vollavik), Gunnar 1757. Dale må vera tenaradresse for Anna i 1749. Ho var neppe frå Arnafjord sokn. Anna vart attgift 1769 med enkjemann Jon Person Vikøyri v534 (1698–1774) og flytta til Vikøyri.

Tolleif Larsson Ådlane (1749–1806), frå plassen Sløkji, & Ragnhild Ivardtr (1743–) var plassfolk utan jord på Flete i 1801. Dei hadde ikkje born. Anna Ivardtr (1746–) budde hjå dei. Dei to systrene er ikkje konfirmerte i prestegjeldet. Dei døydde truleg før 1815 utan at dødsfalla kom med i kyrkjeboka. Tolleif hadde truleg ei fosterdotter, Brita 1785, med Hans som far og kanskje Marta Oladtr (1730–1802), enkje etter plassmann Anders Olason i Hola, som mor. Brita gifte seg 1806 med Lars Jonson Holane (1778–1855) frå Raudsteinane. Dei var først på ein plass i Hola, så i 1809 på Åsberget før dei flytta til Vikøyri v618. Grunnlaget for å knyta Brita til plassen er at ho kalla andre barnet sitt for Tolleif, at Ragnhild då var fadder og at Brita vart kalla Tolleifdtr i 1817.

Per Lasseson Tenål (1768–1832) frå lnr 17 Tenål & 1808 Anna Oladtr Turvoll (1764–1806) frå lnr 45, båe frå Vik, hadde truleg ikkje born. Anna kunne sjølvsagt ikkje døy før ho vart gift. Dette er eitt av mange eksempel på feil årstal i kyrkjeboka kring år 1800 når det gjeld giftarmål. Per var på plassen i 1816. Ei syster til Per, Lussi Lassedtr, var på ein plass under Holane.

Ola Eirikson Myrkaskog (1796–1862) frå lnr 43 i Vik & 1831 Gjertrud Markusdtr Flete (1807–1863) frå lnr 18 fekk i 1847 festeseddel på plassen Hola under lnr 18b. Dei fekk ein dødfødd gut i 1850. Dei to døydde med stadnamnet Flete. Ola hadde systera Gjertrud 1806 på lnr 20 Le, og far deira kom frå Kjelven.