Ådlane

Ådlane/Odlane (aodladne, odladn): Arlaam (ca 1320), Odlene (1838, 1863), Ådlene (NG), Ådlane (VIK).

Presten i Arnafjord skulle før Svartedauden årleg ha tre laupar i landskyld av garden Arlaam. Gardar som var nedlagde i soknet i øydetida, vart attreiste på 1500-og 1600-talet. Unntak er Ådlane, Kalhagen og kanskje Hustavenes og ein gard som heitte Li eller Libø (sjå Libø-teigen under Flete). Det som vart omtalt som

«Ådlanelaupen» var ikkje med som eigen gard i 1723. Jorda låg under lnr 31 og lnr 33 Valsvik og var eigd av Prebendegodset. Ådlane vart ikkje busett som bruk på 1700-talet, heller ikkje i 1803. I 1734 kom all eige av landskyld av Ådlane inn under bonden på lnr 31 Valsvik. Omkring 1780 vart denne eiga delt mellom to brør frå bruket: Anders Olason Valsvik (1743–1821) og Jon Olason Valsvik (1748–1809). Den siste var bonde på Hellane. Den første delen vart lagt under lnr 31 Valsvik, medan den andre parten truleg vart driven av andre enn eigaren. Til den første delen, lnr 31b, kom ei dotter til Anders, nr 31b, medan den andre halvparten fekk eige nummer i matrikkelsystemet i 1838.

Det spesielle med Ådlane er at jorda ikkje er utskift, slik at det framleis er sterk teigblanding, og teigane ligg innklemt mellom andre gardar. Men all innmark under Ådlane ligg likevel nord for Daleelvi.

Lnr 31b Ådlane

0,49 spd = bnr 52/1 0,65 mark. Matrikkelskyld i 1838: 0,50 laupar. Data for 1845: 1,1 daa bygg, 1,8 daa potet, 2 storfe, 8 smalar og 2 vinterfôra svin.

