Dale

Dale (dale): Dalir, Daler (ca 1320), Dall (1563), Dalle (1603), Dall (1611), Dalle (1647, 1667, 1723), Dale (1838, 1863, NG, VIK).

Dale var busett i 1522. Det tek vi som eit prov på at det budde folk på garden gjennom heile øydetida. I 1563 og 1567 finn vi Per og Helge på Dale, og i 1603 var det tre brukarar: Amund, Jostein og Arne. I 1611 var Amund skifta ut med Elling. I 1645 var brukarane Amund , Anders og Elling. I 1665 finn vi fire brukarar, men eit av bruka kan ha vore drive av to brør saman, for i 1701 var det på nytt tre. Tre bruk var det fram til 1791 då det største bruket vart delt. Deretter var det fire bruk til det kom ny matrikkel i 1838.

I 1647 var det følgjande eigarar av det bruket som Elling dreiv: Ola Eri 0,67 laup, Kaupangergodset 0,50 laup, Elling Dale (sjølveige) 0,33 laup, Svein Verchland 0,50 laup, i alt 2,00 laup. Dei to andre bruka er merkeleg nok ikkje med. I 1723 var det tre bruk som samla hadde følgjande eigarar: Kaupangergodset 2,25 laupar, oppsitjaren Lasse 1,50 laup og Laugstolen i Bergen 1,75 laupar, i alt 5,50 laupar. Samla matrikkelskyld for Dale, medrekna Sandbakken, var i 1723 6,02 laupar, i 1838 6,06 laupar.

I 1902 var husa på Dale framleis for det meste samla i eitt langstrekt tun. Unntak for dette var husa på bnr 56/6 «Skostadlen», som låg lengre søraust. Utskiftinga i 1902 førde til oppløysing av fellestunet.

På Dale var det på 1800-talet mange husmenn. Truleg budde dei inne i tunet og hadde teigar rundt om kring. «Almeplassen» låg kanskje for seg sjølv, men heller ikkje han har vi vore i stand til å spora opp.

Lnr 21+22 Dale

I 1723 mest eigd av Laugstolen i Bergen. Bruket frikjøpt i 1746 og 1749. Matrikkelskyld i 1723: 2,18 laupar.

I 1645 var Anders Olason (1605–) og Marita Helgedtr på dette storbruket. Dei var der òg i 1667. Deretter kom Tolleif Olason (1635–1698) & Guri Oladtr Flete (1642–1727) frå lnr 18. Tolleif var dreng på Åse i 1667 og var då «udtient soldat». Born: Gjertrud 1676 (lnr 50 Geithus), Elling 1678 (død før 1727), Ola 1682, Amund 1684–1758 (ugift), Lussi 1683 (sjå note), Kari 1687 (lnr 24). Tolleif eigde 1,17 laupar i bruket. Ola Tolleifson Dale (1682–1749) & Kari Oladtr (1681–1749) fekk borna: Gjertrud 1727, Tolleif 1728–28. Ola og Kari vart gravlagde på same dag. Gjertrud Oladtr Dale (1727–1810) & 1745 Vilhelm Torson Sylvarnes (1720–1794) frå lnr 56+57 hadde ein uvanleg stor barneflokk som vart vel plasserte i bondesamfunnet: Kari 1746 (lnr 31 Valsvik), Tor 1748 (konfirmert 1766, kjem så bort), Ola 1749 (lnr 27 Hellane), Vilhelm 1750, Guri 1752 (lnr 54 Vollavik), Brita 1754 4, Sjur 1755 (lnr 25 Sandbakken), Tolleif 1758 (lnr 95+97 Fjærestad i Vik), Brita 1761 (lnr 16 Holane), Johannes 1764 (lnr 22), Knut 1769 (lnr 46 Nese). I 1791 kunngjorde Vilhelm på tinget at han ville dela bruket mellom to søner. Ola 1749 skulle ha lnr 21, Vilhelm 1750 lnr 22.

Lussi Tolleifdtr Dale (1683–1768) gifte seg med Lasse Klausson Alrek (1693–1734) frå lnr 62. Dei bygsla lnr 13 Limmesand og fekk Ragnhild 1731 og truleg Hans 1725, Ola 1727 og Brita 1730. Om Hans: sjå note lnr 45 Nese og om Brita: note lnr 33 Valsvik. Lussi vart attgift med Bjørn Hansson Geithus (1697–1749) og fekk Hans 1733–33. I 1762 var Lussi på Limmesand, men ho døydde på Dale.

Lnr 21 Dale

2,68 spd. Matrikkelskyld i 1838 1,09 laupar. I 1865 var det: 11,5 daa bygg, 4,6 daa blandkorn, 3,5 daa poteter, 2 hestar, 14 storfe, 48 smalar og 2 vinterfôra grisar på bruket.

