Finnen

Finden/Finnen (fiddn): Finde (1563), Finnden (1603, 1611), Finden (1647, 1667, 1723, 1863), Finnen (1838, NG), Finden/Finnen (VIK). Slektsnamnet er Finden.

Lnr 51+52 Finnen

I 1563 betalte «Oluff po Finde» leiglendingsskatt, men han var truleg borte i 1567, for då vart det ikkje betalt leidang for Finnen. Deretter kom adelsmannen Samson Ingebrigtson Tenål til garden. Først eit kort oversyn over adelsfolka på Tenål. Under Tenål har eg skrive at adelskvinna Gutrid Fartegnsdtr var frå Semeleng i Valdres og at ho gifte seg med adelsmannen Anders Jensson. Dei hadde sonen Jens. Jens var i Vik under ekstraskatten i 1522, men vart busett i Bergen og var forretningsmann. Han hadde to søner: Samson, som budde i Luster, og Nils som vart lagmann i Stavanger. Jens Andersson hadde eige i Semeleng i Valdres, Tandla i Luster og Tjugum i Balestrand. Gutrid vart attgift med Peder Islender, og som også må ha vore adeleg. Dei var foreldre til Ingebrigt Person Tenål, som overtok eiga av Tenålgodset. I første ekteskap gifte han seg med ei jente av ikkje adeleg slekt, i det andre med dotter til Olav Aslakson. Olav var i Vik i 1522, men var seinare busett på Fet i Hafslo. Gert Heiberg har skrive at «i ældre tid bodde ridder Oluf Aslakson og sønnen Aslak på setegården Fet i Hafslo.»

I 1591 var Samson med på «Herredagane» i Bergen. «Samson Engelbregtsen på Thønnel» hevda då at han hadde odelsrett til setegarden Fet i Hafslo. Saka vart avvist. Grunnen må vera at her var det ikkje snakk om vanleg arverett, men om rett til adelstittel. Min teori at adelsmannen Olav Aslakson var gift to gonger. Først med ei adeleg kvinne, truleg av Kruchow-ætt. Med henne hadde han ei dotter som vart andre kona til Ingebrigt Person Tenål. Han kan deretter blitt gift med ei «vanleg» kvinne og fått sonen Aslak med henne. Dermed kunne ikkje Aslak føra adelstittelen vidar. Samson hadde dermed vanleg økonomisk arverett til Fet, men ikkje adeleg. Det var det siste som var temaet på Herredagane.

Eg meiner no at Samson Ingebrigtson (Tenål) Finnen (ca 1540–ca 1599) ikkje fann ei adeleg kvinne å gifta seg med. Dermed var det ikkje nokon i slekta som kunne overta godset på Tenål. Det vart difor overteke av Axel Movatt og Børge Juel. Dei var adelege, men ikkje i slekt med Tenål-adelen. Samson Ingebrigtson til Finnen var den einaste adelsmann frå Sogn som møtte opp i Christiania og skreiv under på eit hyldingsbrev til Kongen 18. juni 1591. Saman med underskrifta hadde han eit våpensegl. Sjå illustrasjon.

Samson hadde arva mykje adelsgods, men alt var tilslutt pantsett, og han var ein fattig mann då han døydde. Moritz Båstad fekk hand om eiga i Finnen. Han makeskifta eiga med eige som kongen hadde i bruk på Ask. I 1647 var skylda for lnr 51 og lnr 52 til saman 3,00 laupar og bruka var eigd av kongen.

No i 2023 tolkar eg utskrivinga av leidangsskatten i 1601 til at Samson Ingebrigtson då var død og at sonen Simon var den einaste skattebetalaren i Finnen. I gards- og ættesoga skreiv eg i 2008 at Anna Samsondtr vart gift til Kvamme. Det er feil. Det høver ikkje med alderen. Eg trur no at ho kom til Tjugum i Balestrand, slik det vart hevda i den gamle bygdeboka. Borna til Samson Ingebrigtson Finnen: Ingebrigt (til lnr 51), Simon (til lnr 52), Gudmund (var ei tid medeigar i eit sagbruk i Frønningane, fekk i 1622 borgarbrev i Bergen), Roland (til lnr 4 Hovland), Anna (til Tjugum). Det er sannsynleg at dei alle var fødde innan åra 1560–1575.

