Hallsete

Hallsete (hallsæte): Halsetter (1563), Hallesetter (1567, 1603, 1611), Hallesetter (1647), Halsetter (1667, 1723), Hallesæter (1863), Hallsæter (1838, NG), Hallsete (VIK). Familienamnet er vanlegvis skrive Halset.

I 1802 vart det skrive at dei to bruka på Hallsete var farlege buplassar og utsette for jord- og steinskred.

Lnr 37+38 Hallsete

Bondeeigd 1647: Hans Tue 2,70 laupar, Eirik Åse 0,33 laup, Elling Nesse 0,18 laup. Bruk 1:1,50 laupar, bruk 2: 1,43 laupar. Matrikkelskyld i 1723: 2,50 laupar.

Hallsete var med i skattelistene i 1563 og bonden var «halffparttenn jordeigende». Hallsete var ein av dei første gardane i Arnafjord sokn som kom i drift etter øydetida. Namnet på bonden vart skrive «Andfindt po Halesetter» i 1563 og «Anndffinnd po Hallesetter» i 1567. I 1603 var Trond der og i 1611 Tor. Det var kanskje to skrivemåtar for same namnet. I 1635 var Johannes Hallsete leiglending. I 1645 var Tor Simonson Finnen (–) og Guri Styrkdtr på garden og dei hadde med seg borna: Sjur, Margrete og Ingeborg. Ein Gudmund Torson, som var dreng på Tenål i 1667, var truleg også frå Hallsete. Bestefar til Tor var adelsmannen Samson Ingebrigtson Finnen. I 1647 var garden Hallsete delt i to nokså like bruk, og med Tor og sonen Sjur som leiglendingar. Då vart det skrive at Tor var «slet forarmet». I 1655 eigde Hans Tue i Balestrand framleis det meste av bruket, men drifta av bruket var samla under Sjur Torson Hallsete (1613–). I 1667 hadde han sønene Ola 1651 (på Sæbø i Brekke i Ytre Sogn i 1701), Tor 1659 og Per 1661 (dreng i Holane i 1701). Dei vart alle borte frå bruket, for i 1685 er det Ola Larsson (1627–) som er brukar og han åtte mest heile garden. Han kom frå lnr 17 Holane, og vi trur andre kona hans, Sigrid Johannesdtr ( 1698) hadde arva eiga som Hans Tue hadde i bruket. Hans hadde ein systerson på Ytre Ese som heitte Johannes, og vi kan gissa på at han var far til Sigrid. Born: Kari 1660 (lnr 23 Dale), Bothilda 1669 (lnr 68 Ovri), Johannes 1670, Lars 1671–1747 (Rutle i Gulen), Mons 1674 (på Hallsete i 1701). I den gamle bygdeboka er det skrive at Mons kom til Frettheim, men det er tvilsamt. Johannes Olason Hallsete (1670–1752) & Brita Anfindtr Svardal ( 1721) frå lnr 10 fekk: Ola 1703 (gjestgjevar, Tune i Ortnevik, sjå òg v374 i del 3), Sigrid 1711 (lnr 30 Valsvik), Brita 1714 (sjå note), Ingeborg 1716 og Kari. I 1724 eigde Johannes 2,08 laupar i garden. Han vart attgift med Anna Sjurdtr (1685–1762). Dei hadde ikkje born. Anna hadde ei syster Lussi Sjurdtr (1678–1762) på Nese (og som vi ikkje har funne buplassen til). Dei vart gravlagde same dag. Dette var ein haust med svært mange dødsfall for gamle folk. Smittekjelda for dei to var kanskje Johannes Guttormson på lnr 45 Nese. Han hadde kome sjuk heim frå soldatteneste i Holstein. Anna døydde 4. november 1762 og gravferda var ein månad seinare! Svært lang tid før gravferda var ikkje uvanleg når det var sterk kulde over lang tid. Ingeborg Johannesdtr Hallsete (1716–1787) & 1740 Lars Nilsson Åse (–) frå lnr 34 fekk: Johannes 1740, Sjur 1743, Brita 1746 (lnr 40 Frettheim), Elling 1748 (sjå note), Johannes 1751 (lnr 59 Stavedal), Anna 1753 (lnr 34 Åse), Kari 1756 (lnr 15 Bungane), Nils 1760 (sjå note). Garden vart delt mellom sønene Johannes 1740 og Sjur 1743.