Ola Vilhelmson Dale (1749–1821) overtok dette halvbruket i 1799, men han hadde eit bruk på Hellane. Mora Gjertrud Oladtr dreiv difor bruket inntil det vart overteke av ein soneson. Vilhelm Olason Hellane (1781–1869) fekk skøyte i 1803. Han gifte seg 1804 med Barbra Johannesdtr Åse (1780–1825) frå lnr 36 og dei fekk: Ola 1804, Johannes 1806 (plass Røyrvik), Ingeborg 1808 (plass Dale), Ingebrigt 1811 (sjå note). Vilhelm vart attgift 1826 med husmannsdtr Eli Johannesdtr Indre Nesse (1780–1877) frå Kvamsøy sokn. Dei hadde ikkje born. I 1875 var kårenkja Eli blind. I 1835 kom Ingeborg Oladtr Hellane (1788–) & 1829 Johannes Mikkelson Fjellanger (1790–) frå lnr 14 Nissestad for å pakta bruket. Dei fekk: Ola 1831 og Mikkel 1833–34. Huslyden reiste til USA i 1845. I nokre år hadde så Ola Vilhelmson Dale (1804–1894) & 1835 Barbra Oladtr Dale (1806–1887) frå lnr 23 bruket. Dei hadde ikkje born. I 1853 fekk Ola kjøpt til lnr 23e 0,55 spd, men denne parsellen var selt att i 1865. I 1856 kjøpte Ola og Barbra lnr 23a og skøytte lnr 21 til: Klaus Johan Rumohr Munthe Reutz (1808–1866) & 1835 Kari Johannesdtr Sæbø (1813–1874). Dei kom frå lnr 98 Midlang, sjå del 1. Born: Johan Rumohr 1834–50, Johannes 1837, Gjertrud Marie 1841 (lnr 27 Hellane), Brita 1843–44, Anders 1846 (sjå note), Hans 1850–54, Johan 1854–54, Brita 1854–54.

Johannes Klausson Dale (1837–1873) & 1862 Ingeborg Oladtr Refsdal (1836–1863) frå lnr 61 i Vik fekk: Johanna 1862 (oppfostra av besteforeldra i Orvedal, vart busett på Bleie, Nå i Hardanger). Johannes vart attgift 1865 med Guri Kristofferdtr Kjelven (1839–1877) frå lnr 39. Dei fekk: Ingeborg 1865–65, Klaus 1866–66, Gjertrud 1867 (Danmark), Klaus Reutz 1869 (USA 1888), Kristoffer 1871 (USA 1892), Johannes 1873 (oppvoksen på Nissestad, USA 1892, så lnr 37 Hallsete). I 1878 selde dødsbuet etter Guri bruket. Då fekk dei foreldrelause borna, Gjertrud 1867, Klaus 1869, Kristoffer 1871 og Johannes 1873, kår under bruket, truleg til dei vart 12 år. Kristen Markusson Nese (1854–1933) frå lnr 45 & 1876 Gjertrud Vilhelmdtr Dale (1852–1920) frå lnr 22 fekk: Gjertrud 1876–1954 (Stavanger), Ingeborg 1879–1961 (Nessane), Birtina 1882–1978 (Lånefjorden), Maria 1885–1940 (ugift, USA). Familien flytta i 1885 til garden Fosse i Strandebarm, og der fekk dei Vilhelm 1887–95 og Markus 1891–1971 (Strandebarm). Bruket gjekk til Helge Ivarson Mo (1833–1915) & 1859 Inga Oladtr Farestveit (1831–1909), båe frå Modalen. Før hadde dei vore på lnr 25 Sandbakken og lnr 15b Bungane. Born: Ivar 1860, Ola 1863 (handelsmann, bnr 59/6 Valsvik), Askild 1865–65, Askild 1866 (bnr 65/3 Otterskreda, så bnr 60/4 Åsberget), Inga 1868 (lnr 31b Ådlane), Ragnhild 1871–96 (tæring). I 1880 vart bruket frådelt lnr 21b 0,73 spd. Ny skyld lnr 21a 1,95 spd= bnr 56/1 2,96 mark. Ivar Helgeson Dale (1860–1937) & 1889 Inga Knutdtr Valsvik (1867–1952) frå lnr 30 fekk: Knut 1890–90, Inga 1891–1966 (ugift, heime), Knut 1893–1919 (døydde på tur frå Bergen), Kari 1898, Ingvald 1900–12 (døydde av difteri), Ragnvald 1900–22 (influensa), Hanna Maria 1910 (lnr 26 Hellane). Ivar hadde bruket 1891–1949. Kari Ivardtr Dale (1898–1949) & 1933 Johannes Olason Hellane (1896–) frå lnr 26 fekk: Gunvor Ingerda 1934, Ivar Olav 1938–66 (døydde i ei båtulukke ved Nese). I 1968 vart bruket skøytt til Gunvor Johannesdtr Hellen Trå (1934–). Ho bur i Herand i Hardanger. Også faren reiste dit og vart gravlagd der. Bruket vart kjøpt av Ledvin Wilhelm Johannesson Dale (1956–) og som driv det frå bnr 56/3 (lnr 22).

Lnr 21b Dale 0,73 spd = bnr 56/2 1,10 mark. Jakob Olason Lavik (1838–1912) & 1869 Anna Oladtr Nese (1842–1927), båe frå Eksingedalen, kjøpte denne parten i 1880. Dei kom frå lnr 19a Le, sjå om borna der. Det var smått med hus på staden. Dei budde i ei bu og vart difor kalla «Buadn». Huslyden flytta i 1888 til lnr 33bc Valsvik. Parten kom inn under lnr 24a.

Ingebrigt Vilhelmson Dale (1811–) & 1840 Ingeborg Markusdtr Hovland (1816–) frå lnr 4 i Vangsnes sokn var plassfolk på Dale. Born: Barbra 1841–41, Eli 1842, Markus 1845. Ingeborg hadde òg Gjertrud 1838 med Steffen Johannesson Le. I kontrakten med broren Ola i 1844 er det rekna opp åker- og slåtteteigar som Ingebrigt kunne bruka. Det var både gjel og hamrar, så noko lettdriven plass kunne ikkje dette bli. Ingebrigt skulle få rydda seg eit «potetgjerde» på valfri plass i buhagen. Huslyden reiste til USA i 1846.

Skomakar Anders Klausson Dale (1846–) & 1882 Hansina Larsdtr Nese (1853–), frå plass 9 Nese, fekk Kari 1882. Hansina hadde òg Maria 1875 med Sjur Sjurson Koldingsnes (1851–) og som då var tenar på Nese. Huslyden reiste til USA frå Dale i 1884.