Lnr 51 Finnen

4,13 spd = bnr 68/1 6,08 mark. I 1723 1,50 laupar eigd av Blixencrone, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Full sjølveige frå 1848. Matrikkelskyld 2,00 laupar i 1723 og 1838. Data for 1845: 7,5 daa blandkorn, 1,4 daa potet, 2 hestar, 18 storfe, 30 smalar, 10 geiter, 2 vinterfôra svin.

Ingebrigt Samsonson Finnen (–) kjenner vi lite til. Faren hadde stor godseige i Luster og Ingebrigt var med då denne eiga vart først selt ut av slekta. Vi trur han hadde fire søner, men kjenner sikkert berre namnet på to av dei: Samson og Roland. Sakse Ingebrigtson (1610–), som var «husmann» på bruket i 1667, og Ola Ingebrigtson (–), som hadde eige i Fresvik, kan ha vore to andre. I 1626 var Roland Ingebrigtson Finnen (–) brukar i Finnen, men han kjem deretter bort for oss. I 1638 var Ingeborg Kjelldtr Kvamme (–) & Sjur Johannesson (1614–) brukarar av 1,5 laup i Finnen. Sjur var framleis i live i 1701. Born: Kjell 1640 (lnr 53 Finnabotnen), Johannes 1645, Gullak 1649, Mons 1652, Alis (Nissestad). Johannes og Mons levde i 1667, men blir så borte for oss. Gullak Sjurson Finnen (1649–1743) & Agata Lassedtr Tune (1667–1752) frå Ortnevik fekk: Lasse 1698–1757 (ugift), Anna 1700 (lnr 86 Holstad). Johannes 1701, Sigrid 1722–55 (ugift), Ingeborg 1724 (sjå note lnr 58 Hanekam). Johannes Gullakson Finnen (1701–1775) & 1732 Alis Madsdtr Fitje (1696–1779) frå Ortnevik fekk: Agata 1736, Brynhild 1739–39, Brynhild 1742–70 (ugift), Malena 1745 (lnr 42 Nese). Agata Johannesdtr Finnen (1736–1808) & 1754 Anders Sjovatson Berge (1716–1798) frå Fjærland fekk: Lussi 1755–55, Lussi 1756, Alis 1757 (sjå note), Sjovat 1759, Lussi 1760–83, Sigrid 1763, Sjovat 1766, Johannes 1768, Brynhild 1771 (plass i Finnen), Guri 1775, Guri 1780 (lnr 41 Nese). Dei fleste born som vi ikkje finn att seinare, døydde truleg som born. Legg merke til at Agata berre var 18 år då ho gifte seg, og at Anders var 20 år eldre enn henne. Skal vi tru at dette var eit ekteskap som Johannes og Anders hadde avtalt før Agata var gifteferdig? Anders var kanskje ikkje i stand til å driva bruket på sine gamle dagar. I alle høve manglar han på lista over personar med formueskatt i 1789. Under Finnen finn vi i staden Mari 1783, ei dotter til den velståande broren til Anders: Ola i Finnabotnen. Mari vart kanskje oppfostra på lnr 51 etter at far hennar døydde i 1786, men ho vart gift til lnr 52. Sigrid Andersdtr Finnen (1763–1840) & Ola Ellingson Nese (1760–1813) frå lnr 43+ 44 fekk: Johannes 1786 (plass Geithus, så Nord-Noreg), Kristen 1787 (død før 1801), Elling 1789–89, Lussi 1791 (lnr 98 Midlang), Elling 1793, Agata 1794 (Vikøyri v622), Anders 1797 (plass Finnen, spedalsk), Sigrid 1798 (plass Balvoll, så Nord-Noreg), Gjertrud 1801 (plass Geithus), Sjovat 1804 (plass Finnen), Kristi 1806 (plass 21 Nese, så USA). Elling Olason Finnen (1793–1887) & 1816 Barbra Steffendtr Finnabotnen (1788–1834) frå lnr 53, fekk: Sigrid 1816–99 (ugift heime, budde i fjøset i 1875), Ola 1818–18, Ola 1819–42 (ugift, drukna), Brita 1822–22, Steffen 1823, Per 1826–44. Elling vart attgift 1834 med Ingeborg Andersdtr Valsvik (1788–1865) frå lnr 33. Dei hadde ikkje born. I 1824 stod Elling til rest med 54 spd av bygselavgifta. Men då saka kom opp i forliksrådet 20. juli var Elling på reise til Bergen, slik at saka måtte utsetjast. Men då saka ikkje kom opp att, må Elling ha betalt det han skulda. Steffen Ellingson Finnen (1823–1900) & 1850 Jensina Monsdtr Åse (1828–1854) frå lnr 34 fekk: Barbra 1852–52, Olina 1854–69. Steffen vart attgift 1856 med Synneva Andersdtr Indre Nesse (1835–1878) frå Kvamsøy sokn og dei fekk: Jensina 1858–72, Anna 1859–88, Ingeborg 1860 (lnr 31a Valsvik), Barbra 1862 (USA 1884), Anna 1865 (sjå plassar Åsberget), Elling 1869, Olina 1870 (USA 1892), Jensina 1874 (USA 1892), Per 1876 (USA 1893). I 1893 vart bruket delt i bnr 68/1 4,05 mark og bnr 68/3 2,03 mark. Hovudparten gjekk til Elling.

