Åse
Åse (aose): Ase, Asse (ca 1320), Aas (1563), Aasse (1611, 1667, 1723), Aase (1647, 1838, 1863, NG), Åse(VIK). Familienamnet er vanlegvis Aase.
Garden Åse var med som geistleg gods i ei jordebok frå ca 1320. I ein gardhandel i 1411 vart eige i «efsta thune» på Åse seld, så då må det ha vore to bruk på Åse. Då det etter øydetida på nytt vart to bruk på Åse, vart husa truleg sett opp at på dei gamle tomtene. Alle hus på Åse var deretter samla i ei husklynge, men med ein veg mellom, og slik at husa på kvart bruk låg på kvar si side av vegen. Tunet på nedsida av vegen, husa for lnr 34, blir også i dag kalla for «Nedtunet». Truleg var Åse busett gjennom heile øydetida. I alle høve var det ein skattebetalar på garden i 1522. På denne tida var det kanskje ikkje meir enn 8 bruk i drift i heile Arnafjord sokn. Resten av gardane låg øyde. I 1563 betalte «Siffuordt po Aas» leiglendingsskatt, men same karen måtte vera halvt sjølveigar, sjølv om namnet då er skrive: «Siurdt po Aas». I 1567 var namnet «Siifuer po Aass». I gards- og ættesoga skriv vi alltid Sjur i staden for Sivert for namn på 1500- til 1700-talet. Frå først på 1600-talet var det to bruk på Åse. I 1611 var det Beint og Eirik og i 1626, 1645 og 1647 Jon og Eirik. I 1667 var det framleis to bruk. I 1701 er det tre brukarar, men den eine var ein gamal mann. Han var truleg på eit kårbruk. Tre brukarar var det òg i 1711, men i 1723 finn vi på nytt berre to bruk, eit av dei var stort. Nedanfor reknar vi berre med to bruk i heile denne tidlege tida. Storbruket vart delt i to like delar ca 1760, slik at då den nye matrikkelen kom i 1838 var det tre bruk på namngarden, lnr 34–36.
Garden Åse hadde høg landskyld. I 1626 og 1647 var samla skyld betalt til eigarane 7,35 laupar. I 1723 var eigarskylda framleis den same, medan samla matrikkelskyld i 1723 og 1838 berre var 5,82 laupar.
Under bruka på Åse var det mange husmannsplassar. Dei låg på Åsberget. Området Åsberget er skilt ut for seg i denne boka og kjem etter sjølve garden.
Lnr 34 Åse
4,73 spd. Eigarar i 1647: Kaupangergodset 1,2 laupar, Eirik Åse (sjølveige) 0,75 laup, presten Knut Kristofferson Glad 1,30 laupar, Ola Eri (i Lærdal) 0,20 laup, lensmann Anders Stadheim 0,50 laup, «barnegods» 0,18 laup, i alt 3,12 laupar. Sjølveige frå 1785 for 0,28 laup, resten frå 1798. Matrikkelskyld: 2,98 laupar i 1723 og 1838. Data for 1845: 2,3 daa bygg, 9,3 daa blandkorn, 3,5 daa poteter, 3 hestar, 19 storfe, 4 smalar og 3 vinterfôra svin.