Lnr 22 Dale

2,68 spd = bnr 56/3 4,06 mark. Matrikkelskyld i 1838: 1,09 laup. Data for 1865: 11,0 daa bygg, 4,4 daa blandkorn, 1,1 daa poteter, 2 hestar, 14 storfe, 37 smalar, 2 vinterfôra grisar.

Vilhelm Vilhelmson Dale (1750–1813) & enkja Gjertrud Johannesdtr (Frettheim) Valsvik (1758–) frå lnr 33 fekk skøyte på dette halvbruket i 1797. Dei var barnlause og overlet difor i 1804 mot kår bruket til ein bror til Vilhelm. Johannes Vilhelmson Dale (1764–1829) & Durdei Hermunddtr Frettheim (1781–1861) frå lnr 40 fekk: Gjertrud 1806, Brita 1808–15, Knut 1812–15, Vilhelm 1816–16, Brita 1817 (sjå note), Vilhelm 1820, Hermund 1824 (USA 1857). I skiftet i 1830 vart bruket utlagt til eldste son, som då var 10 år. Det var difor Gjertrud Johannesdtr Dale (1806–) & 1829 Knut Sjurson Fjærestad (1788–1838) frå lnr 96 i Vik som dreiv bruket. Born: Johannes 1829, Sjur 1833–33, Sjur 1834–39. Gjertrud vart attgift 1840 med Anders Olason Nissestad (1815–) frå lnr 14 og dei fekk Ingeborg 1844. Huslyden reiste til USA i 1845. Vilhelm Johannesson Dale (1820–1903) & 1840 Ingeborg Larsdtr Hallsete (1819–1899) frå lnr 38 fekk: Ingeborg 1844–44, Johannes 1845, Ingeborg 1850 (Vikøyri v776), Gjertrud 1852 (lnr 21), Lars 1854 (USA 1975), Dorte 1856 (Vossestrand), Birte 1859 (Nordfjordeid). Johannes Vilhelmson Dale (1845–1907) & 1873 Tøri Lassedtr Hunderi (1849–1924) frå Lærdal fekk: Ingeborg 1874 (lnr 3b Skulejordi-Sæbø i Vik), Vilhelm 1876 (USA 1900, så Bergen), Ingeborg Lovise 1878 (USA 1911), Lasse 1881 (USA 1909, kom att). Det kan sjå ut som Johannes dei første åra hadde anna arbeid og ikkje var interessert i å driva heile bruket. I alle høve var det ei tredeling av drifta på bruket i 1875, med Knut Andersson Nygård frå Modalen som forpaktar av ein tredel og far og son på kvar sin tredel. Men Knut eigde då lnr 18 Dalsver. Knut med huslyden flytta i 1877 til lnr 17c Holane etter gardabyte med Dalsver (om familie: sjå lnr 17c). Deretter dreiv truleg Johannes og Tøri heile bruket. Johannes stod som eigar 1874–1912. I året 1912 var det heile 12 hus i Dale-tunet som høyrde til dette bruket.

Lasse Johannesson Dale (1881–1966) & 1916 Brita Ingebrigtdtr Grønsberg (1883–1960) frå lnr 41b i Vik fekk: Tøri 1918 (Sværefjorden) og Johannes 1921. Johannes Lasseson Dale (1921–) & 1955 Anna Amalie Andersdtr Valsvik (1930–) frå bnr 59/3 hadde bruket 1956–89. Born: Ledvin Wilhelm 1956, Bodil 1965 (Leikanger). Ledvin Wilhelm Johannesson Dale (1956–) er sambuar med Ingrid Birkeland Wikstrøm (1962–) frå Arendal. Ho kom til bruket i 2003. Ho har barn frå før og som ikkje har flytta til bygda.

Brita Johannesdtr Dale (1817–) & 1848 Arne Olason Vetleøyri s194 (1824–) var plassfolk på Dale. Born: Gunhild 1848, Johannes 1853–53, Johannes 1854. Huslyden reiste til USA 1856.

Lnr 23 Dale

Delvis sjølveigd i 1723, deretter Leganger-ætt. Sjølveigd frå 1797. Matrikkelskyld i 1723: 1,92 laupar. Data for 1845 (sum for to delbruk): 6,7 daa bygg. 5,5 daa blandkorn, 4,2 daa poteter, 4 hestar, 15 storfe, 4 geiter, 44 smalar, 3 vintrafôra svin.

På bruket var Elling Amundson i 1611 og 1645. Han var gift med Ingeborg Helgedtr. I 1667 var Amund Ellingson Dale (1613–) brukar. Kona er ukjend, men vi veit om mange born: Endre 1642 (lnr 24), Jon 1653 (lnr 108 Tryti), Sigrid 1654 (lnr 86 Holstad), Lasse 1656, Marta 1660 (lnr 27 Hellane), Ingeborg (lnr 16 Holane) og Brita. Den siste var truleg Brita 1665–1740 gift til lnr 5 Vange i Vik med Ingebrigt Endreson. Lasse Amundson Dale (1656–1732) & Kari Oladtr Hallsete (1660–1742) frå lnr 37+38 hadde borna: Amund 1694 (lnr 26 Hellane), Ingrid (gift med Per Jensson, budde neppe i Sogn, hadde ikkje livsarvingar i 1762), Brita 1700 (lnr 6 Vange) og Sigrid. Sigrid Lassedtr Dale (–) & 1728 Ola Ivarson Flete (1697–1772) frå lnr 18 fekk: Ivar 1729–29?, Ivar 1730, Ola 1732–32, Lars 1733–33, Lars 1734–34, Anna 1736 (lnr 89 Brekke i Vik), Ingrid 1746 (lnr 45 Nese). Sigrid levde i 1762. Ola Ivarson var velståande. Han hadde han pengar nok til å bli eigar av Bungane. Pengane hadde han kanskje arva etter faren. Ivar Olason Dale (1730–1809) & 1761 Gjertrud Guttormdtr Åse (1738–1812) frå lnr 35+36 fekk: Sigrid 1763 (lnr 47 Nese), Barbra 1767–71, Anna 1770 (lnr 109 Tryti i Vik), Barbra 1774–79, Ola 1778. Ola Ivarson Dale (1778–1830?) & 1798? Ingebjørg Nilsdtr Mørkve (1776–1849) frå Myrkdalen fekk: Barbra 1799–99, Ivar 1800, Nils 1802–02, Nils 1804 (lnr 23b), Barbra 1806 (lnr 21, så lnr 23a), Øyjald 1809 (lnr 24b), Guttorm 1811–11, Sjur 1812–12?, Gjertrud 1814–28, Anna 1816 (bnr 56/6), Sjur 1820–20. Ola Ivarson overtok bruket i 1799. Kyrkjeboka gir opp vigsla til 1802, men av folketeljinga 1801 går det fram at han då var gift med Ingebjørg. I skiftet etter han i 1830 vart bruket delt i lnr 23a og 23b mellom sønene Ivar og Nils.

