Husmenn
I 1732 døydde ein husmann på Finnen som heitte Johannes og var 77 år. Han har vi ikkje identifisert.
Ola Olason (–) & 1739 Ingeborg Amunddtr (–) fekk: Ola 1739 39, Torbjørg 1746, Ola 1749, Per 1752–75. I 1763 var det berre ein husmann i Finnen og han heitte Ola og hadde ein son Ola «som er svag». Det var truleg Ola 1749 og som vart konfirmert i 1768.
Han bli borte etter 1768. Torbjørg Oladtr Finnen (1746–) & 1772 Eirik Johannesson «Finden» (–) fekk: Anna 1771 og Ingeborg 1775. Eirik var soldat då han gifte seg og var såleis fødd ca 1747. Han var neppe frå prestegjeldet. I 1801 var Anna 1771 på Sylvarnes, og i 1803 gifte ho seg med Nils Eirikson «Sylvarnes». Sylvarnes må vera tenaradresse, men denne karen finn vi ikkje i teljinga i 1801. Dei to blir borte. Ingeborg 1775 fekk Torbjørg 1799–99 med Johannes Olason Nese (1774–1848) frå lnr 42. Ho var på Le i 1801, men blir så borte for oss. Truleg døydde ho før 1818.
Anders Simonson Dyrdal (1744–) frå Kyrkjebø & 1781 Lussi Monsdtr (1754–) fekk: Simon 1781, Anders 1784 (lnr 55 Kyrkjeteig). Lussi vart konfirmert i 1773 med stadnamnet Finnen. Men det må vera tenaradresse. I tillegg var det to andre Mons-døtrer som vart konfirmerte i området, og som vi trur var systrer: Synneva «Sylvarnes» i 1771 og Anna «Vollevik» i 1763. Synneva vart husmannskone i Vollavik og Anna kom til Holaviki, og dei vart gifte med to som var brør. Faren Mons med kone har vi ikkje funne fram til, men dei var neppe busette i prestegjeldet. Anders og Lussi hadde så særmerkte farsnamn at det skulle vera lett å finna dei i folketeljinga i 1801. Då dette mislukkast, er det truleg at dei båe døydde før 1801. Anders hadde ein bror, Lasse, som var husmann på Kyrkjeteig.
Ola Lasseson Nese (1750–1806) frå plass 17 Nese & Brita Rognalddtr Tusvik (1748–1825) frå Kvamsøy sokn fekk: Ragnhild 1781 (plass 7 Nese), Kari 1783 (døydde truleg før 1801), Kjell 1787, Brita 1791. Brita 1748 var uekte barn. Faren var Rognald Person Kvamme og mora Anna Håkondtr Tusvik. Brita var på legd då ho døydde i 1825. Brita Oladtr Finnen (1791–1858) var ugift, fekk fattighjelp som Brita «Dale» frå 1851, fekk ekstra til eit par sko i 1855 og er oppførd som legdslem ved død. Kjell Olason Finnen (1787–1821) & 1815 Ingeborg Jondtr Vollavik (1782–1854) frå lnr 54 fekk: Brita 1817 og Jon 1820. Brita Kjelldtr Finnen (1817–) & 1859 husmannsson Ola Johannesson Brekke (1829–) frå Lånefjorden, Kvamsøy sokn, reiste til USA 1860. Far til Ola, Johannes 1774, var frå lnr 42 Nese. Jon Kjellson Finnen (1820–1897) var ugift. I 1865 var han «logerende» på ein plass i Finnen og var «udygtig til arbeide». Han kom på legd alt i 1869. Han var glad i tobakk slik at det i 1873 vart utbetalt ekstra fattighjelp til slikt innkjøp. Frå 1880 var han bortsett for pleie. Ingeborg 1782 vart attgift 1822 med husmannsson Johannes Person Finnen (1785– 1864). Born: Kjell 1825–25, Gjertrud 1827 (kjem bort for oss). Johannes fekk fattigstøtte i åra 1848–55, truleg for di kona då var sjuk, og på nytt frå 1861.