I 1645 heitte brukaren Eirik, og av di han var ung, kan han ha vore soneson til Eirik som var brukar i 1611. Eirik var i 1645 gift med Brita Nilsdtr og dei hadde borna: Sjur, Per og Ingeborg. Før 1667 må Brita ha gift seg på nytt med Ola Jensson (1627–), og dei hadde to Eirik-søner med seg på bruket: Kristen 1636 (lnr 14 Nissestad) og Nils 1640. Huslyden måtte ha hatt bra råd, for dei hadde betalt ein annan for å ta soldattenesta for Kristen. Nils Eirikson Åse (1640–) overtok bygslinga, og han hadde sønene Ola 1666, Lars (lnr 37+38 Hallsete) og Sjur (lnr 54 Vollavik). Dei to siste finn vi ikkje i manntalet for prestegjeldet i 1701. Dei kan då ha vore ute i soldatteneste. I 1701 var Ola Nilsson Åse (1666–) brukar. Vi veit om følgjande born: Nils 1718, Marta 1730 (plass Flete, sjå Hola), Mikkel 1731–31, Ingeborg 1732–32, Gjertrud 1733 (lnr 74 Øvre Hove i Vik, sjå òg husmann Ola Ellingson under Finnen). Jon 1726, som kom til lnr 54 Vollavik, var truleg òg son til Ola Nilsson. Med unntak av Nils 1718 må Ola ha fått desse borna med ei yngre kone, og det var kanskje Gjertrud Jondtr (1707–1781). Neste leiglendingspar var: Sigrid Sjurdtr Vollavik (1718–) frå lnr 54 & 1737 Mons Sjurson «Åse» (–). Far til Sigrid var frå bruket. Åse må vera tenaradresse for Mons. Ut frå namna på borna, og fadrane deira, trur vi han var son til Sjur Rognaldson Nese (1668–1749) frå lnr 45, gift med Bothilda (1665–1733), sjå plass 14 Nese. Born: Sjur 1738 (sjå note), Bothilda 1740–41, Hermund 1742 (lnr 41 Nese), Per 1744–44?, Bothilda 1746–46?, Nils 1748 (plass Åsberget), Rognald 1750, Bothilda 1753 (sjå note), Synneva 1756 (lnr 42 Seljestø i Vik), Ingeborg 1758 (sjå note lnr 40 Frettheim) og Gjertrud 1759. Mons og Sigrid levde i 1763, men dødsår er ukjend. I den gamle bygdeboka er det gitt opp å vera 1785 for Mons, men det er neppe rett. Kanskje flytta dei til dottera i Hyllestad. Rognald Monsson Åse (1750–1810) & 1778 Anna Larsdtr Hallsete (1753–1834) frå lnr 37+38 fekk borna: Mons 1778, Ingeborg 1781 (lnr 38 Hallsete), Lars 1783 (lnr 36), Sigrid 1786 (plass under lnr 13 Limmesand), Brita 1790 (lnr 59 Stavedal), Sjur 1795 (sjå note). Rognald kjøpte den proprietæreigde delen av bruket i 1798, krongodsdelen i 1810. Mons Rognaldson Åse (1778–1853) & 1813 Ingeborg Jensdtr Åfet (1791–1879) frå Feios fekk: Anna 1814–14, Rognald 1815–40, Gjøa 1817, Anna 1819 (lnr 60 Vetlesand), Kari 1823–23, Kari 1826, Jensina 1828 (lnr 51 Finnen). Ingeborg hadde broren Johannes på lnr 41 Nese og systera Anna på Frettheim. Mons hadde bruket 1811–51. Sonen Rognald drukna saman med to andre på ein tur til Bergen. Lasse Kristenson Nese (1814–1893) frå lnr 43 & 1841 Gjøa Monsdtr Åse (1817–1898) hadde bruket frå 1851. I 1857 overtok dei lnr 43 Nese og bruket vart skøytt til Kari Monsdtr Åse (1826–1900) & 1846 Rognald Larsson Hallsete (1823–1911) frå lnr 38. Born: Ingeborg 1846–75 (ugift heime, døydde på barselsseng), Anna 1851, Jensina 1853 (USA 1882), Mons 1855–55, Birte 1856 (sjå note), Monsina 1858–58, Monsina 1863 (USA 1881). Rognald hadde bruket 1857–79. I 1879 vart frådelt ein liten part på Åsberget, lnr 34b 0,45 spd. Bruket fekk deretter lnr 34a Åse 4,28 spd = bnr 60/1 6,16 mark. Ola Jonson Nese (1856–1913) frå lnr 41 & 1877 Anna Rognalddtr Åse (1851–) hadde bruket 1879–1912. Born: Kari 1878–1945 (ugift, plass 3 Indreklubbane på Nese), Ingeborg 1879 (bnr 60/4 Åsberget, så bnr 54/4 Le), Rognald 1881 (USA 1903, var prest), Jon 1883–1943 (USA 1905, kom att, men var sinnsjuk, døydde på asyl i Bergen), Jensina 1885 og Ola Andreas 1890 (USA 1905). Jensina Oladtr Åse (1885–1931) & 1905 Andreas Person Valsvik (1885–1950) overtok i 1912. Dei kom frå lnr 33a Valsvik. Born: Per 1905 (sjå note), Olav 1907–42 (fabrikkarbeidar), Anna 1909 (Sande i Gaular), Torhild Sofie 1911–57 (ugift, heime), Amanda Bertine 1914–94 (ugift, heime), Aashild Jensina 1916 (ugift, heime), Ragnvald Trygve 1918, Margit Josefine 1919 (Straumgjerde på Møre), Arne 1922, Klara Johanna 1925–75 (ugift, heime). I buet etter Andreas og Jensina i 1952 vart fråskilt 60/20 1,00 mark til Per (sjå note) medan bnr 60/1 5,12 mark gjekk til to brør. Ragnvald Trygve Andreasson Aase (1918–1983) og Arne Andreasson Aase (1922–) var ugifte. Arne vart eineeigar etter at Trygve døydde. Bruket vart overteke av Aud Jensine Antondtr Lunde (1944–) frå Lundegrend i Gaular. Ho er dotter til Anna 1909 og er enkje etter Andreas Hagen. Born: Anne Britt 1963, Irene 1966, Atle 1970, Endre 1976. Dei er busette i Gaular, men bygde nytt bustadhus på bruket i 2004.
