Hellane
Hellane (hedladne/hedladn): Hellom, Hellum, Hellar (ca 1320), Helle (1603), Hellde (1611), Hellemb (1647), Hellem (1667, 1723), Hellene (NG), Hellen (1838, 1863, VIK). Familiane har skrive Hellen.
Hellane var busett før Svartedauden, men låg så øyde i om lag 250 år. I 1603 og 1626 var Johannes leiglending og alt i 1635 var det blitt to bruk på Hellane. Det tyder på at det også hadde vore to bruk først på 1300-talet. Eigarar av dei to bruk i 1647 og 1723 var: Prestebolet i Vik 0,75 laupar, Arnafjord kyrkje 0,75 laupar, i alt 1,50 laupar.
Lnr 26 Hellane
2,68 spd = bnr 58/1 4,06 mark. Eigar i 1723: Vik prestebol 0,75 laupar. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,13 laupar. Frikjøpt frå benefisert eige i 1842. Data for 1845: 7,4 daa blandkorn, 1,4 daa poteter, 1 hest, 16 storfe, 24 smalar og 1 svin.
Her var Botolv i 1645, gift med Dorte Johannesdtr. I 1667 var Kristen Rognaldson (1630–) leiglending, og han hadde ikkje søner med seg på bruket. Omkring 1690 var Jens Person Nese (1660–) frå lnr 41+42 brukar, og han var gift med Solveig Hansdtr Valsvik (–) frå lnr 33. Jens hadde broren Johannes på Undi. Vi kjenner til borna: Hans 1689, Brita (lnr 27), Gunhild 1691 og Per 1698 (sjå note lnr 47 Nese). Før 1701 vart Solveig attgift med Hans Person Kvamme (1660–) frå Kvamsøy sokn. Dei fekk ikkje born. Gunhild Jensdtr Hellane (1691–1774) & Amund Lasseson Dale (1694–1746) frå lnr 23 fekk: Jens 1723 (drukna før 1762), Brita 1724, Ola 1727 (lnr 16 Holane), Solveig 1728–46, Lars 1733–62? (døydde som soldat i Holstein), Hans 1737 (lnr 58 Hanekam). Gunhild vart attgift 1749 med Rognald Kristenson (Nissestad) Flete (1684–1770). Han var enkjemann på lnr 18 Flete og Gunhild flytta dit. Brita Amunddtr Hellane (1724–1800) & 1748 Knut Sjurson Vollavik (1721–1772) fekk Gunhild 1749–49, Synneva 1749–49, Synneva 1750–50?, Amund 1751–51?, Synneva 1753. Brita vart attgift 1773 med enkjemann Endre («Skaffargard») Le og flytta til lnr 20 Le. Synneva Knutdtr Hellane (1753–1821) & 1773 Jon Olason Valsvik (1748–1809) frå lnr 31 fekk: Brita 1774–92, Brita 1776–1842 (døydde på Hellane), Knut 1779–80, Kari 1780–90, Knut 1781 (lnr 32 Ådlane), Turid 1785 (lnr 30 Valsvik), Ola 1788, Lars 1791 (plass Ådlane), Brita 1794 (plass Åsberget), Gunhild 1798–98. Ola Jonson Hellane (1788–1838) & 1813 Brita Steffendtr Holane (1791–1822) frå lnr 17 fekk: Jon 1813 (lnr 60 Vetlesand), Steffen 1815 (bnr 56/6 Dale), Synneva 1817–17, Knut 1818–77 (ugift tømmermann og snikkar, døydde i Valsvik), Synneva 1820 (lnr 31a Valsvik), Ola 1822–1838. Brita døydde på barselsseng. Ola vart attgift 1824 med Ragnhild Botolvdtr Espesete (1796–1826) frå lnr 93 i Vik og dei fekk Brita 1825–25 og Ragnhild 1826 (lnr 14 Nissestad). Også denne kona døydde på barselsseng. Ola gifte seg for tredje gong 1827 med Synneva Botolvdtr Espesete (1799–1894). Born: Åsa 1828 (USA 1856), Brita 1830 (lnr 16 Holane), Botolv 1832 (USA 1854), Jon 1835–35, Jon 1836 (USA 1856). Synneva vart attgift 1842 med Elling Olason Sæbø (1809–1894) frå lnr 3 Sæbø i Vik og dei fekk Ola 1843. Synneva og Elling vart båe gravlagde 23. januar 1894. I 1846 vart bruket skøytt til: Ola Ellingson Hellane (1843–1879) & 1868 Ingeborg Larsdtr Hellane (1841–1904) frå lnr 27. Born: Dorte 1866, Elling 1869, Ola 1879. Enkja Ingeborg reiste med borna til USA i 1883 og bruket vart selt til: husmannsson Ola Tollakson Dale (1850–1924) & 1879 Gjertrud Sjurdtr Hallsete (1860–1937) frå lnr 38. Born: Tollak 1878–78, Birte 1880–80, Tea 1881, Ragnhild 1885 (lnr 9 Liktvorane), Brita 1888 (Nå i Hardanger), Sjur 1891 (Høyanger), Jon 1893 (bnr 58/4), Johannes 1896 (lnr 21 Dale), Synneva 1899 (Nå i Hardanger), Hans 1901 (Bergen). Tea Oladtr Hellane (1881–1958) & 1908 Jakob Jonson Fosse (1881–1949) frå Eksingedalen pakta eit bruk på Dale frå 1910, men fekk skøyte på dette bruket i 1913. Jakob var barnebarn til Brita 1842 frå plass 2 på Nese. Born: Ola 1908 (bnr 59/16 Valsvik), Johan Bertin 1910 (bnr 60/5 Åse), Magnus 1912, Bjarne 1915 (bnr 60/19 Åseberget), Johannes 1917–89 (ugift, budde i kårstova), Gudrun 1919–77 (Florø), Torhild Gjertina 1922–89 (Høyanger). Gudrun 1919 og Torhild 1922 budde som pensjonistar i eit kjellarhusvære i Nedste Hopperstadmarki nr 23 i Vik. I 1920 delte Jakob bruket med Jon 1893.
