Bungane

Bungane/Bungum (bongadne, bongadn, bongum): Bungen (1611), Bungumb (1647), Bungum (1667, 1723, 1838, 1863, NG, VIK). Familienamnet blir skrive Bungum.

Lnr 15 Bungane

1,94 spd. Eigar i 1647 Endre Skarestad, Fjærland, 0,67 laup og i 1723 sorenskrivar Nils Wiborg 0,67 laup. Deretter eigd av Anders Daae, så Ola Ivarson Dale. Sjølveige frå 1759. Matrikkelskyld i 1723 og 1838 1,00 laup. Data for 1845: 3,7 daa blandkorn, 1,4 daa poteter, 1 hest, 12 storfe, 16 smalarog 3 svin.

Som mange andre gardar i Arnafjord sokn låg Bungane øyde frå omkring 1350 fram til først på 1600-talet. I 1611 var Kristen på Bungane. I 1645 og 1647 var Johannes der saman med Kari Andersdtr. I 1667 var det sonen Ola Johannesson Bungane (1614–) som var leiglending og han var gift med Sigrid Simondtr Finnen (–) frå lnr 52. Ho slekta tilbake til Tenål-adelen. Ola og Sigrid hadde då sønene: Sjur 1654, Johannes 1656 (lnr 46 Nese) og Simon 1662. I 1701 var Simon Olason Bungane (1662–1740) brukar. Han måtte gå frå garden på grunn av armod. Vi veit om borna: Agata 1689–1779 (døydde på legd), Sigrid og truleg Åsa (Tune i Ortnevik). Neste brukar var Ola Gudmundson (–). Vi trur han var av slekta til Sigrid, for di nokre etterkommarar av Samson Ingebrigtson Tenål på Finnen heitte Gudmund. Ola var først gift med Kari Oladtr ( 1727) og dei hadde Ingebjørg 1724–1804 (ugift, fattiglem ved død). Han gifte seg på nytt i 1727 med Sigrid Simondtr Bungane (–). Dei fekk: Kari 1728–83 (ugift). Ola og Sigrid blir borte for oss, men døydde kanskje før 1748. Ola hadde kjøpt garden av Anders Daae i 1744, men alt i 1748 stod Ola Ivarson Flete på lnr 23 Dale som eigar. Han skaffa seg straks ein bykslingsmann: Ivar Steffenson Holane (1717–1777) frå lnr 17. Ivar gifte seg 1749 med Anna Andersdtr Nese (1722–1794) frå lnr 45. Born: Steffen 1750, Anders 1751–52, Brita 1753 (sjå note lnr 37+38 Hallsete), Anders 1754 (lnr 31 Valsvik), Alf 1756 (ugift på Bungane?), Brita 1758 (lnr 47 Nese), Johannes 1760–71, Gjertrud 1762 (plass 19 Nese), Ragnhild 1767 (lnr 37 Hallsete). Steffen Ivarson Bungane (1750–1788) & 1781 Kari Larsdtr Hallsete (1756–1842) frå lnr 36 fekk: Anna 1782 og Ingeborg 1784 (Ytre Tennefoss). Kari vart attgift 1789 med Halvar Ivarson Le (1756– 1842) frå lnr 20 og dei fekk: Guri 1788 (plass 19 på Nese og plass lnr 13 Limmesand, sjå òg note lnr 14 Nissestad), Sigrid 1793 (lnr 32 Ådlane), Gunhild 1796–97, Gunhild 1798 (plass Kjelven). I 1812 brukte Anna frå første ekteskap odelsretten sin og tok over garden. Anna Steffendtr Bungane (1782–1865) & 1807 Guttorm Larsson Hove (1779–1858) frå lnr 76 Hove i Vik fekk: Kari 1808–66 (åndssvak, vart rekna som byting, fattigkassen hadde i 1848 stort utlegg på henne til vakthald av di ho vart sagt å vera farleg for folk), Lars 1810, Ivar 1814 (sjå note), Brita 1817 (sjå note), Johanna 1820–20, Johanna 1821–62 (sjå note), Steffen 1825–25, Steffen 1826. I 1810 skøytte Guttorm bruket til den nyfødde sonen Lars. I 1838 fekk dei kår. Lars Guttormson Bungane (1810–1855) & 1834 Turid Oladtr Holane (1810–1855) frå lnr 16 fekk: Anna 1832 (lnr 33b Valsvik), Brita 1834 (USA 1866), Olina 1837–37, Guttorm 1838 (sjå note lnr 24b Dale), Ola 1841–41, Olina 1842–42, Olina 1843–44, Ola 1845 (USA 1866), Johan 1847 (USA 1869), Per 1850 (USA 1869), Elling 1852–52, Eli 1855 (USA1866). Lars døydde i eit snøskred. Tretten dagar seinare døydde Turid på barselsseng. Då vart dei fire yngste borna sette bort til forpleiing på kvar sin gard (Le, Geithus, Hellane og Flete) til dei hadde fylt 12 år. Det var vanlege alder for at born kunne greia seg sjølv som tenarar. Steffen Guttormson Bungane (1826–1869) & 1857 Birte Rognalddtr Sæle (1836–1901) frå Kvamsøy sokn kjøpte bruket på auksjon i 1857. Born: Anna 1858–63, Marta 1859–59, Marta 1861–63. To av borna døydde av strupehoste. Enkja Birte gifte seg 1870 med Kristen Torson Geithus (1835–1928). Dei kjøpte i 1874 lnr 18a Flete, sjå under hovudoverskrifta Hola. Steffen var kanskje sjukleg, for alt ca 1864 pakta han bort bruket til Lars Person Tennefoss (1834–1902) frå Kvamsøy sokn & 1858 Brita Jakobdtr Hellane (1829–1908) frå lnr 27. I 1867 selde han bruket til dei. Dei hadde vore på Hellane fram til 1862, og var deretter i Valsvik før dei kom til Bungane. Born: Per 1859–60, Per 1861–61, Jens 1862 (USA 1894), Gjertrud 1865, Marta 1867 (Indre Nesse i Kvamsøy sokn), Jakob 1871–71, Per 1873 og Ingeborg 1876. Kvinner fekk sjeldan born etter dei var 45 år, men Brita var 47 år i 1876. I 1876 kjøpte Lars eit bruk på Bolstad i Kvamsøy sokn og selde garden Bungane ved deling i to like partar: lnr 15a og lnr 15b.