For dette bruket kan vi trekkja ei samanhengande slektsrekkje frå 1611 fram til i dag.
Sjur Monsson Åse (1738–) & 1765 Ingrid Guttormdtr Hovsviki (1730–1782) frå Vik fekk: Sigrid 1765, Guri 1767. Dei var på ein plass på Åsberget, men huslyden reiste til Hatlem, Hyllestad, der Sjur var husmann og smed frå 1771. Bothilda Monsdtr Åse (1753–1821) & 1779 Rognald Ellingson Nese (1753–1799) frå lnr 43+44 busette seg i Leirpollen i Hyllestad.
Sjur Rognaldson Åse (1795–1882) & 1823 Gjertrud Tordtr Vetlesand (1791–1885) frå lnr 60 fekk: Synneva 1820–20, Rognald 1823, Johanna 1826–26, Johanna 1827 (gift Amland i 1867, Bergen), Anna 1831–31, Marta 1831–31. Familien flytta til Trausdalen i Hyllestad i 1828. Sjur var sersjant i Ytre Sognske Kompani. I 1831 flytta familien til eit nytt bruk på Salbu i Hyllestad.
Birte Rognalddtr Åse (1856–) & Anders Johannesson Dale (1860–) frå Sværefjorden reiste til USA i 1881. Om Anders: sjå lnr 48 Nese.
Per Andreasson Aase (1905–1959) & Ingebjørg Bystøl (1930–1998) frå Myrkdalen busette seg i Årdal. Dei fekk Arne Olav 1948. Per overtok ein del av bruket i 1952, bnr 60/20 1,00 mark. Denne parsellen inneheld rettar i bruket og fleire teigar. Det var mest utmark, men òg eit jordstykke på Åsberget. Arne Olav Aase (1948–) & 1971 Kirstin Holm Klavenes (1949–) frå Sandefjord bur i Sandefjord. Dei har: Eirik 1971 og Gyrid 1973.
Lnr 35+36 Åse
Eigarar i 1647: lensmann Anders Stadheim 1,25 laupar, Kongen 1,00 laup, Kaupangergodset 0,56 laup, Taralde Årdal 0,50 laup, Johannes Stadheim 0,25 laup, ei enkje på Dale 0,25 laup, Prestebolet i Vik 1,30 laupar, Arnafjord kyrkje 0,12 laup, i alt 4,24 laupar.
Jon med kona Karen Josefdtr var på dette storbruket i 1645 og dei hadde borna: Johannes, Gunnar 1620 (lnr 41+42 Nese), Birgitta og truleg Sjur 1627. I 1667 var Sjur Jonson (1627–) leiglending og hadde med seg sønene Jon 1651 og Johannes 1663 (lnr 29 Valsvik). Sjur hadde òg Eirik 1671 (lnr 29 Valsvik) og truleg Jens 1651 (lnr 56+57 Sylvarnes). Sonen Jon kom til lnr 119+120 Hopperstad i Vik. Andre eller tredje kona til Jon var Brita 1678 frå Sylvarnes. Dei hadde Brita 1712 som kom til lnr 33 Valsvik. Marta Sjurdtr, som kom til Kvamme i Kvamsøy sokn, var truleg òg frå Åse. I 1701 vart Sjur framleis oppførd som brukar.
