Geithus

Geithus (jaitus): Gæithusum (ca 1320), Giedhus (1647), Giedhuus (1567, 1611, 1667, 1723), Gedhuus (1838), Gjedhus (1863), Gjethus (NG), Geithus (VIK).

Lnr 50 Geithus

4,86 spd. I 1647 var 0,13 laupar eigd av Vik prestebol og 1,16 laupar var sjølveige, i 1723 Vik prestebol 0,13 laupar, Jens Kvamme 0,56 laupar, familien 0,58 laupar. Presteboleiga frikjøpt i 1846. Matrikkelskyld: 1,29 laupar i 1647, 1,67 laupar i 1724 og 1838. Data for 1845: 4,5 daa blandkorn, 1,1 daa poteter, 2 hestar, 15 storfe, 18 smalar, 12 geiter og 2 vinterfôra svin.

Presten for Hopperstadkyrkja eigde i 1330-åra eitt bol i Geithus og garden var då utan tvil i drift. Denne eiga var på 1600-talet kome over på Vik prestebol. Men i tida etter Svartedauden låg garden øyde og kom først i drift att midt på 1500-talet. I 1563 finn vi ikkje Geithus på ei liste over leiglendingsskatt, men garden kan ha vore busett av ein sjølveigar, for i 1567 betalte «Oluff po Giedhuus» leidang. «Geithusbui» eit særmerkt hus med eit glasmåleri i eit vindauga, må vera frå attreisingstida på Geithus. Bui er flytta til Sogn folkemuseum. I 1603 og 1611 var Sakse Olason bonde på Geithus. Han må vera son til «Oluf». Han hadde sonen Einar. Slekta sat med det meste av eiga i bruket. Sakse hadde ei syster Sigrid som var gift med Torgils Heggenes i Ortnevik. Dei selde i 1609 ein mæles leige (= 0,07 0,10 laupar) i Geithus til Sakse. Det må vera eige som Sigrid hadde arva. Sigrid og Torgils hadde ei dotter Gjertrud. Ho var gift med Nils Markusson på Ulvestad i Vetlefjorden. Dei kom seinare til Hopperstad og dreiv storbruket lnr 117+118+121. Nils hadde kjøpt ein lut av Geithus av Per Hansson Holane og Torbjørn Hansson Lunde (i Tjugum skipreide) i 1624. Dei to var brør og slekta truleg til Geithus. I 1628 selde Nils Hopperstad (med kona sitt samtykke) denne eiga i Geithus til Einar Sakseson Geithus. Nils Mortenson Skarsbø i Norum skipreide var gift med Astrid Einardtr Geithus. Nils gav på tinget i 1635 opp at han ca 1629 hadde selt ei mæles leige i Geithus til Einar Sakseson. Einar hadde dermed fått samla familieeiga i Geithus på ei hand. Einar Sakseson Geithus (–) var bonde på Geithus i 1635, 1645, 1647 og 1655 og eigde 1,16 laupar i bruket. Einar var i 1645 gift med Ragnhild Amunddtr (–) og dei hadde då Sakse 1610, Lasse 1616 og Gunnar 1620 og truleg Astrid. I 1667 var garden delt mellom Lasse og Gunnar. Sakse fekk Finnabotnen. Lasse Einarson Geithus (1616–) hadde sønene Jon 1658 og Ola 1659, og han dreiv 0,75 laupar. Det var òg ein «husmann» Fredrik Andersson (1624–) på garden, og han hadde sonen Hans 1662. Gunnar Einarson Geithus (1620–) dreiv 0,8 laupar av Geithus. Han hadde i 1667 sonen Einar 1662. Kona til Gunnar hadde truleg vore enkje to gonger før og hadde i 1667 sønene: Johannes Botolvson 1654, Botolv Trondson 1657 og Lars Trondson 1661. Desse borna blir borte, og arvingar etter Gunnar var døtrene Ingeborg 1672–1744 (levde ugift i Finnabotnen, døydde på Limmesand) og Ragnhild. Huslyden til Lasse døydde truleg ut omkring 1675, og seinare dreiv Gunnar heile garden, men då som leiglending for eigardelen etter Lasse. Sakse Einarson i Finnabotnen må ha overteke det meste av eiga etter Lasse, for han eigde 0,57 laupar i Geithus. Eiga etter Gunnar i Geithus vart delt likt mellom døtrene, 0,29 laup til kvar. Ingeborg Gunnardtr og arvingane etter Sakse Einarson bygsla i 1695 bort eiga si i Geithus på livstid til Hans Bjørnson Otterskreda (1664–1735) & Ragnhild Gunnardtr Geithus ( 1709). Men ein son til Sakse Einarson i Finnabotnen, Jens Kvamme, var ikkje nøgd med det. Han tok seg til rette med skogshogst og ført bort nokre jektefartar med ved. Av dom på sommartinget i 1715 går det fram at retten hans til skog på Geithus var langt meir avgrensa enn dette. Hans og Ragnhild fekk: Bjørn 1697 (lnr 13 Limmesand), Ragnhild (plass Limmesand), Torbjørg (gift med Ola Olason Seimsøyri, og dei var truleg foreldre til ein ny Ola på Seimsøyri, sjå s184 i del 3), Gunnar (død ca 1708). Hans Bjørnson vart attgift med Gjertrud Tolleifdtr Dale (1676–1765) frå lnr 21+22. Born: Tolleif 1711, Ragnhild (Vikøyri v744), Ingeborg 1716–41 (ugift), Gjertrud 1718 (lnr 40 Frettheim), Hans (lnr 49 Otterskreda), Elling 1725 (Koldingsnes i Kvamsøy sokn). Om Gjertrud 1676 vart det i 1763 skrive at ho var ei gamal og sengeliggjande «moder», «syk og uformuende». Tolleif Hansson Geithus (1711–1777) & 1746 Ingeborg Eirikdtr Valsvik (1716–1771) frå lnr 29 fekk: Gjertrud 1747–51, Gjertrud 1748 (plass Finnen), Bjørn 1751, Gjertrud 1753 (Ytre Tennefoss), Alis 1753 (plass Geithus), Lussi 1756. Bjørn Tolleifson Geithus (1751–1830) & 1778 Brita Knutdtr Brekke (1754–1808) frå Ortnevik fekk: Ingeborg 1779–1830 (ugift), Knut 1782–82? (død før 1801), Knut 1783 (døydde i krigen mot svenskane), Brita 1786 (plassen Hustavenes), Gjertrud 1788 (lnr 43 Nese), Tolleif 1793, Kari 1795 (lnr 44 Nese), Tor 1800 (plass Geithus). Far til Brita 1754 var frå Sylvarnes og mora frå Hallsete, sjå note lnr 36 Hallsete. Tolleif Bjørnson Geithus (1793–1875) & 1819 Gjertrud Oladtr Holane (1797–1879) frå lnr 16 fekk: Knut 1821, Ola 1822–22, Brita 1823 (lnr 54 Vollavik), Bjørn 1825–93 (ugift), Ola 1827–1913 (ugift innerst, skreddar), Brita 1830 (lnr 37 Hallsete), Elling 1833 (lnr 50b Hustavenes), Anfin 1835 (sjå note). I 1859 vart frådelt lnr 50b 1,62 spd, til Bjørn, medan Knut overtok hovuddelen.

