Husmenn

Ingebrigt Person Tenål (1752–1826) frå lnr 18 i Vik & 1778 Durdei Oladtr Hove (1753–1815) frå lnr 72 i Vik var husmannsfolk utan jord under lnr 23 i 1801. Ingebrigt hadde broren Anders 1756 på ein plass i Holane. Born: Marta 1777 (Skutle, Voss), Kari 1781 (tenar på Åse i 1801, så lnr 46 Nese), Ola 1786 (plass Limmesand), Guri 1794–94?. Plassen vart truleg tillagt jord og fekk namnet Almeplassen. Hit kom son til Ola 1786. Ingebrigt Olason Limmesand (1810–1858) & 1840 Åsa Hansdtr Otterskreda (1810–) frå plassen Notaberget fekk: Hansina 1837 (sjå note lnr 42 Nese), Brita 1841–41, Ingeborg 1845 (sjå note lnr 30 Valsvik), Olina 1848 (USA 1869), Brita 1851–51, HusKnut 1853 (USA 1870). Åsa hadde òg Gjertrud 1832–32? med Hans Olason Nese (1807–) frå lnr 47. Ingebrigt hadde hadde truleg vore sambuar før han gifte seg, for han hadde: Brita 1831 (USA 1867), Synneva 1834 (USA 1857), og Ola 1837 (USA 1856) med Randi Tomasdtr Oldre (1806–) frå plassen Hagestrand, Vang i Valdres. Randi var syster til Ragnhild 1798, husmannskone på Dale. Randi var tenestejente i Valsvik, på Dale og i Holane. Ho reiste til USA frå Holane i 1861. Ingebrigt fekk fattighjelp frå 1854. I 1865 var Åsa og borna i Valsvik, der Åsa var dagsarbeidar. Ho reiste til USA frå Otterskreda i 1870.

På Almeplassen var det i 1875: 0,7 daa blandkorn, 1,1 daa poteter, 2 kyr og 10 smalar. Plassfolk var: Tollak Olason Indre Tennefoss (1819–1892), husmannsson, & 1850 Brita Jondtr Kvist (1815–1872), båe frå Kvamsøy sokn. Born: Helene 1844 (hus nr 68 Vikøyri), Ola 1850 (lnr 26 Hellane), Jon 1852–52, Jon 1855 (lnr 38 Hallsete). Tollak vart attgift 1873 med Brita Eirikdtr Le (1824–1876) frå lnr 19. Tollak vart kalla Tollef ved dåp. Han døydde på lnr 26 Hellane.

Andre husmenn under Dale

Ingebrigt Magneson Bystølen (1767–1830) & 1790 Brita Nilsdtr Myrkve (1770–1855), båe frå Myrkdalen, var komne til ei plass med jord under lnr 23 i 1801. Born: Magne 1793–1804, Nils 1796, Ingeborg 1800 (plass lnr 13 Limmesand), Ola 1802 (Berdle, Voss), Synneva 1804–04?, Synneva 1807 (Bidneshovden, Vossestrand), Magne 1810 (Øyjorden, Vossestrand), Synneva 1815 (Stalheim, Vossestrand). Huslyden var reist tilbake til Vossestrand i 1816, og då var plassen overteken av ein bror til Ingebrigt. Anders Magneson Bystølen (1778–1826) & 1806 Guri Endredtr Holane (1760–1832) frå plassen Holumshaugen under lnr 17 hadde ikkje born. Guri døydde på legd. Anders hadde kanskje ei dotter Turid frå før. Ho fekk Nils 1824 (til USA 1845 frå Dale) med Hermund Johannesson Nese (1804–) frå plass 8 Nese. Turid Andersdtr ser vi ikkje noko meir til. Husmannsson Nils Ingebrigtson Dale (1796–1871) & 1819 Turid Hansdtr Le (1788–1831) frå lnr 19 fekk to born på Dale: Brita 1816 og Synneva 1819. Dei budde kanskje òg på plassen, men huslyden flytta til Tufte, Vossestrand ca 1820.

Mikkel Nilsson Grindeland (1755–1814) & 1794 Guri Larsdtr Øyjorden (1771–) båe frå Vossestrand, fekk: Gunhild 1794, Lars 1797 (Arnavåg i Haus), Bryteva 1799, Nils 1804, Jon 1808. Huslyden kom til Dale i 1794 og reiste att seinast 1797.

Endre Johannesson Le (1785–1843) frå lnr 20 & 1827 Ragnhild Tomasdtr Oldre (1798–) frå plassen Hagestrand, Vang i Valdres, fekk: Johannes 1827, Ola 1829, Gjertrud 1833, Anna 1839. Enkja og reiste til Beiarn i Nordland i 1845. Også borna reiste nordover. Ragnhild hadde systera Randi 1811 som fekk tre born i området, sjå plass under lnr 23.

Knut Nilsson Ekse (1824–), Evanger, & 1860 Anna Sørendtr Sogndalsfjøra (1821–1873) hadde ikkje born. I 1865 var dei tenarar på lnr 23a. Knut reiste truleg frå bygda etter at Anna døydde.

Ingeborg Vilhelmson Dale (1808–) frå lnr 21 & 1834 Hans Endreson Nissestad (1806–), husmannsson, var husmannsfolk på Nese, men i 1865 var dei på ein plass under lnr 24. I 1865 hadde Hans ei ku på plassen og dyrka 1,5 daa poteter. Born: Endre 1832–32, Vilhelm 1834 (USA 1856), Endre 1836, Elling 1839 (USA 1867), Barbra 1842 (USA 1866), Kari 1846–46, Karl 1847 (USA 1869). Hans og Ingeborg reiste til USA i 1869.

Fiskar Endre Hansson Dale (1836–) fekk Ola 1864 (USA 1871) med Mari Oladtr Finnen (sjå lnr 18b1 Flete) og gifte seg 1866 med Brita Hansdtr Ådlane (1839–). Dei reiste til USA i 1866.

Skreddar Elling Hansson Dale (1839–) fekk Johannes 1863 (USA 1883) med Gjertrud Marie Klausdtr Dale (1841–1925), sjå lnr 27 Hellane. Elling reiste til USA i 1867.

Ola Olason Almelid (1829–) & 1857 Marta Gullakdtr Straume (1826–), båe frå Modalen, fekk: Johannes 1858–59, Johannes 1860–61. Paret var i Lødingen i Nordland, kom til Dale i 1858 og reiste til USA 1861.

Talkummøllearbeidar Knut Helgeson Ekse (1889–1925), Eksingedalen, & Brita Larsdtr Trefall (1894–) frå Evanger fekk Knut 1925. Enkja og Knut flytta frå bygda før 1936.