Truleg hadde han eit lite kårbruk, medan bruket vart drive av Knut Torson Ovri (1657–1742) frå lnr 67+68 i Vik. I 1723 eigde Knut 1,02 laupar i bruket. Han var av ei stor og mektig slekt. Knut var gift med Kari Sjurdtr (1660–1745) og ho var nok dotter til Sjur 1627. Born: Tor 1684 (lnr 56+57 Sylvarnes), Brita (lnr 45 Nese), Synneva 1692 (lnr 54 Vollavik), Johannes 1693 (lnr 11 Seim i Vik), Torborg 1697 (lnr 46 Nese), Sjur 1699 (sjå note), Elling 1700 (til Engum, Kvamsøy sokn, der Elling overtok eit bruk etter farbroren Johannes, sjå òg note lnr 11 Seim i Vik), Guttorm 1702, Ragnhild 1705 (lnr 89 Brekke i Vik). Vi ser at dei mange borna vart vel plasserte i bondesamfunnet. Guttorm Knutson Åse (1702–1752) & 1731 Barbra Eirikdtr Valsvik (–) frå lnr 29 fekk: Kari 1732–44, Eirik 1734 (lnr 45 Nese), Johannes 1735 (lnr 45 Nese), Knut 1737–37, Gjertrud 1738 (lnr 23 Dale), Ingebrigt 1741–63, Knut 1744 (lnr 98 Midlang), Sjur 1747 (lnr 56+57 Sylvarnes), Kari 1749 (lnr 35). Dersom vi har rekna rett, var Guttorm og Barbra syskenborn. Ut frå borna gjekk det bra denne gongen. Etter at Barbra var blitt enkje, gjorde Elling Lasseson på lnr 72 Hove på vegne av kona si, Gjertrud 1707, krav på bruket. Årsaka må vera at Gjertrud hadde arva mykje eige i bruket, medan Knut sine etterkommarar sat med resten av eiga. Grunnlaget for arven finn vi protokollen for matrikkelarbeidet i 1723. Då eigde mor til Gjertrud, Brita Johannesdtr Sylvarnes (1678–1742), gift til lnr 119+120 Hopperstad, 2,05 laupar i Åse. Denne eiga hadde ho då saman med Endre Johannesson Kvamme, og båe delar kan ha vore arv etter Sjur Jonson Åse. Luten til Endre må deretter ha blitt kjøpt av Hopperstad-folka. I retten vart Elling og Gjertrud tilkjent halvparten av bruket, lnr 36. I 1762 var båe bruk sjølveigde. Barbra Eirikdtr dreiv resten av bruket, lnr 35, vidare til 1772, då gjekk halvbruket til svigersonen Johannes. Dette viser ei ulempe med stor sjølveige i bruk: neste brukar (her Guttorm 1702) vart delvis leiglending under søsken, og det kunne føra til deling av bruk.
Sjur Knutson Åse (1699–1733) & 1732 Brita Perdtr Finnen (–) frå lnr 52 hadde ikkje born som vi kjenner til. Brita vart gift på nytt i 1734 til lnr 53 Finnabotnen.
Lnr 35 Åse
4,86 spd. Sjølveigd bruk. Matrikkelskyld 1838: 1,93 laupar. Data for 1845: 11,0 daa blandkorn, 4,9 daa poteter, 2 hestar, 20 storfe, 60 smalar og 2 vinterfôra svin.