Lnr 23a Dale 2,31 spd. Matrikkelskyld i 1838: 0,96 laup. Data for 1865: 6,1 daa bygg, 4,6 daa blandkorn, 2,1 daa poteter, 1 hest, 12 storfe, 4 smalar.

Ivar Olason Dale (1800–) & 1824 Anna Oladtr Holane (1799–) frå lnr 16 fekk: Ingeborg 1823 (USA 1856), Brita 1825 (USA 1856), Ola 1827 (lnr 23f, så USA 1861), Ola 1830 (USA 1856), Sjur 1832–36, Randi 1835 (USA 1856), Gjertrud 1840 (USA 1861), Sjurina 1842 (USA 1861). Heile familien utanom Ingeborg reiste til Nord-Noreg i 1846. Ivar døydde der nord, og i 1848 kom Anna tilbake til Dale med borna. Familien var truleg på ein husmannsplass, sjå lnr 23f. Anna reiste til USA i 1861 med tre born. I åra 1845–50 sat Ola Vilhelmson Dale (1804–1894) & 1835 Barbra Oladtr Dale (1806–1887) som eigar. Dei kom frå lnr 21. Dei selde bruket i 1851 mot kår til skulehaldar Johan Martin Nilsson Lindseth (1810–) frå Napsøy i Gulen & 1836 Brita Jensdtr Øvre Hove (1814–) frå lnr 78 Hove. Dei hadde hatt eit bruk på Kvamme i Kvamsøy sokn i åra 1840–46, var så på ein plass på Nese før dei kom til Dale. Born: Brita 1835 (Leikanger), Anna Dorthea 1845 (USA), Nikolai Laurits 1847–65 (ugift, Bergen, vart fattiglem), Olina 1849 (Bergen), Jensina 1852 (USA). I 1853 selde Johan frå lnr 23d 1,02 spd, lnr 23e 0,55 spd, lnr 23f 0,27 spd og lnr 23g 0,11 spd. Dermed var bruket redusert til lnr 23a 0,37 spd. Seinare kom lnr 23d og lnr 23e tilbake til bruket, slik at skylda for lnr 23ade var 1,93 spd = bnr 56/4 2,75 mark. Johan og Brita kjøpte i 1862 lnr 33b Valsvik, men kom same året til lnr 25 Sandbakken. I 1862 vart bruket skøytt til: Jakob Nilsson Almelid (1832–1894) frå Modalen & 1861 Gjertrud Nilsdtr Elvik (1826–1877) frå Stamnes i Vaksdal. Born: Maria 1863–63, Nils 1864 (USA 1883), Ola 1866–84, Hans 1866, Maria 1870 (USA 1889). Sonen Ola fall utfor ein berghammar framme i Dalsmarki. Jakob gifte seg på nytt 1878 med Olina Steffendtr Dale (1849–1936) frå bnr 56/6 og dei fekk: Steffen 1878 (sjå lnr 24b), Ola 1880–80, Gjertrud 1881 (USA 1901), Ola 1883 (USA 1903), Ola 1886 (USA 1904, så bnr 56/7), Anders 1888 (USA 1906), Ingeborg 1891–91, Ingeborg 1892–1961 (ugift budeie, Tenål i Vik). I 1893 fekk Jakob kjøpt til bnr 56/12 0,28 mark og seinare partane bnr 56/7 og bnr 56/10. I 1894 skøytte han frå seg bnr 56/4 + bnr 56/12 til sonen Hans, medan bnr 56/7+ 56/10 vart kårbruk. Kårbruket skøytte Olina til sonen Steffen i 1908, sjå under lnr 24b. Hans Jakobson Dale (1866–) & 1893 Gjertrud Oladtr Le (1870–) frå lnr 20b Le fekk: Jakob 1894, Ola 1895, Anna 1896 (lnr 96 Fjærestad), Johan 1898, Olina 1900, Andrina 1902, Ola 1903, Sivert 1906, Hanna Marie 1909, Gjertrud 1909, Jenny 1913. I 1915 flytta dei til Haslestad, Våle i Vestfold. Bruket vart pakta av Ola Olason Tryti (1893–1922) & Tea Kristiandtr Le (1889–1951) som hadde vore innerstar på lnr 20a Le. Etter Ola døydde, flytta huslyden til lnr 20a Le, sjå meir der. I 1922 skøytte Hans Dale bnr 56/4+12 til Ola Andreasson Le (1877–1967) frå lnr 20b & 1904 Ingeborg Oladtr Åse (1879–1942) frå lnr 34. I 1905 overtok dei lnr 20b Le, i 1908 budde dei på Åse, i 1910 på bnr 60/4 Åsberget og 1912–15 eigde og dreiv dei lnr 27 Hellane. Dei pakta så Leikanger prestegard før dei kom til Dale. Born: Agnes 1905 (ugift, Lillehammer), Anna 1907 (sjå note bnr 59/9, lnr 30 Valsvik), Andreas 1908, Ola 1910 (bnr 64/1 Nese, så Sogndal), Oskar Ingolf 1911–45 (fall i krigen), Klara Isabel 1915 (Lillehammer), Osvald 1919 (Bergen), Haakon 1922 (Lærdal), Gustav Ivar 1926 (Bergen). I 1948 gjekk bnr 56/4+12 til sonen Andreas Olason Dale (1908–1990) & 1945 Ragnhild Tomasdtr Eldegard (1917–) frå Fossen i Vadheim. Born: Odd Ingolf 1946 (Hattfjelldal, har kjøpt hus nr 26 på Vikøyri), Alf 1947–47, Alf 1948, Trygve 1952 (Os), Vidar 1959 (Oslo). Ragnhild flytta til Odd Ingolf. I 1979 fekk Alf Andreasson Dale (1948–) skøyte. Han er ugift.