Ola Ellingson «Finden» (1768–1849) & 1794 Brynhild Andersdtr Finnen (1771–1849) frå lnr 51 fekk: Gjertrud 1795–95?, Gjertrud 1797, Anders 1799 (plass Stavedal), Agata 1801–21, Alis 1804, Ellend 1807 (plass Sylvarnes), Johannes 1810, Ola 1813 (sjå nedanfor), Sjovat 1818 (plass Finnabotnen). «Finden» er utvilsamt tenaradresse for Ola i 1794. Han vart konfirmert i 1789 med ei anna tenaradresse: Alrek. Han er ikkje innført som fødd i kyrkjeboka, men er identifisert ved hjelp av to fadrar for borna hans: «Anna Halset» og «Erich Ellingsen Gjedhus». Eirik var i 1801 komen til Vikøyri, og der vart han gift, sjå Vikøyri v172. Anna Hallsete på lnr 37 var frå lnr 74 Øvre Hove i Vik. Ein bror hennar, Ellend Eirikson Øvre Hove, gifte seg med Gjertrud Oladtr Åse (1733–) frå lnr 34. Dei vart leiglendingar på bruket på Hove, men flytta etter 1763 til Vikøyri v197. Samanblanding av namna Ellend og Elling var vanleg i kyrkjebøkene, og Ellend eller Ellingsønene Eirik 1772 og Ola 1768 var utvilsamt brør frå Vikøyri. Ola Ellingson fekk fattighjelp frå 1847. Gjertrud Oladtr Finnen (1797–) & 1825 Anders Olason Finnen (1797–1832) frå lnr 51 var syskenbarn. Dei fekk: Kristen 1820 (lnr 34b Åsberget), Agata 1825–38 (spedalsk, innlagt på sjukehus i Bergen i 1836), Ola 1827 (lnr 17c Holane). Anders hadde frå før Nils 1823 med Sigrid Oladtr Vikøyri (1802–1852), sjå s044 i del 3. Anders vart spedalsk. Gjertrud vart attgift 1835 til lnr 56 Sylvarnes. Alis Oladtr Finnen (1804–1853) fekk Gyrid 1829 (Vikøyri v632) og Brynhild 1832 med Sjovat Olason Finnen (1804–1876) frå lnr 51. Alis og dottera Gyrid vart spedalske og døydde av det. Brynhild Sjovatdtr Finnen (1832–1907) var døvstum. I 1865 vart ho førd opp som tenestejente i Finnen. Johannes Olason Finnen (1810–) & 1844 Gjertrud Hansdtr Linde (1815–) frå Kvamsøy sokn fekk Agata 1844. Dei reiste til USA i 1845. Ola Olason Finnen (1813–) fekk Brita 1844–44 med husmannsdtr Ragnhild Ellingdtr Vollavik (1821–). Han reiste til Nord-Noreg i 1844. Merk at det var to Ola Olason som vart fødde i Finnen i 1813: ein husmannsson og ein bondeson på lnr 52.
Plass under lnr 51 i 1865: 1,4 daa poteter, 3 kyr, 8 sauer. Sjovat Olason Finnen (1804–1876) frå lnr 51 & 1844 Kari Hermunddtr Nese (1812–1896) frå plass 7 Nese fekk: Ola 1845 (lnr 61 Alrek), Ragnhild 1846, Kristen 1849–79 (spedalsk), Anders 1853–53, Anders 1855. Før det hadde Sjovat tre uekte born: Gyrid 1829 og Brynhild 1832 med husmannsdtr Alis Oladtr Finnen (1804–1853) og Gjertrud 1829 (v096) med husmannsdtr Ingeborg Jondtr Geithus (1801–1875). Om Alis og borna: sjå plassen ovafor. Ragnhild Sjovatdtr Finnen (1846–1891) var ugift, men fekk Severin 1880 med husmannsson Sjur Andersson Åsberget (1850–1923). Sjur kom til ein plass under Vollavik. Severin voks opp på Geithus og vart busett i Trædal i Lavik. I 1875 var Ragnhild busett i fjøsen hjå husmann Johannes Tolleifson i Finnen og det vart skrive at ho tok på seg forskjellig slags arbeid. Anders Sjovatson Finnen (1855–1893) vart lagt inn på Pleiestiftelsen i Bergen i 1888 som spedalsk under namnet Anders Sivertsen. Sjovat og Kari kjøpte i 1873 lnr 61 Alrek og flytta dit.