Kari Guttormdtr Åse (1749–) & 1772 Johannes Ellingson Åse (1746–1813) frå lnr 36 var sjølveigarar på bruket. Johannes vart kalla korporal då han gifte seg. Han hadde kanskje vore verva ei tid på militærplassen i Vik. Men han må og hatt militære oppgåver i Arnafjorden, for han vart kalla sersjant då han døydde. Johannes var fleire gonger å finna i rettsprotokollane. Stundom vart han straffa for munnbruk. I 1797 hadde han såleis kjefta på presten Thode i grove ordlag og så knust the-serviset som stod på bordet. Dessutan prøvde han å setja allmugen opp mot presten. Born: Gjertrud 1775–91, Guttorm 1777, Barbra 1780 (lnr 21 Dale), Gyrid 1783 (Bøtun i Fresvik), Elling 1787–1834, Gjertrud 1792 (lnr 37 Hallsete). Guttorm Johannesson Åse (1777–1838) & 1807 Dorte Marie Oladtr Bøtun (1781–1862) frå Fresvik fekk: Johannes 1808, Anna 1810–35 (Systad i Hyllestad), Kari 1813 (lnr 13 Limmesand), Olina 1818 (lnr 10 Svardal). Johannes Guttormson Åse (1808–1854) & 1840 Gjertrud Oladtr Finnen (1815–1909) frå lnr 52 fekk: Guttorm 1841, Ola 1843 (USA 1869), dødfødd gut 1845, Elling 1847 (USA 1871), Mari 1850 (USA 1871), Anders 1853 (sjå note). Sonen Guttorm fekk skøyte på bruket i 1855, 14 år gamal, men overtok drifta først i 1867. Gjertrud vart attgift 1855 med Jon Madsson Vollavik (1812–1884). Dei hadde ikkje born. Guttorm Johannesson Åse (1841–1922) & 1868 Marta Johannesdtr Åse (1843–1931) frå lnr 36 fekk borna: Johannes 1869, Synneva 1870 (sjå note), Johan 1873 (bnr 60/6), Gjertrud 1875 (sjå note), Olina 1878 (sjå note), Johanna 1880 (Narvik, så bnr 60/6), Ola 1882 (USA 1905, var prest), Dorte Marie 1884–1961 (ugift, jordmor, sjå òg note om Mundalsstova), Anfin 1888–89, Anna 1891 (sjå note). I 1873 fekk Guttorm kjøpt til lnr 36a 3,23 spd. Bruket var dermed på heile 8,09 spd. Det var dermed det største bruket i heile Arnafjord sokn. Men ut frå dagens målestokk var likevel ikkje jordbruket særleg omfattande, for i 1875 var det følgjande oppgåver: 2,3 daa bygg, 12,1 daa blandkorn, 6,7 daa poteter, 3 hestar, 10 mjølkekyr, 4 ungbeist, 30 sauer og 2 vinterfôra griser. I 1875 var det 2 drenger og 3 tenestejenter på bruket. Dei budde alle i fjøset. Tre av dei var søsken frå Aven i Lavik. Av dei kom Synneva til lnr 34b Åsberget. Også broren Lars 1855 sette «merkje» etter seg i Arnafjorden: han fekk ein unge med ei husmannsjente på Indreklubbane under Nese. Ei syster, Hansina 1858, kom til Bjørkevik på Sylvarnes. I 1875 vart det selt frå jord i Åsberget, lnr (35+36a)b 1,01 spd = bnr 60/4 1,44 mark. Resten av bruket fekk lnr (35+36a)a 7,08 spd = bnr 60/3 Åse 10,12 mark. I 1898 vart bruket delt i to like delar. Bnr 60/6 5,06 mark gjekk til sonen Johan. Den andre halvparten skulle Johannes 1869 ha, men skøyte fekk han først i 1918.
