Dalsver

Dalsver/Vetledale (dalsvær, vetledale): Dalsuer (1647), Dalswer (1667), Dalsver (1701), Dalsvehr (1723), Dalsvær (1838, 1863, NG, VIK).

I 1647 og 1723 eigde Prestebolet i Vik 0,17 laupar.

Lnr 28 Dalsver

0,37 spd = bnr 55/1 0,43 mark. Eigar: Vik prestebol. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 0,25 laupar. Data for 1845: 2,2 daa bygg, 0,7 daa poteter, 4 storfe og 12 smalar.

Om Dalsver vart det i 1802 skrive: «Gården er farlig, og lider årlig skade af steensprang og jordskreder, som årlig forringer gården». Den første brukaren vi kjenner til på dette vesle bruket er Askjell. Han var der i 1635, 1645, 1647 og 1655. I 1645 var han gift med Ragnhild Oladtr. I 1667 var det Byrje Rasmusson (1603–) som var leiglending. Han hadde sonen Ola 1654. Kanskje var det den siste som var husmann Ola Dalsver og som saman med ein annan husmann, i følgje den gamle bygdeboka, reiste til statthaldar Gyldenløve for å klaga på prest og klokkar. I 1701 var Kristen Kristofferson Le (1643–) frå lnr 19 leiglending på Dalsver. Kristen finn vi på Dalsver òg i 1711, 1718 og 1723. Kona døydde i 1733. Born: Halvar 1688 (Evanger), Ola 1691, Sigrid 1693 (lnr 43 Myrkaskog i Vik). Ola Kristenson Dalsver (1691–) & Åsa Larsdtr (1689–1773) fekk: Lars 1723 (lnr 47 Nese), Kristen 1726–1727, Gjertrud 1728. Ola døydde etter 1763. Gjertrud Oladtr Dalsver (1728–1816) & 1759 Ivar Guttormson Hovsviki (1733–1783) fekk: Ola 1760 (Markesete), Guttorm 1762 (Løbø i Kyrkjebø), Kristoffer 1764–71, Halvar 1768 (Fossen i Kyrkjebø), Guri 1771 (død før 1784). Huslyden flytta til Markesete i Kyrkjebø ca 1770. Ingebrigt Hansson Vetle-Hirt (1714–) & 1753 Anna Nilsdtr Kvassdalen (1732–), båe frå Vossestrand, var neste leiglendingspar. Forelda til Anna kom til lnr 184 Vangsnes. Anna hadde systrene: Brita 1736 (lnr 74 Øvre Hove i Vik) og Marta 1748 (Vikøyri v324). Born: Gjertrud 1753 (Vikøyri v410), Hans 1760–71, Guri 1771 (lnr 26 Stadheim), Marta 1775. Marta Ingebrigtdtr «Dale» gifte seg 1806 med Lars Ellingson Myster, truleg frå Vaksdal. Dei kjem bort for oss. Det kom nye folk til bruket. Per Madsson Vollavik (1764–1840) frå lnr 54 & 1791 Anna Lassedtr Sæbø (1760–1843) frå lnr 2 i Vik fekk borna: Sigrid 1791 (plass Finnen), Ragnhild 1794 (Vossestrand), Ivar 1796. Ivar Person Dalsver (1796–) & 1828 Brita Oladtr Holane (1805–) frå lnr 16 fekk: Per 1830–32, Brita 1832, Per 1835, Anna 1837, Gjertrud 1839, Olina 1842, Ola 1844. Ivar var lærar. I 1838 fekk han kongeleg skøyte på bruket. Familien reiste til Nordland i 1845, og på nytt kom det nye folk til bruket. Anders Knutson Gavle (1823–) & 1846 Kari Sjurdtr Nesheim (1826–), båe frå Vossestrand, fekk: Marta 1846, Nils 1851–51, Anna 1853, Ragnhild 1855–56, Nils 1857, Jørgina 1860. I 1856 selde Anders bruket. Deretter var huslyden på Dale og så på lnr 33 Valsvik, i 1863 var dei i Førde og frå 1866 i Bergen. Kjøpar var Eilif Olason Øvre Helland (1830–1881) frå plassen Furneset i Modalen & 1854 Kari Oladtr Myster (1827–1876) frå Stamnes, Vaksdal. Dei kjøpte i 1861 bnr 56/8 Dale (= lnr 23f) og flytta med borna dit. Ny eigar og brukar var Knut Monsson Steinsland (1831–1928) & 1862 Helga Knutdtr Steinsland (1838–1888), båe frå Modalen. I 