Brita Andersdtr Valsvik (1777–1861) frå lnr 33 & Ola Hansson Le (1776–1838) frå lnr 19 fekk skøyte på gardparten i 1826. Born: Synneva 1803–03, Anders 1804–19, Synneva 1808 (sjå note), Hans 1811, Brita 1820 (USA 1845). I skiftet etter Ola vart bruket utlagt til sonen Hans. Hans Olason Ådlane (1811–) & 1837 Brita Markusdtr Flete (1811–) frå lnr 18 fekk Brita 1836 (USA 1856), Brita 1839 (sjå «andre» husmenn under Dale), Olina 1842–42, Olina 1844 (sjå note lnr 56/6 Dale), Marta 1846 (USA 1866), Anders 1850–50, Anders 1851 (USA 1866), Sjur 1854–54. I 1848 skøytte Hans bruket til Anders Larsson Valsvik (1813–) som òg hadde overteke lnr 33 Valsvik. Hans med huslyd reiste til Nordland 1848, men kom att 1850. Fordi Anders Larsson skulle til USA i 1855, selde han bruket tilbake til Hans. Men i 1857 kjøpte Hans lnr 14a Nissestad og selde lnr 31b til Elling Helgeson Frettheim (1831–1919) & 1856 Gjertrud Oladtr Vollavik (1826–1905), båe husmannsborn. Born: Brita 1854 (Bergen), Ingeborg 1857, Nils 1959–59, Nilla 1861(Haugesund), Ola 1863. Elling fekk i 1896 kjøpt bnr 64/16 Nese og flytta til Morki. Ola Ellingson Ådlane (1863–) & 1888 Inga Helgedtr Dale (1868–1896) frå lnr 21 overtok i 1889. Born: Edvard 1889–94 (datt utfor Valsvikbrui, vart ikkje attfunnen), Helge 1891, Gjertin 1893–93, Nils 1893–93, Anton 1893–93, Edvard 1896. Ola vart attgift 1898 med Solveig Ellenddtr Dale (1866–) frå Sværefjorden og dei fekk Ingvald 1899–1900, Ingvald 1901 (Hella i Leikanger), Oskar Sverre 1907. I 1899 selde Ola bruket til systera Ingeborg og huslyden reiste til Førde i Sunnhordland. Ingeborg Ellingdtr Ådlane (1857–1936) & 1877 Johan Steffenson Dale (1857–1920) frå bnr 56/6 fekk: Anna 1877–77, Elling 1879 (USA 1895), Anna 1882 (sjå note), Gjertina 1888, Steffina 1891 (sjå note), Brita 1899. Johan var garvar. Gjertina Johandtr Ådlane (1888–1962) & Markus Jakobson Nesse (1890–1948) frå Kvamsøy sokn fekk skøyte i 1920. Born: Anna 1917 (bnr 59/12 Valsvik), Marie 1918 (Årdalstangen), Johan 1921–21, Leif 1921–21, Johan 1922, Leif 1925 (sjå note). Markus 1890 var fødd på Sylvarnes av Petrina Lassedtr (1865–) frå Lavik og Jakob Matiasson Merkesdal. Jakob reiste til USA. I året 1900 budde Petrina på Nessestrand i Kvamsøy sokn og var truleg då gift med husmannsson Ola Andersson Åsberget (1857–). Frå same år vart Markus oppfostra av fattigstyret og var utplassert i Vik til han var 14 år. I åra 1920–27 vart bruket drive av Brita Johandtr Ådlane (1899–1984) & 1920 Arne Ellendson Brekke (1898–1998) frå lnr 88b i Vik. Born: Erlend 1922, Johan 1924, Alfred 1928, Bjarne 1928, Otto 1930, Ivar 1934 og Alvhild 1938. I 1927 flytta familien til lnr 35 Åse. Johan Markusson Nesse (1922–1970) & 1946 Ingerid Leidulvdtr Finden (1925–1998) frå bnr 68/7 under lnr 52 Finnen fekk: Marit 1947 (Høyanger), Guri 1949 (lnr 41 Nese) og Leif Martin 1954–2000. Ingrid vart attgift 1973 med Erling Sverre Fretheim (1934–2003) frå lnr 40b. Leif Martin Johanson Nesse (1954–2000) overtok bruket. Om familie: sjå bnr 52/15-3 nedanfor. Bruket blir drive frå bnr 64/1 Nese.

Synneva Oladtr Ådlane (1808–) fekk Brita 1844 med Lars Olason «Holane». Ho reiste til Nordland i 1845. Holane må vera tenaradresse for Lars. Brita Larsdtr (1844–1924) kom att etter 1860, gifte seg 1866 med Knut Nilsson Øvre Helland (1840–1923) frå Modalen og dei reiste til USA i 1866. I 1865 var Knut busett i Valsvik.

Anna Johandtr Ådlane (1882–1903) & 1902 Kristian Johannesson Sørevik (1875–1958) fekk ikkje born. Etter att Anna døydde, gifte Kristian seg på nytt og flytta i lnr 25 Sandbakken. Steffina Johandtr Ådlane (1891–) & 1912 enkjemann Johan Person Bøtun (1878–) fekk på Ådlane: Erling 1913 (Årdal). Johan arbeidde på talkummølla, men huslyden flytta til Fresvik.

Leif Markusson Nesse (1925–) & Solveig Bertinusdtr Straume (1933–) frå bnr 59/9 Valsvik busette seg i Øvre Årdal. Sonen Terje 1964 har overteke bnr 52/14.