Plass under lnr 52 i 1865: 0,4 daa poteter, 1 ku og 4 sauer. Per Olason Bjordal (1752–1804) frå Kyrkjebø & 1779 Gjertrud Tolleifdtr Geithus (1748–1826) frå lnr 50 fekk: Ingeborg 1780 (Måren, Kyrkjebø), Ola 1782 (s190), Tolleif 1783, Johannes 1785, Ola 1788, Ingeborg 1793–1830 (ugift, døydde på barselsseng). Huslyden var først på ein plass i Austebø i Kyrkjebø. Per drukna på fjorden. Tolleif Person Finnen (1783–1851) & 1815 Lussi Jensdtr (Føli) Vetleøyri s086 (1785–1830) frå Vik fekk: Gjertrud 1816 (plassen Slåttekvina-Alrek), Brita 1819 (sjå note under bnr 72/3 Hanekam), Sigrid 1822 (lnr 18b2 i Hola), Johannes 1825, Torbjørg 1829–29. Tolleif var dreng på Dale i 1801. Om foreldra til Lussi: sjå Vetleøyri s086. Sjå også s190. Tolleif vart attgift 1831 med Sigrid Perdtr Dalsver (1791–1867). Dei fekk ikkje born. I 1865 vart det skrive at Johannes 1825 «hjelper moderen». Han og Sigrid budde altså saman. Ho fekk fattighjelp frå 1864. Johannes Tolleifson Finnen (1825–1900), «Todleiv-Johans», var ugift, hadde ei ku og fire sauer, men ikkje åker i 1875.
Plass under lnr 52 i 1865: 1,4 daa poteter, 3 kyr, 11 sauer. Ola Olason Finnen (1813–1885) frå lnr 52 & 1843 Brita Ellingdtr Vollavik (1818–1890) frå plassen Åkerviki fekk: Mari 1841, Brita 1844–1928 (ugift, til Vikøyri v242, men døydde som fattiglem på Nese), Ola 1846–66, Brita 1849, Gjertrud 1852, Steffina 1852–52, Ellend 1855 (bnr 73/2 Stavedal), Steffen 1858 (sjå note under Tønderbruket på Seim i Vik). Gjertrud Oladtr Finnen (1852–1926) fekk Birte 1882 med svensk jarnbanearbeidar Johannes Gustavson (1856–). Gjertrud arbeidde kanskje på jarnbaneanlegget Bergen Voss då ho vart gravid. Men ho var på lnr 35 Åse då ungen vart fødd. Der hadde ho ei farsyster som var kårkone. Birte 1882 var i året 1900 tenestejente på Hopperstad. Då mora døydde i 1926, var Birte fattiglem i Bergen. Gjertrud 1852 og systera Brita 1844 var seinare på Vikøyri v242. Mari Oladtr Finnen (1841–1932) fekk Ola 1864 (USA 1871) med husmannsson Endre Hansson Dale (1836–). I 1865 hadde ho barnet med seg i Finnen. Deretter vart ho gift til lnr 18b1 Flete. Brita Oladtr Finnen (1849–1929) fekk Olina 1875 med Ola Jonson Vangsnes (1853–) frå plass 35 Vangsnes og vart så gift til bnr 65/2 Otterskreda. Steffen Olason Finnen (1858–1933) & 1885 Mari Perdtr Vedledna-Seim (1855–1944) frå Vik fekk: Olina 1886. Steffen var jektesiglar. Dei flytta til Lilleås i Kvam i Hordaland og hadde i 1900 fått 5 born til.