Bnr 68/1 Finnen 4,05 mark. Elling Steffenson Finnen (1869–) & 1890 Ingrid Andersdtr Heggenes (1858–) frå Ortnevik fekk: Steffen Arnfred 1891, Sitona 1893, Anders 1895, Bertin Johan 1897. Elling hadde bruket frå 1893, men huslyden reiste til Amerika i 1901. Då vart bruket vidare nedbygt. I 1904 vart frådelt bnr 68/5 Eikenesteigen 0,50 mark til Anders Simonson Vollavik og kom inn under bnr 69/1. I 1905 vart frådelt bnr 68/6 0,89 mark til Per Rognaldson Finnen. Ny skyld bnr 68/1 2,66 mark. I 1908 vart bruket skøytt til Ola Øysteinson Øren (1872–1962) & 1905 Marta Gullakdtr Tune (1874–1954) frå Ortnevik. Born: Marta 1906–24 (døydde av lungebrann), Nilla 1907–24 (tæring), Gunhild 1909, Eivind 1912–36 (tæring), Leif 1915–33 (tæring). Om foreldra til Ola: sjå note. Gunhild Oladtr Finden (1909–) & 1939 Anders Larsson Nummedal (1913–1941) frå lnr 36a i Vik fekk: Hildur 1940 (bnr 68/4), Odd 1941 (Sandefjord). Anders vart kalla student då han døydde. Odd Andersson Nummedal (1941–) dreiv ikkje bruket. I 1984 gjekk det til Botolv Finden. Det kom dermed saman med bnr 68/2, bnr 68/4 og bnr 68/9.