Bnr 52/4 Odland 0,01 mark. «Raudastova» var skilt ut frå bruket i 1920 og var bustad for Brita og Arne Brekke i dei åra dei dreiv bruket. Deretter var huset leigd bort til Andrina Oladtr Holane (1883–1965) frå plass på Tangen under Holane. «Taong-Andrina» fekk først Anders 1902–21 med sjømann Hans Pedersen Lærdalsøren. Matrosen Anders drukna etter å ha dotte over bord frå dampskipet Alden. Så fekk ho Anton Bertin 1911 (til bnr 51/10 Holane) med «reisande» Botolf Eirikson Farnes (1888–) frå Bergen. Deretter var ho fram til ca 1939 sambuar med Johan Schønning Hansson Balstad (1875–) frå Vestvågøy i Lofoten. Dei fekk: Hans 1916 (Bergen, så Bærum), Martina 1918 (Oslo), Jenny 1920 (Oslo), Anna 1921 (gift 1945 med Jon Andersson Tryti frå lnr 13 Tenål, busett i Sjøtunvegen 11 i Vik, så Oslo). «Balstaden» var skreppehandlar og var velkjend mellom oss borna i Vik fram mot 1950. Mot litt betaling song den gamle mannen «Calle Schewens vals» av Jularbo for oss. Han døydde i Sogndal. Andrina flytta åleine til hus nr 83 i Almenningen på Vikøyri. Huset vart kjøpt av Ole Olavson Holen (1929–1998) frå lnr 28 Dalsver & 1952 Solveig Alberta Walaker (1929–) frå Solvorn. Dei fekk: Ingunn Sofie 1963 (Førde).

Bnr 52/14 Odlereina. Dette er kårhuset på bnr 52/1 som enkja Gjertina skilde ut til dottera Maria Markusdtr Nesse (1918–), busett på Årdalstangen. Frå dødsbuet etter henne gjekk huset til brorsonen Terje Leifson Nesse (1964–), fødd i Øvre Årdal. Han bur i Odda og har dette som feriehus.

Vik kommune kjøpt 1983 bnr 52/15 av bruket til bustadtomter og har bygsla bort tomter:

Bnr 52/15-1 Smihaugen. Margit Bertinusdtr Straume (1921–2007) frå bnr 59/9 under lnr 30 Valsvik, var ugift farmasøyt. Ho hadde vore i Bergen og Florø og busette seg her som pensjonist.

Bnr 52/15-2 Utsikten. Kari Karldtr Dale (1956–) frå bnr 59/25 Valsvik er ugift. Ho har: Irene 1979 og Karl Andre 1982.

Bnr 52/15-3 Almetun. Dette er bustadhus for eigaren av bruket bnr 52/1. Leif Martin Johanson Nesse (1954–2000) & 1985 Gerd Torgeirdtr Torget Alme (1955–) frå Hafslo, men oppvoksen på Bømlo, har: Lilly 1987 (sjå bnr 61/3 Hallsete) og Anita 1989.

Lnr 32 Ådlane

0,49 spd = bnr 52/2 0,65 mark. Matrikkelskyld i 1838: 0,50 laup. Data for 1845: 1,1 daa bygg, 1,8 daa potet, 2 storfe og 8 smalar.