Brita Johannesdtr Hallsete (1714–1792) & 1736 enkjemann Botolv Jonson Brekke (–) frå Ortnevik budde i Ortnevik. Dei fekk mange born som døydde små eller drukna, unntak er Johannes 1745 som kom til lnr 59 Stavedal. Brita vart attgift 1751 med Knut Torson Sylvarnes ( 1785). Av fire born kom Brita 1754 til lnr 50 Geithus.

Elling Larsson Hallsete (1748–1823) & 1777 Brita Ivardtr Bungane (1753–1806) frå lnr 15 busette seg på Ytre Tennefoss. Nils Larsson Hallsete (1760–1810) & 1789 Anna Perdtr Nese (1745–) frå plass 16 var plassfolk utan jord på Hallsete i 1801. Dei fekk ikkje born.

Lnr 37 Hallsete

3,64 spd = bnr 61/1 5,43 mark. Sjølveigd bruk. Matrikkelskyld i 1838: 1,25 laupar. Data for 1845: 7,5 daa blandkorn, 2,8 daa poteter, 2 hestar, 14 storfe, 24 smalar, 2 vinterfôra svin.

Johannes Larsson Hallsete (1740–1821) & 1765 Anna Eirikdtr Øvre Hove (1730–1816) frå lnr 74 i Vik fekk: Eirik 1767, Ola 1769 (lnr 59 Stavedal). Eirik Johannesson Hallsete (1767–1860) & 1796 Ragnhild Ivardtr Bungane (1767–1821) frå lnr 15 fekk: Ivar 1796, Sigrid 1798 (lnr 33 Valsvik), Johannes 1802–02, Anna 1803–08, Johannes 1807 (plass 21 Nese), Anna 1809 (plass Finnabotnen). Eirik hadde lånt pengar av enkja Anna Holstad på lnr 86 i Vik. I 1820 skulda han 50 spd. Då vart avtalen at siste avdrag på 20 spd skulle betalast på hausttinget i 1821. Eirik vart attgift 1823 med enkja Ragnhild Jakobdtr (Ekse) Hellane (1767–1858) på lnr 27. Dei fekk ikkje born. I skiftet etter Ragnhild vart eiga i bruket delt mellom Eirik og borna. Først i 1830 var all eige på nytt samla på ei hand. Det må ha vore vanskelege eigarforhold, for i 1824 fekk Ivar Eirikson auksjonsskøyte på bruket. Ivar Eirikson Hallsete (1796–1868) & 1824 Gjertrud Johannesdtr Åse (1792–1858) frå lnr 35 fekk: Karen 1826–26, Ragnhild 1827 (lnr 38), Johannes 1830, Ola 1833 (USA 1861), Elling 1837 (USA 1861, sjå òg plass i Hólaviki under lnr 16). Johannes Ivarson Hallsete (1830–1898) & 1854 Brita Tolleifdtr Geithus (1830–1886) frå lnr 50 fekk: Ivar 1855, Karl 1856 (lnr 45 Nese), Gjertrud 1859–59, Gjertrud 1861 (USA 1899), Tea 1865 (lnr 53b Finnabotnen, så bnr 61/3), Johan 1867 (USA 1892), Birte 1869 (Kjelven), Ola 1872–1954 (USA 1892), Elsa 1875–91 (datt utfor eit stup i Finnabotnen). Johannes hadde bruket 1859–86. Ivar Johannesson Hallsete (1855–1897) & 1884 Eli Simondtr Vollavik (1853–1896) frå lnr 54 fekk: Johannes 1885–1916 (oppfostra på lnr 53b Finnabotnen, fekk epilepsi, vart sinnsjuk, døydde på Vikum i Gaular), Sjur 1887 (oppfostra på lnr 35 Åse, USA 1905), Lars 1888 (oppfostra på bnr 62/2+3 Kjelven, USA 1904). Simon 1890–90. Ivar fekk tæring, og Eli vart spedalsk og døydde av det. Vi kan merka oss at dei vanskelege forholda vart ordna opp i utan inngrep av fattigstyret. Men etter den katastrofale utviklinga innan familien, vart bruket i 1898 skøytt frå buet etter Ivar Hallsete til Johannes Dale. Kanskje etter trussel om odelssøksmål vart bruket i 1899 delt i bnr 61/1 2,72 mark og bnr 61/3 2,71 mark.