Bnr 68/3 Finnen 2,03 mark + bnr 68/6 0,89 mark. Rognald Person Finnabotnen (1844–), husmannsson, & 1871 Brita Jondtr Hólaviki (1834–1910), husmannsdtr, fekk: Tea 1869–69, Per 1872. Brita hadde òg Elling 1861 (USA i 1870) med Elling Ivarson Hallsete (1837–) frå lnr 37. Elling reiste til USA i 1861. Per Rognaldson Finnen (1872–1918) & 1900 Fredrikka Øysteindtr Øren (1869–) fekk: Brita 1900 (døydde ung), Ragnvald 1900 (USA, så Bunes i Søndre Høland), Øystein Anton 1903 (Bunes), Nils 1905 (ugift, heime), Thomas 1907 (Sandvika i Bærum), Nilla Bertine 1909 (Oslo), Maria 1911 (Bunes), Erling 1912 (sjå note bnr 64/25 under lnr 48 Nese), Peder 1914–16, Finn 1918 (Løken i Høland). Om foreldra til Fredrikka: sjå note. Per kjøpte i 1916 gard i Høland i Akershus. I lokalavisa stod det at Per selde bruket for kr 11,00. Men i tillegg kom nok pantegjelda på bruket, og ho var nok ikkje lita. Kjøpar av bruket var ei bror til Fredrikka: Birge Øysteinson Øren (1878–1919) & 1910 Ingrid Johannesdtr Vikøyri v464 (1876–1952). Birge hadde truleg først vore busett på ein husmannsplass under bruket, og i 1916 fekk han skøyte på denne staden, bnr 68/8 Nøsttangen 0,03 mark. Dette bruksnummeret kom ikkje med i seinare skøytingar av bruket. Birge og Ingrid fekk Johan 1910–23 (tuberkulose). Ingrid hadde frå før Nille Marie 1900 med Lars Jonson Rogne (1879–) frå Voss. Enkja overlet bruket til dottera og mann hennar: Nille Marie Larsdtr Vikøyri v464 (1900–1970) & 1922 Leidulv Olavson Finden (1897–1959). For dei gjekk det dårleg økonomisk. Andreas Torkelson (1874–1941) på bnr 47/1 Røyrvik var kausjonist for lån og overtok bruket. Leidulv og Marie overtok bnr 68/7 etter far hans, sjå der om born. Andreas let søner driva bnr 68/6. Ingebrigt Andreasson Røyrvik (1906–1974) & 1931 Borghild Larsdtr Finnebotten (1910–1988) var på dette bruket til 1939 då dei flytta til Prestteigen-Svolsvik (sjå del 3), og derfrå i 1943 til lnr 53b Finnabotnen. Sjå om born der. Ingvald Andreasson Røyrvik (1911–1989) & 1933 Anna Hansdtr Hustavenes (1913–2003) frå lnr 50b Geithus hadde 1933–38 drive småbruket bnr 46/2 Svardal, og kom no til Finnen, og i 1954 fekk dei skøyte på bruket. Born: Svanhild 1933 (Rennesøy), Brita 1936 (Årdal), Agnar 1937–40 (drukna), Agnar 1941, Inger 1944 (Stavanger), Halfrid 1955 (Kleppestø, Askøy). I 1962 flytta Ingvald og Anna til Øyane-Grov i Vik og drifta vart nedlagd. Agnar Ingvaldson Røyrvik (1941–) overtok i 1974. Han er busett i Hundvåg ved Stavanger.

Helge Olavson Salbu (1934–), oppvoksen på bnr 66/2 Geithus, & 1959 Kirsten Mulelid (1940–) frå Bremanger fekk: Bjarte 1960 (Bamble i Telemark), Marit 1961 (Florø), Grete 1963 (Førde), Ove 1964 (Hyllestad), Lillian 1965 (Førde), Liv 1967 (Oslo), Wenche 1969 (Osterøy). Denne huslyden var først leigebuarar på bnr 64/12 Nese, så på bnr 68/4. Dei busette seg på dette bruket i Finnen etter at drifta vart nedlagt. I 1975 reiste huslyden til Hyllestad.

Alis Andersdtr Finnen (1757–) fekk Johannes 1779–80 med Johannes Paulson Vetlesand og Ola 1781 (v764) med Elling Olason.