Bnr 60/3 Åse 5,06 mark. Johannes Guttormson Åse (1869–1957) & 1894 Inga Rasmusdtr Valsvik (1873–1913) frå lnr 29 var barnlause, men hadde to fosterborn: Sjur 1887 frå lnr 37 Hallsete og Synneva 1898 (USA 1921) frå bnr 60/4 Åsberget. Johannes sat med eit bruk som var litt mindre enn det opphavlege lnr 35. Han vart attgift 1915 med Marie Johannesdtr Straume (1892–1977) frå Modalen. Heller ikkje dei hadde born, men tok til seg Johannes 1916, son til Maria Knutdtr Frettheim (1887–), sjå note lnr 40. Johannes og Marie bygde kårhus på «Tassmyri». I 1927 var bruket selt til Arne Ellendson Brekke (1898–1998) frå lnr 88b i Vik. Han gifte seg 1920 med Brita Johandtr Ådlane (1899–1984). Før dei kom til Åse hadde dei drive foreldrebruket til Brita, bnr 52/1 Ådlane. Born: Erlend 1922 (Oslo), Johan 1924 (Årnes i Akershus), Alfred 1928 (Oslo), Bjarne 1928 (Nedrum i Fet i Akershus), Otto 1930 (Oslo), Ivar 1934 (Fungsjerola i Spania), og Alvhild 1938 (Oslo). I 1939 kjøpte Arne eit bruk i Høland i Akershus og familien flytta dit. Bruket vart overteke av Johannes Olason (Åsberget) Åse (1916–1993), fosterson til Johannes og Marie Åse, & 1946 Agnes Larsdtr Solheim (1922–) frå Balestrand. Born: Marit Jorunn 1948–98 (Brumunddal), Leif Jarle 1950, Magnar Inge 1953 (Gjøvik), Arild Johannes 1960 (Sogndal), Liv Judith 1961 (Førde, gift med Arild 1952, sjå bnr 52/8 Ådlane). To parsellar vart frådelte i Åsberget: bnr 60/15 i 1931og bnr 60/16 i 1936. I 1968 var bnr 60/3 på 3,33 mark. Bruket vart overteke av Leif Jarle Johannesson Åse (1950–) som er busett på Nesttun i Bergen. Han er gift og har born.
Bnr 60/6 Åse 5,06 mark. Johan Guttormson Åse (1873–1962) & 1900 Marta Jakobdtr Le (1872–1951) frå lnr 19a gifte seg i Bergen. Dei tok til seg tre born: Anna 1894, Ola 1903, Agnes 1910 (Bergen). Anna var dotter til Nils og Synneva Steinsland på bnr 60/4 Åsberget, Ola var son til Askild og Birte, også på bnr 60/4, og Agnes var halvsyster til Johannes 1916 på bnr 60/3. I 1930 tok Johan og Marta kår og bygde hus på Åsberget, bnr 60/13, frådelt i 1930. Det spesielle med dette kåret var det som i gamal tid skulle vera «kårkorn». Det førte til at det vart dyrka korn på garden lenge etter dei andre hadde slutta. Ola Askildson Åse (1903–2003) & 1929 Brita Kristofferdtr Kjelven (1904–1994) frå bnr 62/1 fekk: Alfred Bernhard 1930–92 (ugift, heime) og Berta Kjellaug 1932. Berta Kjellaug Oladtr Åse (1932–) overtok i 1973. Saman med faren dreiv ho med kyr og ho hadde sau til 1996. Ho gifte seg 1996 med Olav Jonson Hauglum (1928–) frå lnr 16 Holane og dei busette seg på Skulejordi-Sæbø i Vik, sjå del 3. Bruket vart i 2005 kjøpt av Olav Johnson Halset (1953–) og skal drivast saman med bnr 61/4 Hallsete.
Anders Johannesson Åse (1853–) & 1883 Birte Endredtr Nese (1861–) frå lnr 44 fekk borna: Gjertrud 1885 (USA 1905), Gjertina 1887 (USA 1905), Johannes 1883–84, Johanna 1890–1917, Endre 1894 (Hokksund), Karl Bertin 1898 (Hokksund), Albert 1900–11, Anna 1903 (lnr 1 Tveit i Vangsnes sokn). Anders var bryggjesjauar i Bergen i 1875. Han reiste til USA i 1877, men kom att. Huslyden var innerstar på bruket, og Anders var der skreddar. I 1889 kjøpte Anders halvparten av lnr 6b Juvik og huslyden flytta dit. I 1928 selde Anders og Birte bruket og flytta til sønene sine på Hokksund.
Synneva Guttormdtr Åse (1870–) reiste til USA 1903. Der gifte ho seg med Ola Jakobson Le/Valsvik (1870–) frå lnr 19a og som utvandra i 1893.
Olina Guttormdtr Åse (1878–) reiste til USA 1917, gifte seg med ein bror til Ola Le, enkjemann Andreas Martin Jakobson Le (1873–).