Lnr 23f 0,27 spd = bnr 56/8 0,37 mark. Data for 1865: 1,1 daa bygg, 1,4 daa poteter, 3 storfe, 2 smalar. Det var Ola Ivarson Dale (1827–) frå lnr 23a som fekk skøyte på denne vesle parten i 1852. Han var ugift, men hadde truleg med seg mora og sysken. Huslyden reiste til USA i 1861. Då gjekk småbruket til Eilif Olason Øvre Helland (1830–1881) frå plassen Furneset i Modalen & 1854 Kari Oladtr Myster (1827–1876) frå Stamnes, Vaksdal. Familien budde først på Soltveit i Manger. Dei hadde så Dalsver i åra 1856–61. Born: Andreas Olai 1854 (lnr 20b Le), Marta 1857 (ugift, sjå plassen Sløkji under Ådlane), Ola 1864–64, Ola 1865–65, Brita 1868 (USA 1889), Ola 1870 (Modalen). Eilif vart attgift 1877 med Hansina Botolvdtr Brekke (1847–1935) frå Lånefjorden og dei fekk Karl 1878–78 og Birte 1879 (sjå note). På dette vesle bruket var det i 1902 berre eitt hus. Fjøsen var i kjellaren, på nordsida var det ei høysvol og i aust ei vedsvol. Hansina fekk fattighjelp frå ca 1900 for å pleia mora, Guri Johannesdtr Brekke (1812–1908), og Lars Hansson Otterskreda (1820–1905) frå plass 9 Nese. Lars var enkjemann etter ei syster til Guri. I 1933 selde Hansina småbruket til Johannes Le, og han selde vidare til skipsreiar og industrieigar Jakob Kjøde, busett i Paradis i Bergen. Kjøde eigde Talkummølla i Framfjorden. I 1955 gjekk bruket til enkja Rebekka Nordgren Kjøde og dottera Elin Horn. I 1971 vart Elin Horn eineeigar av bnr 56/8 og bnr 56/20.

Johannes Knutson Holane (1882–) frå bnr 51/4 reiste til USA 1903, kom att og gifte seg 1928 med Birte Eilifdtr Dale (1879–). Dei busette seg i Feios. Hansina 1847 vart med.

Lnr 23b Dale 2,30 spd. Matrikkelskyld i 1838: 0,96 laup. Data for 1865: 2,2 daa bygg, 5,6 daa blandkorn, 2,8 daa poteter, 1 hest, 7 storfe, 17 smalar, 1 gris.

Nils Olason Dale (1804–) & 1827 Guri Oladtr Hellane (1805–) frå lnr 27 fekk: Ragnhild 1827–27, Ingeborg 1827–27, Ingeborg 1828–28, Ola 1830, Gjertrud 1832, Ola 1835–35, Ingeborg 1836, Ola 1840–40, Ragnhild 1841, Ola 1844–44, Ivar 1845, Ola 1848–49. I 1849 var bruket frådelt lnr 23c 0,45 spd, slik at ny skyld vart: lnr 23b 1,85 spd = bnr 56/5 2,75 mark. Familien reiste til USA i 1850. Bruket gjekk til: Jakob Andersson Skjervheim (1790–) frå Myrkdalen & 1822 Brita Knutdtr Brakestad (1800–) frå Eksingedalen. Born: Elisabet 1822–1902 (Ekse, Eksingedalen), Magdeli 1826, Knut 1831, Anna 1833, Ingeborg 1835 (sjå note), Gjertrud 1841 (USA 1860). Huslyden var på Gulbrå fram til 1845. Alt i 1852 gjekk dei frå bruket på Dale mot kår. Deretter budde dei på Sandbakken før dei reiste til USA i 1862. Ola Helgeson Brakestad (1825–1855) frå Eksingedalen & 1852 Magdeli Jakob dtr Dale (1826–1912) fekk: Helge 1853. Magdeli vart attgift 1855 med Ola Jakobson Hellane (1827–1897) frå lnr 27 og dei fekk: Ola 1856, Jakob 1857, Gjertrud 1859. Familien drog til USA i 1862 og bruket vart skøytt til Jakob Jakobson Mo (1829–1907) & 1861 Marta Monsdtr Steinsland (1836–1913), båe frå Modalen. Born: Marta 1862 (lnr 101 Bø i Vik), Jakob 1864–64, Jakob 1865–65, Knut 1866, Mons 1869–69, Mons 1870–84, Ivar 1874 (Mo i Modalen), Sigrid 1879 (Haukeland i Arna). Mons 1870 drukna fordi eit rekkverk på ei bru over Dalselvi brotna i eit slagsmål. Knut Jakobson Dale (1866–1945) & 1892 Brita Knutdtr Valsvik (1869–1941) frå lnr 30 fekk: Jakob 1893–1972 (ugift på bruket, sjå òg bnr 52/12 Ådlane), Knut 1895 (Modalen), Kristian 1896, Martin 1899 (Bergen), Kari 1904 (ugift på Dale), Klara Bertine 1910 (ugift på Dale). Knut eigde bruket i åra 1883–1934, men flytta til Bergen i 1920 då Knut vart innkjøpssjef i Vestlandske Salslag. Kristian Knutson Dale (1896–1977) dreiv bruket saman med systrene Kari og Klara. Broren Jakob 1893 var gruvearbeidar. Han eigde eit bustadhus på bnr 52/12 Ådlane, men det leigde han ut og budde saman med syskena. I 1978 gjekk bnr 56/5 og bnr 58/5 ved skifteskøyte til Kari Knutdtr Dale (1904–2000) og Klara Bertine Knutdtr Dale (1910–1991). Bruket vart kjøpt av Knut Magne Magneson Dale (1956–) som driv det saman med bnr 56/2 og bnr 56/9. I våningshuset på bruket er busett: Morten Knutson Dale (1979–) frå lnr 21 & sb Camilla Sveindtr Zweidorff Hove (1982–) frå bnr 26/9 i Vik. Dei har ikkje born.