Øystein Nilsson Østerbø (1832–1919) & 1867 Nille Ellingdtr Årdal (1838–1908) var på ein husmannsplass på Øyra, Høyanger. Born: Fredrikka 1869 (bnr 68/3+6), Ola 1872 (bnr 68/1), Elias (Ramnes i Vestfold), Nils 1876 (USA 1904) og Birge 1878 (bnr 68/3+6). I følgje bygdeboka for Kyrkjebø flytta Øystein og Nille til Finnen.

Lnr 52 Finnen

4,13 spd = bnr 68/2 6,08 mark. I 1723 1,50 laupar eigd av Blixencrone, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Full sjølveige frå 1835. Matrikkelskyld: 2,00 laupar i 1723 og 1838. Data for 1845: 8,4 daa blandkorn, 1,4 daa potet, 2 hestar, 18 storfe, 24 smalar, 12 geiter, 3 vinterfôra svin.

Simon Samsonson Finnen (–) & Margreta Sjurdtr (–) fekk: Tor (lnr 36+37 Hallsete), Tollak, Endre (lnr 17 Holane), Sigrid (lnr 15 Bungane). I følgje den gamle bygdeboka kom Tollak til Orvedal, men der har vi ikkje funne han. Av ukjende grunnar overtok ingen av borna drifta, for etterfølgjaren var Eirik Kjellson Kvamme (1600–) gift med Gitlaug Nilsdtr Tjugum (–). Eirik var dotterson til adelsmannen Samson Ingebrigtson. Også Gitlaug var av adelsætt. Born: Hermund 1632 (lnr 59 Stavedal), Kjell (døydde før mora, hadde to born i 1701: Kari og Sofia), Anna (til Linde i Kvamsøy sokn, gift med Knut Jørgenson), Brita (gift med Jon Tenål i Vik) og Ingeborg. I 1667 var Ola Jørgenson Linde (1618–1699) brukar. Det må vera ein bror til Knut. Ola hadde då ingen søner med seg på bruket, men Hermund Eirikson (1632–) var «knekt» og Eirik Kjellson(1600–) var «husmann». Det siste er nok det same som kårmann. Ola var gift med Ingeborg Eirikdtr Finnen ( 1701). Dei hadde neppe born som voks opp. Det ser vi av ei sak som Ola hadde med Bjørn Otterskreda i 1693. Ei dotter til Bjørn var festa til ein fosterson som Ola hadde. Ola hadde sagt frå seg bygsla til føremon for dei to. Men fostersonen døydde, og då meinte Ola at dotter til Bjørn ikkje hadde nokon rett til bruket. Retten meinte nok at saka hadde vore annleis om det var ein ekte son som skulle ha overteke, men Ola måtte likevel ut med ei ku i erstatning til jenta. I året 1701 var Per Steffenson Vollavik (1658–1725) på bruket. Han var gift med Sigrid Jondtr (1675–1733) og dei hadde: Ola 1704, Steffen 1707 (lnr 24 Dale), Jon 1709–1741 (ugift), Brita (sjå Finnabotnen og note lnr 35+36 Åse) og Ingeborg (Kvamme i Kvamsøy sokn). For dei som ønskjer at adelsblodet heldt fram også på dette bruket, er det eit «halmstrå» at Sigrid 1675 kan ha vore ei dotter til Brita og Jon på Tenål. Ola Person Finnen (1704–1760) & 1733 Lussi Tordtr Sylvarnes (1715–1774) frå lnr 56+57 fekk: Sigrid 1735 (lnr 61 Refsdal), Kari 1737 (Stavedal), Per 1739 (Engum i Kvamsøy sokn), Lussi 1742–1770 (ugift), Brita 1745 (lnr 33 Valsvik), Tor 1747 (død før konfirmasjonsalder), Steffen 1750–51, Brita 1752 (lnr 63 Alrek), Jon 1756, Ingeborg 1760–80. Vi finn mange eksempel på at folk ikkje var så gamle som oppgitt ved død. Her har vi retta fødselsåret til Lussi til 1715 frå 1713, for di det ikkje var vanleg at kvinner fekk barn når dei var 47 år. Ei ung brud er meir sannsynleg. Jon Olason Finnen (1756–1807) & 1775 Lussi Oladtr Holane (1754–1801) frå lnr 17 fekk: Lussi 1776 (lnr 53 Finnabotnen), Ola 1779, Per 1781–81?, Tollak 1784 (lnr 31a Valsvik), Ola 1786 (lnr 44 Nese), Marta 1790 (lnr 48 Nese), Per 1792–92?, Per 1793 (lnr 111 Skjørvo, sjå òg plassar under Geithus), Steffen 1801–27. For Lussi må vi akseptera at fødselsåret var 1754, og ho fekk dermed Steffen då ho var 47 år gamal. Jon vart attgift med Brita Perdtr Røyrvik (1755–1845). Dei hadde ikkje born. Ola Jonson Finnen (1779–1842) & 1806 Mari Oladtr Finnabotnen (1783–1823) fekk: Jon 1806, Lussi 1808–23, Brita 1810 (lnr 19 Le), Ola 1813 (plass i Finnen), Gjertrud 1815 (lnr 35 Åse), Brita 1817 (lnr 13 Limmesand, så Nord-Noreg), Kari 1820–27. Ola vart attgift 1825 med Gjertrud Anfindtr Midlang (1789–1834) frå lnr 99 i Vik og dei fekk: Marie 1825–25, Anfin 1826 (lnr 48 Nese, så lnr 36 Åse), Steffen 1831–71 (spedalsk, døydde etter to år på Pleiestiftelsen i Bergen). Jon Olason Finnen (1806–1898) & 1834 Anna Larsdtr Åse (1813–1885) frå lnr 36 fekk: Ola 1834–34, Mari 1835 (lnr 17c Holane), Ola 1836–42, Ragnhild 1838 (lnr 12 Røyrvik), Lars 1841, Ola 1842–51, Brita 1845–1928 (ugift, fekk fattighjelp frå 1920, var i 1925 til forpleiing på Frettheim, kom så truleg på gamleheimen), Lussi 1847 (lnr 59 Stavedal), Steffen 1850 (handelsmann på Klubben, Nese), Ola 1852 (sjå note lnr 47 Nese), Gjertrud 1854 (lnr 47b Nese), Johannes 1854 (USA 1881), Johan 1857 (lnr 53b Finnabotnen). Ola 1836 fór av på ein issvull i Hestgjelet på Åse, Ola 1842 drukna ved ein slåtteteig på Nese. Lars Jonson Finnen (1841–1923) & 1869 Brita Frikdtr Brekke (1844–1930) frå Ortnevik fekk: Jon 1870, Brita 1871 (sjå note lnr 44 Nese), Frik 1873 (USA 1893), Olav 1874 (bnr 68/7), Botolv 1876 (bnr 68/4 Finnen), Anna 1879 (sjå note lnr 50a Geithus), Anfin 1881 (USA 1903), Synneva 1882, Birte 1885 (USA 1903), Olina 1887 (Ortnevik). Brita Frikdtr hadde òg Lars 1861 (USA 1884) med Johannes Olason Brekke (1841–) i Ortnevik. Synneva Larsdtr Finnen (1882–1957) starta meieriet og ostefabrikken «Synnøve Finden» i Oslo. Ho var ugift. I 1903 vart bruket delt i like delar mellom sønene Jon og Botolv: bnr 68/2 3,04 mark og bnr 68/4 3,04 mark.