Gjertrud Guttormdtr Åse (1875–1953) & 1908 Ola Sjurson Mundal (1874–1955) frå Fjærland var båe i unge år i USA. Etter dei gifte seg, hadde dei ei kort tid eit bruk i Gulen, men busette seg så i kårstova på bruket på Åse. Ola var telefonarbeidar, vegarbeidar og tok tilfeldig arbeid. Dei hadde ein liten fjøs der dei hadde 5–6 sauer, og dei slo rundt omkring for å skaffa seg fôr. Dorte Marie Åse (1884–1961) og broren Johan (1873–1962) budde til sist saman i stova. Mundalsstova vart 2004 overteki av Trygve Bjarne Bjarneson Fosse (1951–) frå bnr 60/19 i Åsberget. Han er busett i Sogndal.
Anna Guttormdtr Åse (1891–) & Nils Bendikson Fjærestad (1881–) frå lnr 95c var på Åse fram til ca 1925, men flytta til Fyllingsdalen i Bergen. Born: Birger 1920 (Oslo) og Gina Maria 1922 (Bergen).
Lnr 36 Åse
4,86 spd. Sjølveigd bruk. Matrikkelskyld i 1838: 1,93 laupar. Data for 1845: 11,0 daa blandkorn, 4,2 daa poteter, 3 hestar, 20 storfe, 54 smalar og 2 vinterfôra svin.
Til dette halvbruket kom frå lnr 72 Hove: Elling Lasseson Hove (1707–1771) & 1741 Gjertrud Jondtr Hopperstad (1707–1781) frå lnr 119+120 i Vik. Born: Gyrid 1741–42, Lasse 1742, Johannes 1746 (lnr 35), Gyrid 1750–51. Lasse Ellingson Åse (1742–1814) & 1765 Gunhild Nilsdtr Tistel (1745–1778) frå lnr 91 i Vik fekk: Elling 1765, Gjertrud 1770 (ugift), Nils 1772, Marta 1774 (lnr 25 Sandbakken), Gunhild 1776 (lnr 45 Nese). Lasse vart attgift 1778 med Synneva Endredtr Seim (1747–1821) frå lnr 10 i Vik. Born: Gunhild 1779–82 og Endre 1782–1810. Elling Lasseson Åse (1765–1811) & 1807 Ragnhild Andersdtr Store-Nummedal (1778–1814) frå lnr 37 i Vik fekk: Lasse 1808, Anders 1810 (sjå note). Ragnhild vart attgift 1812 med Lars Rognaldson Åse (1783–1846) frå lnr 34 og dei fekk Anna 1813 (lnr 52 Finnen). Enkjemannen Lars gifte seg 1814 med Brita Andersdtr Store-Nummedal (1778–1843), ei tvillingsyster til Ragnhild, og dei fekk: Endre 1816 (lnr 44 Nese), Rognald 1818 (lnr 36b), Ragnhild 1820 (sjå note). I skiftet etter Elling hadde eiga i bruket blitt delt mellom enkja og dei to sønene, og i skiftet etter Ragnhild fekk også Rognald og dottera Anna eige i bruket. I 1831 vart alt skøytt til: Lasse Ellingson Åse (1808–) & 1830 Gyrid Nilsdtr Refsdal (1808–) frå lnr 58 i Vik. Dei fekk borna: Ragnhild 1831, Ragnhild 1832, Elling 1835, Nils 1837, Endre 1840, Brita 1842–42, Brita 1844. Huslyden reiste til USA i 1845. Bruket vart selt til Johannes Anfinson Midlang (1801–). Han hadde i 1837 fått skøyte på halvparten av lnr 99 Midlang, men makta tydelegvis ikkje å byggja ut sin halvpart av bruket. Han gifte seg 1833 med Synneva Bendikdtr Fjærestad (1807–1879) frå lnr 95+97 og fekk borna: Anfin 1833, Gjertrud 1836 (lnr 28 Dalsver), Bendik 1838 (sjå note), Marta 1843 (lnr 35 Åse), Guttorm 1850. Med unntak av Guttorm var borna fødde på Midlang. Enkjemannen Johannes reiste til USA i 1880. I 1858 vart bruket fråskilt lnr 36b 1,63 spd, og dermed vart lnr 36a 3,23 spd. Denne hovuddelen vart skøytt i 1860 til Anfin Johannesson Åse (1833–) & 1860 Malena Johannesdtr Otterskreda (1837–) frå lnr 49. Born: Synneva 1860, Sitona 1862, Johannes 1866. I 1870 reiste Anfin med huslyd til USA og skøytte bruket til Anfin Olason Finnen (1826–1871) frå lnr 52 & 1864 Brita Markusdtr Nese (1844–1911) frå lnr 45. Mor til Anfin Finnen var ei syster til Johannes Midlang. Born: Gjertrud 1864 (lnr 17 Holane), Brita 1867 (lnr 40b Frettheim), Anna Marie 1871 (lnr 197a+195a Vangsnes). Anfin og Brita hadde lnr 48 Nese 1–2 år før dei kom til Åse. Brita 1844 vart attgift 1873 med Nils Knutson Hjetland (1843–1922) frå Kyrkjebø. Dei flytta til lnr 45b Nese. Ho skøytte då bruket til Guttorm Johannesson. Dermed kom lnr 36a inn under lnr 35.