Jon Olason Valsvik (1748–1809) frå lnr 31 overtok eiga av denne parten av Ådlane. Han bygsla eit bruk på Hellane og overlet truleg drifta til andre. Brukar og eigar vart ein son til Jon. I den gamle bygdeboka er det fortalt at etter det kom Jon og broren Anders i strid om eigedomsretten. Det enda med «nævehug og hår afrivelse». Men Anders var nok for seint ute til å bruka odelsretten. Knut Jonson Hellane (1781–1861) & 1812 Sigrid Halvardtr Bungane (1793–1876) fekk: Jon 1812, Kari 1816 (sjå note lnr 30 Valsvik), Halvar 1819 (plass Ådlane), Synneva 1823 (plass 7 Nese), Gjertrud 1826 (Bøfjorden i Hyllestad, så Verving), Lars 1829 (lnr 39 Kjelven), Ola 1836–90 (Bergen). Knut hadde òg Johanna 1809 med Sigrid Rognalddtr Åse (1786–1864) frå lnr 34. Knut hadde bruket 1803–46. Krangel om eigedomsrettar med slekta i Valsvik heldt fram også i denne generasjonen. I 1818 galdt det beiterett i utmarka i Valsvik. Søskenbarna Turid og Lussi hadde nekta Knut å ha beista på desse beita, sjølv om han hadde slik rett etter skøyta. Jon Knutson Ådlane (1812–1880) & 1844 husmannsdtr Gjertrud Monsdtr Åsberget (1819–1881) fekk: Mons 1844, Brita 1849–61 (fall utfor ein fjellskrent), Knut 1852–52, Anna 1853 (lnr 14b Nissestad), Knut 1857–57, Knut 1859–59, Knut 1861 (plass Valsvik, så lnr 40c Frettheim), Brita 1864–65. Mons Jonson Ådlane (1844–1935) & 1878 Brita Oladtr Flete (1858–1950) frå lnr 18b2 i Hola overtok i 1877. Born: Jon 1879 (USA 1897), Ola 1880 (USA 1900), Gjertrud 1882–82, Gjert 1883 (USA 1904), Lovisa 1885–1909, Brita 1887 (sjå note), Tea 1890 (Manger på Radøy), Nils 1897, Bertina 1899 (ugift, Oslo), Ola 1901 (Ålesund, sjå òg bnr 53/3 i Hola). I 1934 gjekk bruket til Nils Monsson Ådlane (1897–1961) & 1922 Hansine Dorothea Pederdtr Andersen (1891–1958) frå Bergen. Dei fekk: Borghild 1923 (Radøy). Nils fekk i 1955 løyve av Justisdepartementet til å ta etternamnet Årlaam. Han selde til Leidulv Jonson Flæte (1926–1973) frå bnr 53/2, men Borghild Nilsdtr Odlane (1923–) tok det tilbake på odel. Huset er ferieplass. I 1983 kjøpte Vik kommune 6,5 daa av bruket for bustadfelt, bnr 52/16, men tomtene er ubrukte. Bruket blir drive frå bnr 64/1 Nese.

Andreas Pederson Otterhjelle (1882–) frå Fresvik & Brita Monsdtr Ådlane (1887–) fekk: Peder 1917, Borghild Sofie 1921. Andreas var talkmøllearbeidar, smed og oppsynsmann. Familien budde neppe på Ådlane særleg lenge. I 1950 var dei på Stord.

 

Eigedomar frå lnr 31a + lnr 32

Bnr 52/6+7: sjå bnr 51/10 Holane.

Bnr 52/8+9 Fredtun 0,01+0,01 mark, frådelt bnr 52/1 og bnr 52/2 i 1949. Einar Bertinusson Straume (1914–1999) frå bnr 59/9 Valsvik & 1941 Astrid Lassedtr Lee (1915–2002) frå lnr 20a bygde hus her i 1954. Barn: Arvid 1942 (Sandnes, sjå òg bnr 59/17 Valsvik), Rigmor 1945 (Kaupanger), Arild 1952 (Førde, sjå òg bnr 60/3 Åse). Huset vart kjøpt som feriehus i 2003 av Ove Ingvaldson Ulvund (1961–) & sb Kjellfrid Mikkeldtr Bøyum (1958–). Born: Kristian 1990, Erik 1993, Magnus 1995. Familien er busett på Voss.

Bnr 52/11 Odlebu, tomt 1976. Åge Peder Antonson Hauglum (1948–) frå bnr 51/10 & 1948 Kirsten Dagmar Arnljotdtr Østerbø (1948–) frå Ikjefjord i Kyrkjebø, flytta hit frå bnr 59/33 Valsvik der dei hadde vore leigetakarar frå 1968. Born: Arve 1968 (Sjøtuntunet i Vik, så Frøya i Sør-Trøndelag) og Anita 1969 (Oslo).

Bnr 52/12 Nytun (Trettehaugen) vart frådelt ca 1977, men huset vart bygt ca 1950 av: Jakob Knutson Dale (1893–72). Han var ugift og budde saman med sysken på bnr 56/5 Dale. Nille Marie Larsen (1900–69) flytta frå bnr 68/7 Finnen og var leigebuar ca 1960–67. I åra 1967–73 var det lærarbustad eller bustad for tilsette ved Samyrkelaget. Kari Knutdtr Dale (1904–2000) og Klara Knutdtr Dale (1910–1991) frå bnr 56/5 arva huset og budde der ei tid. Huset vart kjøpt 2002 av dødsbuet etter Kari av Endre Olavson Nese (1975–) frå bnr 64/4 & 1999 May Britt Ågedtr Starheim (1973–) frå Selje. Dei har borna: Ole 1998, Mari 2000.