Bnr 61/1 Hallsete 2,72 mark. Johannes Johannesson Dale (1873–1924) frå lnr 21 (men oppfostra på Nissestad) & 1900 Gjertrud Johandtr Midlang (1868–1939) frå lnr 98 i Vik fekk: Anna 1901–24 (lungebetennelse). Frå buet etter Johannes gjekk bruket i 1926 til: Johan Andersson Hønsi (1895–1990) & 1923 Marie Alette Olavdtr Solheim (1948–1982) frå Kvinnherad. I åra 1848–56 eigde Johan òg lnr 83b Hønsi. Born: Anders 1923 (overtok bruket på Hønsi), Anna Ragnhild 1925–96 (flytta til Hønsi), Olav 1929–2003 (Bergen), Astrid 1931 (Florø), Kåre 1934. Kåre Johanson Hønsi (1934–2003) & 1963 Jenny Ingebjørg Johandtr Fosse (1940–) frå bnr 60/5 Åse fekk: Jorunn 1965 (Oslo, sjå òg bnr 97/246 under lnr 189a Midttun, Vangsnes), Jarle 1967. Jarle Kåreson Hønsi (1967–) & sb Turid Kjelldtr Christensen (1971–) frå Nedste Hopperstadmarki nr 25 i Vik har: Kjersti 2005. Jarle paktar bruket. Turid har før Thomas 1990 med Alfred Kollsete (1970–), Prestvegen 22 i Prestberget i Vik.

Bnr 61/3 Hallsete 2,71 mark. Til dette halvbruket kom frå Finnabotnen i 1899: Tea Johannesdtr Hallsete (1865–1931) og andre mannen, Johannes Torkjellson Le (1865–1926) frå lnr 20a. Born: Brita 1894–95, Birte 1896 (bnr 61/2), Birgitte Gjertine 1897, Torkjell 1899–1902, Ingeborg 1902–02, Thea 1903–03, Torkel 1905 (bnr 59/17 Valsvik), Johannes 1909 (Løken i Høland). Om born i første ekteskap; sjå Finnabotnen. Birgitte Gjertine Hallsete (1897–1972) & 1920 Harald Andersson Balevik (1895–1976) frå Bale i Balestrand overtok i 1926. Born: Johannes 1921, Helga 1925 (bnr 60/13 i Åsberget), Anders 1930 (Morki), Thea 1932 (Prestteigen-Midlang i Vik), Alvhild 1937 (Ortnevik, så Aurland, sjå òg bnr 75/6 Alrek). Johannes Haraldson Balevik (1921–1992) & Ingebjørg Andersdtr Bystøl (1911–1997) frå Myrkdalen har: Gullaug 1948 (Bømlo), Berit 1950 (bnr 2/48-2 i Røysane-Vange), Harald 1953–56, Harald Arne 1958. Harald Arne Johannesson Balevik (1958–) & 1982 Gerd Marie Bystøl (1959–) frå Voss har: Leiv Johannes 1982, Torgeir 1992, Anna-Birgitte 1993, Oskar-Andreas 1998. Leiv Johannes Haraldson Balevik (1982–) & sb Lilly Torget Nesse (1987–) frå bnr 52/15-3 Odlane har: Eirin 2008. Dei bur i 2008 på bnr 41/51 i Villastrøket-Sjøtun i Vik.

Lnr 38 Hallsete

3,64 spd = bnr 61/2 5,43 mark. Sjølveigd bruk. Matrikkelskyld i 1838: 1,25 laupar. Data for 1845: 7,5 daa blandkorn, 2,8 daa poteter, 2 hestar, 14 storfe, 24 smalar, 1 vinterfôra svin.