Lnr 36b Åse 1,63 spd = bnr 60/5 2,39 mark. «Haugane». Data for 1875: 1,1 daa bygg, 7,4 daa blandkorn, 5,3 daa poteter, 1 hest, 6 kyr, 3 kviger og kalvar, 10 sauer.
Bruket vart frådelt i 1858 til Rognald Larsson Åse (1818–1903) frå lnr 36 & 1848 Barbra Oladtr Nese (1818–1906) frå lnr 44. Dei var først husmannsfolk på Dale, men overtok så lnr 44 Nese. Rognald tok truleg denne tredel av foreldrebruket på odel. Born: Ola 1849, Brita 1852 (lnr 6b Juvik), Lars 1857 (USA 1876). Ola Rognaldson Åse (1849–1928) & 1886 Anna Johannesdtr Nese (1853–1937) frå lnr 48 fekk Maria 1887. Ola hadde òg Hansina 1885 med husmannsdtr Barbra Hansdtr Tue (1861–) i Balestrand. Barbra og Hansina reiste til USA i 1914. Ola reiste til USA i 1873, kom heim att og gifte seg. I 1900 dreiv han bruket, men kona med barnet var flytta frå han, til kårhuset til faren på lnr 48 Nese, sjå note lnr 48. I 1905 vart frådelt bnr 60/8 Åsberget til Ola 1849, og deretter vart bnr 60/5 2,15 mark selt. Kjøpar var: Ola Eilifson Bungane (1875–1959) frå lnr 15a & 1900 Gjertrud Larsdtr Kjelven (1875–1941) frå lnr 39. Born: Lars 1900 (bnr 46/2 under lnr 10 Svardal), Edvard 1901–23 (spanskesykja), Brita 1905–99, Inga 1910. I 1935 gjekk bruket til Inga Oladtr Åse (1910–1990) & 1935 Johan Bertin Jakobson Fosse (1910–1939) frå bnr 58/1 Hellane. Born: Gunnvor 1936, Jenny Ingebjørg 1940 (bnr 61/1 Hallsete). Gunnvor Johandtr Fosse (1936–) & 1963 Per Hermundson Tennefoss (1927–1994) frå Kvamsøy har: Ingunn Karin 1964 (Sandane), Jofrid 1966 (Feios), Heidrun 1969 (Fresvik), Gerd Petra 1970 (Sandane). Gunnvor og Per vart skilde. Jorda er driven frå bnr 61/1 Hallsete.
Anders Ellingson Åse (1810) & 1840 Sigrid Larsdtr Nese (1814–) frå lnr 47 fekk: Elling 1840, Lars 1842. Ragnhild 1843. I åra 1841–44 eigde og dreiv dei eit bruk på Sæsol i Hyllestad. Huslyden reiste til USA i 1845. Ragnhild Larsdtr Åse (1820–) & 1845 Jon Hogneson Sande (1814–) frå Gulen fekk Elling 1845. Jon var lærar. Også denne huslyden reiste til USA i 1845.
Bendik Johannesson Åse (1838–) & 1869 husmannsdtr Ingeborg Larsdtr Ådlane (1838–) fekk Olina 1868–68, Ola 1870. Huslyden var innerstar på Åse. Dei reiste til USA 1870.