Anfin Tolleifson Geithus (1835–) & 1863 Hansina Andersdtr Otterskreda (1838–), husmannsdtr, fekk Anna 1858–1946. Anfin og Hansina var tenarfolk på Geithus. Huslyden fór til USA i 1870. Anna vart der gift med Tor Johannesson Frettheim (1854–) frå lnr 40a.

Lnr 50a Geithus

3,24 spd = bnr 66/1 4,50 mark. Data for 1865: 6,2 daa blandkorn, 2,1 daa poteter, 1 hest, 16 storfe, 40 smalar, 2 vinterfôra grisar.

Knut Tolleifson Geithus (1821–1908) & 1850 Brita Oladtr Holane (1825–1908) frå lnr 16 fekk: Kari 1851 (Indre Nesse), Ola 1854–69, Bjørn 1857, Gjertrud 1859 (sjå note lnr 20b Le), Karl 1862 (USA 1882), Kristina 1865 (lnr 50b), Brita 1868 (USA 1888), Ola 1874 (sjå note). Vi har tidlegare sett at kvinner fødde born då dei var 47 år. Men Brita var over 49 år då ho fekk Ola 1874! I 1884 selde Knut bruket til Markus Jonson Dyrdal (1842–1939) frå Ortnevik sokn fordi sonen Bjørn hadde kjøpt gardsbruk i Nordre Fron i Gudbrandsdalen. Men Bjørn angra på flyttinga og tok att bruket på Geithus på odel i 1886 gjennom eldste son. Markus med huslyd kom til lnr 53a Finnabotnen. Bjørn Knutson Geithus (1857–1936) & 1880 Guri Hermunddtr Linde (1855–1928) frå Kvamsøy sokn fekk: Brita 1881 (USA 1909), Hermund 1883, Karl Olai 1885, Birte 1887–1978 (Tune, Ortnevik), Thea Gjertina 1890–1976 (ugift, USA 1912, deretter Geithus), Kristina 1892 (bnr 64/19 Nese), Per 1895–95, Anton Gerhard 1897 (Fana), Ola Emil 1900–65 (ugift, Ortnevik, så Canada). I 1915 vart bruket delt mellom to brør i ny bnr 66/1 og bnr 66/4.