Ivar Guttormson Bungane (1814–1889) & 1845 Marta Markusdtr Flete (1814–1883) frå lnr fekk: Anna 1844, Martin Severin 1847, Guttorm 1851 (døydde 15 år gammal), Birte 1862 (døydde lita). Foreldra og eldste barnet flytta til Kvæfjord, Troms i 1845. Brita Guttormdtr Bungane (1817–1902) fekk Anna 1846 med Lasse Ellingson Valsvik (1826–) og gifte seg 1856 med Hermund Endreson Vikøyri. Dei var først på ein plass på Flete og kom så til Vetleøyri, s068. Om Lasse: sjå note lnr 29 Valsvik. Anna Lassedtr Bungane (1846–) gifte seg med 1870 Botolv Bendikson Flete,sjå note lnr 18b1 Flete. Johanna Guttormdtr Bungane (1821–1862) fekk Jakob 1851–51 og Guttorm 1853–53 med innerst Nils Larsson (Gulbrå) Le (1813–1857), sjå note lnr 20 Le.

Lnr 15a Bungane 0,97 spd = bnr 50/1 1,30 mark. Dette delbruket vart overteke av Eilif Olason Farestveit (1844–1890) & 1874 Inga Helga Halvardtr Øvre Helland (1847–1938), båe frå Modalen. Born: Ola 1875 (lnr 36b Åse), Maria 1876 (sjå under bnr 60/13 Åsberget), Anna 1878 (bnr 46/2 Svardal), Helena 1880 (ugift, Bergen), Anna 1883 (til Aurland), Brita 1885–87, Inga 1887–87, Bertin 1889 (sjå note lnr 54 Vollavik). Brita og Inga døydde av kikhoste. I 1890 fekk Helge Dale betaling av fattigkassa for å ha transportert Eilif til sjukehus i Bergen. Enkja Inga dreiv bruket nokre år. Då ho selde bruket i 1895, vart ikkje kjøpekontrakten tinglesen. Ho døydde hjå sonen Ola på Åse. Til bruket kom: enkjemann Karl Andersson Limmesand (1852–1906) frå lnr 13b & 1895 husmannsdtr Anna Oladtr Prestteigen-Midlang (1852–). Dei fekk: Olina 1896 (USA 1914), Ola 1897–97. Karl hadde på Limmesand vore gift med Synneva Larsdtr Nese (1848–1893) frå plass 9 og hadde der fleire born. Karl og Anna hadde bruket 1895–1907. Som kårfolk flytta Karl og Anna til Dale til ei dotter frå første ekteskap, Kari 1881, gift til lnr 24a. Dei hadde der ei lita hytte midt i tunet, «Bungastovao». Anna reiste til Amerika i 1922. Ho hadde før det motteke fattighjelp frå 1918. Lars Karlson Limmesand (1883–1962) & 1908 Ingeborg Oladtr Nissestad (1886–1983) frå lnr 14a fekk: Karl 1908 (Hjelmås i Lindås), Gjertrud 1910 (Opdalsøyra i Gulen), Ola 1912–39 (ugift, Høyanger, døydde i anleggsulukke), Anna 1915 (bnr 50/1), Synneva 1918 (Masfjorden), Borghild 1919 (Bergen, så Vik), Hanna 1922 (bnr 50/1), Klara 1923 (Myking i Lindås), Andreas 1925 (sjå note lnr 40b Frettheim), Magnus 1927 (bnr 53/3 i Hola), Ingvald 1932–2007 (Stord, så Fyllingsdalen). I 1934 fekk Svein Lasseson Vikøren v634 (1895–1965) & 1913 Marta Sjurdtr Holane (1886–1968) frå lnr 17a skøyte på det meste av bruket som bnr 50/3 Midttun 1,15 mark. Resten, 50/1 0,15 