Ingeborg Jakobdtr Dale (1835–1906) & 1855 Lars Knutson Hjørnevik (1828–1899), husmannsson frå Evanger, var plassfolk på Dale. Born: Jakob 1856 56, Anna 1857, Kari 1859. Familien reiste til USA 1860.

Lnr 24 Dale

4,61 spd. Eigar i 1723: Kaupangergodset, deretter benefisert. Frikjøpt ca 1800. Matrikkelskyld i 1723 og 1838 1,92 laup. Data for 1845: 3,7 daa blandkorn, 1,4 daa poteter, 4 hestar, 24 storfe, 62 smalar og 1 vinterfôra svin.

På dette bruket finn vi i 1635, 1645 og 1655 Amund. Han var i 1645 gift med Ingrid Einardtr. I 1667 finn vi to av sønene hans som brukarar: Elling Amundson Dale (1633–) og Johannes Amundson Dale (1622–). Dei hadde kvar eit bruk på ein laup. Den første hadde med seg broren Helge 1651. Den siste hadde sonen Amund 1662. Vi ser at dei same namna går att på lnr 23 og 24, noko som tyder på at desse folka var nær i slekt. I dei vanskelege åra fram mot år 1700 ser det ut til at huslydane på lnr 24 vart borte, og inn frå lnr 23 kom Endre Amundson Dale (1642–1714) & Kari Andersdtr (–). Endre bygsla bruket til 1705, då kom Johannes Sjurson (Åse) Valsvik (1663–1740) frå lnr 29 og overtok. Han må ha vore gift med ei dotter til Endre, for i 1711 hadde han verfaren og vermora med seg på bruket. Denne kona må ha døydd innan 1714. Deretter var han gift med Kari Tolleifdtr Dale (1687–1773) frå lnr 21+22. Dei hadde: Barbra 1724, Kari 1727–1810. Barbra Johannesdtr Dale (1724–1791) & 1741 Steffen Person Finnen (1707–1749) frå lnr 52 fekk: Per 1743–43, Kari 1743–48, Sigrid 1746–47, Sigrid 1748 (lnr 43+44 Nese). Barbra vart attgift 1751 med Kristen Person Vollavik (1725–1800) frå lnr 54 og dei fekk: Steffen 1752 (lnr 53 Finnabotnen), Johannes 1755, Synneva 1758 (til Sørebø, Hyllestad), Kari 1760–1826 (ugift), Lars 1763 (lnr 33 Valsvik), Per 1763 (var på Dale i 1791, men døydde før 1801). Johannes Kristenson Dale (1755–1840) & 1790 Kristi Ivardtr Flete (1758–1838) frå lnr 18 var barnlause, men tok til seg Ola 1798, ein son til Steffen 1752. Johannes gav i 1802 opp at han eit par år før hadde kjøpt bruket av Kongen. Ola Steffenson Finnabotnen (1798–1838) & 1824 Gjertrud Kjelldtr Undi (1800–) frå lnr 62 i Vik fekk: Johannes 1823–23, Steffen 1825 (USA 18–1845), Kari 1828, Brita 1831, Rognald 1833, Johannes 1836. Gjertrud hadde vore på Dale frå konfirmasjonsalder. Ho vart attgift 1840 med Ola Jonson Holstad (1810–) frå lnr 86 i Vik og dei fekk Olina 1842. Gjertrud tok med seg alle born og ny mann til USA i 1845. I skiftet etter Ola Steffenson i 1843 vart bruket delt i to like delar: lnr 24a og lnr 24b.

Lnr 24a Dale 2,31 spd = bnr 56/9 2,75 mark. Data for 1865: 1,1 daa bygg, 5,6 daa blandkorn, 2,5 daa poteter, 1 hest, 13 storfe, 10 smalar, 1 vinterfôra gris.

