Husmenn
Sjovat Olason Finnen (1818–) & 1846 Gjertrud Guttormdtr Sylvarnes (1822–), båe husmannsborn, fekk Mari 1846 (Nord-Noreg i 1848), Brynhild 1847–48 («i hjellagt af moderen»). Huslyden reiste til Senja i 1848. Per Andersson Grov (1799–1855), husmannsson frå Kålhagen (sjå del 2), & 1839 Anna Eirikdtr Hallsete (1809–1896) frå lnr 54 fekk: Mari 1841, Rognald 1844 (bnr 68/3 Finnen), Brita 1847 (USA 1876). Mari Perdtr Finnen (1841–1912) var ugift. Enkja Anna og «Halta-Maria» hadde ei stove på Hallsete. Men Mari døydde i Finnabotnen.
Tollak Steffenson Lønne (1846–1938) & 1868 Ingeborg Larsdtr Nese (1845–1934) frå plass 9 Nese kom til Otterskreda ca 1870. I 1875 vart Tollak kalla skogsarbeidar og husmann utan jord, men i 1878 vart han eigar av småbruket Notaberget på Otterskreda. Huslyden kom til Finnabotnen i 1884. I den gamle bygdeboka står det at dei hadde ein bra plass oppe på Flåten, greidde seg bra og var gjestfrie folk. Born: Jensina 1868 (Vikøyri v786), Synneva 1871 (Vikøyri, hus nr 58), Malena 1873, Sitona 1876 (plass Stavedal), Lovisa 1878 (Fana), Steffina 1881 (USA 1902), Anna 1884 (lnr 65/2 Otterskreda, skild), Ola 1887–94, Sivert 1890 (Høyanger). Malena Tollakdtr Finnabotnen (1873–) fekk Olina 1903 med Lasse Hansson Lønne og vart busett på Tue i Balestrand, seinare i Høyanger.
Jørgen Lasseson Nessehagen (1824–1901) var husmannsson frå Kvamsøy sokn. Mora Ølgård var frå Sogndal og ho var syster til stortjuven Gjest Bårdsen. Frå unge år var Jørgen fast dreng i Finnabotnen. Han var ein original, var stor og sterk og åt mykje. Han kunne ikkje lesa og skriva. Etter at Ola Jonson flytta til lnr 42 Nese, kom Jørgen til Vollavik.