Bnr 68/2 Finnen 3,04 mark. Jon Larsson Finnen (1870–1949) & 1894 Anna Kristendtr Røyrvik (1868–1949) fekk: Brita 1898 (ugift) og Lars 1899. I 1907 vart bruket frådelt bnr 68/7 0,13 mark og i 1921 bnr 68/9 0,03 mark, slik at skyld for bnr 68/2 i 1968 var 2,95 mark. Lars Jonson Finden (1899–1980) gifte seg med Astrid Østerbø, var snikkar og flytta til Høyanger. Jon vart sitjande med eiga, og i 1949 gjekk heimelen til dei to borna. Deretter vart bruket skøytt til Lars Botolvson Finden (1905–1960) som òg hadde bnr 68/4. Det medførte at bruket vart nedlagt.

Bnr 68/7 Vonheim 0,13 mark. Dette vesle bruket ligg på sørsida av straumen i Finnafjorden. Olav Larsson Finnen (1874–1927) frå lnr 52 & Gjertrud Asbjørndtr Håland (1864–1943) frå Kyrkjebø fekk: Leidulv 1897, Borghild 1900–10 (var åndssvak, vart utbetalt fattigstønad), Sigrid 1903–76 (lærar, Stord og i Finnen), Aslaug 1906 (Røyrvik), Gunnlaug 1906 (lnr 61 Alrek). Olav var lærar. Han døydde av tuberkulose. Leidulv Olavson Finden (1897–1959) & 1922 Nille Marie Larsdtr Vikøyri v464 (1900–1970) var først på bnr 68/3 før dei overtok dette småbruket. Leidulv døydde i ei ulukke. Born: Olav 1923–41, Ragnar 1924 (Undredal i Aurland), Ingerid 1925 (bnr 31b Ådlane), Gjertrud 1927 (bnr 59/3 Valsvik), Borghild 1929 (bnr 59/4 Valsvik), Helga 1931 (Mo i Rana, så Hatlevegen 9 i Prestberget), Astrid 1933 (Ski i Akershus, så Øvste Hopperstadmarki 5 i Prestberget), Jon 1935 (Askim, så Hatlevegen 4, Prestberget). Bruket vart fråflytta i 1960 og Nille Marie flytta til bnr 52/12 Ådlane. I 1967 overtok Ragnar Leidulvson Finden (1924–), busett i Undredal. I 1990 vart bruket skøytt til Svenn Egil Ansgarson Finden (1969–) busett på bnr 40/25 Skulen-Grov i Vik, ein dotterson til Ragnar 1924, sjå òg bnr 64/2-1 under lnr 42 Nese. Staden er ferieplass.

Bnr 68/4 Finnen 3,04 mark. Botolv Larsson Finnen (1876–1964) & 1901 Hansina Gullakdtr Alrek (1875–1950) frå lnr 63 fekk: Ingebjørg 1903–24 (tuberkulose), Lars 1905, Gunnar 1907–17, Jon 1911–94 (Kyrkjebø), Berta 1916–24 (tuberkulose), Gunnar 1919–96 (Årdal). Lars Botolvson Finden (1905–1960) & 1929 Ragna Andreasdtr Røyrvik (1903–1972) fekk: Botolv 1930, Arnfinn 1932–96 (Holmestrand), Halldis 1932 (lnr 18a i Hola), Brita 1938 (Ikjefjord), Gunnar 1948 (Holmestrand). I 1949 kom bnr 68/2 inn under bruket slik at det vart ei ny samling av det meste av lnr 52. Botolv Larsson Finden (1930–2000) & 1960 Hildur Andersdtr Nummedal (1940–1999) frå bnr 68/1 Finnen fekk: Gunn Berit 1961 (Lærdal), Lars 1961, Randi Marit 1963 (Lærdal), Arne 1969 (Kyrkjebø). Lars Botolvson Finden (1961–) & 1994 Laila Eline Gunnardtr Lilleøren (1970–) frå bnr 4/69 under lnr 15e Tenål har: Vilde 1992, Jon Alexander 1994. Lars har òg kjøpt bnr 68/12 Skulehuset og bnr 68/10. Familien har òg bnr 41/41 i Villastrøket-Sjøtun i Vik.