Kjøpar av halvbruket var: Nils Olason Leiro (1821–) & 1845 Ingeborg Monsdtr Stamnes (1822–), båe frå Stamnes i Vaksdal. Born: Olav 1845 (Bergen), Durdei 1846–46, Anna 1847 (Bergsdalen), Knut 1849–49, Durdei 1850 (garden Fosse i Alverstraumen, så lnr 191e Vangsnes) Mons 1852–52, Mons 1855–92 (Bergen), Jakob August (USA), Ingeborg (London). Huslyden flytta til Vaksdal, og bruket vart i 1855 skøytt til Johannes Torson Limmesand (1823–1911) & 1853 Lussi Johannesdtr Otterskreda (1829–1913). Dei flytta med fleire born til lnr 40a Frettheim i 1864 og selde bruket til Knut Monsson Steinsland (1831–1928) & 1862 Helga Knutdtr Steinsland (1838–1888), båe frå Modalen. Dei kom frå lnr 28 Dalsver, og som dei hadde kjøpt i 1861. Knut og Helga hadde ikkje born. Magne Monsson Steinsland (1849–1932), ein bror til Knut, hadde bruket 1885–1919. Han gifte seg i 1881 med Kari Knutdtr Steinsland (1859–1936). Born: Mons 1883–89 (døydde av difteri), Knut 1885, Helga 1888–89, Helga 1890–90, Mons 1892 (Haugesund), Johannes 1894–94, Johannes 1895–95, Andreas 1897–1941 (Oppdal i Sør-Trøndelag), Johannes 1900–21 (omkom på Vikafjellet på veg heim frå Voss landsgymnas i påska), Sivert 1903 (lnr 29 Valsvik). I 1888 kom lnr 21b 0,73 spd = bnr 56/2 1,10 mark inn under bruket. I 1892 vart denne bruksdelen frådelt 3 parsellar: bnr 56/11 0,09 mark (som kom inn under bnr 56/6), bnr 56/12 0,28 mark (til bnr 56/4) og bnr 56/13 0,05 mark (til bnr 57/1 Sandbakken). Bnr 56/2 var dermed redusert til 0,66 mark. Knut Magneson Dale (1885–1922) & 1908 Kari Karldtr Limmesand (1881–1952) frå lnr 13b fekk: Klara 1909 (ugift, lenge i Lærdal, sjå bnr 53/8 i Hola), Magne 1912, Karl 1914 (bnr 59/25 Valsvik), Synneva 1917–43 (ugift). Knut dreiv òg med kjøp og sal av landbruksvarer. Han døydde av tuberkulose. Magne Knutson Dale (1917–1995) & 1941 Gunhild Lassedtr Teigen (1910–1942) frå Fjærland hadde bnr 56/9 og bnr 56/2 i åra 1948–79. Born: Gunnhild Margit 1942 (bnr 53/8, sjå under Hola). Magne vart attgift 1953 med Lovisa Olea Edvarddtr Normann (1917–) frå bnr 64/16 i Morki. Dei fekk Knut Magne 1956. Lovisa hadde òg Odd Leif 1940. Han vart busett i Stathelle i Telemark. Knut Magne Magneson Dale (1956–) & 1978 Kari Johanna Bruland (1958–), Førde, fekk skøyte på bnr 56/9 og bnr 56/2 i 1979. Born: Morten 1979 (bustadhus på bnr 56/5 = lnr 23b), Liv-Sissel 1982 (Bergen), Stian 1985.

Eit kårektepar frå lnr 15a Bungum, Karl Andersson (1852–1906) og Anna Oladtr (1852–1938), flytta til lnr 24a Dale, truleg i 1903. Der hadde Karl nær slekt. Der sette dei opp ei lita stove, «Bungastovao», midt i det gamle Daletunet. Ei tid etter at Anna vart enkje, flytta ho til ei lita stove på Tangen. Der vart ho kalla «Anna pao Taonjen» eller «Presteigao». Det siste kom av at ho var husmannsdotter frå Prestteigen på Bøadalen. Frå 1918 fekk ho fattighjelp. I 1922 kom dottera Olina frå USA for å ta henne med som emigrant.

Lnr 24b Dale 2,30 spd. Data for 1865: 1,1 daa bygg, 4,6 daa blandkorn, 1,1 daa poteter, 1 hest, 9 storfe, 13 smalar, 1 vinterfôra svin.