Sjur Larsson Hallsete (1743–1835) & 1778 Brita Oladtr Holane (1750–1816) frå lnr 17 fekk: Lars 1780, Brita 1783 (lnr 13 Limmesand), Ola 1785 (lnr 59 Stavedal). Lars Sjurson Hallsete (1780–1858) & 1810 Ingeborg Rognalddtr Åse (1781–1843) frå lnr 34 fekk: Sjur 1811, Anna 1813–97 (ugift, fekk under etternamnet Dale fattighjelp frå 1894, døydde på Vikøyri), Brita 1815–16, Brita 1817 (USA 1856), Ingeborg 1819 (lnr 22 Dale), Rognald 1823 (lnr 34 Åse). Sjur Larsson Hallsete (1811–) & 1834 Ingrid Ingebrigtdtr Frettheim (1807–) frå lnr 40 fekk: Lars 1833–33, Ingeborg 1835, Lars 1838, Gjertrud 1842. Huslyden reiste til USA i 1854. Sjur Kristofferson Kjelven (1822–1870) & 1855 Ragnhild Ivardtr Hallsete (1827–1899) frå lnr 37 kjøpte bruket. Born: Gjertrud 1854–55 («ihjellagt av moderen»), Gjert 1855–55, Gjertrud 1857, Gjertrud 1860 (lnr 26 Hellane), Kristoffer 1862–62, Ivar 1864–65, Guri 1866–1918 (ugift, heime). Gjertrud Sjurdtr Hallsete (1857–1934) & 1881 Jon Tollakson Dale (1855–1914) frå Almeplassen på Dale fekk: Sjur 1881–87, Tor 1883 (USA 1904), Ivar 1885, Sitona 1888–1956 (ugift), Brita 1890–90, Ola 1891, Brita 1894–1929 (Askøy, sist Bøfjorden), Johan Georg 1896 (bnr 62/2 Kjelven), Edvard 1898 (bnr 63/4 Frettheim). Gjertrud hadde òg Kristoffer 1875–1957 (ugift dreng på bnr 63/2 og bnr 63/4) med Torstein Andersson Vamråk (1846–) frå Ortnevik. Torstein var i 1875 dreng på bruket. Han budde i fjøset saman med dei to yngste døtrene kanskje òg med den tredje før ho vart gravid. Torstein «Halset» reiste til USA i 1876. I 1918 vart bruket delt mellom to brør i bnr 61/2 og bnr 61/4.

Bnr 61/2 Hallsete 2,72 mark. Ivar Jonson Hallsete (1885–1974) & 1922 Birte Johannesdtr Hallsete (1896–1987) frå bnr 61/3 fekk: John 1923, Johannes 1925 (Bærum), Gjertrud 1927, Tora Bergitta 1929. Gjertrud og Tora er ugifte og dei bur no i kårhuset. Ivar og Birte fostra òg opp Bergljot 1909, ei dotter til Birte Marie Pederdtr Ytredal (1889–1963) frå Gaular. Birte Marie gifte seg 1925 til bnr 65/2 Otterskreda, sjå meir om Bergljot der. John Ivarson Halset (1923–) & 1954 Borgny Ingvalddtr Åsberg (1933–) frå bnr 60/4 på Åsberget har: Inghild Johanne 1955 (sjå bnr 60/31 under bnr 60/4 Åsberget) og Ivar Johannes 1958 (bnr 60/4 Åsberget). Bnr 60/4 Åsberget kom inn under eigedomen. I 1990 overtok Ivar Johannes Johannesson Halseth (1958–) og bygde bustadhus, bnr 61/7. Det vart 1997 selt til John Halset på bnr 61/4. Om Ivar: sjå meir under bnr 60/4 i Åsberget. Bruket vart i 1997 overteke av Harald Arne Balevik (1958–) på bnr 1/3. Bustadhuset (bnr 61/8) er eigd av Inghild Johanne, og kårhuset (bnr 61/9) er eigd av Ivar Johannes.

Bnr 61/4 Solheim 2,71 mark. Ola Jonson Hallsete (1891–1948) & Helga Andersdtr Balevik (1898–1977) frå Balestrand fekk: John 1923, Alfred 1925 (sjå note), Gunnar 1930 (bnr 53/1 Flete, sjå under Hola), Brita-Helga 1935 (Kverneland, Time). Helga 1898 var syster til Harald 1895 på bnr 61/3. John Olason Halset (1923–1985) & 1949 Birgit Ragnvalddtr Skjerdal (1918–) frå Aurland fekk: Åshild 1950 (Oppdal), Olav 1953, Ragnvald 1955 (Oslo). Olav Johnson Halset (1953–) & 1974 Edith Alice Auganes (1954–) frå Ålvik har: John 1975, Tommy 1976 (bnr 97/37-14 Tråna, Vangsnes), Hans-Tore 1981 (sjå bnr 40/40 under Gildhus i Vik). John Olason Halset (1975–) & 2001 Thale Charlotte Haaland Thorsen (1973–) frå bnr 41/19 i Villastrøket-Sjøtun: Ola 1999, Eirik 2000, Mari 2002, Birgit 2004. Dei bur på bnr 61/7, frådelt bnr 61/2.

Alfred Olason Halset (1925–) gifte seg med Anna Oladtr Dale (1926) på lnr 24b. Dei busette seg på Kverneland, Time.