Bnr 58/1 Hellane 1,93 mark. Jakob og Tea hadde dette halvbruket til 1958. Då overtok: Magnus Jakobson Fosse (1912–1981) & 1944 Hanna Maria Ivardtr Dale (1910–2003) frå lnr 21a. Born: Tordis Ingrid 1945 (Stokkebø i Balestrand). Siste brukar var Magnus. Eigar etter 1981 har vore Tordis Ingrid 1945.
Bnr 58/4 Øvrebø 1,92 mark. Jon Olason Hellane (1893–1961) & 1917 Anna Simondtr Gudvangen (1887–1975) frå Gudvangen fekk: Gunhild 1918 (Fotlandsvåg på Osterøy), Ole 1919, Olga Bertina 1921 (Årdalstangen), Agnes 1926 (bnr 53/4 Flete), Håkon 1929 (Årdalstangen), Sverre 1924 (sjå note). Anna hadde dottera Marta Bruflat (Høyanger) før ho gifte seg, og Jon hadde Gudrun Sofie med Hanna Dortea Lilleøren (1891–1970) frå bnr 1/85 på Vetleøyri. Ole Jonson Hellen (1919–1996), ugift, var den siste som dreiv bruket. Systersonen Johannes Sverreson Flæte (1956–) driv bruket frå bnr 53/4 Flete.
Sverre Jonson Hellen (1924–) gifte seg med Gunvor Larsdtr Kjelven (1932–) frå bnr 62/1. Dei busette seg på Årdalstangen.
Lnr 27 Hellane
2,68 spd = bnr 58/2 4,06 mark. Eigar i 1723: Arnafjord kyrkje 0,75 laupar. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,13 laupar. Frikjøpt frå tidlegare kyrkjegods (Arnafjord kyrkje), eigd av Daae-ætta, ved auksjonsskøyte i 1888. Data for 1845: 7,4 daa blandkorn, 1,4 daa poteter, 1 hest, 16 storfe, 24 smalar og 1 vinterfôra svin.
Anders Kristenson (1594–) og Ragnhild Oladtr var her i 1645. I 1667 hadde Anders med seg fire søner: Johannes 1641, Botolv 1650, Styrk 1653 og Knut 1656. Desse sønene blir borte for oss. I 1701 var Eirik Andersson Hellane (1652–1741) brukar. Han var gift med Marta Amunddtr Dale (1660–1741) frå lnr 23. Vi veit om borna: Anders 1695, Amund 1698 og Ragnhild 1706 (Stavedal). Anders Eirikson Hellane (1695–1765) & 1730 Brita Jondtr Nese (1688–1765) frå lnr 47 var barnlause. Etterfølgjaren var kanskje ein gut som Brita hadde fått med ein som heitte Per, eller han var fosterson. Anders Person «Hellane» vart konfirmert i 1745 og gift med same stadnamn. Ein nærliggjande tanke er at det var Per 1698 på nabobruket på Hellane som var faren. Per vart i 1741 gift med Gitlaug Jondtr, ei syster til Brita. Anders Person (1726–) & 1749 Brita Hansdtr Le (1716–1772) frå lnr 19 fekk borna: Ingeborg 1749, Hans 1751 (lnr 14 Nissestad), Sigrid 1754–1811 (ugift, døydde i storskreda på Nese), Halvar 1758 (Hanekam). Anders vart attgift 1776 med husmannsenkja Ingeborg Eirikdtr (Valsvik) Åsberget (1786). Dei var barnlause. Ingeborg Andersdtr Hellane (1749–1785) & 1775 Ola Vilhelmson Dale (1749–1821) frå lnr 21+22 fekk: Brita 1775 (til plass Holane), Kari 1777, Gjertrud 1780, Vilhelm 1781 (lnr 21 Dale), Gjertrud 1783 (plass 5 Nese). Ola vart attgift 1785 med Ragnhild Jakobson Ekse (1767–1858) og fekk Jakob 1786, Ingeborg 1788 (lnr 14 Nissestad), Gjertrud 1791–1821, Tor 1793–1880, Brita 1795 (plass Holane), Gjertrud 1798–1830, Ola 1801–01, Kari 1802 (lnr 49 Otterskreda), Guri 1805 (lnr 23b Dale). Tor 1793 var «vanvittig» i 1860 og det vart årleg