Bnr 66/1 Geithus 2,30 mark. Karl Olai Bjørnson Geithus (1885–1928) & 1910 Anna Johannesdtr Lavik (1887–1979) frå Skulehuset på Nese fekk: Gudrun 1911 (Haukedalen), Bjørn 1912 (Bale i Balestrand), Brita 1914 (Ortnevik), Ragna 1915 (Florvåg), Johannes 1917 (Balestrand), Dagny 1919 (Florvåg), Trygve 1921 (Øvre Årdal, så Balestrand), Svanhild 1923 (Florvåg), Solveig 1927 (Arna). Karl kom bort i eit snøskred. Enkja reiste med borna frå bruket for å bu meir sentralt. Ho budde i Vats i Ryfylke, i Florvåg og Balestrand, men kom tilbake til Geithus i 1942 ved å gifta seg med Hermund på bnr 66/4. I 1929 vart halvbruket i praksis slege saman med det andre halvbruket på Geithus, men formelt vart det skøytt til ein son til Hermund, Bjarne, som då berre var 10 år. Han eigde dette bruket til 1951, då han skøytte det til broren Olav. Bjarne overtok då bnr 66/4. Olav Hermundson Geithus (1922–) & 1949 Elsa Maria Olavdtr Skarstein (1927) frå Bremanger, ei syster til Ingrid Johanne på bnr 66/4, overtok i 1951. Born: Håvard 1950 (Hatlevegen 11, Prestberget i Vik), Anna Petra 1952 (Sortland i Nordland), Jorunn 1956 (Naustdal), Oddvar 1959 (Florø), Eldbjørg 1962 (Kvammen i Askvoll), Liv Unni 1969 (Førde). Håvard overtok i 2005.

Bnr 66/4 Nygarden 2,20 mark. Hermund Bjørnson Geithus (1883–1966) & 1915 Anna Oladtr Finnen (1888–1937) fekk: Gunhild 1916 (Oslo, så lnr 120 Hopperstad i Vik), Bjarne 1919, Astrid 1920 (bnr 65/1 Otterskreda), Olav 1922 (bnr 66/1), Alvhild 1924 (sjå note), Finn 1925 (Sogndal). Hermund var ei kort tid i Amerika før han overtok bruket. Om Anna: sjå note lnr 47 Nese. Hermund vart attgift 1942 med enkja Anna Johannesdtr (1887–1979) frå bnr 66/1. Bjarne Hermundson Geithus (1919–2002) & 1947 Ingrid Johanne Olavdtr Skarstein (1920–) frå Kjelkenes i Bremanger fekk skøyte på bruket i 1951. Born: Annbjørg 1948 (Kaupanger), Oddrun Petra 1950 (Bekkjarvik i Austevoll), Hermund 1953 (Haugesund), Gunnvor 1956 (Bryggja i Vågsøy), Per Olav 1958, Bjørn Inge 1961 (Førde). I 1988 overtok Per Olav Geithus (1958–), no busett i Prestegardstunet Grov i Vik. Drifta er nedlagd.

Bnr 66/3 Nøstakeren 0,09 mark. Denne vesle parsellen, som ikkje var større enn ei stor villatomt, vart først bortfesta på livstid i 1891, men frådelt i 1894. Anders Torson Geithus (1839–1916) & 1885 Olina Jondtr «Nokken» (1849–1938) hadde ikkje born. Ein bror til Anders, Bjørn, gifte seg med mor til Olina! Olina var ei jente som Marta Oladtr Kvamsøy hadde fått med husmannsson Jon Olason Lindehagen (1821–) før ho gifte seg med Bjørn Torson Geithus. I 1915 flytta Anders og Olina til bnr 60/8 Åsberget, der dei var innerstar. Enkja Olina flytta stova på Geithus til bnr 64/12 i Morki, der ho vart busett. Parsellen bnr 66/3 kom inn under bnr 66/4.

Ola Knutson Geithus (1874–1948) & 1906 Anna Larsdtr Finnen (1879–1929) frå lnr 52 fekk: Brita 1906, Brita 1908, Kristina 1909–1939 (ugift, tuberkulose), Torleif 1912, Anna 1915, Lovisa 1917. Var innerstar på garden, men flytta til Svolsviki 1917, sjå del 3.

Alvhild Hermunddtr Geithus (1924–) gifte seg med Magne Einarson Alrek, ein son til Einar Gullakson Alrek (1868–) frå lnr 63. Dei busette seg i Bergen.