Bnr 52/13, frådelt ca 1977, men huset var bygt ca 1933. Sivert Larsson Bungum (1899–1982) frå bnr 50/2 Bungane & 1932 Lovisa Isakdtr Tynning (1910–2001) frå Brekke i Gulen fekk: Lidvin 1933 (Utvik i Nordfjord), Ivar 1935 (Lillehammer, sjå òg lnr 15b Bungane), Sverre Lorents 1936 (Sund, Sotra), Hilmar 1940 (Enebakk), Arne 1952 (Lillehammer).

Husmenn på Ådlane

Lars Jonson Hellane (1791–1870) frå lnr 26 & 1822 Brita Oladtr Skjørvo (1796–1838) frå lnr 111 i Vik fekk: Johanna 1822, Anna 1824–92 (ugift tenestejente), Synneva 1826, Ola 1828 (USA 1861, så Håum i Feios), Brita 1831–31, Brita 1833, Ragnhild 1835 (USA 1870?), Ingeborg 1838 (sjå note lnr 36b Åse). Lars fekk fattighjelp 1847–53. I åra 1868–70 var han på legd og då vart namnet feilskrive i fattigprotokollen til Lars Knutson. Johanna Larsdtr Ådlane (1822–) & 1854 Ingebrigt Ingebrigtson Brekke (1825–) fekk Jon 1853. Dei reiste til USA frå Brekke i Vik i 1854, sjå òg Vetleøyri s103. Johanna hadde òg Mons 1850–50 med husmannsson Nils Monsson Åsberget (1816–1849). Brita Larsdtr Ådlane (1833–) & 1864 enkjemann Ola Olason Flatekvål (1835–) frå Modalen reiste til USA 1864. Brita hadde med seg Brita 1855 som ho hadde med husmannsson Knut Torson Geithus (1833–1916).

Plassen Sløkji. Denne plassen låg på 1700-talet under lnr 31 Valsvik, men truleg på den delen av Ådlane som høyrde inn under dette bruket. Plassen låg truleg om lag der ungdomshuset kom opp. På plassen var: Lars Olason (–) & 1741 Gjertrud Gunnardtr Le (1707–1745) frå lnr 20. Dei fekk Kari 1743 (Vikøyri v014). Lars vart attgift 1746 med Magnhild Tolleifdtr Indre Tennefoss (–) og dei fekk: Tolleif 1749 (plass i Hola), Gjertrud 1756. Lars og Magnhild var på plassen i 1762, men blir så borte. Gjertrud Larsdtr Ådlane (1756–) fekk Magnhild 1788 (plass Holane) med Steffen Olason Holane (1760–1838) på lnr 17. Gjertrud blir borte for oss. Ho døydde truleg før 1801. Born av fattigfolk måtte tidleg ut i arbeidslivet. Magnhild 1788 var såleis i teneste på Dale alt i 1801!

Halvar Knutson Ådlane (1819–1904) frå lnr 32 & 1845 Marta Larsdtr Vikøyri v622 (1809–1898) hadde ikkje born. Marta hadde Knut 1831 (USA 1856) med plass-son Nils Eirikson Hatlekolo (1806–) frå Vik. Halvar og Marta budde i Sløkji og hadde ikkje jord. Han var laksefiskar og dreiv krambuhandel i eit naust i Hólaviki. Halvar og Marta fekk fattigstønad frå og med 1896. Tenestejente til Halvar: Marta Eilifdtr Dale (1857–1956) frå bnr 56/8, «Holme-Marta», overtok. Men ho måtte flytta stova til ei tomt under lnr 31.