utbetalt forpleiingsbidrag. Han var plassert hjå systera Kari på Otterskreda i 1846 og nokre år til, men døydde på Tenål. Ragnhild 1767 vart attgift 1823 med Eirik Johannesson Hallsete og flytta til han på lnr 37. Jakob Olason Hellane (1786–1870) & 1815 Gjertrud Tolleifdtr Fjærestad (1794–1864) frå lnr 95+ 97 i Vik hadde bygslinga 1820–59. Far til Gjertrud var frå lnr 21+22 Dale. Born: Ragnhild 1817 (USA 1856), Brita 1820–25, Ola 1824–1912 (ugift, USA 1857, men døydde på Bolstad i Kvamsøy sokn), Ola 1827 (lnr 23b Dale), Brita 1829, Knut 1832 (USA 1856). I 1859 gjekk bygslinga til: Lars Person Tennefoss (1834–) & 1858 Brita Jakobdtr Hellane (1829–1908). Born: Per 1859–60, Per 1861–61, Jens 1862 (USA 1906), Gjertrud 1865, Marta 1867 (Indre Nesse), Jakob 1871–71, Per 1873 og Ingeborg 1876. Huslyden flytta til lnr 15 Bungane. Neste leiglendingspar frå 1862 var: Lars Bendikson Austrheim (1806–1898) & 1840 Durdei Johannesdtr Måren (1814–1878), båe frå Kyrkjebø. Dei hadde før pakta eit bruk i Frivik i Kyrkjebø. Born: Nilla 1838–80 (ugift, heime), Ingeborg 1841 (lnr 26), Bendik 1843, Johannes 1845 (USA 1875), Ola 1848 (lnr 45c på Klubben, Nese), Hans 1850 (sjå note lnr 17 Holane), Lars 1852 (sjå note), Johanna 1857 (sjå note lnr 20a Le). Bendik Larsson Hellane (1843–1927) & 1870 Gjertrud Marie Klausdtr Dale (1841–1925) frå lnr 21 overtok bygslinga i 1880. Born: Lars 1870–70, Dorte 1871 (lnr 18a Flete, sjå under Hola), Kari 1874 (lnr 40a Frettheim), Johanna 1879 (lnr 18a Hola). Gjertrud hadde òg Johannes 1863 (USA 1883) med husmannsson Elling Hansson Dale (1839–). Gjertrud (Dale) Hellane vart lagd inn på den nye gamleheimen i 1920. I 1912 selde Bendik bruket til Ola Andreasson Le (1877–1967). Ola hadde teke over lnr 20b Le i året 1900 og var så med huslyden ei tid på Åsberget. I åra 1915–21 pakta dei Leikanger prestegard. Huslyden kom så til bnr 56/4 Dale, sjå meir der. Johannes Olason Nummedal (1864–1941) & 1896 Marta Johannesdtr Le (1871–1948) frå lnr 19b kjøpte bruket. Dei kom frå bnr 8/3 Reset på Seljadalen. Born: Brita 1896 (Voss), Durdei 1897–98, Olav 1898–1912, Johannes 1900 (bnr 59/19 Valsvik), Nils 1904–04, Dina 1905 (Voss), John 1907 (Voss), Lovisa 1911 (Voss). I 1944 vart bruket skøytt til John Johannesson Nummedal (1907–). Han var ugift og flytta til Voss etter 1945. Han budde saman med systrene Lovisa og Dina i eige hus på Voss resten av livet. Bruket vart drive i ca 20 år frå bnr 59/19 av Johannes Johannesson Nummedal (1900–1978) & 1934 Anna Lassedtr Lee (1912–1995) frå lnr 20a. Dei var så ei tid på Hellane for å driva sauehald. John 1907 selde i 1988 bruket til Ottar Johannes Johannesson Nummedal (1936–) frå bnr 59/19. Han gifte seg 1966 med Klara Larsdtr Kjelven (1940–) frå bnr 62/1. Dei er busette på Husnes i Kvinnherad og har bnr 59/19 som ferieplass.
Lars Larsson Hellane (1852–) fekk Daniel 1872–72 og Lussi 1874–78 med Synneva Larsdtr Nese (1848–1893) frå plass 9 Nese. Lars reiste til USA i 1874. Synneva vart gift til lnr 13b Limmesand.