1864 flytta dei til lnr 24a Dale og kjøpar var: Ola Andersson Otterskreda (1830–1896) frå bnr 65/2 & 1861 Gjertrud Johannesdtr Åse (1836–) frå lnr 36. Born: sjå bnr 60/4 Åsberget. I 1873 kjøpte Ola bnr 60/4 på Åsberget (= lnr 35b+36c). Der vart han attgift to gonger. Han selde Dalsver til: Knut Andersson Nygard (1844–1917) & 1873 Anna Knutdtr Farestveit (1845–1924), båe frå Modalen. (Om born: sjå lnr 17c Holane.) Dei kom som paktarar til lnr 22 Dale og budde der i 1875, og då var det Lars Eilifson på lnr 33a Valsvik som dreiv Dalsver frå Valsvik. I 1877 må det ha skjedd ei form for gardabyte mellom lnr 17c Holane og lnr 38 Dalsver slik at Knut med familie flytta til Holane og til Dalsver kom: Jakob Jakobson Nese (1844–) & 1868 Anna Knutdtr Lavik (1846–), båe frå Eksingedalen. Dei flytta til bnr 17c Holum i 1870. Born: sjå bnr 17c. Huslyden reiste til USA i 1881. Då overtok: Haldor Larsson Yksendal (1848–1930) frå Eksingedalen & 1874 Brita Larsdtr Øvre Helland (1845–1886) frå Modalen. Dei var ei tid i USA før dei kom til Dalsver. Born: Helena 1875–1943 (ugift), Lars 1877 (USA 1898), Lars 1880 (USA 1898) og Knut 1883. Haldor gifte seg på nytt 1888 Ingebjørg Herlaugdtr Yksendal (1860–1928) frå Modalen. Dei fekk ikkje born, men var fosterforeldre for Johannes Ivarson Hallsete (1885–1916) frå lnr 37 for di foreldra hans døydde. I året 1899 flytta huslyden til Finnabotnen, og bruket vart busett av Jon Bendikson Flete (1846–1926) & 1871 Mari Oladtr Finnen (1841–1932) frå plass under lnr 52. Dei hadde då overlete lnr 18b1 på Flete til ein son. Men det var Haldor som framleis sat som eigar av Dalsver. I 1910 vart bruket skøytt til Guttorm Olason Fjærestad (1882–1976) frå bnr 34/9 i Vik & 1906 Brita Jondtr Flete (1874–1967). Born: Ola 1906, Marie 1908, Jon 1910, Kristina 1911, Anna 1913. I 1926 kjøpte dei lnr 37 Store-Nummedal i Vik, men Guttorm sat formelt som eigar av Dalsver til 1940. Ola Jonson Holen (1889–1923) frå bruk under lnr 44 Øvstedal i Vik & 1911 Olina Sjurdtr Holane (1888–1947) frå lnr 17a fekk: Kari 1911–11, Kristian 1912 (sjå note lnr 33bc), Sjur 1914 (Odda), Anders 1915, Kari 1917 (Tonning i Hyllestad), Lovise 1919 (Flekke i Fjaler), Ole 1920 (bnr 52/4 Ådlane), Thea 1923 (Flekke). Ola flytta med huslyd til Dalsver i 1922, men døydde ved ei ulukke med ein linestreng året etter (sjå også del 1). Olina var deretter på Holane i nokre år, men sat i praksis med Dalsver frå 1926. I 1940 gjekk småbruket til Anders Olason Holen (1915–1989) & 1943 Borghild Walaker (1919–1999) frå Solvorn. Born: Peder Olai 1942, Astrid 1944 (lnr 14a Nissestad), Solbjørg 1946 (Årdal i Jølster), Oddny 1947 (Vang i Valdres), Magnhild Sofie 1956 (Lavikdalen). Borghild hadde frå før Sølve 1941 (Odnes i Søndre Land). Sølve vart adoptert av ekteparet Eiken på Vangsnes, sjå lnr 191b Skulen på Vangsnes. Peder Olai Andersson Holen (1942–2004) overtok. Han var ugift og budde og arbeidde i Oslo frå ca 1970 til 1988. Dette er blitt ferieplass. Eigedomen er i 2005 eigd av systrene: Astrid, Solbjørg, Oddny og Magnhild Sofie.

Anders Olason Dalsver (1864–) fekk Johan 1891 med husmannsdtr Gjørond Oladtr Frettheim (1867–). Anders reiste til USA i 1892, dei to andre i 1897.