I 1843 fekk Anders Larsson Valsvik (1813–) skøyte på lnr 24b. Han overtok deretter lnr 33 Valsvik etter ein bror, og parten gjekk i 1846 til Øyjald Olason Dale (1809–) frå lnr 23. I tillegg fekk Øyjald i 1849 kjøpt til lnr 23c 0,45 spd av broren Nils. Øyjald gifte seg 1845 med Lussi Tollakdtr Valsvik (1812–) frå lnr 31 og dei fekk: Lussi 1846–46, Ola 1846 og Lussi 1851. Huslyden reiste til USA i 1856. Johannes Nilsson Almelid (1830–1876) & 1856 Anna Jakobdtr Nedre Helland (1830–), båe frå Modalen, fekk: Sigrid 1857, Brita 1859 (USA 1885), Anna 1861 (USA 1882), Johanna 1863 (USA 1889), Nils 1865 (USA 1883), Hans 1868–80, Jakob 1870 (USA 1888), Johannes 1875 (USA 1892). Enkja «Modals-Anna» hadde ei lita kårstove. Ho reiste til USA i 1900. I 1861 vart bruket frådelt lnr (24b +23c)a 0,55 spd = bnr 56/6 0,81 mark. Ny skyld lnr (24b+23c)b 2,20 spd = bnr 56/7 2,56 mark. I 1892 vart dette bruket delt i to like delar, bnr 56/7 1,28 mark og bnr 56/10 1,28 mark. Den siste parten vart kjøpt av Knut Jakobson på lnr 23b som tilleggsjord. Sigrid Johannesdtr Dale (1857–1919) & 1883 Josef Josefson Fadnes (1859–1938) frå Evanger sat med den første parten til 1895, men flytta då til Igdetveit, Vossestrand. Born: Josef 1883, Johannes 1885–89, Gjertina 1888 (USA 1912), Hans 1888 (USA), Johannes 1890, Anders 1892–1903, Anna 1894 (USA), Anna 1897. I 1895 kjøpte Jakob Nilsson Almelid på lnr 23a båe partar og brukte bnr 56/7 + bnr 56/10 (= 2,56 mark) som kårbruk. Ved utskiftinga i 1902 vart dei to bruksnummera likevel skilde i to bruk med enkja og sonen Steffen som eigar av kvart sitt bruk, men med felles hus. Det vart ingen reell deling, for i 1908 skøytte enkja bnr 56/7+10 til Steffen Jakobson Dale (1878–) frå lnr 23a & 1908 Helga Ivardtr Lavikhaugen (1880–) frå Eksingedalen. Born: Jenny 1909, Ingvald 1911, Hilda 1914, Olga 1916, Sigtona 1919, Olav 1921. I 1922 flytta huslyden til Ytre Dyrdal i Ortnevik og i 1934 vidare til Austrheim i Kyrkjebø. Borna vart buande i Kyrkjebø. Bruket gjekk i 1926 til ein bror som hadde vore i USA: Ola Jakobson Dale (1886–1934) & 1922 Synneva Andersdtr Le (1896–1957) frå lnr 19b. Born: Olina 1923 (bnr 53/3 i Hola), Brita 1925 (bnr 51/5 Holane), Anna 1926 (Kverneland, Time, sjå note bnr 61/4 på Hallsete), Johannes 1928, Alfred 1931 (Kverneland, Time), Svanhild Opel 1933 (bnr 54/3 Le). Johannes Olason Dale (1928–) & 1952 Kjellaug Eilifdtr Nese (1932–2003) frå lnr 46a fekk skøyte på bruket i 1957. I 1962 vart frådelt bnr 56/20 Siloteigen 0,08 mark. Born: Olav 1953, Gerd Sissel 1956 (Rygge). Olav Johannesson Dale (1953–) & 1982 Grete Brekke (1956–) frå Haugesund har Jostein 1983. Olav har òg overteke to bruk på Le: bnr 54/1 og bnr 54/2.

Lnr (24b+23c)a 0,55 spd = bnr 56/6 0,81 mark. Data for 1865: 2,9 daa bygg, 1,4 daa poteter, 6 storfe, 15 smalar, 1 vinterfôra svin.

Bruket vart kalla «Skostadlen», visstnok for di det på småbruket var ein stall der hestar som skulle skoast var sette inn. Bruket vart frådelt i 1861 til Steffen Olason Hellane (1815–1907) frå lnr 26 & 1842 Anna Oladtr Dale (1816–1876) frå lnr 23. Born: Brita 1841 (sjå note), Ola 1843 (sjå note), Olina 1845–48, Ola 1847 (Samuelplassen i Moane-Grov i Vik), Olina 1849 (lnr 23a), Ingeborg 1852–52, Ingeborg 1853 (sjå note), Johan 1856 56, Johan 1857 (lnr 31b Ådlane), Botolv 1859. Småbruket vart 1883 skøytt til Botolv Steffenson Dale (1859–1936) & 1878 Anna Hansdtr Almelid (1846–1931) frå Modalen. Born: Anna 1878 (ln 33b Valsvik), Marta 1880–81, Steffen 1883 (USA 1903), Marta 1885 (sjå note), Hans 1886 (USA 1904), Knut 1889–89, Knut 1890–1909 (USA 1909).

Botolv fekk òg tak i bnr 56/11 0,09 mark og bnr 56/14 0,04 mark. I 1927 vart dei tre bruksnummera skøytte til Ola Jakobson Valsvik (1879–1969) frå lnr 33bc Valsvik & Johanna Bendikdtr Hellane (1879–1967) frå lnr 27. Ola reiste til USA i 1899, men kom att og gifte seg. Ola og Johanna hadde ikkje born. I 1943 kjøpte dei bnr 53/1 Flete og flytta dit, sjå meir under hovudoverskrifta Hola. I 1954 gjekk bruket til: Signy Kristiandtr Sørevik (1925–1991) frå lnr 25 Sandbakken & 1949 Arne Eliot Jenssen (1926–1982) frå Bø i Vesterålen. Born: Øyvind 1953 (Bergen), Åsmund 1955–84 (ugift, budde heime), Erna 1957 (Bergen), Sigbjørn Jarl 1961 (Vadheim), Roald 1965. Signy og Arne vart skilde i 1971, og han flytta til Bergen. Roald Arneson Jenssen (1965–1994) fekk skøyte på bruket etter mora. Deretter overtok Erna 1957 og Sigbjørn Jarl 1961 og dei brukar staden som ferieplass.

Ola Steffenson Dale (1843–) & 1866 Olina Hansdtr Ådlane/Nissestad (1844–) reiste til USA i 1866. Brita Steffendtr Dale (1841–) & 1867 Guttorm Larsson Bungane (1838–) fekk: Lars 1866 og Steffen 1869–69. Huslyden drog til USA 1869. Steffen døydde på reisa. Ingeborg Steffendtr Dale (1853–) & 1875 Lars Larsson Hoem (1853–), Støren, var innerstar på bruket. Ingeborg var i 1865 pleiedotter hjå Ola Vilhelmson og kona Barbra. Dei var då på kår på lnr 23a. I 1875 hadde Lars tittelen vedhoggar. Born: Birte 1874–74, Ludvig 1877. Huslyden reiste til USA i 1884.

Marta Botolvdtr Dale (1885–1960) & 1905 industriarbeidar Ola Olason Naasen (1882–1963) var ei tid busette på Dale, i alle høve i åra 1905–10. Der fekk dei borna: Ole 1905, Botolf 1906 og Anna 1910. Dei kom til Heggenes i Ortnevik og fekk der to born til.