mark, var Allskorane saman med ei nausttomt, der det var bygt «kårhus». Svein var gruvearbeidar og familien budde på Tangen i Hólaviki, bnr 51/9. Svein dreiv bruket derifrå og hadde linestreng ned frå Bungane. Born: Lussi 1914 (Nordeide), Ragna Lovise 1916 (Bergen), Sjur 1917, Kristina 1919 (Skjeberg i Østfold), Leiv 1920 (Indrefjorden, så bnr 51/9 Holane), Kristian 1922 (Årdalstangen), Margit 1924 (lnr 25 Sandbakken), Svanhild 1930 (Øystese, sjå òg bnr 59/17 Valsvik). Sjur Sveinson Vikøren (1917–1955) eigde og dreiv lnr 15b Bungane frå 1943, men var busett på bnr 51/11 Holane. Han døydde i ei gruveulukke. I 1957 vart bruket skøytt tilbake til foreldra og så til barnet Sjur Leifson Bungum (1955–). Han er busett på bnr 51/11. Drifta har lenge vore nedlagd.

Bnr 50/1 Bungane 0,15 mark. Lars Karlson Limmesand (1883–1962) & 1908 Ingebjørg Oladtr Nissestad (1886–1983) tok unna denne parsellen då bruket vart selt. Dei bygde hus ved fjorden. I 1958 vart eigedomen skøytt til Anna Larsdtr Bungum (1915–1965) og Hanna Larsdtr Bungum (1922–1965). Deretter har huset vore familieeigd og er ferieplass.

Lnr 15b Bungane 0,97 spd = bnr 50/2 1,30 mark. Helge Ivarson Mo (1833–1915) & 1859 Inga Oladtr Farestveit (1831–1909), båe frå Modalen, overtok dette halvbruket ca 1869. Dei kom frå lnr 25 Sandbakken. Born: Ivar 1860 (lnr 21 Dale), Ola 1863 (bnr 59/6 under lnr 33bc Valsvik), Askild 1865–65, Askild 1866 (bnr 65/3 Otterskreda, så bnr 60/4 Åsberget), Inga 1868 (lnr 31b Ådlane), Ragnhild 1871–96 (tuberkulose). Huslyden flytta i 1882 til lnr 21 Dale. Desse folka brukte deretter Dale som familienamn, men «Bonga-»/«-Bongjen» vart til dagleg knytt til namna deira. Så kom Lars Tolleifson Alrek (1854–1939) frå plassen Slåttekvina under Alrek & 1885 Hansina Nilsdtr Ytre Bø (1861–1938) frå Leirvik i Hyllestad til bruket. Born: Nils 1885 (USA 1906), Teodor 1887, Ingeborg Sesilia 1890 (Høyanger), Gjertrud 1892 (sjå Haugen under lnr 17c Holane), Gjertin 1894 (Høyanger), Hanna Bertina 1896 (bnr 59/2 Valsvik), Sivert 1899 (bnr 52/13 Ådlane), Olav 1902 (bnr 51/5 Holane), Lovisa 1904 (bnr 51/8 Holane), Edvard 1909 (bnr 59/20 Valsvik). I 1907 overtok dei òg lnr 17d Holane (bnr 51/5) og som mest vart vinter- og kårbustad. Der hadde dei òg husdyra vinterstid. Husa brann ned i 1931. Dei vart bygt opp att same året og året etter, og med stor dugnadsinnsats frå folk i bygda. Theodor Larsson Bungum (1887–1972) dreiv bruket. Han var ugift og budde dei siste 20–22 åra heile året på bnr 51/5. Deretter overtok brorsonen Ivar Sivertson Bungum (1935–) frå bnr 52/13 Ådlane, busett på Lillehammer. Gardsdrifta er avgrensa til hjortejakt.